Fyrste kapitel. Ålmenngjeldande reglar.
§ 1
Den som gjev eit gjeldsbrev, misser ikkje med det utan avtale nokor motsegn frå det rettshøvet som er grunnlag for gjeldsbrevet. § 2
Gjev fleire ut eit gjeldsbrev, svarar dei ein for alle og alle for ein, om inkje anna er sagt.Betaler ein av dei, kann han søkja att hjå kvar av dei andre det som skal falle på han etter rettshøvet mellom dei.Er det visst at ein av dei andre ikkje kann betala, eller er tilhaldsstaden hans ukjend, blir parten hans bytt mellom alle hine. Det same gjeld, om han ikkje betalar innan 14 dagar etter han er kravd eller krav er sendt til han på forsvarleg måte. § 3
Er betalingsstad ikkje avtala, skal eit gjeldsbrev betalast der kravshavaren bur, eller på forretningsstaden, om han driv forretning. Om kravshavaren flytter ut or landet eller kravet går over til ein mann i eit anna land, blir betalingsstaden verande den same som før når inkje anna er avtala.Kravshavaren kann krevja betaling på ein annan stad i det land der pengane skal greidast, so framt det ikkje blir til nemnande ulempe eller utgift for skyldnaren.Flytter kravshavaren eller kjem kravet på andre hender og skyldnaren so ikkje får veta kvar han skal betala, er han utan ansvar om han kjem for seint av den grunn. Utgifter og tap som skyldnaren har for di han ikkje kjenner til skiftet, lyt kravshavaren svara. § 4
Ihendehavargjeldsbrev skal betalast i forretningslokalet til skyldnaren når ikkje anna er sagt.Det same gjeld gjeldsbrev som blir utgjevne mange i samanheng og med sams tekst (mengdegjeldsbrev), og gjeldsbrev som bankar eller samvirkeføretak gjev ut for innlån.Endra med lov 29 juni 2007 nr. 81 (ikr. 1 jan 2008 iflg. res. 23 nov 2007 nr. 1287). § 5
Er det ikkje fastsett noko om betalingstid, har skyldnaren rett til å betala so snart han vil. Han er skyldig til å betala straks kravsmannen seier frå.Forfell gjeldsbrevet på ein sundag eller annen helgedag eller på ein laurdag eller på den 1 eller 17 mai, blir forfallsdagen utdrygd til yrkedagen etter. Dette gjeld òg når gjeldsbrevet lyder på betaling innen ein serskild nemnd frist som går ut på ein helgedag eller på ein laurdag eller på 1 eller 17 mai.Endra med lover 27 feb 1970 nr. 3, 17 des 1976 nr. 100. § 6
Betalar ikkje skyldnaren i tide, skal han svara rente etter lov om renter ved forsinket betaling m.m. frå den dagen han skulle ha betala.Kunde kravshavaren krevja høgre rente på anna grunnlag, har han framleis rett til det. Det same gjeld om skadebot, i fall kravshavaren har tap som renta ikkje gjev fullt vederlag for.Er det på kravshavaren betalinga står, skal ikkje skyldnaren svara rente so lenge dette varer, endå om kravet før bar rente.Endra med lov 17 des 1976 nr. 100. § 7
Lyder gjeldsbrevet på eit pengeslag som ikkje gjeld der gjeldsbrevet blir betala, kann det betalast med slike pengar som gjeld på staden etter verdet på betalingsdagen, om inkje anna er avtala.Blir gjeldsbrevet ikkje betala i tide, og lyder det på eit pengeslag som ikkje gjeld der gjeldsbrevet skal betalast, skal kravshavaren ha vederlag for tap han får av at kursen på gjeldsbrevpengane har falle. Gjev ikkje tilhøvet grunnlag for annan tapsrekning, kann han krevja betaling i slike pengar som gjeld der betaling skulde gjevast, etter kursen på forfallsdag.Det skal likevel ikkje gjevast vederlag for kurstapet, i fall det er på kravshavaren sjølv betalinga står, eller seinkingsgrunnen er lovbod, stans i samferdsla eller andre slike hindringar som skyldnaren ikkje vinn med og som det ikkje var ventande at han tok omsyn til då han gav ut gjeldsbrevet. § 9
Når nokon avhender eit gjeldsbrev til eige eller pant, svarar han for at kravet er til. Men dette gjeld ikkje ved gåvor, og ikkje heller når mottakaren visste at kravet ikkje var til, eller hadde grunn til mistanke om det. § 10
Avhendaren svarar berre for at skyldnaren er vederheftig, når han tek det på seg. Blir ein vekselobligasjon avhendt ved endossement, blir dette rekna for å vera tilfelle. Andre kapitel. Omsetningsgjeldsbrev.
§ 11
Reglane i dette kapitel gjeld berre omsetningsgjeldsbrev.Eit gjeldsbrev er omsetningsgjeldsbrev når det anten- lyder på ihendehavaren eller ikkje seier kven gjelda skal betalast til (ihendehavargjeldsbrev), eller
- lyder på namn med tillegget «eller order» eller eit anna slikt tillegg (ordergjeldsbrev), eller
- gjev pant i fast eigedom eller i skip eller anna innretning som er innført i skipsregisteret, jf sjøloven §§ 11, 33 og 507, eller i luftfartøy som er innført i luftfartøyregisteret, so nær som når det er tilset «ikkje til order» eller eit anna slikt atterhald, eller
- lyder på namngjeven mann (namnegjeldsbrev) og endefram seier at det skal vera omsetningsgjeldsbrev.
Endra med lover 7 apr 1972 nr. 13, 27 mai 1983 nr. 30, 24 juni 1994 nr. 39 (ikr. 1 okt 1994). Tredje kapitel. Enkle gjeldsbrev.
§ 24
Reglane i dette kapitel gjeld berre enkle gjeldsbrev. Med dette er i denne lova meint namnegjeldsbrev som ikkje går inn under § 11 nr. 3 eller 4. § 25
Når nokon avhender eit enkelt gjeldsbrev, får ikkje mottakaren betre rett enn avhendaren, om inkje anna fylgjer av serlege rettsreglar. § 26
Krav på avhendaren kann skyldnaren nytta til motrekning, når han vart eigar av kravet før han fekk veta om avhendinga eller fekk nokon tanke om henne. Var motkravet ikkje forfalle på den tid, lyt det dessutan vera forfalle seinast samstundes med hovudkravet. § 27
Er eit enkelt gjeldsbrev avhendt, blir skyldnaren likevel fri når han betalar til den førre kravshavaren, soframt han ikkje veit at hin er utan rett til å taka mot betaling, og han er so aktsam som han bør vera etter tilhøvet. Fjerde kapitel. Innskotsbøker.
§ 32
Blir ei innskotsbok avhendt til eige, gjeld dette mot kravsmennene til avhendaren berre når skyldnaren har notert avhendinga i bøkene sine, og gjeve mottakaren melding om det og om kva det stod inne på kontoen. Dette må skyldnaren gjera straks om innehavaren av kontoen krev det og legg fram boka so framt ikkje serleg avtale eller reglar i vedtektene til skyldnaren gjev rett til å nekte notering.Er boka avhend til fleire, går den føre som har fått notert sin rett av skyldnaren og i god tru fått melding om det.Endra med lover 8 feb 1980 nr. 2, 25 juni 1999 nr. 46 (ikr. 1 juli 2000 iflg. res. 25 juni 1999 nr. 702). Femte kapitel. Overgangsreglar.
§ 34
Denne lova tek til å gjelda 1 januar 1940.Ho blir nytta på eldre gjeldsbrev òg når inkje anna er sagt i dei næste paragrafane. § 35
Når reglane i denne lova skal nyttast på eldre namnegjeldsbrev, blir breva rekna for å vera stila til namngjeven mann eller order, so nær som når det er tilsett «ikkje til order» eller eit anna slikt atterhald.– – – § 36
Paragrafane 1-5 og 7 gjeld berre gjeldsbrev som er yngre enn denne lova.Paragraf 6 blir nytta på eldre gjeldsbrev òg, når betalingstida fell etter lova tek til å gjelda. Sjette kapitel. Brigde i andre lover o.a.
§ 39
Norske Lov 1-21-13 og 14 held opp å gjelda. Samkausjonistar svarar ein for alle og alle for ein, når inkje anna er sagt. Reglane i § 2, andre og tredje leden, gjeld likeins for samkausjonistar. § 40
Det som er fastsett i § 6 skal gjelda på tilsvarande måte om avtalegjeld som ikkje knyter seg til gjeldsbrev, men som skyldnaren har fått serskilt varsel om å betala. Kjem varslet etter forfallsdag, tek renta til frå den dag varslet er framkome til skyldnaren.– – –