Kapittel 1. Innleiande føresegner
§ 1Formål
Formålet med lova er å medverke til ei berekraftig og samfunnsøkonomisk lønsam forvaltning av viltlevande marine ressursar ved å leggje til rette for gode rammer for førstehandsomsetning og ved å sikre dokumentasjon av ressursuttaket. § 2Sakleg verkeområde
Lova gjeld førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar, krav til råstoffkvalitet, stifting og godkjenning av fiskesalslag og kontrollansvaret og vedtaksretten deira. Lova gjeld likevel ikkje førstehandsomsetning av fangst i medhald av havbeiteløyve som er gjeve med heimel i akvakulturloven eller forskrift fastsett i medhald av denne. Departementet kan i forskrift fastsetje at slik førstehandsomsetning likevel skal vere omfatta av lova her.Førstehandsomsetning er omsetning av viltlevande marine ressursar frå den som har hausta dei, og den første omsetninga etter ilandføring dersom fangsten ikkje tidlegare er omsett gjennom eller med godkjenning av eit fiskesalslag. Sal frå eit fiskesalslag er uansett å rekne som førstehandsomsetning.Viltlevande marine ressursar er fisk, sjøpattedyr med heilt eller delvis tilhald i sjøen, andre marine organismar og plantar med tilhald i sjøen eller på eller under havbotnen. Lova gjeld likevel ikkje hausting og anna utnytting av anadrome laksefiskar slik det er definert i lakse- og innlandsfiskloven § 5 bokstav a. § 3Stadleg verkeområde
Lova gjeld på norsk landterritorium unnateke Jan Mayen og Svalbard, i norsk sjøterritorium og indre farvatn, på den norske kontinentalsokkelen og i område oppretta etter lov 17. desember 1976 nr. 91 om Norges økonomiske sone §§ 1 og 5.Kongen kan fastsetje at heile eller delar av lova skal gjelde på norsk landterritorium på Jan Mayen, Svalbard, Peter Is øy og Dronning Maud Land.For fartøy som fell inn under deltakerloven, gjeld lova også utanfor områda i første ledd. Departementet kan i forskrift fastsetje at lova skal gjelde for andre fartøy som fell inn under sjøloven §§ 1 og 4 og lov 12. juni 1987 nr. 48 om norsk internasjonalt skipsregister § 1.Lova gjeld ikkje førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar som er hausta med utanlandsk fartøy når fangsten vert ført til utanlandsk hamn. Kapittel 2. Stifting og godkjenning av fiskesalslag
§ 4Godkjenning av fiskesalslag
Departementet kan godkjenne eit samvirkeforetak, jf. samvirkelova, som fiskesalslag. Berre fiskarar eller organisasjonar av fiskarar kan vere medlemmer i eit fiskesalslag.Vedtektene til fiskesalslaget skal ha føresegner om følgjande:- at fiskesalslaget skal ha ein kontrollkomité,
- at verksemd som fiskesalslaget driv, og som ikkje direkte er organisering av førstehandsomsetninga, skal skje gjennom eigne selskap,
- at føresegner som vert fastsette om bruk av formuen ved oppløysing av fiskesalslaget skal godkjennast av departementet,
- at tvistar mellom fiskesalslaget og medlemmene skal løysast på nærare fastsett måte.
Departementet kan i forskrift gje nærare føresegner om ansvarsområda til fiskesalslaga, medrekna geografiske område og kva for viltlevande marine ressursar det enkelte fiskesalslaget skal ha einerett til å omsetje.Fiskesalslag har revisjonsplikt. Kapittel 3. Førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar
§ 8Førstehandsomsetning
Førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar skal skje gjennom eller med godkjenning av eit fiskesalslag.Det er forbode å utføre eller tilverke viltlevande marine ressursar som ikkje er omsette i første hand med godkjenning av eit fiskesalslag, med mindre det er til eige forbruk.Departementet kan i forskrift gje nærare føresegner om unntak frå føresegnene i første og andre ledd, under dette unntak for delar, produkt eller biprodukt av viltlevande marine ressursar og for sjølvtilverking av eigen fangst. § 9Fastsetjing av avgift
Eit fiskesalslag kan fastsetje avgift for førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar. Avgifta skal fastsetjast på årsmøtet til fiskesalslaget. Kapittel VII i forvaltningsloven gjeld ikkje for fastsetjing av avgifta.Avgifta skal brukast til verksemd som anten direkte knyter seg til førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar, eller som står i rimeleg nær samanheng med fremme av dette formålet. § 10Fastsetjing av salsvilkår og omsetningsformer
Kapittel 4. Regulering av hausting og dirigering av fangstar
§ 13Rett til å regulere hausting
Når det er nødvendig av omsyn til avtaket kan fiskesalslag fastsetje mellombels forbod mot hausting eller gjennomføre andre reguleringar. Det same gjeld dersom reguleringar er nødvendige for å kunne utnytte fangstane på ein tenleg måte.Reguleringane kan avgrensast til enkelte viltlevande marine ressursar, fartøygrupper og distrikt.Departementet kan i forskrift gje nærare føresegner om fiskesalslaga sin reguleringsrett etter første og andre ledd.Kapittel VII i forvaltningsloven gjeld ikkje ved avgjerder etter første ledd. § 14Rett til å dirigere fangstar
Når det er nødvendig for å få fangstar omsette på den mest tenlege måten, kan fiskesalslag dirigere fangstane til bestemte kjøparar og til bestemt bruk.Kapittel V og VII i forvaltningsloven gjeld ikkje ved avgjerder etter første ledd. Kapittel 5. Kvalitetskrav
§ 16Kvalitetskrav til hausting og handtering av råstoff
Departementet kan påleggje fiskesalslaga oppgåver for å fremme og ha tilsyn med kvalitet ved hausting og handtering av råstoff, og sjå til at dette skjer i samsvar med forskrifter om kvalitet fastsette etter matlova § 9. Kapittel 6. Kontrollansvaret til fiskesalslaga
§ 17Kontrolloppgåver
Fiskesalslaga skal kontrollere at føresegner som er fastsette i eller etter lova her vert haldne.Departementet kan påleggje fiskesalslag å kontrollere opplysningar om fangstar sjølv om fangsten ikkje fell inn under fiskesalslaga sin omsetningsrett.Departementet kan i forskrift gje nærare føresegner om korleis fiskesalslaga skal organisere og gjennomføre kontrollarbeidet og om rapporteringsrutinar. § 18Tilgang og bistandsplikt
Ved kontroll etter § 17 kan fiskesalslaga krevje uhindra tilgang til haustings- eller transportfartøy og til kontora, lagera og produksjonsanlegga til kjøparen eller mottakaren. I denne samanhengen kan salslaga krevje uhindra tilgang til fangstdagbok, landingsjournal, setlar og rekneskapar. Det same gjeld når fangst vert overført frå eller til steng eller merd.Dei som vert kontrollerte i samsvar med føresegner gjevne i eller i medhald av lova, har plikt til å samarbeide ved kontrollen.Politiet skal yte salslaget nødvendig hjelp og vern ved gjennomføring av kontroll. § 19Utveksling av informasjon
Kapittel 7. Reaksjonar ved lovbrot
§ 22Straffansvar
Den som med vilje eller aktlaust bryt føresegner eller let vere å etterkome pålegg fastsette i eller etter §§ 5 andre ledd, 8, 10 tredje ledd, 11 tredje ledd, 13, 14 og 18, vert straffa med bøter eller fengsel i inntil eitt år.Grovt brot på føresegnene etter første ledd, som er gjort med grov aktløyse eller med vilje, kan straffast med fengsel i inntil seks år. Ved vurderinga av om brotet er grovt, skal det særleg leggjast vekt på om den økonomiske eller potensielle økonomiske verdien av brotet er stor, om brotet har skjedd systematisk og over tid, om brotet er grenseoverskridande og om brotet har skjedd som ledd i organisert verksemd.Når straffansvar etter første ledd kan gjerast gjeldande mot fartøyføraren for ei handling nokon av mannskapet på eit fartøy står for, kan den underordna berre straffast dersom han har brote føresegner med vilje. Ved avgjerda av om ein underordna skal straffast, skal det særleg takast omsyn til den preventive verknaden av straffa, kor grovt brotet er og om vedkommande har hatt eller kunne ha oppnådd fordel ved brotet.Fartøyføraren kan vedta førelegg på vegner av oppdragsgjevaren. Oppdragsgjevaren kan også straffast i sak som vert reist mot fartøyføraren.Endra med lov 19 juni 2015 nr. 65 (ikr. 1 okt 2015). § 23Inndraging
Ved brot på føresegner etter § 22 første ledd kan fangsten inndragast. Det same gjeld reiskapar, gjenstandar, eigedomar, anlegg eller fartøy som er brukte ved lovbrotet. Dette gjeld utan omsyn til kven som er eigar. I staden for tingen kan verdien heilt eller delvis inndragast hos den skuldige eller den det er handla på vegner av, eller hos eigaren.Det kan fastsetjast at panterett og andre rettar i ting som vert inndregne, heilt eller delvis fell bort. Føresegnene i straffeloven § 74 gjeld tilsvarande.Når lovleg og ulovleg fangst er blanda saman, kan heile fangsten inndragast.Endra med lov 19 juni 2015 nr. 65 (ikr. 1 okt 2015). Kapittel 8. Iverksetjing, overgangsregel og endringar i andre lover
§ 24Iverksetjing
Lova gjeld frå den tid Kongen fastset. Frå same tid vert lov 14. desember 1951 nr. 3 om omsetning av råfisk oppheva.Forskrifter og enkeltvedtak som er fastsette i eller i medhald av lov 14. desember 1951 nr. 3 om omsetning av råfisk, gjeld framleis inntil dei vert oppheva. § 25Overgangsregel
Fiskesalslag som har godkjende vedtekter etter lov 14. desember 1951 nr. 3 om omsetning av råfisk, kan utan ny godkjenning halde fram med verksemda i inntil to år etter at lova her vert sett i verk.