Kapittel 1. Innleiande føresegner
§ 1-1Verkeområde
(1) Lova gjeld for bustadbyggjelag. Med bustadbyggjelag er meint eit samvirkeføretak som har til hovudføremål å skaffe bustader til andelseigarane gjennom burettslag eller på anna vis og å forvalte bustader for andelseigarane.(2) Aksjeloven og allmennaksjeloven gjeld ikkje for bustadbyggjelag.(3) Kongen gir forskrift om bruken av lova på Svalbard og kan fastsetje særlege reglar ut frå tilhøva på staden. § 1-2Ansvarsavgrensing
(1) Andelseigarane heftar ikkje overfor kreditorane for lagsskyldnadene.(2) Andelseigarane har ikkje plikt til å gjere innskot i laget eller i eit konkursbu ut over det som følgjer av § 3-1 om andel og § 3-2 om årspengar. § 1-3Tilknytte lag
Tilknytte burettslag er burettslag der det følgjer av vedtektene at andelseigarane skal vere andelseigarar i eit bestemt bustadbyggjelag. § 1-4Forbod mot diskriminering
I vedtektene kan det ikkje setjast vilkår for å vere andelseigar som tek omsyn til kjønn, graviditet, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsettelse, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk eller alder. Slike omstende kan ikkje reknast som sakleg grunn til å nekte godkjenning av ein andelseigar eller ha vekt ved tildeling av bustad. Ved diskriminering gjeld likestillings- og diskrimineringsloven.Ikr. 1 jan 2004 iflg. res. 19 des 2003 nr. 1765. Endra med lover 3 juni 2005 nr. 33 (ikr. 1 jan 2006 iflg. res. 17 juni 2005 nr. 608), 10 juni 2005 nr. 40 (ikr. 1 jan 2006 iflg. res. 10 juni 2005 nr. 528), 20 juni 2008 nr. 42 (ikr. 1 jan 2009 iflg. res. 20 juni 2008 nr. 631), 21 juni 2013 nr. 61 (ikr. 1 jan 2014 iflg. res. 21 juni 2013 nr. 707), 16 juni 2017 nr. 51 (ikr. 1 jan 2018 iflg. res. 16 juni 2017 nr. 751). § 1-5Meldingar mv.
(1) Styret avgjer korleis meldingar og liknande til andelseigarane etter denne lova skal givast. Andelseigarane kan reservere seg mot å ta imot meldingar elektronisk. Styret skal informere andelseigarane i rimeleg tid før ny kommunikasjonsmåte blir teken i bruk. Meldingar skal givast på ein trygg og tenleg måte.(2) Når ein andelseigar skal gi meldingar og liknande etter denne lova til laget, kan han eller ho gjere dette ved bruk av elektronisk kommunikasjon til den e-postadressa eller på den måten laget har fastsett for dette føremålet.(3) Krav i lova om at meldingar og liknande skal vere skriftlege eller givast skriftleg, er ikkje til hinder for elektronisk kommunikasjon.(4) Departementet kan i forskrift gi føresegner om krav til meldingar og liknande mellom laget og andelseigarane.Endra med lov 26 mars 2021 nr. 16 (ikr. 1 april 2021 iflg. res. 26 mars 2021 nr. 966). § 1-6Utarbeiding og oppbevaring av dokumentasjon
(1) Styret skal utarbeide og oppbevare dokumentasjon som det er krav om etter lova, på ein trygg og forsvarleg måte. Dokumentasjonen skal vere tilgjengeleg frå Noreg.(2) Krav om at dokumentasjon skal vere eller givast skriftleg, er ikkje til hinder for bruk av elektroniske løysingar.(3) Departementet kan i forskrift gi føresegner om oppbevaringstid for bestemte dokumenttypar, kva som er eigna format på dokumentasjonen, kva som skal reknast som trygg og forsvarleg utarbeiding og oppbevaring, og om tryggleiksnivået for signatur.Føyd til med lov 26 mars 2021 nr. 16 (ikr. 1 apr 2021 iflg. res. 26 mars 2021 nr. 966). Kapittel 2. Stifting av bustadbyggjelag
§ 2-1Stiftingsdokument
(1) For å stifte eit bustadbyggjelag skal stiftarar som skal teikne minst tjue andelar og skyte inn kapital på til saman minst 100 000 norske kroner, setje opp eit stiftingsdokument. Stiftingsdokumentet skal innehalde vedtektene for laget (§ 2-2) og dei føresegnene som er nemnde i § 2-3.(2) Dersom nokon skal ha særskilde rettar i samband med stiftinga, eller laget skal dekkje utgiftene ved stiftinga, må dette vere fastsett i stiftingsdokumentet, jf. § 2-4. § 2-2Minstekrav til vedtektene
(1) Vedtektene skal minst innehalde føresegner om- føretaksnamn for laget,
- kommune i riket der laget skal ha forretningskontor,
- kva verksemd laget skal drive i tillegg til hovudføremålet,
- pålydande verdi på andelane,
- lågaste og høgaste tal på medlemmer av styre og valkomité,
- kva saker som skal opp på den ordinære generalforsamlinga.
(2) Namnet på bustadbyggjelaget (føretaksnamnet) skal innehalde ordet bustadbyggjelag eller avkortinga BBL.Endra med lov 6 juni 2003 nr. 38 (ikr. 1 mars 2004 iflg. res. 5 sep 2003 nr. 1118, sjå § 13-3 i lova her). Kapittel 3. Kapitalen i laget
§ 3-1Minstekapital
(1) Laget skal ha ein andelskapital på til saman minst 100 000 norske kroner.(2) Laget skal ha minst tjue andelseigarar når det blir stifta. Stiftelsesloven kapittel 6 gjeld tilsvarande dersom laget ikkje lenger har andelseigarar.(3) Andelane skal lyde på minst 300 norske kroner, men ikkje meir enn 5 000 norske kroner. Det kan fastsetjast i vedtektene at andelane skal ha ulikt pålydande.(4) Om ikkje andelskapitalen åleine oppfyller kravet i første ledd, må ein eller fleire andelseigarar i tillegg til andelen skyte inn kapital i laget som skal reknast likt med andelskapital. Er ikkje anna avtala, kan slik innskotskapital krevjast tilbakebetalt dersom laget etter betalinga har ein eigenkapital på minst 100 000 norske kroner, og eigenkapitalen ikkje er openbert uforsvarleg ut frå risikoen og verksemda i laget, jf. § 3-3.(5) Med unntak for tilbakebetaling som nemnt i fjerde ledd kan andelskapitalen berre setjast ned dersom det trengst for å dekkje tap som ikkje kan dekkjast på anna vis.Endra med lov 21 des 2005 nr. 130. § 3-2Årspengar
(1) I vedtektene kan det fastsetjast at andelseigarane skal betale årspengar. Årspengane treng ikkje vere like for alle andelseigarar. Endring av årspengane kan avgjerast av den ordinære generalforsamlinga med verknad frå neste kalenderår.(2) Tilknytte burettslag skal betale årspengane for kvar andel i laget. Kapittel 4. Andelseigarane
I Andelseigarane
§ 4-1Andelseigarane
(1) Eit bustadbyggjelag skal alltid vere ope for nye andelseigarar. I vedtektene kan det setjast vilkår for å eige andel dersom det er sakleg grunn til det. Alle andelar gir like rettar og plikter i laget, om ikkje anna følgjer av lova her.(2) Juridiske personar kan vere andelseigarar, om ikkje anna er fastsett i vedtektene. Vedtektene kan setje særlege vilkår for slik medlemskap eller kan overlate til styret å setje vilkår.(3) Kvar andelseigar kan berre eige ein andel. Juridiske personar kan eige fleire andelar dersom det går fram av vilkår som er fastsette etter andre leddet.(4) Ein andelseigar i eit tilknytt burettslag kan vere andelseigar i bustadbyggjelaget utan hinder av vedtektene.(5) Ny andelseigar kan berre utøve sine rettar som andelseigar når ervervet er ført inn i andelseigarboka. § 4-2Krav til andelseigarbok
(1) Laget skal ha ei andelseigarbok som skal førast forsvarleg på elektronisk eller anna vis.(2) I andelseigarboka skal andelseigarane førast inn med opplysningar om namn eller føretaksnamn, fødselsdato eller organisasjonsnummer og adresse.(3) For kvar andelseigar skal det opplysast om talet på andelar og nummer på andelane.Endra med lov 6 juni 2003 nr. 38 (ikr. 1 mars 2004 iflg. res. 5 sep 2003 nr. 1118, sjå § 13-3 i lova her). Kapittel 5. Generalforsamlinga
I Allmenne reglar
§ 5-1Mynde
Generalforsamlinga har øvste myndet i laget. § 5-2Møterett. Fullmektig
(1) Alle andelseigarane har rett til å møte i generalforsamlinga. Andelseigarane som har teikna andel etter siste årsskiftet, har likevel ikkje rett til å møte. Andelseigarane kan velje å møte ved fullmektig som dei sjølve peiker ut. Ingen kan vere fullmektig for meir enn ein andelseigar. Møteretten kan ikkje avgrensast i vedtektene på anna vis enn det som går fram av § 5-3.(2) Fullmektigen skal leggje fram skriftleg fullmakt. Fullmakta skal vere signert og datert. Fullmakta gjeld berre for den førstkomande generalforsamlinga om det ikkje går tydeleg fram at noko anna er meint. Andelseigaren kan når som helst kalle tilbake fullmakta. Første og andre punktum gjeld tilsvarande for tilbakekalling av fullmakta.(3) Kvar andelseigar kan ta med ein rådgivar og kan gi talerett til rådgivaren.Endra med lov 26 mars 2021 nr. 16 (ikr. 1 apr 2021 iflg. res. 26 mars 2021 nr. 966). Kapittel 6. Leiinga av laget
I Krav om styre og dagleg leiar. Val av styre, tenestetid o.a.
§ 6-1Styret
(1) Laget skal ha eit styre med minst tre medlemmer. Berre myndige personar kan vere styremedlemmer.(2) Styret skal velje styreleiaren om ikkje generalforsamlinga har gjort det. Dagleg leiar kan ikkje vere styreleiar. § 6-2Dagleg leiar
Styret skal tilsetje ein dagleg leiar for laget. § 6-3Val av styremedlemmer
(1) Generalforsamlinga skal velje styremedlemmene. Det skal veljast minst ein varamedlem.(2) Første ledd gjeld ikkje styremedlemmer som dei tilsette i laget skal velje etter § 6-4.(3) Det kan fastsetjast i vedtektene at valretten for generalforsamlinga etter første ledd skal overførast til andre. Meir enn halvparten av styremedlemmene skal likevel veljast av generalforsamlinga, om ikkje valretten blir overført til eit vedtektsfesta lagsorgan. Valrett kan ikkje overførast til styret eller til ein styremedlem. Kapittel 7. Verksemda i laget
§ 7-1Skaffe andelseigarane bustader
(1) Bustadbyggjelaget kan skaffe bustader til andelseigarane gjennom- avtalar med andelseigarane om oppføring eller avhending av bustader som er knytte til eller skal knytast til andel i burettslag,
- avtalar med andelseigarane om oppføring eller avhending av andre bustader,
- avtalar med andelseigarane om utleige av bustad,
- andre avtalar med andelseigarane om rett til bustad,
- vedtekter eller avtalar om forkjøpsrett eller annan løysingsrett til bustad for andelseigarane i bustadbyggjelaget.
(2) Ei fullmakt for laget til å ta avgjerder på vegner av ein andelseigar i ein avtale mellom andelseigaren og ein entreprenør eller seljar om oppføring av eller rett til bustad, kan kallast tilbake utan varsel. Kapittel 8. Revisjon
§ 8-1Revisor
Eit bustadbyggjelag skal ha ein eller fleire statsautoriserte eller registrerte revisorar. § 8-2Val av revisor
(1) Generalforsamlinga skal velje ein eller fleire revisorar, og kan velje ein eller fleire vararevisorar.(2) Generalforsamlinga skal godkjenne godtgjersla til revisor. § 8-3Bortfall av oppdraget
(1) Revisor gjer teneste fram til annan revisor er vald.(2) Fell oppdraget for revisor bort før tenestetida er ute, skal styret utan opphald syte for val av ny revisor. Det same gjeld dersom revisor ikkje lenger fyller vilkåra for å kunne veljast til revisor i laget. Kapittel 9. Samanslåing av bustadbyggjelag
§ 9-1Samanslåing av bustadbyggjelag
(1) Eit bustadbyggjelag kan overdra eignedelar og skyldnader under eitt til eit anna bustadbyggjelag mot at andelseigarane blir andelseigarar i det overtakande laget.(2) Vedtektsføresegn i burettslag om at andelseigarane skal vere andelseigarar i eit overdragande bustadbyggjelag, skal etter samanslåinga gjelde det overtakande laget. § 9-2Godkjenning av planen om samanslåing
(1) Styra i laga skal utarbeide ein felles plan for samanslåinga. Planen skal utarbeidast etter reglane i § 9-4 og underteiknast av styra.(2) Planen om samanslåing skal godkjennast av generalforsamlingane med slikt fleirtal som trengst for vedtektsendring. § 9-3Andelar i det overtakande laget
Andelseigarane i det overdragande laget skal førast inn i andelseigarboka i det overtakande laget når samanslåinga er vedteken i dei laga som skal slåast saman. Andelseigarar frå det overdragande laget har ikkje rettar eller plikter i det overtakande laget før samanslåinga er registrert som etter § 9-11 første ledd. Kapittel 10. Oppløysing og avvikling
§ 10-1Vedtak om oppløysing
(1) Oppløysing av laget krev vedtak på to generalforsamlingar etter kvarandre, med minst fire vekers mellomrom. På kvar generalforsamling må minst to tredjedelar av røystene som er gitt, vere for vedtaket. Den eine generalforsamlinga skal vere den ordinære generalforsamlinga.(2) Generalforsamlinga kan ikkje vedta oppløysing etter at laget er vedteke oppløyst ved orskurd etter kapittelet her. § 10-2Avviklingsstyre og andre organ i laget
(1) Når vedtak om oppløysing er endeleg, skal generalforsamlinga velje eit avviklingsstyre som kjem i staden for styret og dagleg leiar. Valet gjeld på ubestemt tid med ein oppseiingsfrist for medlemmene på tre månader.(2) Reglane om styret i kapittel 6, medrekna reglane om rett for tilsette til å velje styremedlemmer, gjeld tilsvarande for avviklingsstyret.(3) Reglane om generalforsamlinga og eventuelt representantskap gjeld så langt dei passar under avviklinga. § 10-3Melding til Føretaksregisteret
Kapittel 11. Skadebot o.a.
§ 11-1Skadebotansvar
Den som i eigenskap av styremedlem, dagleg leiar, granskar eller andelseigar valdar tap forsettleg eller aktlaust for laget, andelseigarar eller andre under utføringa av oppgåva si, har plikt til å bøte tapet. Det same gjeld for medlem av representantskap eller andre organ som er skipa etter vedtektene. § 11-3Vedtak om å fremje krav
(1) Generalforsamlinga avgjer om laget skal fremje skadebotkrav etter § 11-1. Er det opna gjeldsforhandling eller konkurs, gjeld føresegnene i konkursloven.(2) Første ledd gjeld tilsvarande for inngåing av førehandsavtale mellom laget og nokon som er nemnd i § 11-1, som regulerer eller avgrensar skadebotansvaret deira.Vert endra ved lov 19 juni 2026 nr. 48 (i kraft frå den tid Kongen bestemmer). Kapittel 12. Ymse føresegner
§ 12-1Teieplikt
(1) Tillitsvalde, dagleg leiar og tilsette i eit bustadbyggjelag skal hindre at uvedkomande får tilgang til det dei har fått kjennskap til i verksemda i laget om personlege tilhøve. Teieplikta gjeld ikkje når inga rettkomen interesse tilseier at opplysningane skal haldast hemmelege.(2) Brot på teieplikta kan straffast med bøter. Medverknad blir ikkje straffa.Endra med lov 19 juni 2015 nr. 65 (ikr. 1 okt 2015). § 12-2Saksbehandlinga i tingretten o.a.
Kapittel 13. Ikraftsetjing. Overgangsreglar