Kapittel 1. Verkeområde
§ 1-1Verkeområde
(1) Forskrifta fastset hovudreglane for studium ved Fagskulen Vestland, innanfor rammene av fagskoleloven og sentrale forskrifter frå departementet og NOKUT.(2) Forskrifta gjeld for alle studium ved Fagskulen Vestland.(3) Lov og forskrift gitt av lovgivar eller NOKUT skal ved motstrid gå framfor føresegner gitt i denne forskrifta. Kapittel 2. Organisering av studia
§ 2-1Organisering
(1) Ved Fagskulen Vestland er utdanningane bygde opp av emne.(2) Kvar utdanning skal ha ein studieplan. Studieplanen er ein kontrakt mellom Fagskulen Vestland og studentane, og viser planlagt fagleg progresjon og gjennomføring av utdanninga. Studieplanen er grunnlag for grad og vitnemål.(3) Studieplanen skal informere om opptakskrav, faginnhald, struktur og undervisnings-, lærings- og vurderingsformer, inkludert praksis, jf. fagskoletilsynsforskriften § 2-1 siste ledd.(4) Eit fullt studieår er normert til 60 studiepoeng, jf. fagskoleloven § 17a første ledd. § 2-2Oppretting, endring og nedlegging av utdanningar og emne
(1) Ved Fagskulen Vestland skal saker om oppretting, endring og nedlegging av utdanningar og emne behandlast slik:- Dersom fagskulen har akkreditering for fagområde, har styret fullmakt til sjølv å akkreditere nye fagskuleutdanningar og godkjenne vesentlege endringar i fagskuleutdanningane innan det akkrediterte fagområdet, jf. fagskoleforskriften § 48 tredje ledd.
- Dersom fagskulen ikkje har akkreditering for fagområde, skal styret søke NOKUT om akkreditering av nye fagskuleutdanningar og godkjenning av vesentlege endringar i allereie akkrediterte tilbod, jf. fagskoleforskriften § 47 første ledd.
- Styret skal informere NOKUT om nedlegging av utdanningar.
(2) I medhald av fagskoletilsynsforskriften § 5-1 første ledd skal styret melde NOKUT om- nye utdanningar innanfor eit akkreditert fagområde
- nye studiestader for ei utdanning
- endring av studiestad for ei utdanning
- endring av namnet på ei utdanning
- endring av det samla læringsutbyttet for ei utdanning
- endring av utdanningsform for ei utdanning.
(3) For endringar etter andre ledd bokstav b til f i utdanningar som ikkje inngår i eit akkreditert fagområde, vil NOKUT vurdere om endringane gjer det nødvendig å søke om ny akkreditering, jf. fagskoletilsynsforskriften § 5-1 siste ledd. Endring i totalt antal studiepoeng for ei utdanning vil alltid krevje ny akkreditering.(4) Øvrige endringar som ikkje er omfatta av reglane i første til tredje ledd, og som ikkje endrar det samla læringsutbyttet for utdanninga, kan gjennomførast av utdanningsleiar utan søknad eller melding til NOKUT.(5) Ved endring eller nedlegging i utdanningar eller emne, skal det utarbeidast overgangsordningar som sikrar at studentane får høve til å fullføre utdanninga eller emnet. Kapittel 3. Studierett
§ 3-2Studierett
(1) Studierett er å vere tatt opp som student ved ei utdanning eller eit emne, og ha status som student.(2) Studentar som er tatt opp ved Fagskulen Vestland har studierett på den utdanninga eller det emnet, og ved den studiestaden, som opptaket gjeld.(3) Studierett gir studenten rett til å følge og delta i undervisning, medrekna plikt til å gjennomføre obligatoriske læringsaktivitetar, i samsvar med emneplanen.(4) Studierett gir studenten rett til å bli vurdert i samsvar med studieplanen.(5) Studierett gir studenten rett til å få tilgang til fagskulen sine ressursar, for eksempel lokale, lesesalar, datamaskiner osv., i samsvar med emneplanen og fagskulen sine reglement.(6) Ved opptak blir studenten tildelt studierett med ei varigheit lik normert studietid for utdanninga eller emnet hen er tatt opp til. For utdanningar med eitt til tre års varigheit, kan studieretten etter avtale maksimalt vere gyldig i eitt år utover normert studietid. Avgrensinga i studieretten gjeld ikkje for innvilga permisjon, vedtak om tilrettelagd studieløp, gyldig fråvær ved obligatoriske læringsaktivitetar og vurdering, samt vedtak om bortvising og utestenging.(7) Ved overgang eller opptak til ny utdanning ved fagskulen vil som hovudregel den eksisterande studieretten opphevast. Kapittel 4. Tilpassing av studia og fråvær
§ 4-1Permisjon
(1) Studentane har etter søknad rett til permisjon frå utdanninga når dei er i teneste etter forsvarsloven § 17, når dei har verv i studentpolitiske eller folkevalde organ, og når det ligg føre andre særlege grunnar. Studentane skal få permisjon så lenge behovet tilseier det. I permisjonsperioden har studenten framleis studierett og rett til å gå opp til eksamen ved fagskulen, jf. fagskoleloven § 28a.(2) Ein gravid student har etter søknad rett til utsett eksamen dersom eksamensdatoen er i perioden mellom tre veker før fastsett termindato og seks veker etter fødsel. Barnets andre forelder har rett til utsett eksamen dersom eksamensdatoen er innanfor to veker etter fødselen, jf. fagskoleloven § 28 første ledd.(3) Ein student som får barn under utdanninga, har etter søknad rett til permisjon frå utdanninga under svangerskapet og til omsorg for barn. I permisjonsperioden har studenten framleis status som student ved fagskulen, og har rett til å starte opp igjen utdanninga på same nivå som før permisjonen, jf. fagskoleloven § 28 andre ledd.(4) Fagskulen skal legge til rette for at studentar i permisjon etter andre og tredje ledd kan starte opp igjen utdanninga så raskt som mogleg etter permisjonen, jf. fagskoleloven § 28 tredje ledd.(5) Søknad om permisjon må meldast til fagskulen så snart som råd. Ved søknaden skal det vedleggast dokumentasjon for permisjonsgrunnlaget, for eksempel terminstadfesting eller sjukemelding frå lege, psykolog eller annan sakkunnig. Attestar, erklæringar og liknande skal vere utforma i tråd med helsepersonelloven § 15.(6) Ved permisjon blir lengda på studieretten justert for permisjonsperioden. Permisjon etter første ledd blir som hovudregel innvilga for inntil eitt år om gongen.(7) For betaling av eventuell(e) påkravd(e) avgift(er) under permisjon, sjå § 3-3 tredje ledd. Kapittel 5. Undervisning
§ 5-1Studieåret
(1) Det er undervisnings- og vurderingsfri på følgande dagar:- frå 24. desember til 1. januar
- på heilagdagar
- mellom semestera.
(2) Det kan gjerast unntak frå første ledd for praksis og liknande, inkludert førebuingar, samt for studentar med rett til ny obligatorisk læringsaktivitet eller ny vurdering etter § 4-4.(3) Litteratur- og utstyrsliste skal publiserast på fagskulen si heimeside seinast 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.(4) Plan for gjennomføring av vurdering skal vere tilgjengeleg for studentane seinast 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret. § 5-2Undervisningsstad
Undervisning skal finne stad i fagskulen sine lokale, andre stader som er tilknytt til eller har avtale med fagskulen, eller på fagskulen sine digitale læringsplattformer. Praksis blir gjennomført på praksisstaden. Fagskulen kan for enkelte emne fastsette annan undervisningsstad i emneplanen. Kapittel 6. Vurdering
§ 6-1Vurdering
(1) Vurdering er all prøving av studentane som verkar inn på den endelege karakteren i emnet.(2) Formålet med vurdering er å fremme læring, og etterprøve den kunnskapen, ferdigheita og kompetansen som studentane skal ha tileigna seg i emnet. § 6-2Vurderingsspråk
(1) Oppgåvetekster ved fagskulen skal vere på norsk, med mindre anna følger av emneplanen. Studentane kan be om å få oppgåveteksta på begge målformer. Studentane kan etter søknad få oppgåveteksta på engelsk.(2) Oppgåvesvar skal leverast på norsk, svensk eller dansk, med mindre anna følger av emneplanen. Studentane kan levere oppgåvesvaret på begge målformer. Studentane kan etter søknad levere oppgåvesvaret på engelsk. § 6-3Vurderingsform
(1) Ved Fagskulen Vestland skal studentane sine kunnskapar, ferdigheiter og kompetanse bli prøvd og vurdert på ein upartisk og fagleg forsvarleg måte, jf. fagskoleloven § 21 første ledd. Prøving og vurdering av studentane skal gjennomførast slik at fagskulen, på eit mest mogleg sikkert grunnlag, kan vurdere i kva grad studentane har nådd læringsutbyttet for utdanninga eller emnet. Fagskulen avgjer kva vurderingsformer som skal brukast for å sikre dette.(2) Fagskulen kan bestemme at ei vurderingsform skal brukast aleine eller i kombinasjon med andre vurderingsformer. Det skal gå fram av emneplanen kva vurderingsform eit emne har.(3) Ei vurdering som består av fleire vurderingsdelar er ikkje bestått før alle vurderingsdelane er bestått. Vekta av kvar vurderingsdel skal gå fram av emneplanen som ein brøk eller prosentandel av den samla karakteren.(4) Dersom ein eller fleire vurderingsdelar, og dermed endeleg karakter, ikkje er bestått, må studenten normalt ta alle vurderingsdelar på nytt ved eit eventuelt nytt vurderingsforsøk. Kapittel 7. Vurderingsuttrykk og sensur
§ 7-1Vurderingsuttrykk
(1) Vurderingsuttrykket ved avsluttande vurdering, eksamen, prøve, bedømming av oppgåve eller anna vurdering skal enten vere det ugraderte vurderingsuttrykket «bestått» / «ikkje bestått», på engelsk «passed» / «not passed», eller det graderte vurderingsuttrykket A–F, jf. fagskoleforskriften § 40.(2) Bestått resultat med ugradert vurderingsuttrykk vil seie at studenten har nådd læringsutbyttet.(3) Bestått resultat med gradert vurderingsuttrykk blir uttrykt med karakterane A til E. Ikkje bestått resultat med gradert vurderingsuttrykk blir uttrykt med bokstaven F, jf. fagskoleforskriften § 40.(4) Karakterskalaen A–F blir gitt etter følgande allmenne, kvalitative kriterium:Nynorsk:| Symbol | Nemning | Generell, ikkje fagspesifikk beskriving av vurderingskriterium |
|---|
| A | Framifrå | Framifrå prestasjon som skil seg klart ut. Studenten syner særs god vurderingsevne og stor grad av sjølvstende. |
| B | Mykje god | Mykje god prestasjon. Studenten syner mykje god vurderingsevne og sjølvstende. |
| C | God | Jamt god prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste områda. Studenten syner god vurderingsevne og sjølvstende på dei viktigaste områda. |
| D | Nokså god | Akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar. Studenten syner ein viss grad av vurderingsevne og sjølvstende. |
| E | Tilstrekkeleg | Prestasjonen tilfredsstiller minimumskrava, men heller ikkje meir. Studenten syner lita vurderingsevne og lite sjølvstende. |
| F | Ikkje greidd | Prestasjon som ikkje tilfredsstiller dei faglege minimumskrava. Studenten syner både manglande vurderingsevne og sjølvstende. |
Bokmål:| Symbol | Betegnelse | Generell, ikke fagspesifikk beskrivelse av vurderingskriterier |
|---|
| A | Fremragende | Fremragende prestasjon som klart utmerker seg. Studenten viser svært god vurderingsevne og stor grad av selvstendighet. |
| B | Meget god | Meget god prestasjon. Studenten viser meget god vurderingsevne og selvstendighet. |
| C | God | Jevnt god prestasjon som er tilfredsstillende på de fleste områder. Studenten viser god vurderingsevne og selvstendighet på de viktigste områdene. |
| D | Nokså god | En akseptabel prestasjon med noen vesentlige mangler. Studenten viser en viss grad av vurderingsevne og selvstendighet. |
| E | Tilstrekkelig | Prestasjonen tilfredsstiller minimumskravene, men heller ikke mer. Studenten viser liten vurderingsevne og selvstendighet. |
| F | Ikke bestått | Prestasjon som ikke tilfredsstiller de faglige minimumskravene. Studenten viser både manglende vurderingsevne og selvstendighet. |
Engelsk:| Symbol | Description | General, quantitative description |
|---|
| A | Excellent | An excellent performance, clearly outstanding. The candidate demonstrates excellent judgement and independent skills and/or understanding. |
| B | Very Good | A very good performance. The candidate demonstrates very good judgement and independent skills and/or understanding. |
| C | Good | A good performance in most areas. The candidate demonstrates good judgement and independent skills and/or understanding. |
| D | Satisfactory | A satisfactory performance, but with significant shortcomings. The candidate demonstrates a limited degree of judgement and independent skills and/or understanding. |
| E | Sufficient | A performance that meets the minimum criteria, but no more. The candidate meets the minimum criteria and demonstrates a very limited judgement and independent skills and/or understanding. |
| F | Failed | A performance that does not meet the minimum criteria. The candidate has failed because of an absence of judgement and independent skills and/or understanding of the subject. |
Kapittel 8. Grunngiving og klage
§ 8-1Grunngiving
(1) Studenten har rett til å få grunngiving for karakterfastsettinga, jf. fagskoleloven § 22 første ledd. Retten til grunngiving gjeld tilsvarande ved ny sensur. Grunngivinga kan vere munnleg eller skriftleg, jf. fagskoleloven § 22 andre ledd.(2) Ved munnleg eksamen eller bedømming av praktiske ferdigheiter må krav om grunngiving settast fram straks etter at karakteren er formidla. Dersom karakteren blir kunngjort elektronisk, må krav om grunngiving settast fram innan éi veke etter kunngjeringa. Ved anna type kunngjering må studenten krevje grunngiving innan éi veke etter at studenten fekk kjennskap til karakteren, men likevel ikkje seinare enn tre veker etter at karakteren blei kunngjort, jf. fagskoleloven § 22 første ledd.(3) Studenten har rett på grunngiving innan to veker etter at hen har bedt om den. Om grunngivinga ikkje kan vere klar innan to veker, skal studenten varslast om det og samstundes få vite når grunngivinga kan ventast, jf. fagskoleloven § 22 andre ledd. § 8-2Klage på enkeltvedtak
(1) Enkeltvedtak etter denne forskrifta kan påklagast innan tre veker, jf. forvaltningsloven §§ 28 og 29, med dei avgrensingar som følger av § 8-5 tredje og siste ledd. Klaga må vere skriftleg, og skal rettast til fagskulen.(2) Ved klage skal det forvaltningsorganet som har treft det opphavlege vedtaket ta stilling til om det er grunn til å oppheve eller endre vedtaket det blir klaga på. Dersom slik grunn ikkje ligg føre, skal saka sendast til klageinstansen for endeleg behandling, jf. forvaltningsloven § 33. Klageinstans er Lokal klagenemnd for fagskular i Vestland eller Nasjonal klagenemnd for høyere yrkesfaglig utdanning, jf. § 8-5.(3) Ved klage på karakterfastsetting og formelle feil gjeld reglane i §§ 8-3 og 8-4. Kapittel 9. Disiplinærsaker
§ 9-1Fusk
(1) Forbodet mot fusk, forsøk på fusk og medverknad til fusk gjeld både i forbindelse med eksamen, prøve eller liknande, og elles under gjennomføringa av emnet.(2) Som fusk reknar ein mellom anna- å bruke eller ha ulovlege hjelpemiddel tilgjengeleg
- å sitere kjelder eller på annan måte bruke kjelder i skriftlege arbeid utan tilstrekkelege og korrekte kjeldetilvisingar
- ulovleg kommunikasjon og samarbeid mellom enkeltpersonar og grupper
- å la ein annan gjennomføre vurderinga, den obligatoriske læringsaktiviteten eller liknande for seg
- å tileigne seg fordelar ein ikkje har rett til
- å handle på andre måtar i strid med retningslinjer bestemt av fagskulen.
Kapittel 10. Grader
§ 10-1Tildeling av grader
(1) Fagskulen Vestland tildeler grada «fagskulegrad» for fullført fagskuleutdanning av eitt til halvtanna års varigheit (60–90 studiepoeng), jf. fagskoleforskriften § 41 første ledd. Fagskulen fastset nærmare krav til omfang og samansetting av grada i studieplanen.(2) Fagskulen Vestland tildeler grada «høgare fagskulegrad» for fullført fagskuleutdanning av to års varigheit eller meir (minimum 120 studiepoeng), jf. fagskoleforskriften § 41 siste ledd. Fagskulen fastset nærmare krav til omfang og samansetting av grada i studieplanen.(3) Grada er oppnådd når studenten oppfyller krava i den aktuelle studieplanen. § 10-2Namn på grader
(1) Ei fagskulegrad får normalt namnet «Fagskulegrad i [namn på utdanninga]», på engelsk «Professional degree of [namn på utdanninga på engelsk]».(2) Ei høgare fagskulegrad får normalt namnet «Høgare fagskulegrad i [namn på utdanninga]», på engelsk «Higher professional degree of [namn på utdanninga på engelsk]». Kapittel 11. Vitnemål og karakterutskrift
§ 11-1Vitnemål
(1) Fagskulen Vestland skal skrive ut vitnemål til studentar for fullført fagskuleutdanning, jf. fagskoleloven § 19 første ledd. Studieplanen er grunnlag for vitnemål.(2) For at Fagskulen Vestland skal kunne skrive ut vitnemål eller annan dokumentasjon for fullført utdanning, må studenten avlegge studiepoeng ved fagskulen tilsvarande minste resultatberande eining i fagskuleutdanninga studenten ønsker vitnemål eller annan dokumentasjon for. Det er normalt den siste fagskulen som har ein student før fullført utdanningsløp, som har ansvaret for å skrive ut vitnemålet, jf. fagskoleforskriften § 38.(3) Vitnemålet skal vise- namnet på fagskulen og utdanninga
- namnet og fødselsnummeret til studenten
- ei beskriving av karaktersystemet
- karakterane til studenten
- det overordna læringsutbyttet for utdanninga
- emne og eventuell praksis i utdanninga
- tittel og beskriving av hovudprosjekt eller fordjupingsemne, om utdanninga har dette
- nivå i Nasjonal kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring
- antal studiepoeng og eventuell gradsnemning
- datoen for når vitnemålet er skrive ut.
For dei maritime utdanningane skal vitnemålet vise sertifikatnummeret til fagskulen.
(4) Dersom utdanninga har krav om skikkavurdering, skal vitnemålet vise dette, jf. fagskoletilsynsforskriften § 2-7 siste ledd.(5) Dersom studenten har fått innvilga søknad om godskriving av eller fritak for emne, skal vitnemålet vise dette.(6) Vitnemålet blir skrive ut på papir, på bokmål eller nynorsk. For dei maritime utdanningane skal vitnemålet skrivast på engelsk. Fagskulen Vestland omset ikkje vitnemål.(7) Vitnemålet blir som hovudregel skrive ut etter at klagefristen for dei emna som inngår i grunnlaget for grada har gått ut, og ei eventuell klagebehandling er ferdig.(8) Vitnemålet blir skrive ut éin gong. I særlege tilfelle kan fagskulen ved tap av vitnemål skrive ut duplikat. Kapittel 12. Ikraftsetjing og overgangsregel
§ 12-1Ikraftsetjing og oppheving
§ 12-2Overgangsregel
Ordningar i studieplanar vedtatt før denne forskrifta tredde i kraft, som er i strid med nye reglar i forskrifta, kan gjennomførast etter tidlegare vedtatt ordning i studieåret 2025/2026.