Del I. Innleiande føresegner
§ 1Verkeområdet til forskrifta
(1) Forskrifta gjeld for all utdanning som fører fram til graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Høgskulen i Volda, irekna også fellesgradar og cotutelle, om ikkje anna er avtalt.(2) Forskrifta gjev reglar om opptak, gjennomføring og avslutting av ph.d.-utdanning ved Høgskulen i Volda. § 2Omfang, innhald og målsetjing for ph.d.-utdanninga
§ 2-1Målsetjing
Ph.d.-utdanninga skal kvalifisere for forskingsverksemd av høg internasjonal standard og for anna arbeid i samfunnet der det vert stilt store krav til vitskapleg innsikt og analytisk tenkjing, i samsvar med god vitskapleg skikk og forskingsetiske standardar. Ph.d.-utdanninga skal gje kandidaten kunnskap, dugleikar og kompetanse i tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket. § 2-2Omfang
Ph.d.-utdanninga er normert til tre (3) års fulltidsstudium og inkluderer ein opplæringsdel på minimum 30 studiepoeng. Den viktigaste delen av ph.d.-utdanninga er eit sjølvstendig forskingsarbeid som vert gjennomført med aktiv rettleiing. § 2-3Innhald
Ph.d.-graden vert tildelt på grunnlag av:- Godkjent vitskapleg avhandling
- Godkjent gjennomføring av opplæringsdelen
- Godkjent prøveførelesing over oppgjeve emne
- Godkjent offentleg forsvar av avhandlinga (disputas).
§ 3Ansvar for ph.d.-utdanninga
(1) Styret har det overordna ansvaret for ph.d.-utdanninga. Utdanninga vert organisert i program som vert forvalta av avdelinga.(2) Kvart ph.d.-program skal vere underlagt eit doktorgradsutval som har ansvar for- opptak og gjennomføring av studiet,
- godkjenning av studieplan og emneplanar for utdanninga, og
- utfyllande retningslinjer for programmet.
§ 4Kvalitetssikring
Ph.d.-utdanninga er omfatta av Kvalitetssystemet ved Høgskulen. Del II. Opptak
§ 5-1Vilkår for opptak
For å verte teken opp til ph.d.-utdanninga må søkjaren ha femårig mastergrad eller tilsvarande utdanning, jf. kvalifikasjonsrammeverket nivå 7. Det einskilde doktorgradsprogrammet kan i tillegg fastsetje andre minstekrav for opptak og spesifisere krav til innhald i opptakssøknaden. § 5-2Søknad om opptak
(1) Doktorgradsutvalet fastset i utfyllande retningslinjer krav til dokumentasjonen som skal leggjast ved søknad om opptak, inkludert prosjektskildringa og plan for opplæringsdelen.(2) I prosjektskildringa skal det gjerast greie for tema, problemstilling og val av teori og metode.(3) Plan for opplæringsdelen skal innehalde opplæring som er retta mot generell kompetanse i samsvar med kvalifikasjonsrammeverket.(4) For tilsetjing i stipendiatstillingar vert det vist til forskrift 31. januar 2006 nr. 102 om ansettelsesvilkår for stillinger som postdoktor, stipendiat, vitenskapelig assistent og spesialistkandidat § 1-3, og til Høgskulen i Volda sine utfyllande retningslinjer.(5) Om søkjaren planlegg å bruke eit anna språk i avhandlinga enn det som er i samsvar med § 10-1 i denne forskrifta, skal søknad om det leverast saman med plan for studiet.(6) Kandidat og hovudrettleiar skal innan tre (3) månader etter opptak gå gjennom prosjektskildringa og vurdere om ho bør justerast. Del III. Avslutting før avtalt tid
§ 6Avslutting før avtalt tid
§ 6-1Friviljug avslutting før avtalt tid
(1) Kandidaten og Høgskulen kan gjensidig avtale at ph.d.-utdanninga vert avslutta før avtalt tid. Ved slik friviljug avslutting skal det lagast ein eigen avtale som avklarar korleis spørsmål rundt tilsetjingsforhold, finansiering, rettar til resultat o.l. skal ordnast.(2) Om kandidaten vil avslutte ph.d.-utdanninga på grunn av ynske om å endre tema eller å byte til eit anna ph.d.-program, skal kandidaten søkje nytt opptak på grunnlag av det nye temaet. Eventuell ekstern finansieringskjelde må godkjenne endring av tema. § 6-2Tvungen avslutting ved forseinking eller manglande framdrift
(1) Avdelinga kan vedta tvungen avslutting av ph.d.-utdanninga før avtalt tid. Avdelinga kan gjere vedtak om det på grunnlag av eitt eller fleire forhold:- Vesentleg forseinking i gjennomføring av opplæringsdelen på grunn av forhold som kandidaten sjølv rår over
- Gjentekne og vesentlege brot frå kandidatens side av informasjons-, oppfølgings- eller rapporteringsplikt, inkludert innsending av framdriftsrapport, jf. § 9
- Forseinkingar i framdrifta i forskingsprosjektet som gjer det sannsynleg at kandidaten ikkje vil kunne fullføre prosjektet innafor avtalt tid. For å danne grunnlag for tvungen avslutting må forseinkinga skuldast forhold som kandidaten sjølv rår over.
(2) Klage over vedtak om tvungen avslutting ved forseinkingar eller manglande framdrift går til Nemnd for studentsaker ved Høgskulen i Volda. Del IV. Gjennomføring
§ 7Rettleiing
Arbeidet med doktorgradsprosjektet skal skje under individuell rettleiing. Avdelinga og rettleiarar skal saman sikre at ph.d.-kandidaten deltek i eit aktivt forskingsmiljø. § 7-1Oppnemning av rettleiarar
(1) Ph.d.-kandidaten skal som hovudregel ha minst to rettleiarar, der ein er oppnemnd som hovudrettleiar. Hovudrettleiar skal normalt vere tilsett ved Høgskulen og vert oppnemnd i samband med opptaktsvedtaket.(2) Hovudrettleiaren har det faglege hovudansvaret for kandidaten. Dersom det vert oppnemnd ekstern hovudrettleiar, skal det oppnemnast ein medrettleiar som er vitskapleg tilsett ved Høgskulen.(3) Medrettleiarar er fagpersonar som gjev rettleiing og som deler det faglege ansvaret for kandidaten med hovudrettleiar.(4) Habilitetsreglane i forvaltningslova andre kapittel «Om ugildhet» gjeld for rettleiarane. Utfyllande retningslinjer for det einskilde programmet utdjupar dette.(5) Alle rettleiarar skal ha doktorgrad eller tilsvarande kompetanse innafor fagfeltet og vere aktive forskarar. Minst ein av dei oppnemnde rettleiarane bør ha tidlegare erfaring frå eller opplæring i rettleiing av ph.d.-kandidatar.(6) Ph.d.-kandidat og rettleiar kan saman eller kvar for seg be doktorgradsutvalet om å oppnemne ein annan rettleiar for kandidaten. Rettleiar kan ikkje slutte før ny rettleiar er oppnemnd. Usemje om rettleiar og kandidat sine faglege rettar og plikter kan partane melde inn til doktorgradsutvalet for avgjerd. Del V. Fullføring
§ 12-1Grunnlag for vurdering
Ph.d.-graden vert tildelt på grunnlag av:- godkjent og offentleggjort vitskapleg avhandling
- godkjent gjennomføring av opplæringsdelen
- godkjent prøveførelesing over oppgjeve emne
- godkjent offentleg forsvar av avhandlinga (disputas).
§ 12-2Tidsbruk frå innlevering til disputas
Det skal normalt ikkje gå meir enn fem (5) månader frå innlevering av avhandlinga til disputasen vert gjennomført. Del VI. Klage, ikraftsetjing og overgangsreglar
§ 23-1Klage over avslag på søknad om opptak, vedtak om avslutting av studierett, klage over avslag på søknad om godkjenning av element i opplæringsdelen
Avslag på søknad om opptak, vedtak om avslutting av studierett og avslag på søknad om godkjenning av element i opplæringsdelen kan klagast på etter reglane i forvaltingslova § 28 flg. Grunngjeven klage skal sendast Høgskulen. Vert avslaget ståande, skal klagen sendast til Nemnd for studentsaker ved Høgskulen i Volda for endeleg avgjerd. § 23-2Klage over eksamen i opplæringsdelen