Kapittel 1. Føremål og verkeområde
§ 1-1Føremål
(1) Studia ved Universitetet i Bergen skal:- vere forskingsbaserte og legge til rette for studentaktiv læring,
- ha møteplassar mellom studentar og fagleg tilsette, og sørge for at studentane blir integrerte i fagmiljøa,
- gi opplæring i akademisk reielegheit, ytringsfridom og fagkritikk,
- gi den digitale kompetansen som er relevant for fagområdet og
- gi eit godt grunnlag for læring heile livet.
(2) Eit klårt og tilgjengeleg regelverk er viktig for at studentane skal verte kjend med dei rettar og pliktar ein har som student ved universitetet, og for å sikre lik praksis på dei ulike fakulteta.(3) Universitetet i Bergen ønsker å legge til rette for utvikling og utprøving av lærings-, undervisings- og eksamensformer som fremjar betre læring.Endra ved forskrift 13 juni 2024 nr. 1447. § 1-2Verkeområde
(1) Forskrifta fastset hovudreglane for studium ved Universitetet i Bergen, innanfor rammene av universitets- og høgskulelova og sentrale forskrifter frå departementet. Utfyllande reglar er fastsette av dei einskilde fakulteta.(2) Forskrifta gjeld for alle studium ved Universitetet i Bergen med unntak for ph.d.-utdanninga og etterutdanning. § 1-3Delegering
(1) Organa som har avgjerslemyndigheit etter denne forskrifta, har høve til å delegere myndigheita vidare til underordna organ så lenge det ikkje er presisert at avgjersla må treffast av organet sjølv.(2) Rektor kan vedta mindre viktige endringar i denne forskrifta. Slike endringar kan berre gjerast etter høyring hjå fakulteta og Studentparlamentet ved UiB. Universitetsdirektøren skal rapportere slike endringar til styret.Endra ved forskrift 13 juni 2024 nr. 1447. Kapittel 2. Organisering av studia
§ 2-1Organisering
(1) Studia er organiserte i studieprogram og emne.(2) Studieplanar og emneskildringar skal vere i samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket som er fastset av departementet, med universitets- og høgskuleforskrifta (særleg kapitel 1) og med reglar og retningslinjer frå universitetet.Endra ved forskrift 27 nov 2025 nr. 2637 (i kraft 17 des 2025). § 2-2Studieprogram
(1) Eit studieprogram er ei samling emne som inngår i ein heilskap med eit definert læringsutbyte. Studieprogram som ikkje er årsstudium, skal føre til ei grad.(2) Kvart studieprogram skal ha ein studieplan som inneheld:- namnet på studieprogrammet og eventuelle studieretningar,
- talet på studiepoeng,
- opptakskrav,
- mål og innhald,
- kva for kunnskap, ferdigheiter og kompetanse studentane skal tileigne seg (læringsutbyteskildring),
- læringsaktivitetar og undervisingsformer,
- kva for emne som er obligatoriske og valfrie, med emneskildringar,
- eventuelle minstekrav til frie studiepoeng, til dømes fagleg nivå, omfang og innhald,
- høve til og plassering av utveksling og
- eventuelle reglar om rekkefølge på emna på programmet.
Kapittel 3. Oppretting mv. av studieprogram, studieretningar og emne
§ 3-1Oppretting, nedlegging og endring
(1) Universitetsstyret sjølv opprettar og legg ned studieprogram på over 60 studiepoeng.(2) Fakultetet sjølv opprettar og legg ned:- årsstudium,
- studieretningar og
- emne.
(3) Vesentlege endringar i studieprogram ved eit fakultet må godkjennast av universitetsstyret. Endringar som i realiteten inneber oppretting eller nedlegging av eit heilt fagområde blir alltid rekna som vesentlege.(4) Fakultetet sjølv vedtar andre endringar i studieprogramma, studieretningane og emna.(5) Vedtak etter andre og fjerde avsnitt som gjeld studieprogram og -retningar skal rapporterast til universitetsdirektøren.(6) Organet som legg ned eit studieprogram, ei studieretning eller eit emne skal vedta ei overgangsordning for undervising og eksamen. Studentar på slike studieprogram skal få høve til å fullføre studiet i samsvar med overgangsordninga.(7) Mindre endringar i eksisterande studieprogram, studieretningar og emne kan delegerast til organet som er ansvarleg for programmet (programstyret). Kapittel 4. Studierett
§ 4-2Studierett
(1) Studentar som er tatt opp ved Universitetet i Bergen har studierett på det studieprogram eller dei emna som opptaket gjeld. Dette gir rett til:- å melde seg til undervising og følge henne, få rettleiing mv., i samsvar med emneskildringa og studieplanen,
- å nytte andre ressursar, i samsvar med emneskildringa og studieplanen,
- tilgang til lokale, lesesalar mv., i samsvar med fakulteta sine reglement,
- eksamen i samsvar med kapittel 7 og
- individuell utdanningsplan, jf. § 4-6.
(2) Kortvarige studierettar som ikkje er knytte til eit studieprogram gir studenten rett til å undervisings- og eksamensmelde seg til utvalde emne i eitt eller to semester. Kapittel 5. Tilpassing av studia og fråvær
§ 5-1Søknad
(1) Fakultetet handsamar søknader om:- permisjon,
- pause frå studia,
- deltidsstudium,
- utsett studiestart,
- andre endringar i studieprogresjonen jamført med utdanningsplanen,
- tilrettelegging av studia,
- gyldig fråvær og
- godkjenning av tidlegare utdanning og realkompetanse.
(2) Fakultetet kan vedta utfyllande reglar om deltidsstudium og utsett studiestart.(3) Avgjersle etter første avsnitt bokstav d, og bokstav f og g som gjeld saleksamen, kan delegerast til Studieavdelinga. Kapittel 6. Undervisinga
§ 6-1Studieåret
(1) Studieåret er på ti månader og delt inn i eit haust- og eit vårsemester.(2) Undervising og eksamen i eit emne skal gjennomførast innanfor det semesteret det høyrer til. Fakultetet kan gjere unntak i studieplanar for studieprogram der undervisinga er organisert i bolkar.(3) Det er undervisings- og eksamensfri- frå 23. desember til 2. januar
- på heilagdagar.
(4) Det kan gjerast unntak frå tredje avsnitt for konsertar, utstillingar, tokt, feltarbeid, praksis og liknande, inkludert førebuingar.(5) Heimeeksamen skal normalt ikkje gå over heilagdag. Dersom heimeeksamen går over heilagdag, skal lengda forlengast tilsvarande.(6) Det er undervisings- og eksamensfri mellom semestera, med mindre faglege omsyn talar for det motsette. Likevel slik at desse aktivitetane kan gjennomførast mellom semestera:- undervising og eksamen i samband med forkurs som kvalifiserer for studieprogram,
- språkkurs,
- feltarbeid,
- praksis,
- vidareutdanning og
- kontinuasjonseksamenar, jf. § 5-6 (2).
(7) Litteraturlister og timeplanar for emna skal publiserast på universitetet sine nettsider innan 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret. Dette gjeld ikkje for tidspunkt for kontinuasjonseksamen, som blir publisert så snart som råd.Endra ved forskrift 13 juni 2024 nr. 1447. Kapittel 7. Eksamen
§ 7-1Føremål
(1) «Eksamen» er eit koplingsord til all prøving som verkar inn på karakteren i emnet, inkludert innleveringar og mappevurderingar. Namnet legg ingen føringar for pedagogisk eller fagleg innretning.(2) Føremålet med eksamen er dels å gi studentar tilbakemelding som fremjar læring og dels å etterprøve den kunnskapen, dei ferdigheitene og den kompetansen studentane skal ha tileigna seg i løpet av emnet. § 7-2Form
(1) Fakultetet fastset eksamensforma i emneskildringa. Eksamensoppgåva skal utformast med utgangspunkt i læringsutbytet i emnet.(2) Eksamen kan vere éin del, eller vere oppbygd av fleire delar (deleksamen). I sistnemnde tilfelle skal delane vere vekta etter ein på førehand fastsett brøk.(3) Mappevurdering er samansett av fleire arbeid. Sensuren kan gjerast på grunnlag av heile mappa eller utvalde arbeid. Emneskildringa skal fastsetje korleis eit eventuelt utval av arbeida skal gjerast.(4) Alle eksamensarbeid kan supplerast med ein justerande munnleg, praktisk, utøvande og/eller skapande eksamen for alle eller eit utval av studentane. Justerande eksamen inneber at studenten blir prøvd etter at ein bestått førebels karakter er sett, med høve til å bli justert opp eller ned i karakter. Dersom det mellom den endelege karakteren i emnet og den førebelse karakteren i klagerunden er eit spenn på to karakterar eller meir, skal fakultetet kalle studenten inn til ny justerande munnleg eksamen.(5) Ei mappevurdering har ikkje bestått resultat om ikkje alle arbeida er leverte. Det same gjeld for delane i ein deleksamen. Fakultetet kan vedta utfyllande reglar som gir unntak frå dette, til dømes ved gyldig fråvær knytt til ein del eller eit arbeid.Endra ved forskrift 27 nov 2025 nr. 2637 (i kraft 17 des 2025). Kapittel 8. Eksamensforsøk
§ 8-1Talet på forsøk
(1) Studentar har tre eksamensforsøk i kvart emne. Avgrensinga gjeld sjølv om emnet har skifta namn eller emnekode, og sjølv om studenten har fått nytt opptak.(2) Bachelorprosjekt/-oppgåve og masterprosjekt/-oppgåve utan bestått resultat kan leverast på nytt éin gong. Bachelor- og masterprosjekt med bestått resultat kan ikkje leverast på nytt.(3) Fakultetet kan i emneskildringa eller i utfyllande regelverk vedta at det ikkje er høve til meir enn to eksamensforsøk og/eller gjennomføringar i emne som- inneber praksis,
- inneber feltarbeid,
- inneber tokt eller
- er utøvande eller skapande.
(4) Fakultetet:- kan i utfyllande reglar vedta unntak frå hovudregelen om tre forsøk for studentar som allereie har bestått resultat i emnet,
- kan gjere unntak frå første til tredje avsnitt i einskildtilfelle etter søknad frå studenten,
- skal fastsetje innleveringsfrist for ny levering av bachelorprosjekt/-oppgåve og masterprosjekt/-oppgåve utan bestått resultat etter andre avsnitt. Fristen kan ikkje vere kortare enn tre månader frå sensuren er kunngjort og ikkje lengre enn eitt år frå den opphavlege fristen og
- skal etter søknad tillate ny levering av bachelor- og masterprosjekt etter utestenging som følge av fusk, med mindre fusket er av ein karakter som gjer det umogleg. Fakultetet skal sjå til at fusket er retta opp. Studenten kan ikkje levere før etter utestengingsperioden er over, jf. universitets- og høgskulelova § 12-4 (3) og (4).
Endra ved forskrift 13 juni 2024 nr. 1447. Kapittel 9. Sensur og vurderingsuttrykk
§ 9-1Generelt om sensur
(1) Fakultetet skal sørge for at studentane vert vurderte på ein upartisk og fagleg trygg måte. Sensor skal vurdere eksamenssvaret ut frå dei delane av læringsutbytet som eksamensoppgåva legg opp til.(2) Sensur inkluderer plagiatkontroll av innleverte eksamenssvar og studentarbeid. UiB kan lagre og bruke eksamenssvar og studentarbeid (eksemplarframstilling) i forbindelse med plagiatkontroll av framtidige eksamenssvar og arbeid.(3) Studenten kan ikkje trekke tilbake eksamenssvaret etter gjennomføring.(4) Sensuren blir kunngjort på Studentweb. Kunngjeringa skal informere om retten til å få grunngiving og til å klage, jf. universitets- og høgskulelova §§ 11-8 til 11-10, og fristane som gjeld. For eksamensformene nemnde i § 7-5 blir sensuren gitt munnleg og med ein gong.(5) Sensuren skal vere anonym så langt det er fagleg og praktisk mogleg.(6) Fakultetet skal sørge for at det vert laga sensorrettleiing for alle eksamenar, og at ho blir gjort kjent for studentane. Sensorrettleiinga blir utforma på det språket emneansvarleg vel.(7) Sensor kan krevje at studentar som har levert uleselege handskrivne eksamenssvar, skal levere ein leseleg kopi. Fristen skal normalt vere to dagar.Endra ved forskrift 13 juni 2024 nr. 1447. Kapittel 10. Grader
§ 10-1Tildeling
(1) Universitetet tildeler dei gradene som går fram av universitets- og høgskuleforskrifta § 2-13, jf. vedlegg 1.(2) Grada er oppnådd når studenten oppfyller krava i den aktuelle studieplanen. Universitetet i Bergen tildeler ikkje grad dersom færre enn 60 studiepoeng av grunnlaget er avlagt her. For fellesgrader kan kravet vere lågare.Endra ved forskrift 27 nov 2025 nr. 2637 (i kraft 17 des 2025). § 10-2Gjenbruk av studiepoeng i ny grad
(1) Dersom delar av grunnlaget for ei grad allereie inngår i tildelt grad, krevst det:- for bachelorgrader minst 90 nye studiepoeng med ny spesialisering,
- for integrerte mastergrader minst 120 nye studiepoeng, inkludert eit nytt masterprosjekt og
- for andre mastergrader minst nye 60 studiepoeng, inkludert eit nytt masterprosjekt.
(2) Juridisk fakultet kan gjere unntak frå kravet om nytt masterprosjekt når studenten søker om godkjenning av femte studieår på masterprogrammet i rettsvitskap på grunnlag av ein LLM-grad (Master of Laws) som inneheld eit skriftleg arbeid som fyller dei krav som gjeld for eit masterprosjekt i rettsvitskap. Kapittel 11. Gradsnamn
§ 11-1Tillegg i namn for bachelorgrader
(1) Bachelorgrader får normalt namnet «Bachelor i [studieprogram]», engelsk «Bachelor of [programme name]».(2) Bachelorgrader oppnådde på det matematisk-naturvitskaplege fakultetet får normalt namnet «Bachelor i naturvitskap», engelsk «Bachelor of Science».(3) Tillegg i namnet til fellesgrader skal gå fram i studieplanen. § 11-2Tillegg i namn for mastergrader
(1) Mastergrader får normalt namnet «Master i [studieprogram]»(2) Mastergrader normert til to år på det medisinske fakultetet får namnet «Master i [fagområde – namn på fag]», engelsk «Master of Science in [discipline – subject]».(3) Mastergrader på grunnlag av integrert lektorutdanning får namnet «Master i [fag] med lektorkompetanse» engelsk:«Master of Philosophy and Education. [Subject]», dersom det faglege tyngdepunktet er kultur- og samfunnsfag.«Master of Science and Education. [Subject]», dersom det faglege tyngdepunktet er matematisk-naturvitskapleg.(4) Mastergrader med matematisk-naturvitskapleg eller teknisk fagleg tyngdepunkt får normalt det engelske namnet «Master of Science in [programme name]».(5) Fakultetet kan i studieplanen vedta at sivilingeniørutdanningar har tillegget «sivilingeniør», og også om eventuelle studieretningar skal gå fram i namnet.(6) Mastergrader med fagleg tyngdepunkt i kultur- og samfunnsfag får normalt det engelske namnet «Master of Philosophy in [programme name].»(7) LLM-grad ved det juridiske fakultet har namnet «Master of laws (LLM) in [programme name]».(8) Følgande grader har særskilde engelsk namn:- Master i rettsvitskap: «Master in Law»,
- Master i farmasi: «Master of Pharmacy»,
- Master i odontologi: «Master of Dentistry»,
- Mastergrader frå fakultet for kunst, musikk og design: «Master of/in [programme name]», alternativt «MA Fine Arts» eller «MA Design», dersom slikt namn er vedtatt i studieplanen og
- Erfaringsbaserte mastergrader: «Master of Arts in [programme name]»
(9) Fakultetet avgjer i studieplanen om engelskspråklege studieprogram berre skal ha engelsk namn.(10) Namn på fellesgrader inkludert omsetjingar, skal gå fram av eige vedtak. Kapittel 12. Vitnemål mv.
§ 12-1Vitnemål
(1) Fakultetet sjølv lagar vitnemålet når grada er oppnådd, det vil seie når krava i studieplanen er oppfylte og karakterane er endelege.(2) Vitnemålet blir gjort tilgjengeleg for studenten digitalt. Studenten kan éin gong få vitnemål på papir, når det er naudsynt for arbeid eller vidare studium.(3) Vitnemålet skal utformast på nynorsk eller bokmål, eller på engelsk for engelskspråklege studieprogram. § 12-2Utforminga av vitnemålet
(1) Vitnemålet skal innehalde:- personalia,
- generell informasjon om studieprogrammet: Læringsutbyteskildring, innhald, organisering og målsetjing,
- namna, emnekodane, talet på studiepoeng, karakter og karakterfordeling, og når bestått resultat vart oppnådd for alle emne frå UiB som er grunnlag for grada,
- eventuelle delar som er godkjende i samsvar med § 5-7 til § 5-9,
- skildring av karaktersystemet og
- Diploma Supplement, i tråd med retningslinjer frå NOKUT
(2) Vitnemålet skal elles utformast i tråd med Universitetsstyret sine retningslinjer. Kapittel 13. Overgangsregel og ikraftsetjing