Kap. I. (Oppheva med lov 13 juni 1980 nr. 41.)
Kap. II. Ansvar for husdyr.
§ 6
Eigar og innehavar av husdyr skal syta for at husdyr ikkje kjem inn på område der eigaren eller innehavaren ikkje har rett til å la dyra vera. Same skyldnaden har den som for eigaren eller innehavaren har tilsyn med husdyr. Med husdyr meinar ein i denne lova hest, storfe, gris, sau, geit og fjørfe unnanteke duer. § 7
Kjem husdyr inn på område der eigaren eller innehavaren av dyret ikkje har rett til å la det halda til, er eigaren eller innehavaren skyldig å svara skadebot for den skaden dyret valdar på avling og annan eigedom.Har skadelidne sjølv medverka til skaden med å vanhalda gjerdeskyldnaden sin eller på annan måte, kan skadebota setjast ned eller falla heilt bort alt etter kor stor skuld han har. § 8
Den som har fått husdyr inn på sin grunn i strid med § 6 kan setja dyret inn. Han skal snarast råd er, og seinast innan 3 dagar, melda frå til eigaren eller innehavaren om at dyret er sett inn. Veit han ikkje kven eigaren eller innehavaren er og får han heller ikkje greie på det, skal han varsla politiet snarast råd er. Politiet skal freista få greie på kven eigaren eller innehavaren er og skal om turvande med oppslag, lysing i blad eller på annan måte gjere kjent at dyret er sett inn.Endra med lov 15 des 1967 nr. 2. § 9
Den som har sett inn husdyr i samhøve med § 8 skal gje dyret forsvarleg stell. Han har ikkje rett til å bruke det, men kan nytta den daglege avdråtten av dyret mot avkorting i det kravet han har etter andre leden i denne paragrafen.Innsetjaren har rett til å halda dyret tilbake til det er reidd ut skadebot som fastsett i § 7 og godtgjering for det arbeidet og dei utlegg innsetjinga og kunngjeringa har ført med seg, eller til det er gjeve full trygd for kravet til innsetjaren. Innsetjaren spiller tilbakehaldsretten om han ikkje fylgjer føresegnene i § 8. § 10
Har ikkje eigaren eller innehavaren meldt seg innan 2 veker etter at melding om innsetjinga er komen fram til han eller etter at denne er kunngjord i samsvar med føresegnene i § 8, kan innsetjaren krevja at dyret vert seld gjennom namsmyndighetene etter reglane i tvangsfullbyrdelseslova så langt dei høver. Føresegnene i tvangsfullbyrdelseslova § 8-16 fyrste leden gjeld ikkje i dette høvet.Føresegnene i fyrste leden gjeld på tilsvarande måte, i fall den summen innsetjaren har krav på etter føresegnene i § 9, andre leden, ikkje vert utreidd innan 3 dagar etter at partane har vorte samde om summen eller, når summen er fastsett med skjøn, innan 3 dagar etter at skjønet er endeleg.Av salssummen skal innsetjaren få det han har krav på etter § 9. Gjev salet meir enn summen av kravet til innsetjaren, pålagt skjønskostnad og salskostnaden, kjem resten inn under reglane om innkome frå sal av hittegods.Føresegnene i denne paragraf gjeld på tilsvarande måte når nokon finn bortkomne husdyr.For dyr som går på beite der det er gjeve føresegner om sams sanking, skal det berre reidas ut finnarløn for dei som vert funne etter sams sanking er avslutta.Omframt krav på kostnaden, har finnaren rett til finnarløn etter reglane i § 9 i lova om hittegods.Endra med lover 15 des 1967 nr. 2, 26 juni 1992 nr. 86, 25 juni 2004 nr. 53 (ikr. 1 jan 2006 iflg. res. 19 aug 2005 nr. 901). Kap. III. Beiteregulering.
§ 12
I skogsmark der det er mykje om å gjera at det vert slutt med beite heilt eller for ein del, skal kommunen – i tilfelle i samarbeid med grannekommunane – freista å legge tilhøva slik til rette at området kan verta freda for beiting i den mon dette er turvande. I samband med dette skal kommunen freista å få i stand avtaler mellom grunneigarane og dei som har beiterett om å føre over beiterettane til ein eller fleire inngjerda område eller til å fråfalle beiterettar mot å avtala skadebot når tilhøva ligg til rettes for det.Endra med lover 13 juni 1980 nr. 41, 11 juni 1993 nr. 96. § 13
Når kommunen gjer framlegg om det og statsforvaltaren har hatt høve til å seia si meining, kan departementet setja forbod mot all beiting eller beiting med visse slags husdyr i nærare oppgjevne skogmarkområde i kommunen i tidsrommet 1. oktober – 24. juni eller i ein bolk av dette tidsrommet.På same måte kan departementet gjeva førerett for beiting i nærare oppgjevne utmarksområde.Endra med lover 13 juni 1980 nr. 41, 11 juni 1993 nr. 96, 7 mai 2021 nr. 34 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 7 mai 2021 nr. 1416). Kap. IV. Ymse føresegner.
§ 17
Denne lova tek til å gjelda frå den tid Kongen fastset. Samstundes held desse føresegnene opp å gjelda:– – –Dei beiteforbod som er fastsette etter § 15 i lov om skogvern skal gjelda inntil dei vert brigda eller oppheva med heimel i denne lova.