Kapittel 1. Fødselsmelding
Overskriften endra med lov 21 juni 2013 nr. 64 (ikr. 1 jan 2014 iflg. res. 21 juni 2013 nr. 703).§ 1Fødselsmelding.
Når eit barn er født, skal lækjaren eller jordmora gje fødselsmelding til folkeregistermyndigheita. I meldinga skal opplysast kven som er far til barnet i samsvar med § 3 eller § 4, eller kven mora har gjeve opp som far til barnet i tilfelle der farskapen enno ikkje er fastsett. I meldinga skal også opplysast om foreldra lever saman. Meldinga skal dessutan innehalde dei opplysningane som departementet fastset.Når barnet er født utan at lækjar eller jordmor var til stades, skal mora sjølv gje fødselsmelding til folkeregistermyndigheita innan ein månad. Føder ho barnet medan ho mellombels held til i utlandet, skal ho gje melding til folkeregistermyndigheita innan ein månad etter at barnet er kome til Noreg.Fødselsmelding skal også gjevast når barnet er dødfødt.I tilfelle då farskapen enno ikkje er fastsett eller foreldra ikkje lever saman, skal fødselsmeldinga sendast både til folkeregistermyndigheita og tilskotsfuten.Endra med lov 29 juni 2007 nr. 53 (ikr. 1 jan 2008 iflg. res. 7 des 2007 nr. 1370). Kapittel 2. Kven som er foreldra til barnet
Overskrifta endra med lover 27 juni 2008 nr. 53 (ikr. 1 jan 2009 iflg. res. 27 juni 2008 nr. 745), 21 juni 2013 nr. 64 (ikr. 1 jan 2014 iflg. res. 21 juni 2013 nr. 703).§ 2Kven som er mor til barnet.
Som mor til barnet skal reknast den kvinna som har fødd barnet.Avtale om å føde eit barn for ei anna kvinne er ikkje bindande.Føyd til med lov 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998). § 3Farskap eller medmorskap etter ekteskap
Som far til barnet skal reknast den mannen som mora er gift med ved fødselen.Som medmor til barnet skal reknast den kvinna som mora er gift med ved fødselen når barnet er avla ved assistert befruktning innafor godkjent helsestell og med kvinna sitt samtykke til befruktninga. Ved assistert befruktning innafor godkjent helsestell i utlandet må identiteten til sædgiver vere kjent.Var ektefellene ved fødselen separerte ved løyve eller dom, gjeld ikkje første og andre stykke.Er mora enkje, skal ektefellen reknast som far eller medmor dersom mora kan ha blitt med barn før ektefellen døydde.Endra med lover 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998 – men slik at første leden andre punktum, no tredje leden, ikkje gjeld for barn fødd før 1 jan 1998), 27 juni 2008 nr. 53 (ikr. 1 jan 2009 iflg. res. 27 juni 2008 nr. 745), 9 apr 2010 nr. 13 (ikr. 9 apr 2010 iflg. res. 9 apr 2010 nr. 500). Kapittel 3. Oppgåvene til Arbeids- og velferdsetaten i farskapssaker
Kapittel 4. Rettargang i farskapssaker.
§ 14Tilhøvet til allmenne rettargangsreglar.
§ 15Kva for domstol saka høyrer under.
Kapittel 4A. Rettargang i andre slektskapssaker enn farskapssaker.
Kapitlet føyd til med lov 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008 iflg. res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3.§ 29 aVerkeområdet og tilhøvet til allmenne rettargangsreglar
Reglane i dette kapitlet gjeld sak for domstolane om ein slektskap i rett opp- eller nedstigande line (slektskapssak), anna enn farskap.I ei slektskapssak kan andre tvistar berre takast opp når dei følgjer av slektskapen eller slektskapssaka.Reglane i domstolloven og tvisteloven gjeld så langt ikkje anna er sagt.Føyd til med lov 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008 iflg. res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3. § 29 bKven som kan vere part i slektskapssak
Berre dei som det er påstått er i slekt, kan reise slektskapssak seg imellom. Saka må reisast mot den eller dei som er påstått nærast i slekt.For å vareta offentlege interesser har Arbeids- og velferdsetaten rett til å møte i ei slektskapssak og til å anke eller krevje gjenopning av saka. Retten skal gje melding til Arbeids- og velferdsetaten om saka og om nokon av partane ikkje møter.Når det er naudsynt for å oppfylle pliktene etter § 5 tredje stykket, kan Arbeids- og velferdsdirektoratet reise sak om kven som er mor til barnet.Dersom nokon som påstår å vere lengre ute i slekt har reist sak, har livsarvingane etter ein slektning som ikkje lenger er i live, rett til å gå inn i saka og til å anke eller krevje gjenopning av saka.Døyr ein part før dom er sagt, kan dei næraste slektningane i rett opp- eller nedstigande line til den avlidne halde fram med saka. Døyr ein part etter at dom er sagt, kan dei som er nemnde i første punktum, dødsbuet eller arvingar om dommen rører ved interessene deira, anke eller krevje at saka vert gjenopna.Føyd til med lov 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008 iflg. res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3, endra med lov 21 juni 2013 nr. 64 (ikr. 1 jan 2014 iflg. res. 21 juni 2013 nr. 703). Kapittel 5. Foreldreansvaret og kvar barnet skal bu fast.
Endra med lov 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998).§ 30Innhaldet i foreldreansvaret.
Barnet har krav på omsut og omtanke frå dei som har foreldreansvaret. Dei har rett og plikt til å ta avgjerder for barnet i personlege tilhøve innanfor dei grensene som §§ 31 til 33 set. Har foreldra sams foreldreansvar, skal dei ta avgjerdene saman. Foreldreansvaret skal utøvast ut frå barnet sine interesser og behov.Dei som har foreldreansvaret, er skyldige til å gje barnet forsvarleg oppseding og forsyting. Dei skal syte for at barnet får utdanning etter evne og givnad.Barnet må ikkje bli utsett for vald eller på anna vis bli handsama slik at den fysiske eller psykiske helsa blir utsett for skade eller fare. Dette gjeld òg når valden brukast som ledd i oppsedinga av barnet. Bruk av vald og skremmande eller plagsam framferd eller annan omsynslaus åtferd overfor barnet er forbode.Om retten til å ta avgjerd for barnet i økonomiske tilhøve gjeld reglane i vergemålsloven.Endra med lover 6 feb 1987 nr. 11, 9 apr 2010 nr. 13 (ikr. 9 apr 2010 iflg. res. 9 apr 2010 nr. 500), 31 mars 2017 nr. 13 (ikr. 1 jan 2018 iflg. res. 15 sep 2017 nr. 1395). Kapittel 6. Samværsrett m.m.
§ 42Barnet sin rett til samvær.
§ 42 aVarsel og mekling før flytting
Kapittel 7. Sakshandsaminga i saker om foreldreansvar, flytting med barnet ut av landet, kven barnet skal bu fast saman med og samvær
Kapittel 8. Fostringsplikt.
Endra med lov 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004 iflg. res. 20 juni 2003 nr. 728), endra kapittelnummer frå 7.§ 66Foreldra sin skyldnad til å fostre barnet.
Foreldra skal bere utgiftene til forsyting og til utdanning av barnet etter evne og givnad og etter dei økonomiske kåra til foreldra, når barnet sjølv ikkje har midlar til det. Innbyrdes har begge foreldre skyldnad til å skyte til det som trengst etter evne.Reglane om fostringsplikt for foreldra etter dette kapitlet gjeld tilsvarande for andre som har fått foreldreansvaret etter at begge foreldra er døde.Endra med lov 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004 iflg. res. 20 juni 2003 nr. 728), tidlegare § 51. § 67Fostringstilskot.
Der ein eller begge foreldra ikkje bur saman med barnet, skal vedkomande betale faste pengetilskot til forsyting og utdanning. Også foreldre som bur saman med barnet, kan påleggjast å yte pengetilskot når dei forsømer fostringsplikta si etter § 66. Ingen kan gje avkall på den retten barnet har etter dette stykket.Til særlege utlegg så lenge underhaldsplikta varer, kan foreldra påleggjast å yte særtilskot. Det er eit vilkår at utlegga er rimelege og naudsynte og ikkje går inn under dei utgiftene som det løpande fostringstilskotet skal dekke. Krav om særtilskot må setjast fram innan eit år etter at dei særlege utlegga kom på. Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om særtilskot.Det er barnet som har rett til tilskotet. Når ikkje noko anna er fastsett, skal det betalast på forskot for kvar månad til den barnet bur saman med fast. Tilskotet skal betalast frå og med den kalendermånaden kravet oppstår og ut den kalendermånaden vilkåra for tilskot fell bort.Endra med lover 17 feb 1989 nr. 2, 19 juni 1992 nr. 63, 15 juni 2001 nr. 37 (ikr. 1 okt 2003 iflg. res. 31 jan 2003 nr. 78), 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004 iflg. res. 20 juni 2003 nr. 728), tidlegare § 52. Kapittel 9. Om bruken av barnelova når nokon av partane har tilknytning til utlandet.
Endra med lov 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004 iflg. res. 20 juni 2003 nr. 728), endra kapittelnummer frå 8.§ 81Når farskap eller medmorskap kan fastsetjast i Noreg
Farskap og medmorskap kan fastsetjast i Noreg etter § 4, § 7 og kapitla 3 og 4- dersom mora hadde vanleg bustad i Noreg då barnet vart født,
- dersom barnet seinare har fått vanleg bustad i Noreg, eller
- dersom den oppgjevne faren eller medmora har vanleg bustad i Noreg.
Farskap skal ikkje fastsetjast i Noreg dersom partane har nær tilknyting til ein annan stat der dei kan krevje fastsetjing av farskapen, og saka vil bli betre opplyst og handsama i denne staten.Endringssak etter § 6 kan reisast for norske domstolar, om nokon av dei som kan reise søksmål, har vanleg bustad i Noreg, eller farskapen er fastsett etter norske reglar.Endra med lover 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004 iflg. res. 20 juni 2003 nr. 728, tidlegare § 63), 27 juni 2008 nr. 53 (ikr. 1 jan 2009 iflg. res. 27 juni 2008 nr. 745), 21 juni 2013 nr. 64 (ikr. 31 aug 2013 iflg. res. 9 aug 2013 nr. 971), 4 sep 2015 nr. 85 (ikr. 1 juli 2016 iflg. res. 4 mars 2016 nr. 217), 15 juni 2018 nr. 34 (ikr. 1 apr 2019 iflg. res. 1 mars 2019 nr. 163). Kapittel 10. Avsluttande føresegner.
Endra med lov 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004 iflg. res. 20 juni 2003 nr. 728), endra kapittelnummer frå 9.§ 85 aInnhenting av opplysingar frå Folkeregisteret
Folkeregistermyndigheita skal, utan hinder av teieplikt, gje dei opplysingane som er naudsynte for utføring av oppgåver etter lova her.Føyd til med lov 22 juni 2018 nr. 51. § 86Gjennomføringsforskrifter.