Kapittel 1. Allmenne reglar
§ 1-1Verkeområde
(1) Forskrifta gjeld opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Forskrifta gjeld også for privatistar som tek eksamen etter lov om universiteter og høyskoler (uhl.) § 11-4.(2) Forskrifta gjeld for obligatoriske aktivitetar og eksamen i opplæringsdelen i ph.d.-program (ved Høgskulen i Volda eller andre program), så langt dette er regulert i uhl. eller forskrift om graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Høgskulen i Volda.(3) Forskrifta gjeld for fellesgradar i samarbeid med andre institusjonar, så langt dette er regulert i forskrift for den aktuelle fellesgraden.(4) For studium som er underlagde nasjonale rammeplanar, vil nasjonale rammeplanar vere overordna denne forskrifta ved eventuell konflikt. § 1-2Definisjonar
- Emne er den minste eininga med vurdering som gir utteljing i form av studiepoeng, og som kan gå inn i eit studieprogram eller tilbydast med eige opptak. Eit emne har eit læringsutbyte som er fastsett i ein emneplan.
- Studiepoeng er eit mål på omfanget av emne og arbeidsbelastninga til studenten. Eit studieår på fulltid vil i omfang og læringsutbyte tilsvare 60 studiepoeng, jf. uhl. § 11-2.
- Studieprogram er ei samling emne med eit samla læringsutbyte som er fastsett i studieplan, som søkarar kan få opptak og studierett til. Eit studieprogram er kjenneteikna ved at det ikkje er nødvendig å søke om nytt opptak for å ta nye emne innanfor studieprogrammet.
- Studieplan er omtale av studieprogram med tilhøyrande emneplanar og beskriv mellom anna opptakskrav, innhald, emne og læringsutbyte i eit studieprogram, jf. uhl. § 11-1.
- Rammeplan er ein plan som fastset nasjonale rammer for eit studieprogram.
- Utdanningsplan er ein individuell avtale mellom ein student og høgskulen med plan for gjennomføring av studieprogrammet studenten er teken opp til, jf. uhl. § 11-3.
- Opptak viser til søknadsprosessen ein søkar går gjennom for å få studierett til eit studium.
- Lokalt opptak viser til opptak som ikkje høyrer til det nasjonale samordna opptaket.
- Søkar er ein person som har lagt inn ein søknad om opptak til Høgskulen i Volda.
- Student er ein person som gjennom opptak etter uhl. kapittel 8 i er teken opp til studium ved Høgskulen i Volda.
§ 1-3Studenten si plikt til å gjere seg kjend med regelverk og informasjon frå høgskulen
(1) Alle søkarar, studentar og eksamenskandidatar har plikt til å gjere seg kjende med gjeldande regelverk ved Høgskulen i Volda.(2) Høgskulen i Volda nyttar til dømes e-post, Søknadsweb, Studentweb, nettstaden til høgskulen og e-læringssystem for å formidle viktig informasjon. Kapittel 2. Gradar og yrkesutdanningar
§ 2-1Gradar og yrkesutdanningar
§ 2-2Bachelorgrad
(1) Graden bachelor blir tildelt for utdanningar på 180 studiepoeng, tilsvarande tre år, i eit av følgjande studieløp:- eit fullført treårig studieprogram med 180 studiepoeng som ifølgje rammeplan eller forskrift gir bachelorgrad
- eit fullført treårig integrert studieprogram med 180 studiepoeng (utan rammeplan) som ifølgje vedtak i styret for Høgskulen i Volda gir bachelorgrad
- ein fritt samansett bachelorgrad med eit omfang på 180 studiepoeng, jf. denne forskrift tredje ledd.
(2) I grunnlaget for graden skal det inngå ei bacheloroppgåve eller eit anna sjølvstendig fordjupingsarbeid. Dette arbeidet kan vere av teoretisk-metodisk, praktisk eller kunstnarisk art, og det kan vere utført individuelt eller i ei gruppe.(3) Det kan etter søknad skrivast ut vitnemål for ein fritt samansett bachelorgrad, med følgjande grunnkrav:- Graden må innehalde minimum 80 studiepoeng innan same fagområde. Av desse 80 studiepoenga må minimum 20 studiepoeng vere på fordjupingsnivå.
- Graden må innehalde minst éi eining på minimum 30 studiepoeng på eit anna fagområde.
- I grunnlaget for graden skal det inngå ei bacheloroppgåve eller eit anna sjølvstendig fordjupingsarbeid, som skildra i denne forskrift § 2-2 (2).
- Krav om tilknyting og gjenbruk av studiepoeng som følgjer av uhl. § 11-12 må vere oppfylte.
- Ein kan berre få utskrive ein fritt samansett bachelorgrad dersom ein ikkje oppfyller krava i denne forskrift § 2-2 (1) a eller b.
(4) Studentane har krav på rettleiing i arbeidet med bacheloroppgåva. Det kan stillast som krav at studenten har gjennomført rettleiing for å kunne levere oppgåva. Vilkåra for rettleiing og krava til innlevering av bacheloroppgåve eller anna sjølvstendig fordjupingsarbeid skal gå fram av emneplanen. Kapittel 3. Opptak og rangering ved opptak
§ 3-1Generelle føresegner
(1) Minstekrav for opptak til utdanning som gir studiepoeng ved Høgskulen i Volda, er generell studiekompetanse eller tilsvarande realkompetanse, slik dette er fastsett i forskrift om opptak til høgare utdanning. For søkarar til andre studietilbod gjeld i tillegg krav som er fastsette i eller har heimel i inneverande forskrift, studieplan, emneplan eller i forskrifter om rammeplanar.(2) Spesielle opptakskrav til studietilbod som ikkje blir omfatta av forskrift om opptak til høgare utdanning, skal fastsetjast i studieplanen eller emneplanane til studietilbodet.(3) Høgskulen i Volda har eigne retningslinjer for opptak, medrekna reglar for poengberekning og rangering. § 3-2Språkkrav
(1) Søkarar til norskspråklege studium som har utdanning frå land utanfor Norden, må dokumentere at dei oppfyller kravet til norsk- og engelskkunnskapar som er angitt i forskrift om opptak til høgare utdanning § 2-2.(2) For opptak til engelskspråklege studium kan det i studie- eller emneplanen stillast særskilde krav om at søkarar må dokumentere at dei har engelskkunnskapar på høgare nivå. Kapittel 4. Studierett
§ 4-1Studierett
(1) Studieplass blir tildelt gjennom opptak for studiet og emnet eller emna det er gitt opptak til.(2) Studierett blir etablert ved at studenten aksepterer tilbodet om studieplass, registrerer oppmøte til studiestart, semesterregistrerer seg og betaler semesteravgift innan den fastsette fristen.(3) Studierett gir rett til å følgje lukka undervisning, å gjennomføre praksis, kurs og seminar og å gå opp til eksamen etter at alle obligatoriske aktivitetar er godkjende.(4) Studentar som har brukt opp forsøka på eksamen utan å få bestått resultat, kan søke opptak til studieprogram på nytt tre år etter siste eksamensforsøk. Studentar som har brukt opp forsøka i praksisemne utan å få bestått resultat, kan søke opptak tre år etter siste forsøk. Ved nytt opptak kan studenten søke om godkjenning av tidlegare gjennomført utdanning, jf. denne forskrift § 2-5.(5) Høgskulen i Volda har eigne retningslinjer for studierett. § 4-2Semesterregistrering
(1) Studenten må gjennomføre semesterregistrering kvart semester for at studieretten skal vere gyldig.(2) Innan fristen for semesterregistrering må studentar gjere følgjande:- registrere seg i Studentweb
- godkjenne utdanningsplanen for studieprogrammet
- melde seg opp til undervisning og vurdering
- betale semesteravgifta eller andre avgifter i samsvar med uhl.
- stadfeste at ein er gjort kjend med høgskulen sitt regelverk.
Kapittel 5. Permisjon
§ 5-1Permisjon
(1) Studentar har rett til permisjon ved teneste etter forsvarsloven § 17, ved verv i studentpolitiske eller folkevalde organ eller når det ligg føre andre særlege grunnar. I tillegg kan det følgje unntak frå regelen i særlov. Ved sjukdom må grunnlaget for permisjonen vere dokumentert skriftleg av lege, psykolog eller ein annan sakkunnig person.(2) Studentar har rett til permisjon frå studia ved svangerskap, adopsjon og omsorg for barn, jf. uhl. § 10-6.(3) Permisjonstida kjem i tillegg til retten studenten har til utvida studietid, jf. denne forskrift § 4-3.(4) Studentar kan få permisjon utan dokumentert årsak i inntil to semester. Denne typen permisjon kan ikkje bli gitt i første semester etter opptak og kan berre innvilgast for minimum eit heilt semester. § 5-2Under permisjonen
(1) Studenten har studierett under permisjonen. Dersom ein student ønskjer å ta enkelteksamenar i løpet av permisjonstida, jf. uhl. § 10-7 andre ledd, må studenten betale semesteravgift for det aktuelle semesteret.(2) Studenten må sende særskild søknad om å få ta eksamen eller praksis i permisjonstida. Kapittel 6. Tilrettelegging
§ 6-1Tilrettelegging under studieløpet
(1) Studentar med funksjonsnedsetjing og studentar med særskilde behov har rett til eigna individuell tilrettelegging av lærestad, undervisning, praksis, læremidlar og eksamen, jf. uhl. § 10-5. Tilrettelegginga må ikkje føre til ein reduksjon av dei faglege krava som blir stilte i det enkelte studiet.(2) Retten til tilrettelegging gjeld ikkje om det vil føre til ei uforholdsmessig byrde for høgskulen, jf. uhl. § 10-5 andre ledd.(3) Tilrettelegging for gravide studentar skjer etter uhl. §§ 10-5 og 10-6.(4) Dersom grunnlaget for tilrettelegging er av varig karakter, er det tilstrekkeleg å sende søknad éin gong for den perioden ein har studierett i eit studieprogram for. Studenten må søke på nytt ved endra behov.(5) Høgskulen har eigne retningslinjer for tilrettelegging. § 6-2Tilrettelegging under eksamen
(1) Ein student som av medisinsk grunn eller ein velferdsgrunn har vanskar med å gjennomføre eksamensforma som er vedteken, kan søke om særskild tilrettelegging av eksamen. Tilrettelegginga må ikkje føre til ein reduksjon av dei faglege krava som blir stilte i det enkelte studiet.(2) Tilrettelegginga skal kompensere for dei ulempene som ligg til grunn for søknaden, samtidig som studentane i størst mogleg grad skal prøvast likt. Særskild tilrettelegging er normalt utvida tid eller bruk av hjelpemiddel. Det kan også vurderast andre tiltak når det er dokumentert særlege behov.(3) Søknad om særskild tilrettelegging av eksamen må leverast innan den fastsette fristen, som blir publisert på nettstaden til høgskulen.(4) Det kan gjerast unntak frå fristen ved akutt sjukdom eller liknande. Behovet må dokumenterast med attest frå lege eller ein annan sakkunnig. Det skal gå fram av dokumentasjonen kva som trengst av særskild tilrettelegging. Kapittel 7. Gjennomføring av studiet
§ 7-1Studiekalender og fristar
(1) Det blir for kvart studieår fastsett ein studiekalender som viser- start- og avslutningsdato for haust- og vårsemesteret
- undervisnings- og eksamensperiodar.
(2) Det blir fastsett fristar for- semesterregistrering og godkjenning av utdanningsplan
- betaling av semesteravgift til studentsamskipnaden og ev. andre avgifter
- å søke om utveksling eller utanlandsopphald
- andre høve som gjeld gjennomføring av studiet.
(3) Studiekalenderen og informasjonen om fristar blir kunngjord på høgskulen sin offisielle nettstad. Kapittel 8. Praksis
§ 8-1Vilkår for å gå ut i praksis
(1) Det skal gå fram av studie- og emneplanar kva emne, eksamenar og obligatoriske krav og aktivitetar som skal vere fullførte før studenten kan starte i praksis.(2) I studium der studenten kan kome i kontakt med mindreårige som ein del av eit praksisstudium, er det krav om at studenten legg fram politiattest ved opptak, jf. uhl. § 12-2. Det kan også krevjast ny politiattest undervegs i utdanninga.(3) Studieprogram med praksis eller praksisstudium har eigne retningslinjer for praksisgjennomføringa. § 8-2Praksis i rammeplanstyrte og forskriftsstyrte utdanningar
(1) Studenten skal ha jamleg rettleiing om korleis vedkomande oppfyller krava for å få bestått praksis.(2) For kvar praksisperiode skal det vere ei midtvegsvurdering om lag halvvegs i praksisen og ei avsluttande skriftleg vurdering der studenten blir vurdert med omsyn til måla for praksisperioden. Studenten skal ha kopi av vurderingane.(3) Krav om deltaking skal gå fram av studie- og emneplanen, og krava kan som hovudregel ikkje fråvikast på grunn av det som normalt blir rekna som gyldig fråvær. Kapittel 9. Eksamen og andre vurderingsformer
§ 9-1Allment om eksamen og andre vurderingsformer
(1) Ein student skal vurderast etter ulike vurderingsformer i eit studieprogram.(2) Ved Høgskulen i Volda blir det nytta ei rekkje ulike vurderings- og eksamensformer, kvar for seg eller saman. Vurderings- og eksamensformer for det enkelte emnet eller studieprogrammet går fram av den gjeldande emne- og studieplanen.(3) Eksamen blir avlagd individuelt med mindre emneplanen seier noko anna.(4) Det kan vere krav om at bestemte emne, eksamenar eller obligatoriske aktivitetar skal vere fullførte med godkjent resultat før ein student får gå opp til eksamen i eit emne.(5) Når karakteren i eit emne blir slått saman av to eller fleire eksamenar (delar), skal den prosentvise vektlegginga mellom dei ulike delane gå fram av emneplanen.(6) Høgskulen i Volda arrangerer normalt to eksamensperiodar kvart semester: éin for ordinære eksamenar og éin for kontinuasjonar.(7) Høgskulen i Volda er ikkje ansvarleg om eksamensdatoar kolliderer for ein student som vel ein annan utdanningsplan enn det som er tilrådd, eller som tek fleire emne i tillegg til emna i studieprogrammet.(8) Høgskulen i Volda har eigne retningslinjer for eksamenskandidatar og gjennomføring av eksamen. Kapittel 10. Sensur og klage på sensur
§ 10-1Grunnlag for sensur
(1) Ein student som har vore oppe til eksamen, kan ikkje unndra seg sensur etter at eksamenssvaret er levert.(2) Ved eksamen med tilsyn kan eksamenssvar som er leverte, ikkje leverast ut igjen, endrast eller supplerast.(3) Ved eksamen utan tilsyn kan ein student erstatte eit eksamenssvar som allereie er levert, med eit nytt eksamenssvar fram til den fastsette innleveringsfristen.(4) Eksamensresultat blir normalt kunngjorde på Studentweb så snart eit godkjent sensurvedtak ligg føre. § 10-2Vurderingsuttrykk
Vurderingsuttrykket for ein eksamen er enten bestått eller ikkje bestått eller ein gradert karakterskala med fem trinn frå A til E for bestått og F for ikkje bestått, jf. uhl. § 11-7 første ledd. § 10-3Sensur
(1) Studenten sine kunnskapar og ferdigheiter skal prøvast og vurderast på ein upartisk og fagleg tryggjande måte. Sensur skal gjennomførast anonymt så langt dette er praktisk mogleg.(2) Avdelingane ved høgskulen oppnemner og godkjenner sensorar.(3) Det skal enten vere ekstern sensor ved sensur av den enkelte eksamenen eller ekstern evaluering av eksamens- og sensurordninga, jf. uhl. § 11-6 første ledd.(4) Det skal vere to sensorar, der minst éin er ekstern, ved sensur av masteroppgåver, jf. uhl. § 11-7 andre ledd, og ved ny sensur etter uhl. §§ 11-9 og 11-10.(5) Det skal vere to sensorar ved sensur av bacheloroppgåver eller liknande sjølvstendig arbeid på lågare grad, eksamenar som ikkje er etterprøvbare, og eksamenar som aleine utgjer 15 studiepoeng eller meir, jf. uhl. § 11-7 andre ledd.(6) Ein ekstern sensor kan ikkje vere tilsett i ei hovudstilling eller bistilling ved høgskulen eller ha vore tilsett i slike stillingar det føregåande studieåret. Ein ekstern sensor kan heller ikkje ha hatt engasjement som timelærar i det aktuelle emnet for eksamenskullet i same studieår som vurderinga blir gjort. Gjesteforelesingar i avgrensa omfang vil ikkje vere til hinder for å kunne vere ekstern sensor.(7) Høgskulen i Volda har eigne retningslinjer for eksamen, sensurarbeid og sensorrettleiing. Kapittel 11. Klagehandsaming
§ 11-1Nemnd for studentsaker
(1) Høgskulen i Volda har oppretta ei eiga nemnd for studentsaker i samsvar med uhl. § 14-1.(2) Nemnda er klageinstans for klager på enkeltvedtak som er vedtekne av høgskulen, bortsett frå der det er fastsett i eller med heimel i universitets- og høyskoleloven at det skal vere ein anna klageinstans, jf. uhl. § 14-2.(3) Nemnda skal handsame saker som første instans etter uhl. §§ 12-1 til 12-8. § 11-2Klagehandsaming
(1) Nemnda for studentsaker skal handsame klagesakene i tråd med forvaltningsloven (fvl.) kapittel VI.(2) Fristen for å fremje ei skriftleg klage er tre – 3 – veker.(3) Høgskulen har ei sjølvstendig plikt til å gjere saksutgreiing. Høgskulen skal også gi klagaren nødvendig rettleiing slik at klagaren skal kunne vareta sine eigne interesser. Nemnda for studentsaker skal sjå til at saka er så godt opplyst som mogleg før det blir fatta eit vedtak.(4) Klagaren har rett til innsyn i faktiske opplysingar med meir i si sak, og klagaren har rett til å gjere seg kjend med dokumenta i saka, med unntak av interne dokument eller andre særlege dokument, som nemnt i forvaltningsloven §§ 18 og 19. Kapittel 12. Vitnemål og karakterutskrift
§ 12-1Vitnemål
(1) Høgskulen i Volda utferdar digitalt vitnemål og utferdar vitnemålstillegg på engelsk (Diploma Supplement) etter avslutta grad, yrkesutdanning, praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) eller anna studieprogram på minimum 120 studiepoeng.(2) Når ein student fullfører studiet og blir kvalifisert for ein grad, utferdar Høgskulen i Volda normalt eit digitalt vitnemål. Oppnådd grad med resultat er tilgjengeleg via Vitnemålsportalen.(3) Har studenten klaga på karakterfastsetjinga, jf. uhl. § 11-10, eller på formelle feil ved eksamen, jf. uhl. § 11-9, må studenten vente på resultatet av klagebehandlinga før vitnemålet blir produsert. Har studenten allereie fått produsert eit vitnemål som omfattar den aktuelle eksamenen, vil vitnemålet bli sett som ugyldig fram til klagesaka er ferdig handsama.(4) For utdanningar der skikkavurdering inngår, kan vitnemål haldast tilbake fram til studenten er vurdert som skikka for yrket.(5) I følgjande tilfelle kan vitnemål utferdast på papir:- dersom studenten manglar norsk fødselsnummer eller D-nummer
- dersom studenten har fått digitalt vitnemål, men har behov for å vise fram eit vitnemål på papir til ein utdanningsinstitusjon eller arbeidsgivar i utlandet.
(6) I særskilde tilfelle kan studenten få produsert eit duplikat ved å søke om dette. Søknaden må vere dokumentert. Det blir normalt kravd ei avgift for å produsere eit duplikat.(7) For gradar som blir gitt i samarbeid med andre norske eller utanlandske institusjonar (fellesgradar), må minst 30 studiepoeng vere avlagde ved Høgskulen i Volda. Det skal gå fram av vitnemålet at utdanninga er gitt i samarbeid med andre institusjonar.(8) For studentar som har fått godkjent eksamenar i tråd med reglane i denne forskrifta og uhl. kapittel 9, må krava om tilknyting og nye studiepoeng, jf. denne forskrift kapittel 2, vere oppfylte for at ein student skal få produsert eit vitnemål.(9) Dersom ein student har fått eit vitnemål eller ei karakterutskrift som etter klagehandsaming ikkje lenger er gyldig, skal studenten snarast råd levere inn att vitnemålet eller karakterutskrifta.(10) Ved forbetring av resultat i emne etter at vitnemålet er utskrive, kan ein be om karakterutskrift. Kapittel 13. Diverse
§ 13-1Utfyllande retningslinjer
Innanfor rammene av denne forskrifta kan direktør fastleggje utfyllande retningslinjer. § 13-2Iverksetjing og oppheving