Kap. I. – Kva lova gjeld.
§ 1
Føresegnene i lova her gjeld for statsallmenningane.Kongen kan ta avgjerd om at lova heilt eller delvis skal gjelde også for andre område som tilhøyrer staten.For skogsdrift og hogstrettar i skog gjeld lova ikkje.Rettar i statsallmenningane i kraft av særleg heimel går ikkje inn under lova. Kap. II. – Retten til allmenningsbruk.
§ 2
Rett til allmenningsbruk ligg til bygd eller grend som frå gamal tid har hatt slik rett. Retten skal kunne nyttast på ein måte som til kvar tid er i samsvar med rasjonell bruk, og som er naturleg etter tida og tilhøva.Rett som er knytta til jordbrukseigedom kan berre utnyttast så langt det skjer i tilknyting til drifta av eigedomen som jordbruk, og så lenge eigedomen vert driven som jordbruk. Med dei unntak som går fram av lova her, kan slik rett ikkje avhendast, leigast bort eller krevjast avløyst mot vederlag. Vert gardsdrifta nedlagd og jorda teken i bruk til føremål utanom jordbruksnæringa, fell retten bort. Det same gjeld om ein eigedom ved sal eller oreigning misser så mykje av jorda at den ikkje lenger er å rekna som ei jordbruksmessig eining, eller vert delt på ein slik måte at ingen av jordpartane etter delinga er å rekna som jordbruk.Tvist etter siste punktum i andre stykket vert avgjort ved skjøn. Kap. III. – Fjellstyre.
§ 3
I kvar kommune der det er statsallmenning skal det være fjellstyre.Fjellstyret skal administrere bruken og utnyttinga av rettar og lunnende i statsallmenningen så langt ikkje anna er fastsett i eller i medhald av lov. Det skal arbeide for å sikre at allmenningen vert brukt på ein måte som fremjar næringslivet i bygda og tek vare på naturvern- og friluftsinteressene.Fjellstyret skal ha fem medlemer med personlege varamedlemer. Dei vert valde av kommunestyret, eitt medlem som leiar og eitt som nestleiar.Fleirtalet av medlemene med varamedlemer skal veljast blant personar som siste året har vore og framleis er fast busette i området der allmenningen ligg – og som Kongen fastset grensene for – eller i bygd eller grend der innbuarane frå gamal tid har utøvd allmenningsbruk i allmenningen.Funksjonstida er fire år og følgjer kommunevalperioden.Kommunestyret skal syte for at jakt-, fiske- og friluftsinteressene vert representerte i fjellstyret og at minst to medlemer med varamedlemer vert valde blant dei som har rett til allmenningsbruk i allmenningen som jordbrukarar. Kongen kan, for område som er eller vert lagt under lova, fastsetje at reindriftsnæringa skal vere representert i fjellstyret og at den eine eller begge av dei to som skal ha allmenningsrett som jordbrukarar i staden skal vere reineigarar. Elles gjeld reglane i kommunelova om kven som kan veljast som medlem av kommunale nemnder tilsvarande ved val av fjellstyre.Endra med lov 5 juni 1987 nr. 25. Kap. IV. – Sakshandsaming.
§ 8
Fjellstyre med fem medlemer er vedtaksført når minst tre av medlemene møter. Fjellstyre med meir enn fem medlemer er vedtaksført når minst fire av medlemene møter. Står røystene likt, gjer leiaren si røyst utslaget.Endra med lov 5 juni 1987 nr. 25. § 9
Kjem det opp tvist mellom fjellstyret og allmenningsstyret (jfr. lov av 19. juni 1992 nr. 60 om skogsdrift m.v. i statsallmenningene § 1-2 og § 1-3) om ordninga av allmenningsbruken, skal leiaren i fjellstyret kalla inn dei to styra til eit fellesmøte. Kjem ein ikkje fram til semje kan kvart av styra leggje tvisten fram for departementet, som kan avgjere den eller vise den til avgjerd ved skjøn.Endra med lover 5 juni 1987 nr. 25, 19 juni 1992 nr. 61. § 10
For saksførehavinga i fjellstyret gjeld føresegnene om einskildvedtak i forvaltningslova 10 februar 1967, også når vedtaket gjeld alle bruksrettshavarane. Kongen fastset nærare reglar om m.a. formene for førehandsvarsling og kunngjering av eller melding om fjellstyrevedtak.Fjellstyrevedtak kan påklagast til og omgjerast av departementet etter reglane i kap. VI i forvaltningslova. Vedtak etter §§ 12 og 16 kan ikkje påklagast til departementet. Det same gjeld vedtak etter §§ 2, 15, 18 og 21 så langt tvistar etter desse paragrafane etter lova skal avgjerast ved skjøn. I staden for å stadfeste eller gjere om fjellstyrevedtak som det er klaga over, kan departementet vise saka til avgjerd ved skjøn etter tiltak av fjellstyret.Fjellstyrevedtak tek til å gjelde 4 veker etter at det er kunngjort eller det er gjeve melding etter reglane i første stykket, om Kongen ikkje fastset noko anna.Endret ved lov 19 juni 2015 nr. 67. Kap V. – Fjellkasse.
§ 11
For kvart fjellstyre skal det vere ei fjellkasse. Når ikkje anna er fastsett, skal inntekter som følgjer av lova her gå inn i fjellkassa, medan utgiftene som fjellstyret skal svare vert utgreia av denne.Fjellstyret skal kvart år leggje fram rekneskap gjennom skogforvaltaren i distriktet til departementet. Kopi av rekneskapet skal sendast kommunestyret. Kongen fastset nærare reglar om rekneskapsføringa og om revisjonen.Fjellstyret avgjer ved vedtak korleis overskot i fjellkassa skal nyttast. Er overskotet større enn det som trengst til tiltak innan allmenningen, kan det av det overskytande løyvast midlar til føremål som tek sikte på å styrkje næringsgrunnlaget i dei bygdene som har rett til allmenningsbruk. Med samtykke frå departementet kan det òg løyvast midlar til allmennyttige føremål i desse bygdene.Endra med lov 19 des 1980 nr. 66. Kap. VI. – Grunndisponering.
§ 12
Iverksetjing av grunndisponeringstiltak – herunder tiltak som gjeld vassdrag – i statsallmenning kan berre skje når det ikkje medfører vesentleg skade for nokon som har bruksrett, og under omsyn til prinsippa for naturvern. Om eit tiltak vil medføre vesentleg skade for bruksrettar vert avgjort ved skjøn.Grunndisponeringstiltak kan berre føretakast av departementet eller med løyve frå departementet, med mindre anna er særskilt fastsett. Før departementet tek avgjerd skal fjellstyret og i tilfelle allmenningsstyret ha hatt høve til å kome med fråsegn i saka.Rett til å forby eller redusere motorferdsel i statsallmenning for andre enn Statskog SF ligg til fjellstyret. Før fjellstyret tek avgjerd, skal Statskog SF, og i tilfelle allmenningsstyret, ha hatt høve til å kome med fråsegn i saka.Av dei inntekter som staten har av tomtefeste for hytter og hotell skal vedkomande fjellkasse ha halvparten. Elles høyrer bruken av statens grunneigarinntekter under departementet. Desse midlane skal departementet bruke til dekning av utgifter i samband med administrasjonen av statsallmenningane, stønad til ein fellesorganisasjon for fjellstyra, og etter samråd med denne til tiltak i statsallmenningane. Dessutan kan midlane brukast til innløysing av private særrettar til fiske i statsallmenning, jfr. § 32.Endret ved lov 19 juni 2015 nr. 67. Kap. VIII. – Vedtekter.
§ 14
Fjellstyret kan vedta allmenne vedtekter om bruken av allmenningen. Vedtekter må stadfestast av Kongen før dei vert sette i verk. Om saksførehavinga gjeld reglane i § 10. Endring i eller oppheving av eldre vedtekter skjer på same måten. Kap. IX. – Beite.
§ 15
Jordbrukar med beiterett i statsallmenning har rett til å beite med så stor buskap som han kan vinterfø på eigedomen.Fjellstyret kan samtykkje i at det vert beita med større buskap enn nemnt i første stykket, når det kan skje utan skade for andre bruksrettshavarar.Så langt det i allmenningen er beite som ikkje vert nytta av bruksrettshavarane, kan fjellstyret under tilsvarande føresetnader gjere vedtak om å gje andre – også utanbygdsbuande – rett til å nytte dette beitet, på vilkår som vert fastsette ved avtale.Tvist om beiting som nemnt i andre og tredje stykket vil vere til skade for nokon bruksrettshavar, vert avgjort ved skjøn. § 16
Fjellstyret fastset nærare reglar om ordninga av beitebruken innan statsallmenningen. Reglane kan mellom anna gå ut på inndeling av beitet i felt, fastsetjing av beitetider og avgrensingar i talet på beitedyr av dei ulike slag innan dei einskilde beitefelt. I reglane skal det seiast frå om det skal vere høve til beiting med lausfe og i tilfelle på kva vilkår.Jordskifteretten kan ordne beitebruken når fjellstyret har gjort vedtak om beiteordning etter første ledd, og nokon beiterettshavar som denne ordninga vedkjem, har kravt saka inn for jordskifteretten innan 6 månader.Endra med lover 19 juni 1992 nr. 61, 21 juni 2013 nr. 100 (ikr. 1 jan 2016 iflg. res. 21 juni 2013 nr. 736). Kap. X. – Seter og tilleggsjord.
§ 18
Jordbrukar med beiterett i statsallmenning som godtgjer at det trengst seter til drift av garden hans, kan få utvist slik seter, anten åleine eller saman med andre beiterettshavarar.Fjellstyret gjer vedtak om utvising som nemnt i første stykket. Det er eit vilkår at utvising kan skje utan vesentleg skade for anna bruksutnytting i allmenningen eller for skogen, og at det heller ikkje vil vere til hinder for ei føremålstenleg inndeling og utnytting av beitet.Spørsmål om utvising i barskogområde vert avgjort av fjellstyret og allmenningsstyret i fellesskap.Tvist om vilkåra for utvising ligg føre vert avgjort ved skjøn.Er det utviste ikkje innan 5 år teke i bruk i samsvar med opplysningar gjeve i søknaden, eller med vilkår som i tilfelle er sette for utvisinga, fell retten bort.Endra med lov 19 juni 1992 nr. 61. § 19
Jordbrukarar med beiterett i statsallmenning kan – anten åleine eller saman med andre beiterettshavarar – få utvist grunn som er skikka til dyrking eller til kulturbeite som tilleggsjord.Er det utviste ikkje teke i bruk innan 5 år, fell utvisinga bort. Kap. XI. – Jakt og fangst.
§ 23
I statsallmenning skal dei som siste året har vore og framleis er fast busette i Norge ha rett til under like vilkår å oppnå høve til å drive jakt utan hund på småvilt.Fjellstyret avgjer om det skal gjevast løyve til å drive fangst av småvilt og jakt med hund på småvilt. Like eins avgjer fjellstyret om løyve til slik jakt skal gjevast til personar som har jaktrett etter første stykket eller berre til personar som siste året har vore og framleis er fast busette i området der allmenningen ligg – og som Kongen fastset grensene for – eller i bygd eller grend der innbuarane frå gamal tid har utøvd allmenningsbruk i allmenningen.Fjellstyret kan avgrense talet på vilt av ulike slag som nokon kan felle eller fange, og innskrenke tida, måten og området for jakta og fangsten. Fjellstyret kan og avgrense talet på dei som kan få høve til å drive fangst av småvilt, på dei som kan få høve til å drive jakt utan hund på småvilt og på dei som kan få løyve til å drive jakt med hund på slikt vilt. Ved eventuell avgrensing av talet på dei som kan få høve til slik jakt som nemnt i første stykket, må fjellstyret sjå til at det vert rimeleg balanse mellom innan- og utanbygdsbuande.Før fjellstyret gjer noko vedtak etter andre og tredje stykket, skal kommunen uttale seg. Er det usemje mellom fjellstyret og kommunen, må fjellstyrevedtaket leggjast fram for departementet som tek avgjerd i saka.Endra med lov 3 juli 1992 nr. 95. § 24
Fjellstyret gjev i samsvar med allmenne føresegner og tildelte kvoter løyve til jakt på villrein i statsallmenning. Elles gjeld § 23 andre stykket, tredje stykket første og andre punktum og fjerde stykket tilsvarande for fjellstyrevedtak etter paragrafen her så langt dei høver. Kap. XII. – Fiske.
§ 28
I statsallmenning skal dei som siste året har vore og framleis er fast busette i Norge ha rett til under like vilkår å oppnå høve til å drive fiske med krok utan fastståande redskap, likevel ikkje fiske med oter.For fiske etter anadrome laksefisk gjeld § 4 i lov om laksefisk og innlandsfisk m.v.Fjellstyret kan gje løyve til å drive også anna slag fiske for dei som siste året har vore og framleis er fast busette i området der allmenningen ligg – og som Kongen fastset grensene for – eller i bygd eller grend der innbuarane frå gamal tid har utøvd allmenningsbruk i allmenningen. Like eins kan fjellstyret gje slikt løyve også for andre som har fiskerett etter første stykket, når det kan skje utan at det går ut over fiskerettshavarane elles og det ikkje kan reknast å vere til skade for fisken i vassdraget. Dei gardar og bygdelag som har drive fiske med fastståande reiskap frå gamal tid, skal ha førerett til slikt fiske framom andre.Fjellstyret kan gje også utlendingar – som ikkje fyller kravet til busetnad etter første stykket – løyve til å drive slikt fiske som nemnt i første stykket.Før fjellstyret gjer vedtak etter tredje stykket, andre punktum og fjerde stykket skal det lokale fiskeorgan gje fråsegn. Er det usemje mellom fjellstyret og det lokale fiskeorgan, må fjellstyrevedtaket leggjast fram for departementet som tek avgjerd i saka.Endra med lov 15 mai 1992 nr. 47. § 29
Fiske i statsallmenning kan berre drivast mot løysing av fiskekort og betaling av avgift. Avgifta, som vert fastsett av fjellstyret, må godkjennast av departementet. For dei som siste året har vore og framleis er fast busette i Norge, skal det vere lik avgift for fiske etter § 28 første stykket. Elles kan avgifta setjast ulik for dei som får løyve til fiske etter § 28 andre stykket, første punktum, eller andre stykket andre punktum, og etter tredje stykket. Den kan og setjast ulik for fiske med krok utan fastståande reiskap, for fiske med oter og for fiske med fastståande reiskap. Barn under 16 år treng ikkje å løyse fiskekort eller betala avgift for fiske med krok utan fastståande reiskap.Innehavaren skal ha fiskekort med seg under fisket, og når han oppheld seg på eller ferdast til eller frå fiskeplassane med fiskereiskap. Han pliktar å vise det fram når dette vert kravt av fiskeoppsynet, politiet eller nokon frå fjellstyret.Kongen fastset nærare forskrifter om fiskekort og om kontroll med utøving av fisket. Kap. XIII. – Skjøn
§ 34
Krav om skjøn etter § 2 tredje stykket, § 15 fjerde stykket, § 18 fjerde stykket, og like eins etter § 21 fjerde stykket for avgjerd av tvist om seterutvising etter andre stykket, må vere sett fram innan 3 uker etter at fjellstyrevedtaket er kunngjort eller det er gjeve melding om det etter reglane i § 10. Fjellstyret kan krevje skjøn etter desse paragrafane før det vert gjort vedtak.Skjøn etter § 12 første stykket, og like eins etter § 21 fjerde stykket for avgjerd av tvist om bortleige av jord etter tredje stykket, må krevjast innan 3 veker etter at den som krev skjøn fekk kunnskap om tiltaket eller leigeavtala. Departementet kan krevje skjøn etter desse paragrafane før det vert teke avgjerd. Kap. XIV. – Ymse føresegner.
§ 35
Fjellstyret kan føre opp naudsynlege jakt- og fiskehytter og naust i statsallmenning, etter at tomt er utvist av skogforvaltaren. Vilkåra etter lovgjevinga elles må liggje føre. § 36
Fjellstyret kan tilsetje oppsynsmenn til å føre tilsyn med statsallmenningen. Oppsynsmenn kan gjevast politifullmakt etter § 20 tredje ledd i lov 4 august 1995 nr. 53 om politiet.Oppsynsmenn vert løna av fjellkassa. Når tilsetjinga er skjedd i samsvar med oppsynsordning som departementet har godkjent, har fjellstyret krav på å få refundert halvparten av lønnsutgiftene av statskassa.Fjellstyret gjev instruks for oppsynstenesta. Instruksen skal godkjennast av departementet.Endra ved lov 9 juni 2023 nr. 32 (i kraft 9 juni 2023 iflg. res. 9 juni 2023 nr. 829). § 37
Brot mot påbod eller forbod i denne lova, mot vedtekter fastsette i medhald av § 14 eller reglar og forskrifter fastsette med heimel i §§ 11 andre stykket, 16, 23 tredje stykket, 25 fjerde stykket, 26, 29 tredje stykket og 30 første og tredje stykket vert straffa med bøter eller med fengsel i inntil 3 månader, om ikkje tilhøvet går inn under strengare straffeføresegner. Medverknad blir ikkje straffa.Med mindre det gjeld brot mot føresegn om jakt, fangst eller fiske vert påtale ikkje reist av det offentlege utan at det vert kravt av fjellstyret eller nokon som er krenkt. Fjellstyret kan gje formannen allmenn fullmakt til å krevje påtale.Endra med lov 19 juni 2015 nr. 65 (ikr. 1 okt 2015).