Kapittel 2. Minstekrav for opptak
§ 2-1Generelle føresegner
(1) Minstekrav for opptak til utdanning som gjev studiepoeng ved Universitetet i Bergen er som hovudregel generell studiekompetanse eller tilsvarande realkompetanse, slik dette er fastsett i forskrift om opptak til høgare utdanning, kapittel 2. Hovudregelen gjeld ikkje opptak til masterprogram eller for dei utdanningane som er omfatta av kapittel 3 i forskrift om opptak til høgare utdanning.(2) Søkjarar til masterprogram må dokumentere at dei oppfyller krav til norsk- og engelskkunnskapar slik dette er fastsett i forskrift om opptak til høgare utdanning, jf. § 2-2.(3) For opptak til engelskspråklege studieprogram eller studieretningar gjeld ikkje norskkravet i forskrift om opptak til høgre utdanning.(4) Søkjarar til engelskspråklege masterprogram må dokumentere engelskkunnskapar på høgre nivå med eitt av følgjande alternativ:- Engelsk frå Vg1 i norsk vidaregåande skule (140 årstimar), eller utdanning av minst same omfang frå ein stat som er part til Lisboakonvensjonen. Vurderinga av same omfang tar utgangspunkt i at engelsk frå Vg1 i norsk vidaregåande skule bygger på 10 år med engelsk frå grunnskulen.
- International English Language Testing Service (IELTS) med minimum score 6.5 på alle delprøver.
- Test of English as a Foreign Language (TOEFL), minst 90 poeng for Internet-based test (IBT).
- PTE Academic Pearson Test of English (PTE), med minst 62 poeng.
- Annan dokumentasjon kan godkjennast etter individuell vurdering.
- Enkeltstudium kan fastsetje strengare krav til engelskkunnskapar i den aktuelle studieplanen.
(5) Søkjarar til tospråklege masterprogram eller studieretningar, må dokumentere språkkunnskapar etter reglane som gjeld for norskspråklege program eller for engelskspråklege program. For framandspråklege masterprogram, som ikkje har undervisning på norsk eller engelsk, kan eigne språkkrav fastsetjast i studieplanen.(6) Fakultetet sjølv kan fastsetje særskilde opptakskrav for opptak til masterprogram.(7) Fakultetet sjølv kan fastsetje særskilde opptakskrav i form av opptaksprøver til studium i utøvande og skapande kunst, musikk og design, jf. § 5-3 (2). Opptaksprøver er berre gyldige det året dei vert haldne.(8) Dersom ein student er avskore frå vurdering i eit obligatorisk emne i studieprogrammet skal han nektast opptak. Fakultetet kan vedta at det ikkje er høve til å bli tatt opp til same studieprogram fleire gonger.Endra ved forskrifter 28 nov 2019 nr. 1867 (i kraft 1 jan 2020), 16 juni 2022 nr. 1469, 2 mai 2024 nr. 1446. Kapittel 3. Realkompetanse
§ 3-1Realkompetanse
(1) Søkjarar som er 25 år eller eldre i opptaksåret, og som manglar generell studiekompetanse, kan få opptak på grunnlag av realkompetanse, jf. universitets- og høgskulelova § 3-6 (2) og forskrift om opptak til høgre utdanning § 3-1.(2) For å få tilbod om studieplass må søkjaren dokumentere likeverdige ferdigheiter og kunnskapar som søkjarar som får tilbod om plass etter ordinære rangeringsreglar, jf. kapittel 5 i denne forskrifta.(3) Nærare reglar om opptak på grunnlag av realkompetanse er fastsette i utfyllande retningsliner for opptak til UiB. Kapittel 4. Kvotar og opptaksrammer
§ 4-1Kvotar og opptaksrammer
(1) Styret sjølv fastset årleg talet på studieplassar for dei enkelte studieprogramma, jf. § 3-7 femte ledd i universitets- og høyskoleloven.(2) Opptak til studia kan skje på grunnlag av rangering innanfor kvotar. Ein kvote er eit bestemt tal eller ein bestemt del av studieplassane som blir fordelte blant søkjarar som tilfredsstiller nærare bestemte krav.(3) I tillegg til nasjonale kvoter, kan fakultetet fastsetje kvoter.(4) For masterprogram som gir opptak til internasjonale søkjarar som treng studieløyve i Noreg, skal det avsetjast ei kvote til søkjarar med tidleg søknadsfrist. For å få tilbod om studieplass, må desse søkjarane dokumentere eit karakternivå som er tilsvarande eller høgare enn poenggrensa året før. Dette gjeld ikkje for masterprogram som har opptaksprøver som del av opptaksgrunnlaget.Endra ved forskrifter 28 nov 2019 nr. 1867 (i kraft 1 jan 2020), 16 juni 2022 nr. 1469. Kapittel 5. Rangering
§ 5-1Poengutrekning og rangering av søkjarar til grunnutdanningar
(1) Ved opptak til grunnutdanningar blir søkjarane sine poeng rekna ut og dei blir rangerte etter reglane i kapittel 7 i forskrift om opptak til høgre utdanning.(2) Realkompetansesøkjarar blir rangerte i forhold til andre søkjarar på grunnlag av ei heilskapleg skjønnsmessig vurdering. Omfanget og relevansen av praksis, utdanning og motivasjon blir vektlagd. § 5-2Generelle føresegner om rangering av søkjarar til studium i lokale opptak
(1) Grunnlaget for rangeringa er den dokumentasjonen som kvalifiserer søkjaren for opptak til eit studium, jf. kapittel 2 i denne forskrifta. Søkjarane blir rangerte på grunnlag av konkurransepoeng.(2) Dersom ein søkjar har fleire opptaksgrunnlag, blir det grunnlaget som gir gunstigast resultat for søkjaren lagt til grunn.(3) Ved lik poengsum skal plassen fordelast etter loddtrekning.(4) Dersom det har vist seg umogeleg å fylle studieplassane på eit studium, kan ein tilby dei ledige studieplassane til kvalifiserte søkjarar fortløpande, utan omsyn til rangeringsreglane elles. Søknader som er mottekne etter fristen, skal rangerast etter søknadsdato. Kapittel 6. Tilbod på visse vilkår
§ 6-1Tilbod på visse vilkår
Universitetet i Bergen kan gi tilbod om studieplass på visse vilkår til søkjarar som ikkje tilfredsstiller heile opptakskravet på det tidspunktet dei får tilbod om studieplass, men som har dokumentert at dei vil dekke kravet før studiestart.Endra ved forskrift 28 nov 2019 nr. 1867 (i kraft 1 jan 2020). § 6-2Tilbod og opptak på visse vilkår for utøvande og skapande kunst, musikk og design
Universitetet i Bergen kan gi tilbod om studieplass på visse vilkår til søkjarar til utøvande og skapande kunst, musikk og design som ikkje tilfredsstiller heile opptakskravet på det tidspunktet dei får tilbod om studieplass. Søkjarar som får tilbod på visse vilkår må gjennomføre og greie manglande eksamenar ved første mogelege anledning, og seinast innan 1 år.Tilføyd ved forskrift 28 nov 2019 nr. 1867 (i kraft 1 jan 2020). § 6-3Generelle føresegner om tilbod og opptak på visse vilkår
Kapittel 7. Felles føresegner om administrative forhold
§ 7-1Reservert studieplass
(1) Tildelt studieplass kan reserverast til neste gong det er opptak til studiet dersom det ligg føre dokumenterte, tungtvegande grunnar. Det blir normalt ikkje innvilga reservert plass for meir enn eitt år.(2) Søknad om reservasjon av studieplass må leggast fram innan tre veker etter at ein har motteke tilbod om studieplass.(3) Med tungtvegande grunnar er det her meint verneplikt, graviditet, sjukdom, ulukker eller dødsfall i nær familie. Andre tungtvegande grunnar utanfor kontrollen til søkjaren kan òg gi grunnlag for reservert studieplass. Grunn må dokumenterast med attest frå lege, anna helsepersonell, politi eller tilsvarande.(4) Til studium som krev opptaksprøver, jf. § 2-1 (7) og forskrift om høgre utdanning § 4-9, blir det som hovudregel ikkje innvilga utsett studiestart eller reservert studieplass.Endra ved forskrift 28 nov 2019 nr. 1867 (i kraft 1 jan 2020). § 7-2Førehandsløfte
Ved dokumentert behov kan det bli gitt førehandsløfte til kvalifiserte søkjarar med poengsum som er lik eller høgare enn medianen ved siste opptak. Nærare føresegn om førehandsløfte gis i utfyllande retningslinjer for opptak til Universitetet i Bergen. Kapittel 8. Utfyllande reglar
§ 8-1Utfyllande reglar
(1) Styret, eller det organet styret nemner opp, kan gi utfyllande reglar og retningsliner innanfor ramma av denne forskrifta.(2) Vesentlege endringar i opptakskrava for eit studieprogram skal vere klart for søkjarane minst eitt år før dei tek til å gjelde.(3) Styret pliktar å opprette overgangsreglar i dei tilfella vesentlege endringar ikkje er gjort kjende for søkjarane i tide.(4) Rektor kan vedta mindre viktige endringar i denne forskrifta, i samråd med fakulteta. Universitetsdirektøren skal rapportere slike endringar til styret.Endra ved forskrift 2 mai 2024 nr. 1446.