Kapittel 1 Grunnleggjande rettar for barn
§ 1-1Det beste for barnet
I alle avgjerder og handlingar etter denne lova skal kva som er best for barnet, vere eit grunnleggjande omsyn. § 1-2Barnet sin rett til medverknad
Barn som er i stand til å gjere seg opp eigne meiningar, har rett til å medverke i alt som gjeld dei sjølve etter denne lova. Barn skal få tilstrekkeleg og tilpassa informasjon, og skal få ytre meiningane sine fritt. Det skal leggjast vekt på meiningane deira i samsvar med alder og modning. § 1-3Barnet sin rett til omsorg, utvikling og vern mot vald
Barn har rett til omsorg og skal få så gode utviklingsvilkår som mogleg.Barn har rett til vern mot vald, overgrep og anna omsynslaus åtferd. Dei skal ikkje utsetjast for noko som dei kan ta fysisk eller psykisk skade av, verken i oppdraginga eller i andre samanhengar. Kapittel 2 Kven som er foreldre til eit barn
§ 2-1Foreldreskapen til eit barn
Kven som er foreldre til eit barn, skal fastsetjast etter denne lova eller etter adopsjonsloven.Eit barn kan ikkje ha fleire enn to foreldre.Domstolar og andre myndigheiter kan berre prøve foreldreskapen til eit barn i saker etter denne lova. § 2-2Morskap
Den som har født barnet, er mor til barnet.Morskap kan ikkje overførast gjennom ein avtale om å føde eit barn for ein annan person. § 2-3Medmorskap
Ei kvinne som samtykker til assistert befruktning av ein ektefelle eller sambuar ved sæddonasjon, blir medmor til barnet. Dette gjeld berre når befruktninga har skjedd her i landet etter reglane i bioteknologiloven.Har assistert befruktning skjedd utanlands, må ho vere utført innanfor godkjent helsestell, identiteten til sæddonoren må vere kjend, og den som krev medmorskap, må vere over 18 år for at medmorskap skal kunne fastsetjast.Der andre lover og forskrifter legg rettar eller plikter til ein far, skal reglane gjelde tilsvarande for ei som er medmor etter denne lova.Departementet kan gi forskrift om fastsetjing av medmorskap etter assistert befruktning. Kapittel 3 Det offentlege sitt ansvar for å fastsetje foreldreskap m.m.
§ 3-1Plikt til å gi fødselsmelding
Når eit barn er født, skal lege eller jordmor gi fødselsmelding til folkeregistermyndigheita. I meldinga skal det stå kven som er foreldra til barnet, eller kven mora har peika ut som far eller medmor til barnet.Når barnet er født utan lege eller jordmor til stades, skal mora sjølv gi fødselsmelding til folkeregistermyndigheita innan ein månad. Føder ho barnet medan ho midlertidig held til i utlandet, skal ho gi melding til folkeregistermyndigheita innan åtte dagar etter at barnet er kome til Noreg.Fødselsmelding skal òg bli gitt når barnet er dødfødt.Fødselsmeldinga skal òg sendast til Arbeids- og velferdsetaten når farskap eller medmorskap enno ikkje er fastsett eller foreldra ikkje lever saman.Departementet kan gi forskrift om melding av fødslar. § 3-2Det offentlege sitt ansvar for fastsetjing eller klarlegging av foreldreskap
Dersom Arbeids- og velferdsetaten får greie på at det ikkje er klarlagt kven som er mor til eit barn, skal etaten om mogleg finne identiteten til den som har født barnet.Dersom Arbeids- og velferdsetaten får greie på at eit barn ikkje har far eller medmor, skal etaten handsame saka for å få fastsett kven som er far eller medmor etter reglane i denne lova. Dersom mora har peika ut ein som kan vere far, skal Arbeids- og velferdsetaten melde frå til han. Dersom ein som er peika ut som far, ikkje erklærer farskap etter §§ 2-5 eller 2-6, eller dersom mora ikkje har peika ut nokon som far, kan etaten krevje at mora eller dei som kan vere far til barnet, gir forklaring.Departementet kan gi forskrift om gjennomføring av det offentlege si plikt til å få fastsett og klarlagt foreldreskap. Kapittel 4 Rettargang i saker om foreldreskap
§ 4-1Kapittelet sitt verkeområde og forholdet til andre reglar om rettargang
Reglane i dette kapittelet gjeld når det ikkje er klarlagt morskap eller fastsett farskap eller medmorskap for barnet, og når foreldreskap er fastsett og det er reist sak med påstand om at nokon andre er forelder til barnet. § 4-2Kva for domstol foreldreskapssaka høyrer under
Saka skal reisast der barnet har alminneleg verneting på den tida saka blir reist. Dersom barnet bur utanfor Noreg eller dersom det ikkje lever, skal saka reisast der den saksøkte har alminneleg verneting.I saker om foreldreskap gjeld § 12-3 andre ledd tilsvarande. § 4-3Partane i saka
Barnet, kvar person som blir rekna som forelder til barnet, og kvar person som kan bli forelder til barnet, er part i saker etter dette kapittelet.Dersom nokon som kan vere forelder til barnet, er død, skal dødsbuet eller arvingane til denne personen gjerast til part.Kjem det fram opplysningar som tyder på at nokon som ikkje har vore part i saka, kan vere forelder, skal retten ved prosesskriv gjere denne personen til saksøkt.Når stemning skal forkynnast etter domstolloven § 181, skal namnet på andre partar enn den som forkynninga gjeld for, ikkje gjerast kjent. Kapittel 5 Rettargang i andre slektskapssaker enn foreldreskapssaker
§ 5-1Verkeområdet og forholdet til allmenne rettargangsreglar
Reglane i dette kapittelet gjeld saker for domstolane om slektskap i rett opp- eller nedstigande line (slektskapssak), anna enn foreldreskap.I ei slektskapssak kan andre tvistar berre takast opp når dei følgjer av slektskapen eller slektskapssaka. § 5-2Kven som kan vere part i ei slektskapssak
Berre dei som det er påstått er i slekt, kan reise slektskapssak seg imellom. Saka må reisast mot den eller dei som er påstått nærast i slekt.For å ivareta offentlege interesser har Arbeids- og velferdsetaten rett til å møte i ei slektskapssak og til å anke eller krevje at saka blir teken opp att. Retten skal gi melding til Arbeids- og velferdsetaten om at ei sak er reist, og skal òg gi slik melding dersom nokon av partane ikkje møter.Dersom nokon som påstår å vere lenger ute i slekt, har reist sak, har livsarvingane etter ein slektning som ikkje lenger er i live, rett til å tre inn i saka og til å anke eller krevje at saka blir teken opp att.Døyr ein part før det er gitt dom, kan dei næraste slektningane av den avdøde i rett opp- eller nedstigande line halde fram med saka. Døyr ein part etter at det er gitt dom, kan dei som er nemnde i første punktum, dødsbuet eller arvingar som dommen rører ved interessene til, anke eller krevje at saka blir teken opp att. Kapittel 6 Foreldreansvaret
§ 6-1Kven som har foreldreansvaret
Foreldre har felles foreldreansvar for barn dei har saman.Foreldre som separerer eller skil seg eller flytter frå kvarandre, har framleis felles foreldreansvar, men dei kan avtale at den som bur saman med barnet, skal ha foreldreansvaret aleine.Dersom foreldra ikkje bur saman når barnet blir født, og mora ønskjer foreldreansvaret aleine, kan ho gi melding til folkeregistermyndigheita innan eitt år frå farskapen vart fastsett. Faren kan òg gi melding om at han ikkje ønskjer felles foreldreansvar. Når ein av foreldra har gitt slik melding, får mora foreldreansvaret aleine.Er foreldra ueinige, avgjer retten om foreldreansvaret skal vere felles eller om ein av dei skal ha foreldreansvaret aleine. § 6-2Foreldreansvar etter dødsfall
Dersom foreldra har foreldreansvaret saman og den eine døyr, får den attlevande foreldreansvaret aleine. Dersom den attlevande forelderen er sikta eller tiltalt for å forsettleg ha valda den andre forelderen sin død, skal retten ta midlertidig avgjerd om foreldreansvaret etter reglane i § 13-3.Døyr ein forelder som har foreldreansvaret aleine, får den attlevande forelderen foreldreansvaret dersom barnet budde saman med begge ved dødsfallet. Dette gjeld ikkje når den attlevande er sikta, tiltalt eller dømd for å forsettleg ha valda den andre forelderen sin død.Den attlevande forelderen og andre kan krevje å få foreldreansvar etter reglane i § 13-1. Kapittel 7 Barnet sin bustad og dagleg myndigheit når foreldra ikkje bur saman
§ 7-1Barnet sin bustad
Foreldre som ikkje bur saman, må bli einige om kor barnet skal bu. Dei kan avtale at barnet skal bu hos begge (delt bustad) eller hos ein av dei. Barnet kan berre bu hos foreldre med dagleg myndigheit.Er foreldra ueinige, avgjer retten om barnet skal bu hos begge eller hos ein av dei. Retten kan setje vilkår for bustad. § 7-2Myndigheit til å ta daglege avgjerder
Den eller dei som har dagleg myndigheit for eit barn, har ein rett og ei plikt til å ta dei viktigaste avgjerdene om dagleglivet til og omsorga for barnet.Foreldre som budde saman da barnet vart født, og som seinare flyttar frå kvarandre, har dagleg myndigheit. Der foreldra ikkje budde saman da barnet vart født, har mor myndigheita aleine. Første og andre punktum gjeld ikkje dersom anna følgjer av avtale eller avgjerd. Det beste for barnet skal vere eit grunnleggjande omsyn i ei avtale eller avgjerd om dagleg myndigheit. Berre dei som har foreldreansvar, kan ha dagleg myndigheit.Er foreldra ueinige, avgjer retten om begge eller ein av dei skal ha dagleg myndigheit. Retten kan setje vilkår for dagleg myndigheit. Kapittel 8 Samvær
§ 8-1Barnet og foreldra sin rett til samvær
Barnet og den forelderen som barnet ikkje bur saman med, har rett til samvær med kvarandre, med mindre samværet ikkje er til det beste for barnet. § 8-2Omfanget av samværet
Foreldra avtaler seg imellom kor mykje samvær det skal vere mellom barnet og forelderen. Er foreldra ueinige, avgjer retten om det skal vere samvær, og i så fall kor mykje. § 8-3Ansvaret for gjennomføring av samvær
Begge foreldra har ansvar for at samværsretten blir oppfylt.Foreldra skal gi kvarandre melding i rimeleg tid når samværet ikkje kan finne stad som fastsett, eller når tida for samværet må avtalast nærare. § 8-4Omsorgsplikt og avgjerder som høyrer til samværet
Kapittel 9 Forsørgaransvar og bidragsplikt m.m.
§ 9-1Foreldra sitt ansvar for å forsørge barnet
Foreldra skal bere utgiftene til forsørging og utdanning av barnet etter evne og dei økonomiske kåra til foreldra, når barnet sjølv ikkje har midlar til det. Innbyrdes har foreldra plikt til å skyte inn det som trengst, etter evne.Reglane etter dette kapittelet gjeld tilsvarande for andre som har fått foreldreansvaret etter at begge foreldra er døde. § 9-2Barnebidrag og særbidrag
Ein forelder som ikkje bur saman med barnet, skal betale faste pengebidrag, barnebidrag, til forsørging og utdanning av barnet. Faste pengebidrag til barn over 18 år etter § 9-3 andre og tredje ledd er òg barnebidrag. Også foreldre som bur saman med barnet, kan påleggjast å betale pengebidrag når dei forsømmer forsørgaransvaret sitt etter § 9-1. Ingen kan gi avkall på den retten barnet har etter dette leddet.Det er barnet som har rett på barnebidraget. Når ikkje noko anna er fastsett, skal barnebidraget betalast på forskot for kvar månad til den barnet bur hos. Barnebidraget skal betalast frå og med den kalendermånaden kravet oppstår, og ut den kalendermånaden vilkåra for barnebidrag fell bort.Foreldra kan også påleggjast å betale særbidrag for særlege utlegg så lenge forsørgaransvaret varer. Utlegga må være rimelege og nødvendige og kan ikkje gå inn under dei utgiftene som barnebidraget skal dekke. Krav om særbidrag må setjast fram innan eit år etter at dei særlege utlegga er betalte. Departementet kan gi forskrift om særbidrag. Kapittel 10 Mekling
§ 10-1Formål med mekling
Foreldre med felles barn bør ved samlivsbrot søke einigheit om ein avtale om barnet eller barna, der barnet får medverke. Foreldra skal sørgje for at barnet får ytre meiningane sine fritt i samband med avtale og mekling, og skal leggje vekt på meiningane til barnet etter alder og modning.Formålet med mekling er å gi foreldra informasjon og eit grunnlag for vidare samarbeid om barnet, og å setje foreldra i stand til å gjere avtalar som ivaretar helsa, livskvaliteten og utviklinga til barnet. Mekling skjer i form av familiesamtale, foreldretvistmekling eller flyttemekling etter § 10-2. § 10-2Kven skal delta i mekling
Gifte og sambuande foreldre med felles barn under 16 år skal ved samlivsbrot delta i mekling i form av ein familiesamtale.Foreldre med felles barn under 16 år skal før dei reiser sak om foreldreansvar, flytting med barnet ut av landet, dagleg myndigheit, kor barnet skal bu, eller samvær, delta i mekling i form av ei foreldretvistmekling.Foreldre skal også mekle ved ueinigheit om at barnet skal flytte innanlands eller utanlands. § 10-3Gjennomføring av mekling
Kapittel 11 Generelle reglar om rettargang i foreldretvistar
§ 11-1Dei særlege pliktene til advokatar
Advokatar som har saker etter kapitla 10 til 14, skal vurdere om partane kan kome fram til ei avtaleløysing. Advokaten skal opplyse foreldra om dei ulike verkemidla som kan nyttast for å kome fram til ei avtaleløysing. § 11-2Dei særlege pliktene til dommarar
Dommaren skal påskunde saka så mykje som mogleg, og skal vurdere om ein kan få til ei minneleg løysing av tvisten jf. tvisteloven § 8-1. § 11-3Teieplikt for sakkunnig og representant for barnet
Ein sakkunnig som gjer teneste etter denne lova, har teieplikt om det som kjem fram om personlege forhold i samband med oppdraget. Teieplikta er ikkje til hinder for at den sakkunnige kan gi retten opplysningar som er mottekne i samband med oppdraget og har noko å seie for det. Familievernkontorloven §§ 6, 7, 9 og 10 gjeld tilsvarande.Ein representant for barnet som gjer teneste etter § 12-11, har teieplikt om det som kjem fram om personlege forhold i samband med oppdraget. Retten kan oppheve teieplikta dersom representanten til barnet krev det. Kapittel 12 Særlege reglar om rettargang i foreldretvistar
§ 12-1Kva ein kan reise sak om
Kvar av foreldra kan reise sak for retten i foreldretvistar.Med foreldretvist meiner ein i denne lova ueinigheit om eitt eller fleire av desse spørsmåla:- foreldreansvar
- kor barnet skal bu
- dagleg myndigheit
- samvær
- flytting med barnet ut av landet.
Ein forelder kan òg reise sak om foreldreansvar når det er uråd å kome fram til ein avtale fordi den andre forelderen ikkje bur i landet og ikkje lar seg oppspore.Sak om flytting med barnet ut av landet kan reisast av ein forelder med foreldreansvar eller av ein forelder som samtidig reiser sak om foreldreansvar.Andre enn foreldra til barnet kan reise sak om samvær etter § 8-9. Reglane i kapittelet her gjeld så langt dei høver for saker om samværsrett med andre enn foreldra, likevel slik at dei som vil reise sak, først kan gjere det etter å ha møtt foreldra til mekling, når det er mogleg og tenleg, jf. § 10-2 andre ledd. Kapittel 13 Særlege reglar om rettargang i saker om foreldreansvar m.m. etter dødsfall
§ 13-1Kven som kan krevje foreldreansvaret etter dødsfall
Hadde den avdøde foreldreansvaret aleine, kan den andre forelderen alltid reise sak med krav om å få foreldreansvaret.Andre kan reise sak med krav om å få del i foreldreansvaret eller om å få foreldreansvaret aleine dersom den attlevande som får foreldreansvaret etter § 6-2, ikkje budde saman med barnet då den andre forelderen døydde. Fristen for å reise sak er seks månader etter dødsfallet, og retten kan ta midlertidig avgjerd etter § 12-7.Andre kan òg reise sak med krav om å få del i foreldreansvaret eller om å få foreldreansvaret aleine dersom den attlevande forelderen er sikta, tiltalt eller dømd for forsettleg å ha valda den andre forelderen sin død. Fristen for å reise sak er seks månader etter at siktinga eller tiltalen er fråfallen eller dom i straffesaka er rettskraftig. § 13-2Retten si avgjerd i saker om foreldreansvar etter dødsfall
Retten kan la ein person få foreldreansvaret aleine eller la gifte eller sambuande få det saman. Retten kan la ein forelder få eller framleis ha foreldreansvaret sjølv om andre får foreldreansvar. Retten kan setje som vilkår for avgjerda at barnet i ei viss tid ikkje skal måtte flytte frå heimen der det bur, dersom flyttinga kan vere uheldig for barnet, og det ikkje er rimeleg grunn til å flytte.Når fleire får foreldreansvar, skal retten òg ta avgjerd om kven barnet skal bu saman med, kven som skal ha dagleg myndigheit for barnet, og fastsetje samvær. Retten kan alltid ta avgjerd om samvær for den attlevande forelderen.Retten skal gi melding til den kommunale barnevernstenesta og statsforvaltaren dersom ingen har vendt seg til retten etter § 13-3 første ledd, eller dersom avgjerda fører til at ingen har foreldreansvar for barnet. Barnevernstenesta skal ta avgjerd om kor barnet skal bu, og skal følgje opp barnet etter reglane i barnevernsloven.Reglane om rettargang i kapittel 11 og 12 gjeld elles så langt dei høver. Kapittel 14 Tvangskraft og tvangsfullføring
§ 14-1Vedtak om tvangskraft for avtalar
Når begge foreldra ber om det, kan statsforvaltaren vedta at ein skriftleg avtale om foreldreansvar, bustad og samvær skal få tvangskraft. Berre ein avtale som rettar seg etter kva som er best for barnet, kan få tvangskraft. Når det trengst for å opplyse saka, bør statsforvaltaren hente inn fråsegn frå sakkunnige, barnevernstenesta eller sosialtenesta.Eit vilkår for å leggje saka fram for statsforvaltaren etter første ledd er at foreldra kan leggje fram ein gyldig meklingsattest.Saka må leggjast fram for statsforvaltaren i det fylket der barnet bur på den tida saka blir reist.Ein avtale som statsforvaltaren har gitt tvangskraft, utgjer særleg tvangsgrunnlag etter tvangsfullbyrdelsesloven kapittel 13. § 14-2Tvangsfullføring av avtalar og avgjerder i foreldretvistar
Når avtalar med tvangskraft, jf. § 14-1, og avgjerder om foreldreansvar, bustad og samvær skal tvangsfullførast, gjeld tvangsfullbyrdelsesloven kapittel 13, likevel slik at § 13-8 femte ledd ikkje gjeld. Ei midlertidig avgjerd etter § 12-7 er tvangskraftig sjølv om avgjerda ikkje er rettskraftig.Eit krav om tvangsfullføring skal setjast fram for retten der den saksøkte har alminneleg verneting. Reglane i § 12-3 andre ledd gjeld tilsvarande.Retten har plikt til å sørgje for at barn får høve til å seie kva dei meiner i saker om tvangsfullføring, jf. § 12-6. Kapittel 15 Internasjonal privatrett
§ 15-1Generelle føresegner
Reglane i dette kapittelet gjeld så langt ikkje noko anna følgjer av avtale med annan stat.Når ei sak skal handsamast i Noreg i medhald av dette kapittelet, skal ho avgjerast etter norsk rett.Utanlandsk rett skal ikkje brukast, og utanlandske avgjerder skal ikkje leggjast til grunn eller fullførast dersom sakshandsaminga eller resultatet strir mot grunnleggjande rettsprinsipp i norsk rett (ordre public). § 15-2Jurisdiksjon i saker om foreldreskap
Ei sak om morskap kan handsamast i Noreg etter kapittel 4 og § 3-2 første ledd dersom- barnet har vanleg bustad i Noreg,
- mora hadde vanleg bustad i Noreg då barnet vart født, eller
- mora seinare har fått vanleg bustad i Noreg.
Farskap eller medmorskap kan handsamast i Noreg etter §§ 2-5, 2-6, 2-8 og kapitla 3 og 4 dersom- mora hadde vanleg bustad i Noreg då barnet vart født,
- barnet seinare har fått vanleg bustad i Noreg, eller
- den oppgitte faren eller medmora har vanleg bustad i Noreg.
Ei sak om farskap og medmorskap skal likevel ikkje handsamast i Noreg dersom partane har nær tilknyting til ein annan stat der dei kan krevje fastsetjing av foreldreskapen, og saka vil bli betre opplyst og handsama i denne staten.Ei sak om endring av farskap kan reisast i Noreg etter § 4-5 dersom nokon av dei som kan reise sak, har vanleg bustad i Noreg, eller dersom farskapen er fastsett etter denne lova. Kapittel 16 Andre føresegner
§ 16-1Forholdet til andre reglar om sakshandsaming
Domstolloven og tvisteloven gjeld for retten si handsaming av saker etter denne lova når ikkje noko anna følgjer av reglane her. § 16-2Innhenting av opplysingar frå Folkeregisteret
Folkeregistermyndigheita skal, utan hinder av teieplikt, gi dei opplysningane som er nødvendige for utføring av oppgåver etter lova her. Kapittel 17 Ikraftsetjingsreglar og overgangsreglar. Endringar i andre lover
§ 17-1Ikraftsetjing
Lova gjeld frå den tid Kongen fastset. Kongen kan setje i verk dei enkelte føresegnene til ulik tid. § 17-2Overgangsreglar
Departementet kan gi nærmare overgangsreglar. § 17-3Endringar i andre lover
Frå den tid lova tek til å gjelde, blir det gjort følgande endringar i andre lover:1. I lov 21. mars 1975 nr. 9 om nordisk vitneplikt gjøres følgende endringer:§ 3 skal lyde:Ingen må påleggast å gje vitneforklaring i strid med reglane i straffeprosessloven §§ 117 til 125 eller tvisteloven kapittel 22 eller med lovgjevinga i det landet der vitnet er busett.§ 8 første ledd første punktum skal lyde:§§ 1 første og andre leden, 2, 3 og 6 gjeld tilsvarande for partar i saker om foreldreskap og foreldretvistar etter barnelova.2. I lov 13. juni 1980 nr. 35 om fri rettshjelp gjøres følgende endringer:§ 11 andre ledd nummer 1 skal lyde:- i saker etter ekteskapsloven del II eller barneloven kapittel 6 til 8 og 10 til 14, herunder saker om tvangsfullbyrdelse og midlertidig sikring
§ 16 første ledd nummer 6 skal lyde:- til den det oppnevnes advokat for i medhold av barneloven § 12-11
§ 16 andre ledd nummer 1 skal lyde:- saker etter barnelova kapittel 6 til 14, herunder saker om tvangsfullbyrdelse og midlertidig sikring
3. I lov 22. mai 1981 nr. 25 om rettergangsmåten i straffesaker gjøres følgende endringer:§ 118 b andre ledd tredje punktum skal lyde:Om den mindreåriges medbestemmelsesrett ved rettens beslutning gjelder reglene i barnelova §§ 1-2 og 12-6.4. I lov 17. desember 1982 nr. 86 om rettsgebyr gjøres følgende endringer:§ 14 første ledd andre punktum skal lyde:Det betales ikke gebyr for begjæring om utlegg for underholdsbidrag mv. og for tvangsbot etter barnelova § 14-5 eller når en kommune fremsetter en beslutning om utleggstrekk for namsmannen etter tvangsfullbyrdelsesloven § 2-17.5. I lov 8. juli 1988 nr. 72 om anerkjennelse og fullbyrding av utenlandske avgjørelser om foreldreansvar m v og om tilbakelevering av barn gjøres følgende endringer:§ 18 første ledd første og andre punktum skal lyde:Bestemmelsene i barneloven § 12-7 og kapittel 14 gjelder for saker om tvangsfullbyrding etter § 6 og tilbakelevering etter § 11. Barneloven § 14-1 fjerde ledd og § 14-2 første ledd gjelder også ved tvangsfullbyrding av samværsrett.§ 18 tredje ledd andre punktum skal lyde:Beslutter retten at barnet skal være hos en av foreldrene mens sak som nevnt behandles, jf. barneloven § 12-7, kan det settes vilkår for å utøve samværet.§ 19 første ledd skal lyde:(1) Dersom det under behandlingen av en sak om foreldreansvar eller samværsrett etter barneloven blir brakt på det rene at barnet er begjært tilbakelevert etter § 11 i loven her, skal retten ikke treffe avgjørelse i saken før begjæringen er endelig avgjort.§ 20 første ledd tredje punktum skal lyde:Bortføring eller ulovlig tilbakeholdelse etter forrige punktum foreligger ikke dersom utenlandsoppholdet skjer med samtykke av den annen part eller det gjelder et kort opphold og det synes åpenbart at barnet vil komme tilbake som planlagt, jf barneloven § 6-9 første ledd og § 6-10 første og andre ledd.6. I lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott gjøres følgende endringer:I følgende bestemmelser skal uttrykket «bidragsfogden» endres til «Arbeids- og velferdsetaten»: § 3 andre ledd, § 5 tredje ledd, § 6 andre ledd, § 7 andre ledd og § 9 andre, tredje og fjerde ledd.7. I lov 4. juli 1991 nr. 47 om ekteskap gjøres følgende endringer:§ 26 skal lyde:§ 26. Mekling mv.Ektefeller med felles barn under 16 år, skal i saker om separasjon og skilsmisse etter §§ 20 og 22 delta i mekling før saken bringes inn for retten eller statsforvalteren, jf. § 27. Barneloven kapittel 10 gjelder tilsvarende.Mekling etter første ledd kreves ikke når saken allerede er brakt inn for retten med påstand om skilsmisse etter § 23 eller oppløsning etter § 24. Mekling og orientering er heller ikke nødvendig når sak reises av vergen etter § 28 andre ledd.§ 30 d tredje ledd skal lyde:Når spørsmål etter barnelova om felles barn trekkes inn i saken etter første ledd, får saksbehandlingsreglene i barnelova kapittel 10 til 13 anvendelse for behandlingen av disse spørsmålene.§ 30 d femte ledd tredje punktum skal lyde:For spørsmål som bringes inn i saken etter første ledd bokstav b, gjelder barnelova § 15-5 om norske domstolers kompetanse tilsvarende, med mindre noe annet følger av overenskomst med annen stat.§ 83 skal lyde:§ 83. Fastsettelse av bidrag.Partene kan inngå avtale om bidrag. Dersom partene ikke er enige om bidragsspørsmålet, kan hver av dem kreve at det avgjøres av domstolene. Dersom begge parter ønsker det, kan spørsmålet isteden avgjøres av Arbeids- og velferdsetaten. Arbeidsgivers opplysningsplikt etter barnelova § 9-5 syvende ledd andre punktum gjelder tilsvarende. Arbeids- og velferdsetatens vedtak kan påklages til nærmeste overordnede organ eller til det organ som Arbeids- og velferdsdirektoratet bestemmer. Partene kan kreve avgjørelse av bidragsspørsmålet selv om de tidligere har inngått avtale om det.§ 84 skal lyde:§ 84. Endring av fastsatt bidrag.Hver av partene kan kreve at bidrag som er fastsatt av Arbeids- og velferdsetaten eller domstol, blir endret eller opphevet dersom særlige grunner foreligger. Når sterke grunner taler for det, kan avgjørelsen også gjelde bidrag som er forfalt før krav om endring ble satt fram. Bestemmelsene i barnelova § 9-9 tredje ledd gjelder tilsvarende. Hver av partene kan kreve endringskravet avgjort av Arbeids- og velferdsetaten hvis bidraget er fastsatt av Arbeids- og velferdsetaten. Hvis begge partene ønsker det, skal endringskravet avgjøres av domstolen. Er bidraget fastsatt av domstol, gjelder § 83 andre og tredje punktum.§ 85 andre ledd skal lyde:Reglene i barnelova § 9-13 om gjennomføring av bidrag gjelder tilsvarende.8. I lov 17. juli 1992 nr. 99 om frivillig og tvungen gjeldsordning for privatpersoner gjøres følgende endringer:§ 4-3 første ledd tredje punktum skal lyde:Dersom skyldneren utøver samvær med barn, jf. barneloven kapittel 8, skal det tas hensyn til skyldnerens rimelige utgifter i forbindelse med samværet.9. I lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd gjøres følgende endringer:§ 14-5 andre ledd skal lyde:Det kan ytes foreldrepenger som ved adopsjon til person som har foreldreansvar når den andre av foreldrene dør, eller får tildelt foreldreansvaret i medhold av barnelova § 6-2 og kapittel 12, såfremt vedkommende ikke har hatt samvær eller har hatt samvær av mindre omfang.§ 14-17 andre ledd skal lyde:Engangsstønad kan ytes også til person som har foreldreansvar når den andre av foreldrene dør, eller får tildelt foreldreansvaret i medhold av barnelova § 6-2 og kapittel 12, såfremt vedkommende ikke har hatt samvær, eller har hatt samvær av mindre omfang.§ 14-17 fjerde ledd første punktum skal lyde:Faren har rett til engangsstønad også dersom han i stønadsperioden har overtatt omsorgen for barnet med sikte på å overta foreldreansvaret alene etter barneloven kapittel 6.§ 15-4 andre ledd skal lyde:Som mor eller far regnes også den som på grunn av dødsfall har fått foreldreansvaret etter barnelova § 6-2.§ 23-1 skal lyde:§ 23-1. Folketrygdens utgifterDe avgifter og tilskott som dette kapitlet omfatter, herunder tilskott fra staten, skal dekke utgiftene til ytelsene etter denne loven, til statsgaranti for lønnskrav ved konkurs etter lov av 14. desember 1973 nr. 61, til bidragsforskott etter lov av 17. februar 1989 nr. 2 og til tilbakebetaling etter barnelova § 9-15.§ 23-10 tredje ledd skal lyde:Tilskottet skal minst dekke utgiftene til ytelsene etter § 3-22, § 7-2 annet ledd, § 10-6, § 12-13 tredje ledd, §§ 14-17, 17-10, 17-15, kapitlene 6 og 15 og til tilbakebetaling etter barnelova § 9-15.10. I lov 19. juni 1997 nr. 62 om familievernkontorer gjøres følgende endringer:§ 1 første ledd tredje og fjerde punktum skal lyde:Familievernkontorene skal foreta mekling etter ekteskapsloven § 26 og barneloven § 10-2. Familievernkontorene skal bistå der retten oppnevner en ansatt fra familievernet etter barnelova §§ 12-6, 12-9 eller 14-4.§ 5 a første ledd første punktum skal lyde:Den som foretar mekling etter ekteskapsloven § 26 og barneloven §§ 10-2, 12-6, 12-9 og 14-4 har taushetsplikt om det som kommer fram om personlige forhold i forbindelse med oppdraget.§ 11 tredje ledd skal lyde:Plikten til å føre journal gjelder ikke ved mekling etter ekteskapsloven § 26 og barneloven §§ 10-2, 12-9 og 14-4.11. I lov 26. juni 1998 nr. 41 om kontantstøtte til småbarnsforeldre gjøres følgende endringer:§ 9 andre ledd første punktum skal lyde:Hvis foreldrene ikke bor sammen og skriftlig har avtalt delt bosted i samsvar med barneloven § 7-1, kan foreldrene få utbetalt kontantstøtte med en halvpart på hver dersom de er enige om en slik deling.12. I lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt gjøres følgende endringer:§ 5-43 første ledd bokstav h skal lyde:- Barnebidrag og særbidrag etter barneloven kapittel 9, oppfostringsbidrag etter barnevernsloven og bidragsforskudd etter forskotteringsloven.
13. I lov 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter gjøres følgende endringer:§ 4-4 andre ledd første punktum skal lyde:Det er tilstrekkelig at én av foreldrene, eller andre som har foreldreansvaret, samtykker til helsehjelp som regnes som del av den daglige og ordinære omsorgen for barnet, jf. barnelova §§ 7-2 og 8-4 andre ledd.14. I lov 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v. gjøres følgende endringer:§ 35 første ledd andre punktum skal lyde:I meldingen skal det opplyses hvem som er foreldrene til barnet etter barnelova kapittel 2, eller hvem moren har oppgitt som far eller medmor til barnet i tilfeller der det ikke er klarlagt.§ 35 andre ledd skal lyde:Dersom farskapet eller medmorskapet ikke er klarlagt eller foreldrene ikke lever sammen, skal fødselsmeldingen også sendes til Arbeids- og velferdsetaten.15. I lov 8. mars 2002 nr. 4 om barnetrygd gjøres følgende endringer:§ 2 tredje ledd skal lyde:Hvis foreldrene ikke bor sammen og skriftlig har avtalt at barnet skal bo hos begge eller det foreligger rettskraftig avgjørelse om at barnet skal bo hos begge, jf. barneloven § 7-1, kan hver av foreldrene få rett til 50 prosent barnetrygd, hvis de fremsetter krav om dette.16. I lov 29. april 2005 nr. 20 om innkreving av underholdsbidrag mv. gjøres følgende endringer:§ 2 fjerde ledd skal lyde:I den utstrekning avtaler som nevnt i første og andre ledd har regler om utveksling av informasjon mellom medlemslandene, kan andre medlemsland gis opplysninger om identitet, adresse eller inntekts- og formuesforhold for partene i en bidragssak uten hinder av taushetsplikt, eventuelt etter at opplysningene er innhentet etter innkrevingsloven eller barnelova § 9-5 syvende ledd.§ 2 femte ledd skal lyde:Når en part begjærer innkreving av en privat bidragsavtale, jf. barnelova § 9-5 første ledd, i medhold av en avtale som nevnt i første og andre ledd, skal den private avtalen sendes Arbeids- og velferdsetaten for godkjenning. Arbeids- og velferdsetaten skal kontrollere at vilkårene for innkreving av avtalen etter norske regler er oppfylt. Om vilkårene er oppfylt, skal Innkrevingsmyndigheten gi skriftlig erklæring om at avtalen er godkjent og tvangskraftig i Norge.§ 8 første ledd skal lyde:Arbeids- og velferdsetaten skal straks overføre saken til innkreving når henvendelse om dette er mottatt og det er klart at det foreligger grunnlag for innkreving, jf. § 5 og barneloven § 9-13.§ 29 første ledd første punktum skal lyde:Vedtak om tilbakekreving etter §§ 25 og 26 og pålegg etter § 27 treffes av Arbeids- og velferdsetaten.17. I lov 17. juni 2005 nr. 90 om mekling og rettergang i sivile tvister gjøres følgende endringer:§ 22-3 a andre ledd tredje punktum skal lyde:Om den mindreåriges medbestemmelsesrett ved rettens beslutning gjelder reglene i barnelova § 12-6.18. I lov 26. mars 2010 nr. 9 om vergemål gjøres følgende endringer:§ 17 andre ledd første punktum skal lyde:Har ingen foreldreansvar for den mindreårige, treffer vergen de avgjørelser som tilkommer den som har foreldreansvaret, jf. barneloven § 6-5.§ 17 fjerde ledd tredje punktum skal lyde:Om den mindreåriges medbestemmelsesrett i personlige forhold gjelder reglene i barneloven § 6-6.19. I lov 6. juni 2014 nr. 19 om stans i utbetalinga av offentlege ytingar og barnebidrag når ein av foreldra har bortført eit barn til utlandet gjøres følgende endringer:§ 6 andre punktum skal lyde:Det kan ikkje krevjast endring av bidraget etter barnelova § 9-9 første ledd så lenge bortføringa varar.20. I lov 9. desember 2016 nr. 88 om folkeregistrering gjøres følgende endringer:§ 3-3 første ledd skal lyde:For personer som fødes i Norge, registreres fødselsdato på grunnlag av fødselsmeldingen gitt i medhold av barnelova § 3-1.§ 6-4 første ledd skal lyde:Fødsel som har skjedd uten at en lege eller jordmor er til stede, skal meldes til skattekontoret av moren selv, jf. barnelova § 3-1.21. I lov 18. juni 2021 nr. 97 om barnevern gjøres følgende endringer:§ 3-4 tredje ledd skal lyde:Pålegg om hjelpetiltak kan rettes mot både foreldre som barnet bor sammen med, og foreldre som har samvær med barnet.§ 15-12 andre ledd skal lyde:Krav om bidrag eller endring av fastsatt bidrag etter første ledd skal sendes til Arbeids- og velferdsetaten. Arbeids- og velferdsetaten avgjør kravet og fastsetter beløpet. Den bidragspliktige kan sette frem krav om å få endret fastsatt bidrag eller ettergitt bidragsgjeld. Bidraget kan fastsettes eller endres med virkning fra inntil tre måneder før kravet ble mottatt. Bidrag som er fastsatt etter barneloven faller bort fra det tidspunktet bidrag kan fastsettes etter denne bestemmelsen. Barnevernstjenesten skal, uten hinder av taushetsplikt, gi Arbeids- og velferdsetaten de opplysninger som er nødvendige i den enkelte saken.