Første del – innleiande reglar
Kapittel 1 Formålet med og krava til opplæringa
§ 1-1Formålet med lova
Lova skal leggje til rette for at barn, ungdom og vaksne får god opplæring i eit godt miljø. § 1-2Verkeområde
Lova gjeld for grunnskoleopplæring, vidaregåande opplæring og verksemd knytt til opplæringa. Lova gjeld ikkje for skolar som er godkjende etter privatskolelova.Kongen kan gi forskrift om at lova eller delar av ho skal gjelde på Svalbard og om særlege reglar av omsyn til tilhøva på staden. § 1-3Formålet med opplæringa
Opplæringa skal, i samarbeid og forståing med heimen, opne dører mot verda og framtida og gi elevane og dei som har læretid i bedrift, historisk og kulturell innsikt og forankring.Opplæringa skal byggje på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, åndsfridom, nestekjærleik, tilgiving, likeverd og solidaritet, verdiar som også kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn, og som er forankra i menneskerettane.Opplæringa skal utvide kjennskapen til og forståinga av den nasjonale kulturarven og den felles internasjonale kulturtradisjonen.Opplæringa skal gi innsikt i kulturelt mangfald og vise respekt for den enkelte si overtyding. Ho skal fremje demokrati, likestilling og vitskapleg tenkjemåte.Elevane og dei som har læretid i bedrift, skal utvikle kunnskap, dugleik og haldningar som gjer at dei kan meistre livet sitt og delta i arbeid og fellesskap i samfunnet. Dei skal få utfalde skaparglede, engasjement og utforskartrong.Elevane og dei som har læretid i bedrift, skal lære å tenkje kritisk og handle etisk og miljøbevisst. Dei skal ha medansvar og rett til medverknad.Elevane og dei som har læretid i bedrift, skal møtast med tillit, respekt og krav og få utfordringar som fremjar danning og lærelyst. Alle former for diskriminering skal motarbeidast. § 1-4Mål og prinsipp for opplæringa
Kongen gir forskrift om overordna mål og prinsipp for opplæringa.Departementet gir forskrift om læreplanar i fag. § 1-5Samisk innhald i opplæringa og samiske læreplanar
Forskrift om læreplanar etter § 1-4 andre ledd skal gi pålegg om opplæring om den samiske folkegruppa og om språket, kulturen og samfunnslivet til denne folkegruppa i tilknyting til dei ulike fagområda.Sametinget gir forskrift om det samiske innhaldet i dei nasjonale læreplanane i fag og om læreplanar for opplæring i samiske språk. Sametinget gir også forskrift om læreplanar i særskilde samiske fag i den vidaregåande opplæringa. Forskrifta skal haldast innanfor dei rammene som departementet har fastsett.Departementet gir forskrift om andre særskilde læreplanar for grunnskoleopplæringa i språkutviklingskommunar og språkvitaliseringskommunar etter sameloven § 3-1 og for andre elevar som får samisk opplæring i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa. Sametinget skal i samråd med departementet lage utkast til forskrift.Endra ved lov 14 juni 2024 nr. 36. § 1-6Fag- og timefordeling og tilbodsstruktur
Departementet gir forskrift om kor mange timar med opplæring elevar i grunnskolen skal ha, kor mange timar som skal brukast til kvart fag, og korleis timane skal delast mellom trinna.Kommunen kan gi forskrift om at opp til ti prosent av timane i kvart fag i grunnskolen skal flyttast til andre fag eller brukast til særskilde tverrfaglege aktivitetar.Departementet gir forskrift om kva for utdanningstilbod som fører fram til studiekompetanse eller yrkeskompetanse i den vidaregåande opplæringa.Departementet kan gi forskrift om kor mange timar med opplæring elevar i den vidaregåande opplæringa skal ha, kor mange timar som skal brukast til kvart fag, og korleis timane skal delast mellom trinna i den vidaregåande opplæringa.Departementet kan gi forskrift om kor lang læretida skal vere for dei som har læretid i bedrift.Kommunen og fylkeskommunen kan gi forskrift om opplæring utover det samla minstetimetalet som departementet har fastsett etter første og fjerde ledd.Departementet kan gi forskrift om plikt til å delta i aktivitetar i grunnskolen som ikkje er opplæring i fag. § 1-7Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk
Departementet kan gi forskrift om nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk. Andre del – grunnskoleopplæring
Kapittel 2 Rett og plikt til grunnskoleopplæring
§ 2-1Rett til grunnskoleopplæring
Barn har rett til offentleg grunnskoleopplæring frå det året dei fyller seks år, til dei har avslutta det 10. trinnet.Retten til grunnskoleopplæring gjeld dersom barnet truleg skal vere i Noreg i meir enn tre månader i samanheng. Retten skal oppfyllast så raskt som mogleg og seinast innan tre månader etter at barnet er komme til Noreg. Dersom det er nødvendig fordi det kjem svært mange fordrivne barn frå Ukraina, kan departementet gi forskrift om mellombels forlenging av tremånadersfristen. Barn som kjem til Noreg, skal plasserast på det trinnet som passar med alderen. Kommunen kan gjere unntak der ei konkret vurdering viser at barnet bør plasserast på eit lågare trinn.Endra ved lover 25 juni 2024 nr. 53 (i kraft 1 juli 2024 iflg. res. 25 juni 2024 nr. 1212), 25 juni 2024 nr. 53 (i kraft 1 juli 2026), 12 juni 2026 nr. 22 (i kraft 1 juli 2026 iflg. res. 12 juni 2026 nr. 1076). Vert endra ved lov 12 juni 2026 nr. 22 (i kraft 1 juli 2028). Tredje del – vidaregåande opplæring
Kapittel 5 Rett til vidaregåande opplæring
§ 5-1Rett til vidaregåande opplæring
Dei som har fullført grunnskolen eller tilsvarande opplæring, har rett til vidaregåande opplæring etter dette kapittelet. Det gjeld også dei som har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, men ikkje får godkjent opplæringa som studiekompetanse eller yrkeskompetanse i Noreg. Retten gjeld berre for dei som truleg skal vere i Noreg i meir enn tre månader i samanheng.Retten til vidaregåande opplæring etter dette kapittelet varer fram til ein har oppnådd studiekompetanse eller yrkeskompetanse, men ikkje lenger enn ut det skoleåret som tar til det året ein fyller 24 år. Dei som då ikkje har oppnådd studiekompetanse eller yrkeskompetanse, har rett til vidaregåande opplæring for vaksne etter § 18-3.Dei som har rett til vidaregåande opplæring etter første ledd, kan velje vidaregåande opplæring for vaksne etter § 18-3 frå det skoleåret som tar til det året dei fyller 19 år.Dei som har rett til vidaregåande opplæring etter første ledd første punktum, kan fram til det året dei fyller 19 år etter søknad i staden få vidaregåande opplæring etter § 18-3 dersom det er særlege grunnar for det. Dei som har rett til vidaregåande opplæring etter første ledd andre punktum, har etter søknad rett til å få vidaregåande opplæring etter § 18-3.Retten til vidaregåande opplæring gjeld ikkje opplæring i fag som allereie er bestått, med mindre anna går fram av forskrift gitt etter siste ledd.Dei som har rett til vidaregåande opplæring, skal komme inn på eitt av tre utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1 som dei har søkt på. Dei skal deretter komme inn på vidaregåande trinn 2 og vidaregåande trinn 3, dersom dei oppfyller vilkåra for inntak. Både trinn 2 og trinn 3 skal byggje på det førre trinnet.Departementet kan gi forskrift om kven som har rett til vidaregåande opplæring, og om inntaket til vidaregåande opplæring. Fjerde del – fellesreglar for grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa for barn og unge
Kapittel 10 Det beste for eleven, medverknad, skoledemokrati, foreldresamarbeid, skolereglar og plikt til å delta
§ 10-1Det beste for eleven
Ved handlingar og avgjerder som vedkjem elevar, skal kva som er best for eleven, vere eit grunnleggjande omsyn. § 10-2Elevane sin rett til medverknad
Elevane har rett til medverknad i alt som gjeld dei sjølve etter denne lova, og har rett til å ytre meiningane sine fritt. Elevane skal bli høyrde, og det skal leggjast vekt på meiningane deira etter alder og modning. § 10-3Samarbeid med foreldra
Skolen skal samarbeide med foreldra om opplæringa til eleven.Departementet kan gi forskrift om samarbeidet mellom skolen og foreldra. Femte del – førebuande opplæring og vidaregåande opplæring for vaksne
Kapittel 18 Rett til førebuande opplæring og vidaregåande opplæring for vaksne
§ 18-1Formålet med opplæringa for vaksne
Formålet med opplæringa i § 1-3 og dei overordna måla og prinsippa for opplæringa med heimel i § 1-4 gjeld så langt det passar for opplæring for vaksne. Opplæringa skal byggje på den kompetansen deltakarane allereie har, og skal leggjast opp slik at deltakarane så raskt som mogleg kan oppnå relevant kompetanse for arbeid eller vidare utdanning. § 18-2Rett til førebuande opplæring for vaksne
Dei som treng førebuande opplæring i fag eller i grunnleggjande ferdigheiter, men ikkje lenger har rett til grunnskoleopplæring etter § 2-1, har rett til førebuande opplæring for vaksne.Søkjarar har mellom anna rett til førebuande opplæring dersom dei ikkje har fått tilfredsstillande opplæring før, dersom dei treng opplæring i fag eller grunnleggjande ferdigheiter som ikkje var del av læreplanen då dei fekk grunnskoleopplæring, og dersom dei treng ny opplæring på grunn av skade eller sjukdom. Når det skal vurderast om ein søkjar treng førebuande opplæring, skal det takast omsyn til kva søkjaren sjølv meiner.Dei som har rett til vidaregåande opplæring etter kapittel 5, har ikkje rett til førebuande opplæring etter denne paragrafen. Sjette del – privat opplæring, godkjenningsordningar og privatistordningar
Kapittel 22 Privat opplæring
§ 22-1Kven som kan drive private skolar etter lova
Private kan berre drive skole etter denne lova med godkjenning av departementet. Departementet skal godkjenne private grunnskolar dersom dei kan oppfylle krava i § 22-2. Departementet kan gi forskrift om saksbehandlingsreglar for godkjenning av private grunnskolar i samsvar med tjenesteloven § 27. Den som driv privat grunnskole utan godkjenning, kan straffast med bot.Departementet kan godkjenne private vidaregåande skolar dersom det ligg føre ein mellomstatleg avtale om drift av slike skolar. I samband med godkjenninga kan departementet gjere unntak frå krava i lova og i forskrift gitt med heimel i lova.Godkjenninga etter første og andre ledd fell bort dersom ein skole ikkje set i gang verksemda si etter lova innan tre skoleår etter at godkjenninga vart gitt. Det same gjeld om drifta etter lova blir nedlagd. Skolen skal gi melding til departementet når drifta etter lova blir nedlagd. § 22-2Ansvaret til private grunnskolar
For private grunnskolar gjeld:- §§ 1-3 og 1-4 første og andre ledd om mål og prinsipp for opplæringa
- § 2-3 om innhald, vurdering og dokumentasjon i grunnskoleopplæringa
- § 3-1 om bokmål og nynorsk for elevane i grunnskolen
- kapittel 10 om det beste for eleven, medverknad, skoledemokrati, foreldresamarbeid, skolereglar og plikt til å delta
- § 11-1 om tilpassa opplæring
- kapittel 12 om skolemiljøet til elevane
- § 13-1 om bortvising og §§ 13-3 til 13-5 om skadeførebygging
- § 14-1 andre ledd om skole- og feriedagar
- § 14-2 om inndeling av elevar i klassar og grupper
- § 14-4 om fjernundervisning
- § 14-5 om forbod mot forkynning
- § 14-6 om fritak frå aktivitetar i opplæringa på grunn av livssyn
- § 14-7 om opplæring om kristendom, religion, livssyn og etikk
- kapittel 16 om rådgiving
- kapittel 17 om personalet i skolen, skolefagleg kompetanse og kvalitetsutvikling
- § 24-2 om opplysningar til den kommunale helse- og omsorgstenesta og sosialtenesta
- § 24-3 om plikt til å melde frå til barnevernet
- § 25-1 om behandling av personopplysningar og unntak frå teieplikt
- § 25-4 om plikt til å delta i evalueringar og gi opplysningar
- § 25-5 om register over barn i grunnskoleopplæring
- § 27-2 om forbod mot bruk av plagg som dekkjer ansiktet
Kommuneloven § 25-1 om internkontroll gjeld også for private grunnskolar.Der lova legg ansvar, oppgåver eller plikter til kommunen, ligg ansvaret ved ein privat skole til det øvste organet på skolen.Heimkommunen skal sørgje for at elevane har same tilgang til den pedagogisk-psykologiske tenesta som elevane i den offentlege skolen.Endra ved lover 14 juni 2024 nr. 36, 19 juni 2026 nr. 59 (i kraft 1 aug 2026 iflg. res. 19 juni 2026 nr. 1137). Sjuande del – forskjellige reglar
Kapittel 24 Samarbeid, samordning, opplysningsplikt, sjølvråderett og avgjerder på vegner av eleven
§ 24-1Samarbeid og samordning
Skolen, skolefritidsordninga og pedagogisk-psykologisk teneste skal samarbeide med andre tenesteytarar dersom samarbeid er nødvendig for å gi eleven eit heilskapleg og samordna tenestetilbod. Dersom eleven har individuell plan etter anna lov og forskrift, skal skolen, skolefritidsordninga og den pedagogisk-psykologiske tenesta delta i samarbeid om utarbeiding og oppfølging av tiltak og mål i den individuelle planen.Kommunen skal samordne tenestetilbodet etter første ledd. Ved behov skal kommunen avgjere kva for ein kommunal tenesteytar som skal vareta samordninga. Dersom det er oppnemnt barnekoordinator etter helse- og omsorgstjenesteloven § 7-2 a, skal koordinatoren sørgje for samordning av tenestetilbodet.Skolen, skolefritidsordninga og pedagogisk-psykologisk teneste skal, i tillegg til å følgje opp einskilde elevar, samarbeide med andre tenesteytarar slik at alle tenesteytarane kan vareta sine oppgåver etter lov og forskrift.Når det må til for å løyse oppgåvene etter første til tredje ledd, kan dei samarbeidande tenestene behandle personopplysningar, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordningen artikkel 9 og 10.Med tenesteytarar er det her meint kommunale, fylkeskommunale og statlege tenesteytarar, private tenesteytarar som utfører oppgåver på vegner av ein slik tenesteytar, barnehagar som får tilskot etter barnehageloven § 19, og skolar som får statstilskot etter privatskolelova § 6-1.Krava i denne paragrafen gjeld på same måte for samarbeid og samordning for vaksne deltakarar som har rett til førebuande opplæring og vidaregåande opplæring for vaksne etter kapittel 18. Åttande del – sluttreglar
Kapittel 30 Iverksetjing og overgangsreglar
§ 30-1Iverksetjing og oppheving
§ 30-2Overgangsreglar
Forskrifter og enkeltvedtak med heimel i reglar som blir oppheva eller endra med denne lova, står ved lag til Kongen fastset noko anna. Kongen kan gi forskrift med overgangsreglar for tilpassing til denne lova.Personale i grunnskolen som var tilsett i uoppseieleg stilling 1. august 1999, kan ikkje seiast opp, og lov 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen § 24 nr. 1 andre ledd og nr. 2 gjeld for dei. Vedlegg. Samisk omsetting
Sjå her for å lese lova på nordsamisk: pdf-lenke.Omsatt utgåve av opplæringslova er levert av Kunnskapsdepartementet og er oppdatert per 1. august 2024.
Dette er ei uoffisiell omsetting av den norske utgåva av lova. Om det er skilnadar mellom den samiske og den norske utgåva, gjeld den norske slik ho er kunngjord i Norsk Lovtidend.