Kapittel 1. Innleiande føresegner
§ 1Verkeområde
(1) Lova gjeld for samvirkeforetak.(2) Med samvirkeforetak er meint ei samanslutning som har til hovudformål å fremje dei økonomiske interessene til medlemmane gjennom deira deltaking i verksemda som avtakarar, leverandørar eller på annan liknande måte, og der- avkastinga, bortsett frå ei normal forrenting av innskoten kapital, anten blir ståande i verksemda eller fordelt mellom medlemmane på grunnlag av deira andel i omsetninga med samanslutninga, og
- ikkje nokon av medlemmane har personleg ansvar for skyldnadene til samanslutninga, udelt eller for delar som til saman utgjer dei samla skyldnadene.
(3) Eit samvirkeforetak ligg også føre dersom interessene til medlemmane som nemnt i andre ledd, blir fremja gjennom deira omsetning med eit foretak som samvirkeforetaket eig åleine eller saman med andre samvirkeforetak, medrekna eit sekundærsamvirke etter § 4 andre ledd. Det same gjeld dersom interessene til medlemmane blir fremja gjennom deira omsetning med eit foretak som sekundærsamvirket eig åleine. Kongen kan ved enkeltvedtak i særlege tilfelle godkjenne at det ligg føre eit samvirkeforetak også om interessene til medlemmane blir fremja gjennom deira omsetning med andre samanslutningar enn dei som er nemnde i dette leddet.(4) Lova gjeld ikkje for:- aksjeselskap
- allmennaksjeselskap
- bustadbyggjelag
- burettslag
- gjensidige forsikringsselskap
- dottersamvirkeforetak.
§ 2Høve til å fråvike lova
Føresegnene i denne lova kan fråvikast når det er særskilt fastsett i lova eller følgjer av samanhengen. § 3Ansvarsavgrensing o.a.
(1) Medlemmane heftar ikkje overfor kreditorane for foretaksskyldnadene.(2) Medlemmane har ikkje plikt til å gjere innskot i foretaket, om ikkje den einskilde medlemmen har vedtatt dette skriftleg ved teikninga av medlemskap eller ved særskilt avtale. Ei plikt til å gjere innskot må vere avgrensa beløpsmessig eller på annan måte. Kravet til vedtaking etter første punktum gjeld ikkje for plikt etter vedtektene til å betale andelsinnskot.(3) Skjerpingar i plikta til å gjere innskot kan berre skje med samtykke frå den einskilde medlemmen eller ved vedtektsendring etter § 54 andre og tredje ledd. § 4Føderativt samvirke
(1) Eit sekundærsamvirke utgjer saman med to eller fleire primærsamvirke eit føderativt samvirke.(2) Eit samvirkeforetak er eit sekundærsamvirke dersom alle medlemmane er samvirkeforetak, eller dersom dei medlemmane som er samvirkeforetak, har avgjerande innverknad over foretaket. Andre samvirkeforetak er primærsamvirke.(3) Eit sekundærsamvirke som er medlem i eit anna sekundærsamvirke, skal i rettsforhold mellom desse reknast som eit primærsamvirke. § 5Konsern
(1) Eit morforetak utgjer saman med eitt eller fleire dotterforetak eit konsern.(2) Eit samvirkeforetak er eit morforetak dersom det på grunn av avtale eller vedtekter eller som eigar av aksjar eller andelar har avgjerande innverknad over eit anna foretak. Eit samvirkeforetak skal alltid reknast for å ha avgjerande innverknad dersom foretaket:- har så mange aksjar eller andelar i eit anna foretak at dei representerer fleirtalet av stemmene i det andre foretaket, eller
- har rett til å velje eller avsetje eit fleirtal av medlemmane i styret til det andre foretaket.
(3) Eit foretak som står i forhold som nemnt i andre ledd til eit morforetak, er eit dotterforetak. Eit samvirkeforetak etter § 1 i lova her kan ikkje vere dotterforetak.(4) Ved fastsetjinga av stemmerettar og rettar til å velje eller avsetje styremedlemmar skal ein rekne med rettar som morforetaket og dotterforetaka til morforetaket har. Det same gjeld rettar som høyrer til nokon som handlar i eige namn, men for rekninga til morforetaket eller dotterforetaket. § 6Elektronisk kommunikasjon
(1) Dersom ein medlem uttrykkeleg har godtatt det, kan foretaket bruke elektronisk kommunikasjon når det skal gi meldingar, varsel, informasjon, dokument og liknande etter denne lova til medlemmen, om ikkje noko anna følgjer av lova her.(2) Når ein medlem skal gi meldingar o.a. etter denne lova til foretaket, kan han eller ho gjere dette ved bruk av elektronisk kommunikasjon til den e-postadressa eller på den måten foretaket har fastsett for dette formålet. § 6aMøte
Med møte er meint i denne lova møte kor dei som deltar anten er fysisk til stades på møtet (fysisk møte), eller deltek ved bruk av elektroniske hjelpemiddel (elektronisk møte).Tilføyd med lov 28 mai 2021 nr. 51 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 28 mai 2021 nr. 1667). § 7Fastsetjing av fristar
(1) Fristar som er rekna i veker, månader eller år, endar på den dag i den siste veka eller den siste månaden som etter sitt namn eller tal svarer til den dagen då fristen startar. Har ikkje månaden dette talet, endar fristen på den siste dagen i månaden.(2) Endar ein handlingsfrist på ein laurdag, heilagdag eller dag som etter lovgivinga er likestilt med heilagdag, blir fristen forlenga til nærmast følgjande vyrkedag. Kapittel 2. Stifting av samvirkeforetak
§ 8Stifting av foretaket
(1) Eit samvirkeforetak kan stiftast av minst to personar og må alltid ha minst to medlemmar. Blir det færre medlemmar, skal foretaket oppløysast.(2) Både fysiske og juridiske personar kan vere stiftarar.(3) Stiftarane daterer og signerer eit stiftingsdokument. Når alle stiftarane har signert stiftingsdokumentet, er medlemskapane teikna og foretaket stifta.Endra med lover 26 mars 2010 nr. 9 (ikr. 1 juli 2013 iflg. res. 5 apr 2013 nr. 338) som endra med lov 5 apr 2013 nr. 12, 28 mai 2021 nr. 51 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 28 mai 2021 nr. 1667). § 9Krav til innhaldet i stiftingsdokumentet
(1) Stiftingsdokumentet skal innehalde vedtekter for foretaket, jf. § 10.(2) Stiftingsdokumentet skal dessutan opplyse om:- namn eller foretaksnamn, adresse og fødselsnummer eller organisasjonsnummer for stiftarane,
- namn, adresse og fødselsnummer for dei som skal vere medlemmar av styret.
(3) Dersom stiftarane skal gjere innskot i samband med stiftinga, skal stiftingsdokumentet også opplyse om:- det beløpet som kvar stiftar skal betale,
- summen av innskotsskyldnadene til stiftarane,
- tidspunktet for oppgjer av innskotsskyldnadene.
Skal ein eller fleire stiftarar gjere opp innskotsskyldnaden med anna enn pengar, skal stiftingsdokumentet opplyse om kva eigedelar det gjeld, namnet og adressa til innskytaren og kva vilkår som skal gjelde.
(4) Departementet kan utarbeide standard stiftingsdokument. Kapittel 3. Medlemskap i samvirkeforetak
§ 14Innmelding
(1) Forbrukarar, næringsdrivande og andre som kan få sine økonomiske interesser varetatt av eit samvirkeforetak, har rett til å bli medlem av foretaket ved innmelding. Foretaket kan berre nekte nokon å bli medlem dersom det er sakleg grunn for det. Vedtektene kan innehalde vilkår for å bli og for å vere medlem så langt det er sakleg grunn for det.(2) Innmelding skal skje ved søknad til foretaket. Det høyrer under styret å avgjere søknader om medlemskap. Styret kan delegere sin avgjerdskompetanse til einskilde styremedlemmar, dagleg leiar eller andre personar og organ i foretaket. Innmelding kan ikkje skje i perioden mellom stiftinga av foretaket og registreringa av foretaket i Foretaksregisteret.(3) Søkjaren skal få melding om utfallet av søknaden snarast mogleg, og seinast to månader frå den dagen foretaket mottok søknaden. Har søkjaren ikkje fått melding innan to månader, skal søknaden reknast for godkjent. I sekundærsamvirke er fristen seks månader. Søkjer fysiske personar medlemskap i eit sekundærsamvirke, er fristen likevel to månader overfor desse. Vedtektene kan fastsetje kortare fristar enn dei som følgjer av dette leddet.(4) Dersom søkjaren blir tildelt medlemskap, skal innføring i medlemsregisteret skje utan ugrunna opphald. Når medlemmen er innført i registeret, skal foretaket gi medlemmen ei melding om tidspunktet for innføringa og om kva slags opplysingar som er registrert om vedkomande. Blir det som er registrert endra, skal medlemmen ha melding med opplysing om kva endringane går ut på. Kapittel 4. Økonomiforhold
§ 25Krav til forsvarleg eigenkapital
(1) Samvirkeforetaket skal alltid ha ein eigenkapital som er forsvarleg utfrå risikoen ved og omfanget av verksemda i foretaket.(2) Dersom det må leggjast til grunn at eigenkapitalen er lågare enn det som er forsvarleg utfrå risikoen ved og omfanget av verksemda i foretaket, skal styret straks behandle saka. Styret skal innan rimeleg tid kalle inn årsmøtet, gi ei utgreiing om den økonomiske stillinga og gjere framlegg om tiltak som vil gi foretaket ein forsvarleg eigenkapital.(3) Dersom styret ikkje finn grunnlag for framlegg om tiltak som nemnt i andre ledd, eller slike tiltak ikkje let seg gjennomføre, skal styret gjere framlegg om å løyse opp foretaket. § 26Bruk av årsoverskot
(1) Vedtektene kan fastsetje at årsoverskotet skal nyttast til etterbetaling (jf. § 27), avsetjast til etterbetalingsfond (jf. § 28), avsetjast til medlemskapitalkonti (jf. § 29) eller nyttast til forrenting av andelsinnskot og medlemskapitalkonti (jf. § 30).(2) Vedtak om bruk av årsoverskotet som nemnt i første ledd, blir gjort av årsmøtet etter framlegg frå styret. Årsmøtet kan ikkje vedta eit høgare beløp enn det styret foreslår eller godtek, men årsmøtet kan sjølv avgjere korleis beløpet skal nyttast innanfor dei rammene som følgjer av §§ 27 til 30. Kapittel 5. Årsmøtet o.a.
I. Allmenne reglar
§ 35Mynde
Årsmøtet har øvste myndet i foretaket. § 36Rett til å delta. Fullmektig
(1) Alle medlemmane har rett til å delta i årsmøtet. Ein medlem kan delta ved fullmektig etter eige val, dersom ikkje vedtektene seier at medlemmane ikkje kan delta ved fullmektig. Ingen kan vere fullmektig for meir enn ein medlem, men der fleire har ein medlemskap saman, kan dei ha sams fullmektig. Retten til å delta kan ikkje avgrensast i vedtektene på anna vis enn det som følgjer av § 37.(2) Fullmektigen skal leggje fram skriftleg og datert fullmakt. Dersom fullmakta blir lagt fram ved bruk av elektronisk kommunikasjon, skal det vere nytta ein forsvarleg metode for å autentisere avsendaren. Fullmakta gjeld berre for det førstkomande årsmøtet dersom det ikkje går tydeleg fram at noko anna er meint. Medlemmen kan når som helst kalle tilbake fullmakta.(3) Kvar medlem kan delta med ein rådgivar, som årsmøtet kan gi talerett. Første punktum kan fråvikast i vedtektene.Endra med lov 28 mai 2021 nr. 51 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 28 mai 2021 nr. 1667). Kapittel 6. Leiinga av foretaket
I. Krav om styre og dagleg leiar. Val av styre, tenestetid o.a.
§ 64Styret
(1) Foretaket skal ha eit styre med minst tre medlemmar, dersom ikkje vedtektene seier at det skal vere to. Berre myndige personar kan vere styremedlemmar.(2) Styret skal velje styreleiaren om ikkje årsmøtet har gjort det, eller om det ikkje er gjort av eit vedtektsfesta foretaksorgan som etter vedtektene har mynde til å velje styreleiaren. § 65Dagleg leiar
(1) Foretaket skal ha ein dagleg leiar om ikkje vedtektene seier noko anna.(2) Styret skal tilsetje dagleg leiar dersom ikkje vedtektene seier at eit anna vedtektsfesta organ skal gjere det. § 66Val av styremedlemmar
Kapittel 7. Revisjon
§ 97Val av revisor
(1) I foretak som har revisjonsplikt etter revisorlova, skal årsmøtet velje ein eller fleire revisorar og kan velje ein eller fleire vararevisorar.(2) Årsmøtet skal godkjenne godtgjersla til revisor. § 98Bortfall av oppdraget
(1) Revisor gjer teneste fram til ein annan revisor er valt.(2) Fell oppdraget for revisor bort før tenestetida er ute, skal styret utan opphald syte for val av ein ny revisor. Det same gjeld dersom revisor ikkje lenger fyller vilkåra for å kunne veljast til revisor i foretaket. § 99Nyval av revisor
(1) Årsmøtet kan berre velje ny revisor når det er sagt i innkallinga at det vil bli gjort framlegg om nyval. Revisor har rett til å gjere greie for sitt syn på framlegget for årsmøtet.(2) Har årsmøtet forkasta framlegg om nyval av revisor, kan ein tidel av alle medlemmane innan ein månad etter årsmøtet krevje at tingretten ved orskurd oppnemner ein revisor i tillegg til andre revisorar i foretaket. Kravet skal takast til følgje dersom det har rimeleg grunn.(3) Tingretten fastset tenestetid og godtgjersle for revisor som retten har oppnemnt. Vil revisor slutte før tenestetida er ute, skal det givast rimeleg førehandsvarsel til tingretten. Kapittel 8. Fusjon
§ 102Fusjonsomgrepet
(1) Samanslåing av samvirkeforetak er omfatta av reglane om fusjon i kapitlet her når eit samvirkeforetak (overdragande foretak) skal overdra eigedelar, rettar og skyldnader under eitt til eit anna samvirkeforetak (overtakande foretak), og medlemskap i det overdragande foretaket skal bytast om i medlemskap i det overtakande foretaket.(2) Det overtakande foretaket kan vere eit eksisterande foretak eller eit foretak som blir stifta ved fusjonen. § 103Vedtak om fusjon
(1) I kvart samvirkeforetak blir vedtak om fusjon gjort ved at årsmøtet godkjenner ein fusjonsplan, jf. §§ 104 og 105.(2) Vedtak om fusjon blir gjort med fleirtal som for vedtektsendring. Dersom fusjonen inneber at medlemmane av eit overdragande eller overtakande foretak får krav på ein større andel av dei gjenverande midlane ved oppløysing, krevst fire femdels fleirtal av dei røystene som er gitt i vedkomande foretak. Vedtak etter andre punktum kan berre gjerast dersom det er sakleg grunn for det, og krev godkjenning frå Stiftelsestilsynet. Det kan stillast vilkår i ei slik godkjenning.(3) Vedtektene kan fastsetje strengare vedtakskrav enn det som følgjer av andre ledd. Kapittel 9. Fisjon
§ 119Fisjonsomgrepet
(1) Deling av eit samvirkeforetak er omfatta av reglane om fisjon i kapitlet her når eigedelane, rettane og skyldnadene til foretaket skal fordelast på foretaket sjølv (det overdragande foretaket) og eitt eller fleire overtakande samvirkeforetak (overtakande foretak), og alle eller nokre av medlemmane i det overdragande foretaket får medlemskap i eitt eller fleire av dei overtakande foretaka.(2) Fisjon etter dette kapitlet ligg også føre dersom det overdragande samvirkeforetaket skal opphøyre ved fisjonen, og dei samla eigedelane, rettane og skyldnadene til foretaket skal fordelast på to eller fleire overtakande samvirkeforetak mot at medlemmane i det overdragande foretaket får medlemskap i eitt eller fleire av desse.(3) Eit overtakande foretak kan vere eit eksisterande foretak eller eit foretak som blir stifta ved fisjonen. § 120Vedtak om fisjon
(1) Vedtak om fisjon blir gjort ved at årsmøtet godkjenner ein fisjonsplan, jf. § 121.(2) Vedtak om fisjon blir gjort med fleirtal som for vedtektsendring. Dersom fisjonen inneber at medlemmane av eit overdragande eller overtakande foretak får krav på ein større andel av dei gjenverande midlane ved oppløysing, krevst fire femdels fleirtal av dei røystene som er gitt i vedkomande foretak. Vedtak etter andre punktum kan berre gjerast dersom det er sakleg grunn for det, og krev godkjenning frå Stiftelsestilsynet. Det kan stillast vilkår i ei slik godkjenning.(3) Vedtektene kan fastsetje strengare vedtakskrav enn det som følgjer av andre ledd. Kapittel 10. Oppløysing o.a.
§ 127Vedtak om oppløysing
(1) Vedtak om å løyse opp samvirkeforetaket blir gjort av årsmøtet med fleirtal som for vedtektsendring. Vedtektene kan fastsetje eit strengare vedtakskrav.(2) Ligg det føre forhold som etter vedtektene skal medføre oppløysing av foretaket, eller skal foretaket løysast opp som følgje av ei lovføresegn, skal årsmøtet så snart som mogleg gjere vedtak om oppløysing av foretaket. Vedtaket blir gjort med fleirtal av dei røystene som er gitt.(3) Årsmøtet kan ikkje gjere vedtak om oppløysing etter at foretaket er vedtatt oppløyst ved orskurd etter § 141. § 128Avviklingsstyre og andre organ i foretaket
(1) Når foretaket er vedtatt oppløyst, skal årsmøtet velje eit avviklingsstyre som kjem i staden for styret og dagleg leiar. Valet gjeld på ubestemt tid med ein oppseiingsfrist for medlemmane på tre månader.(2) Reglane om styret i kapittel 6, medrekna reglane om rett for tilsette til å velje styremedlemmar, gjeld tilsvarande for avviklingsstyret.(3) Reglane om årsmøte, representantskap og kontrollkomité gjeld så langt dei høver under avviklinga. Kapittel 11. Omdanning til aksjeselskap eller allmennaksjeselskap
§ 145Omdanningsomgrepet
(1) Føresegnene i kapitlet her gjeld omdanning av samvirkeforetak til aksjeselskap eller allmennaksjeselskap.(2) Ei omdanning ligg føre dersom eit samvirkeforetak overdreg eigedelar, rettar og skyldnader under eitt til eit aksjeselskap eller allmennaksjeselskap som blir stifta ved omdanninga, og medlemmane i det omdanna samvirkeforetaket blir aksjeeigarar i aksjeselskapet eller allmennaksjeselskapet.(3) Omdanninga krev ikkje samtykke frå kreditorane. § 146Vedtak om omdanning
(1) Vedtak om omdanning blir gjort ved at årsmøtet godkjenner ein omdanningsplan, jf. §§ 147 og 148.(2) I samvirkeforetak der medlemmane har krav på alle gjenverande midlar ved oppløysing, blir vedtak om omdanning gjort med fleirtal som for vedtektsendring, dersom ikkje vedtektene inneheld strengare vedtakskrav. I andre foretak krevst fire femdels fleirtal av røystene. Vedtak etter andre punktum kan berre gjerast dersom det er sakleg grunn for det, og krev godkjenning frå Stiftelsestilsynet. Det kan stillast vilkår i ei slik godkjenning.(3) Samvirkeforetaket må ved omdanninga ha ein eigenkapital som minst svarer til den aksjekapitalen selskapet skal ha som aksjeselskap eller allmennaksjeselskap. Reglane i aksjelova og allmennaksjelova § 2-6 og § 2-7 gjeld tilsvarande, dersom ikkje noko anna går fram av lova her. Kapittel 12. Skadebot m.m.
§ 153Skadebotansvar
(1) Foretaket, medlem eller andre kan krevje at dagleg leiar, styremedlem, medlem av representantskapet eller kontrollkomiteen, granskar eller medlem skal erstatte skade som dei i den nemnde eigenskapen forsettleg eller aktlaust har valda vedkomande.(2) Foretaket, medlem eller andre kan også krevje skadebot av den som forsettleg eller aktlaust har medverka til skadevalding som nemnd i første ledd. Skadebot kan krevjast av medverkaren sjølv om skadevaldaren ikkje kan haldast ansvarleg fordi han eller ho ikkje har handla forsettleg eller aktlaust. § 155Vedtak om å fremje krav
(1) Årsmøtet avgjer om foretaket skal fremje skadebotkrav etter § 153. Er det opna gjeldsforhandling eller konkurs, gjeld føresegnene i konkurslova.(2) Første ledd gjeld tilsvarande for inngåing av førehandsavtale mellom foretaket og nokon som er nemnd i § 153, som regulerer eller avgrensar skadebotansvaret deira.Vert endra ved lov 19 juni 2026 nr. 48 (i kraft frå den tid Kongen bestemmer). Kapittel 13. Rettargangsreglar
§ 160Rettssak mellom foretaket og styret
I saker mellom foretaket og styret eller enkelte styremedlemmar skal årsmøtet velje ein eller fleire personar til å representere foretaket i saka. Blir ikkje det gjort, kan forkynning for foretaket skje til ein av medlemmane. § 161Saksbehandlinga i tingretten o.a.
(1) Når tingretten behandlar saker etter lova her, gjeld reglane i arvelova § 169 når ikkje anna går fram av lova her.(2) Orskurdar og andre avgjerder som tingretten tek etter lova her, kan ankast dersom ikkje noko anna går fram av lova her.(3) Ein anke kan ikkje grunnast på at orskurden eller avgjerda er utenleg eller uheldig. Dette gjeld ikkje orskurd etter §§ 59 til 61.Endra med lov 14 juni 2019 nr. 21 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 28 feb 2020 nr. 200) som endra med lov 18 des 2020 nr. 149. Kapittel 14. Iverksetjing og overgangsreglar. Endringar i andre lover
§ 162Iverksetjing
Lova gjeld frå den tid Kongen fastset. Dei einskilde føresegnene kan setjast i verk til ulik tid. § 163Overgangsreglar
- Samvirkelag eller økonomiske foreiningar som er stifta før lova blir sett i verk, er ikkje underlagde lova før det har gått fem år frå iverksetjinga. Årsmøtet kan med fleirtal som for vedtektsendring vedta at samanslutninga skal registrerast som samvirkeforetak (SA) i Foretaksregisteret på eit tidlegare tidspunkt. Samanslutninga skal i så fall meldast til Foretaksregisteret innan tre månader etter at vedtaket er gjort. Elles fell vedtaket bort. Foretaket er underlagt lova frå registreringstidspunktet.
- Samvirkelag og økonomiske foreiningar som er stifta før lova blir sett i verk, skal bringe vedtektene i samsvar med lova innan fem år etter iverksetjinga, eller innan eit eventuelt tidlegare tidspunkt etter nr. 1 andre punktum. Vedtektsendringane skal meldast til Foretaksregisteret.Vedtektsendringar som er nødvendige for å bringe vedtektene i samsvar med lova, kan årsmøtet vedta med fleirtal av dei røystene som er gitt. Står røystetalet likt, avgjer møteleiaren kva vedtaket skal gå ut på, sjølv om møteleiaren ikkje har røysterett.Er vedtektene ikkje brakt i samsvar med lova innan fristen etter første ledd, og gjer ikkje foretaket dei nødvendige endringane etter krav frå Foretaksregisteret, skal tingretten etter melding frå Foretaksregisteret vedta foretaket oppløyst. Føresegnene i §§ 141 til 144 gjeld tilsvarande.
- Foretak som på tidspunktet for iverksetjing av lova har ei ordning med omsetjelege andelar, kan oppretthalde ordninga også etter at lova er sett i verk. Andelar kan berre omsetjast til andre medlemmar, eller til personar som blir medlemmar ved kjøp av andelar.
- Foretak som på tidspunktet for iverksetjing av lova har vedtekter som gir dei tilsette rett til å vere representerte i årsmøte og eventuelt representantskap, kan oppretthalde ordninga også etter at lova er sett i verk.
- Endringa i § 164 nr. 22 i lov 21. juni 1985 nr. 79 om enerett til foretaksnavn og andre forretningskjennetegn (foretaksnavneloven) § 2-2 gjeld også for foretaksnamn som er tatt i bruk før iverksetjinga av foretaksnamnelova.
- Det skal ikkje betalast gebyr for Foretaksregisterets kunngjering av endringar i foretaksnamn som følgje av § 164 nr. 22.
- For bustadbyggjelag og gjensidige forsikringsselskap som er stifta og registrerte i Foretaksregisteret før § 164 nr. 35 og 38 blir sett i verk, skal styret vere sett saman i samsvar med lova innan to år etter iverksetjinga.
- Kongen kan gi nærmare overgangsføresegner.