Kap. I. Inndeling og nedlegging av vegar.
§ 1
Offentlig veg er veg eller gate som er open for allmenn ferdsel og som blir halden ved like av stat, fylkeskommune eller kommune etter reglane i kap. IV. Alle andre vegar eller gater blir i denne lova å rekne for private.Til veg blir òg rekna opplagsplass, parkeringsplass, haldeplass, bru, ferjekai eller anna kai som står i beinveges samband med veg eller gate.Endra med lover 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 apr 1996), 20 juni 2003 nr. 45 (ikr. 1 juli 2003 iflg. res. 20 juni 2003 nr. 712). § 1 a
Formålet med denne lova er å tryggje planlegging, bygging, vedlikehald og drift av offentlege og private vegar, slik at trafikken på dei kan gå på eit vis som trafikantane og samfunnet til ei kvar tid kan vere tente med. Det er ei overordna målsetting for vegstyremaktene å skape størst mogleg trygg og god avvikling av trafikken og ta omsyn til grannane, eit godt miljø og andre samfunnsinteresser elles.Føyd til med lov 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 juli 1996). § 2
Offentlige vegar er riksvegar, fylkesvegar og kommunale vegar.– – –Departementet kan gi nærare føresegner om gruppering og klassifisering av offentlige vegar.Endra med lover 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 juli 1996), 19 juni 2009 nr. 109 (ikr. 1 jan 2010). § 3
Alle vegar som var riksvegar etter den tidligare veglova, er riksvegar etter denne lova, dersom ikkje anna blir fastsett med heimel i lova.Etter at fylkeskommunen – i Oslo kommunen – har uttala seg, kan departementet ta opp fylkesveg, kommunal veg eller privat veg som riksveg.Endra med lover 5 juni 1970 nr. 36, 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 juli 1996). § 4
Alle vegar som var fylkesvegar eller bygdevegar etter den tidligare veglova, er fylkesvegar etter denne lova, dersom ikkje anna blir fastsett med heimel i lova.Etter at kommunen har uttala seg, kan fylkeskommunen ta opp kommunal veg eller privat veg som fylkesveg.Endra med lov 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 apr 1996). § 5
Alle vegar som utan å vere tatt opp som bygdevegar etter den tidligare veglova, var haldne ved like av ein kommune, er kommunale vegar etter denne lova, dersom ikkje anna blir fastsett med heimel i lova.Kommunen kan gjere vedtak om å ta opp privat veg som kommunal veg. Jamvel om slikt vedtak ikkje er gjort, er ein veg å rekne for kommunal veg når kommunen har tatt over vedlikehaldet etter reglar i plan- og bygningslova.Endra med lov 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 juli 1996). § 7
Etter at fylkeskommunen – i Oslo kommunen – har uttala seg, kan departementet gjere vedtak om at riksveg skal leggjast ned eller gjerast om til fylkesveg eller til kommunal veg.Etter at kommunen har uttala seg, kan fylkeskommunen gjere vedtak om at fylkesveg skal leggast ned eller gjerast om til kommunal veg.Kommunen kan gjere vedtak om at kommunal veg skal leggast ned.Vedtak etter første og andre ledd kan likevel ikkje settast i verk utan at vegen oppfyller tekniske krav etter nærare retningsliner gitt av departementet.Endra med lover 5 juni 1970 nr. 36, 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 apr 1996), 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 15 apr 1997). § 8
Blir offentlig veg nedlagt, kan vedkomande styremakt gjere vedtak om at veggrunnen heilt ut eller delvis skal nyttast til anna offentlig vegføremål eller til føremon for ferdsla eller dei vegfarande. Som føremon for ferdsla eller dei vegfarande vert òg rekna at bruer, murar, vegstykke eller andre delar av vegen etter vegstyremakta sitt skjønn er verneverdig slik at den bør haldast ved like for komande slekter.Nedlagd offentleg veg som ikkje blir nytta til anna føremål etter første ledd, kan vedkommande styremakt legge ut til bruk som privat veg etter denne lova.Blir offentlig veg nedlagt, og veggrunnen ikkje blir nytta til anna føremål etter første ledd, og vegen heller ikkje blir utlagt til privat veg, har eigar av eigedom som støyter til vegen rett til å krevje veggrunnen lagt til eigedomen sin mot vederlag etter skjønn, eller dersom ny veg skal byggast over eigedomen hans, mot frådrag etter skjønn i vederlaget for eigedomsinngrep til slik veg. Støyter fleire eigedomar til vegen, skal moglig tvist om fordelinga avgjerast ved skjønn.Endra med lover 30 juni 1978 nr. 71, 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 juli 1996). Kap. II. Vegstyremaktene.
§ 9
Statens vegvesen med eit Vegdirektorat er vegstyremakt for riksvegar, under leiing av ein vegdirektør. Departementet gir nærare føresegner om korleis Statens vegvesen skal vere organisert, og kva styringsområde det skal ha. Departementet kan gi føresegn om at styremakt som Statens vegvesen har til å gjere vedtak som gjeld utbygging, drift og vedlikehald av bestemte riksvegar, skal leggjast til eit statleg utbyggingsselskap for veg. Statens vegvesen kan i forskrift bestemme at styremakt som gjeld utbygging, drift og vedlikehald av riksvegar, skal leggjast til fylkeskommunen og kommunen.Vegstyremakt for fylkesvegar er fylkeskommunen. Fylkeskommunen kan i forskrift bestemme at styremakt som gjeld utbygging, drift og vedlikehald av fylkesveg, skal leggjast til Statens vegvesen og kommunen.Vegstyremakt for kommunale vegar er kommunen.Endra med lover 5 juni 1964 nr. 1, 28 jan 1977 nr. 3, 30 juni 1978 nr. 71, 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 juli 1996), 21 juni 2002 nr. 39 (ikr. 1 juli 2002 iflg. res. 21 juni 2002 nr. 576), 16 des 2016 nr. 100 (ikr. 1 jan 2017 iflg. res. 16 des 2016 nr. 1606), 21 juni 2019 nr. 68 (ikr. 1 jan 2020 iflg. res. 21 juni 2019 nr. 869), 6 des 2024 nr. 74 (i kraft 1 jan 2025 iflg. res. 6 des 2024 nr. 2938). Kap. II A. Tilsyn med riksveg.
Kapitlet tilføyd med lov 16 des 2016 nr. 99 (ikr. 1 jan 2017 iflg. res. 16 des 2016 nr. 1586).§ 11 aVegtilsynet
Vegtilsynet skal føre tilsyn med at Statens vegvesen og det statlege utbyggingsselskapet for veg oppfyller dei pliktar som følgjer av § 11 b.Departementet fastset instruks for Vegtilsynet.Tilføyd med lov 16 des 2016 nr. 99 (ikr. 1 jan 2017 iflg. res. 16 des 2016 nr. 1586). § 11 bPlikt til å ha og bruke styringssystem m.m.
Statens vegvesen og det statlege utbyggingsselskapet for veg skal ha og bruke tilstrekkelege og effektive styringssystem for å sikre tryggleiken knytt til riksvegane.Departementet kan i forskrift gi utfyllande reglar om plikta etter fyrste ledd.Tilføyd med lov 16 des 2016 nr. 99 (ikr. 1 jan 2017 iflg. res. 16 des 2016 nr. 1586). Kapittel II B. Personopplysningar.
Føyd til med lov 15 juni 2018 nr. 38 (ikr. 20 juli 2018 iflg. meddelelse 17 juli 2018 nr. 1195).§ 11 fHandsaming av personopplysningar
Vegstyremaktene etter kapittel II og tilsynsmyndigheita etter kapittel II A kan handsame personopplysningar når det er naudsynt for å utføre oppgåver gitt i eller i medhald av lova her, eller for å oppfylle internasjonale plikter under verkeområdet til lova. Det same gjeld eit statleg utbyggingsselskap for veg som er tildelt oppgåver i medhald av § 9 første ledd.Departementet kan gi forskrift om handsaming av personopplysningar, slik som føresegner om formålet med handsaminga, kva for opplysningar som kan handsamast, korleis opplysningar skal handsamast, vilkår for eventuell utlevering, bruk av datahandsamar, krav til sletting og krav til samanstillingar av personopplysningar til bruk for forsking og statistiske formål.Føyd til med lov 15 juni 2018 nr. 38 (ikr. 20 juli 2018 iflg. meddelelse 17 juli 2018 nr. 1195). Kap. III. Planlegging, anlegg og vedlikehold av veg.
§ 13
Departementet gir føresegner om anlegg av offentlig veg (vegnormalar). § 14
Når Stortinget har gjort vedtak om bygging eller utbetring av riksvegar, kan Vegdirektoratet fastsette at vedkomande kommune skal syte for eigedomsinngrep etter §§ 49 og 50, jfr. § 60, og for å få gjort arbeidet på riksvegstrekningar som ligg i kommunen. Arbeidet skal gjerast i samsvar med godkjent plan.Endra med lov 30 juni 1978 nr. 71. Kap. IV. Vegutgifter.
§ 20
Staten ber utgiftene til planlegging, bygging, utbetring, vedlikehald og drift av riksvegar, her òg utgiftene til eigedomsinngrep. Eit statleg utbyggingsselskap for veg ber desse utgiftene for riksvegar som selskapet har ansvaret for. Fylkeskommunen ber desse utgiftene for fylkesvegar og kommunen for kommunale vegar.Det som er fastsett i første ledd er ikkje til hinder for at vegstyremaktene i særlege høve blir samde om ei nærare fastsett fordeling når det gjeld utgifter til planlegging, bygging og utbetring av veg.Syter ein kommune for utgifter etter denne paragrafen, gitt med pålegg frå stat eller fylke med heimel i §§ 14, 15, 17 eller 18, skal dei utgiftene kommunen har, refunderast etter retningsliner som departementet fastset.Endra med lover 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 juli 1996), 16 des 2016 nr. 100 (ikr. 1 jan 2017 iflg. res. 16 des 2016 nr. 1606). Kap. V. Byggverk m.m., avkjørsle, gjerde og grind.
§ 29
Langs offentleg veg skal det vere byggegrenser fastsette med heimel i denne lova, dersom ikkje anna følgjer av arealdel av kommuneplan eller reguleringsplan etter plan- og bygningsloven. Byggegrensene skal ta vare på dei krava som ein må ha til vegsystemet og til trafikken og til miljøet på eigedom som grenser opp til vegen og medverke til å ta vare på miljøomsyn og andre samfunnsomsyn.Byggegrensene skal gå i ein avstand på 50 meter frå riksveg og fylkesveg og 15 meter frå kommunal veg. For gang- og sykkelveg er avstanden 15 meter (anten vegen er riksveg, fylkesveg eller kommunal veg). Føresegnene i dette leddet gjeld dersom ikkje anna følgjer av føresegnene i tredje, fjerde og femte ledd. Avstanden skal reknast frå midtlina i høvevis kjørebana, eller gang- og sykkelvegen. Har vegen åtskilde kjørebaner, eller er det tvil om kva som bør reknast for midtline, avgjer vegstyremakta kva line avstanden skal reknast frå.Departementet kan for særskilt fastsette riksvegstrekningar sette større eller mindre avstand enn den som er nemnt i andre ledd, likevel ikkje større enn 100 meter. For fylkesveg kan fylkeskommunen for særskilt fastsette strekningar sette ein større avstand enn den som er nemnt i andre ledd, likevel ikkje større enn 50 meter.For fylkesveg kan fylkeskommunen for særskilt fastsett strekning sette byggegrensa til ein mindre avstand enn den som er nemnt i andre ledd, likevel ikkje mindre enn 15 meter.Ved kryss i plan mellom- offentlege vegar,
- offentlege vegar og andre vegar som er opne for allmen ferdsle,
- offentlege vegar og jarnveg eller sporveg,
skal byggegrensa følgje den rette lina mellom punkt på midtlina åt vegane (jernbana, sporvegen) 60 meter frå skjeringspunktet åt midtlinene ved kryss med riksveg og fylkesveg og 40 meter frå skjeringspunktet ved andre kryss. I særskilde høve kan vegstyremakta fastsette ei anna byggegrense for det einskilde krysset. Høyrer dei kryssande vegane ikkje under same vegstyremakt, tar den høgste av desse styremaktene avgjerd i saka.
Før det blir tatt avgjerd etter tredje, fjerde eller femte ledd, skal vedkomande kommune få høve til å seie si meining. Eigarane av dei eigedomar som vedtaket får verknad for, skal gis skriftlig melding om avgjerda.Dei avstandane som er oppgitt i denne paragrafen, skal målast vassrett og i rett line.Endra med lover 14 juni 1985 nr. 77, 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. hv. 1 apr 1996 og 1 juli 1996), 7 apr 2000 nr. 21 (ikr. 1 mai 2000 iflg. res. 7 apr 2000 nr. 318), 27 juni 2008 nr. 71 (ikr. 1 juli 2009 iflg. res. 12 juni 2009 nr. 638), 19 juni 2009 nr. 109 (ikr. 1 jan 2010). Kap. VI. Eigedomsinngrep m.m.
§ 49
Eigedomsinngrep etter denne lova er det når eigedomsretten til fast eigedom eller bygning eller anna som har fast tilknytnad til slik eigedom, blir tatt med tvang, eller når bruksrett, servitutt eller annen rett til, i eller over eigedom som nemnt blir tatt, endra, overført eller avløyst med tvang. § 50
Mot vederlag etter skjønn til den det råkar, kan eigedomsinngrep settast i verk etter vedtak av vegstyremakta så langt ho finn at det trengs til bygging, utbetring, vedlikehald og drift av riksveg, fylkesveg eller kommunal veg. Slikt eigedomsinngrep kan òg gjelde grunn og rettar til bate for tredjemann så langt det trengs for vegen eller ferdsla på vegen eller for å skaffe tredjemann tilgjenge til offentlig veg.Til bate for ein som lyt tola eigedomsinngrep etter første leden, kan vegstyremakta gjere vedtak om at det skal gjerast eigedomsinngrep hjå ein annan eigar eller rettshavar, så framt skaden og ulempene då alt i alt vert monaleg mindre.I vedtak om eigedomsinngrep kan vegstyremakta heilt eller delvis overlate til skjønnet å ta avgjerd om kva inngrepet skal gå ut på eller kva omfang det skal ha. Skjønnet kan då òg gjere vedtak etter andre leden i paragrafen her. Skjønnet kan fastsette at det ved eigedomsinngrep etter denne paragrafen skal ytast grunn som vederlag for grunn og rettar som blir avstått.Departementet kan gi føresegner om saksførehavinga etter paragrafen her.Endra med lover 29 mai 1981 nr. 39, 21 juni 2019 nr. 68 (ikr. 1 jan 2020 iflg. res. 21 juni 2019 nr. 869). Kap. VII. Private vegar.
§ 53
Jordskifteretten kan gjere vedtak om eigedomsinngrep til bygging, utbetring, vedlikehald og drift av privat veg, her òg gangstig, kløvveg og liknande, mot vederlag til den det råkar, dersom det må reknast for klårt at inngrepet vil vere meir til gagn enn skade. På same måte og vilkår kan jordskifteretten òg gi rett til å bruke veg som alt ligg der. Kvar av partane i slik sak kan krevje avgjort om vegretten alt er til, at han vert nærare fastlagt, eller å få bruken flytt.Slikt eigedomsinngrep kan òg gjelde grunn og rettar til bate for ein som lyt tåle eigedomsinngrep etter første ledd eller for tredjemann, så framt skaden og ulempene då alt i alt vert monaleg mindre.Jordskifteretten tar avgjerd om kva inngrepet skal gå ut på, kor langt det skal gå, og kva for vilkår som i tilfelle skal settast for inngrepet. Jordskifteretten kan fastsette at vederlag for bruksrett til veg som alt ligg der, skal omfatte ein forholdsmessig part av utgiftene til anlegg og vedlikehald av vegen. Sak for jordskifterett til fastsetting av slikt vederlag kan krevjast av båe partane.I det mon eigedomsinngrepet gjeld bruksrett eller annan særleg rett, og det er fastsett årleg vederlag, kan partane etter fem år krevje ny behandling av vederlaget, korleis inngrepet skal vere og kor langt det skal gå og andre vilkår for jordskifteretten. Under dei same føresetnader kan eigar eller brukar av den tenande eigedomen også krevje at jordskifteretten avgjer om inngrepet i det heile skal stå ved lag.Endra med lover 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 juli 1996), 21 juni 2013 nr. 100 (ikr. 1 jan 2016 iflg. res. 21 juni 2013 nr. 736). Kap. VIII. Ymse føresegner.
§ 57
Det er forbode å skade offentlig veg eller å skade eller ta bort innretning som høyrer til offentlig veg.På eigedomsområdet til offentlig veg er det forbode utan løyve frå vegstyremakta- å grave, sprenge, ta bort masser, hogge tre eller gjere anna inngrep,
- å sette reklameinnretning eller anna innretning, å legge tømmer, ved, stein, torv, byggemateriale eller anna på annan stad enn der det er laga særskilt offentleg opplagsplass til slik bruk.
- å kaste eller legge søppel, ugras e.l, eller å leide inn kloakkvatn eller drensvatn.
Heilt nær offentlig veg er det utan løyve av vegstyremakta forbode å legge søppel e.l. på ein slik måte at det kan verke skjemmande eller sjenerande for dei vegfarande eller for drifta av vegen.Det er forbode å la dyr beite på inngjerda offentlig veg eller å tjore dyr slik at dei kan kome inn på eigedomsområdet til offentlig veg.Endra med lov 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 juli 1996). § 58
På den ansvarlige eller eigaren sin kostnad kan skade som er gjort gjennom brot på føresegnene i § 57, første, andre eller tredje ledd utbetrast, og ting som er lagde eller kasta i strid med dei nemnde føresegnene, kan takast bort eller flyttast. Når tømmer eller anna er lagt på offentlig veg utanfor verksemd, bygg, forretning eller liknande, som endelig eller mellombels skal ta over det som er lagt der, er òg verksemda ansvarlig for betaling av dei utgiftene som er nemnde ovanfor.Politiet kan ta seg av dyr som i strid med føresegnene i § 57 fjerde ledd er komne inn på offentlig veg eller eigedomsområdet til offentlig veg. Kan dyret ikkje straks leverast attende til eigaren eller nokon på hans vegner, kan politiet sette det inn. Reglane i kapittel II i lov 16. juni 1961 nr. 12 om ymse beitespørsmål gjeld i så fall tilsvarande.Endra med lov 21 juni 2019 nr. 68 (ikr. 1 jan 2020 iflg. res. 21 juni 2019 nr. 869). Kap. IX. Sluttføresegner.
§ 66
Denne lova tar til å gjelde frå den dagen Kongen fastsetter det.Det kan fastsettast at visse deler av lova skal ta til å gjelde frå eit tidligare eller seinare tidspunkt enn andre. Det kan òg fastsettast at lova skal ta til å gjelde for einskilde fylke frå eit seinare tidspunkt enn for andre. § 67
Den tid denne lova tar til å gjelde, held følgjande lover opp å gjelde, eller dei blir brigda slik: – – –