Kapittel 1. Verkeområde og definisjonar
§ 1-2Definisjonar
(1) Opptak inneber at ein person har søkt, fått vurdert kompetansen sin og fått studierett til eit studieprogram eller emne tilknytt Høgskulen på Vestlandet.(2) Lokalt opptak viser til opptak som ikkje høyrer til det nasjonale samordna opptaket.(3) Opptakskrav er dei krava som vert stilt til søkjaren for å bli vurdert som kvalifisert for opptak. Opptakskrav skal gå fram av studieplan eller emneplan for alle studium og emne som har eige opptak.(4) Grunnutdanning og integrert mastergradutdanning er studieprogram der opptak som hovudregel krev fullført utdanning frå vidaregåande opplæring eller godkjent realkompetanse.(5) Mastergradsutdanning er studieprogram som byggjer på utdanning på bachelorgradsnivå og som fører fram til ein mastergrad.(6) Vidareutdanning er studiepoenggivande ny formell kompetanse på universitets- og høgskulenivå. Det kan vere spesielt tilrettelagte enkeltemne eller studieprogram på lågare eller høgare grads nivå.(7) Etterutdanning eller kurs er ny formell kompetanse på universitets- og høgskulenivå, som ikkje gir studiepoeng.(8) Praktisk-pedagogisk utdanning er pedagogisk kompetanse som saman med relevant kompetanse i undervisningsfag eller yrkesfagleg utdanning kvalifiserer til undervisning.(9) Enkeltemne er emne som er opne for søkjarar som ikkje har studierett på studieprogrammet som emnet høyrer til, eller emne som vert tilbydde som frittståande studium.(10) Overflyttingsopptak er opptak der søkjaren har teke delar av utdanninga ved andre utdanningsinstitusjonar, andre campus eller andre studieprogram ved Høgskulen på Vestlandet, og startar på 2. året eller seinare i eit utdanningsløp.(11) Oppdragsfinansierte studium og emne vert gjennomført mot vederlag betalt av ein eller fleire oppdragsgjevarar, og er ikkje retta mot enkeltstudentar, men mot oppdragsgjevaren si målgruppe.(12) Betalingsstudium er når høgskulen krev eigenbetaling frå studentar, jf. forskrift til universitets- og høyskoleloven § 4-6.(13) Studiepoeng den enkelte har oppnådd ved gjennomført fagskuleutdanning, er ikkje likestilt med studiepoeng frå høgare utdanning ved opptak etter denne forskrifta.Endra ved forskrift 20 nov 2025 nr. 2990. Kapittel 2. Opptaksgrunnlag
§ 2-1Generelle føresegner
(1) Minstekrav for opptak til utdanning som gjev studiepoeng ved Høgskulen på Vestlandet er generell studiekompetanse eller tilsvarande realkompetanse, slik dette er fastsett i forskrift om opptak til høgare utdanning.(2) Søkjarar med utdanning frå land utanfor Norden, må dokumentere at dei oppfyller krav til norsk- og engelskkunnskapar slik dette er fastsett i forskrift om opptak til høgare utdanning, jf. § 2-2 andre ledd for å kvalifisere for opptak til studium som gjev studiepoeng.(3) Krava til norskkunnskapar gjeld ikkje for søkjarar som skal takast opp til engelskspråklege studieprogram, og studentar som deltek i internasjonale utvekslingsprogram, jf. forskrift om opptak til høgare utdanning § 2-2 sjuande ledd.(4) Søkjarar til engelskspråklege vidare- eller mastergradsutdanningar som har utdanning frå land utanfor Norden, må dokumentere engelskkunnskap på høgare nivå med eitt av følgjande alternativ:- Engelsk frå Vg1 i norsk vidaregåande skule (140 årstimar) med karakteren 4 eller betre.
- International English Language Testing Service (IELTS) med minst 6.0 poeng.
- Test of English as a Foreign Language (TOEFL) med minst 550 poeng for Paper-based test (PBT), minst 213 poeng for Computer-based test (CBT), eller minst 80 poeng for Internet-based test (IBT).
- Pearson PTE Academic med minimum 59 poeng.
- Cambridge English Examinations med testene B2 First med resultatet B eller bedre, eller C1 Advanced med resultatet C eller bedre, eller C2 Proficiency med resultatet C eller bedre.
- Annan dokumentasjon kan godkjennast etter individuell vurdering.
- Unntak frå kravet for enkeltstudium eller emne kan fastsetjast av styret i studieplan eller emneplan.
(5) Styret kan i studieplan eller emneplan fastsetje spesielle opptakskrav til studium som ikkje vert omfatta av forskrift om opptak til høgare utdanning.(6) Der studium har opptakskrav om praksis, blir praksis rekna frå same dato som søkjar fekk autorisasjonen sin. Ved yrke utan autorisasjon, blir praksis rekna frå den datoen søkjar har fullført kvalifiserande utdanning.Endra ved forskrift 20 nov 2025 nr. 2990. Kapittel 3. Realkompetanse
§ 3-2Realkompetanse for opptak til studium som krev generell studiekompetanse
(1) Søkjaren må oppfylle følgjande kriterium for å vere kvalifisert for opptak til studium som har generell studiekompetanse som opptakskrav:- Søkjaren har ikkje generell studiekompetanse.
- Spesielle opptakskrav på studieprogrammet må vere oppfylt.
- Søkjaren må ha minst fem års fulltids arbeidserfaring, der minst tre er relevante for studiet det vert søkt om opptak til. Deltid vert rekna om til heiltid. Inntil to av dei fem åra kan vere ulønna arbeid, utdanning, organisasjonserfaring og/eller liknande.
- Søkjarar til emne på inntil 30 studiepoeng eller studieprogram på 30 studiepoeng må ha minst fem års arbeidserfaring i minst 50 %, der minst tre år er relevante for studiet det vert søkt om opptak til. Inntil to av dei fem åra kan vere ulønt arbeid, utdanning, organisasjonserfaring og/eller liknande.
- Alle søkjarar må ha naudsynte kunnskapar i norsk (eller anna nordisk språk) og engelsk for å kunne gjennomføre studiet. Kunnskapar i faga norsk, matematikk og engelsk vert særskilt vektlagt.
- Søkjarar med morsmål frå land utanfor Norden må dokumentere at dei fyller krav til norsk tilsvarande kravet til generell studiekompetanse, med grunnlag i krav i forskrift om opptak til høgare utdanning. Unntak kan gjerast dersom utdanninga i sin heilheit vert gjennomført på engelsk eller for søkjarar med 3-årig vidaregåande opplæring frå Noreg eller anna nordisk land.
- Ved opptak til emne på inntil 30 studiepoeng eller studieprogram på 30 studiepoeng, der det ikkje er fagleg nødvendig med engelskkunnskapar, kan studie- eller emneplan fastsetje unntak for dokumentasjon av engelskkunnskapar.
- Søkjar til studieprogram på 60 studiepoeng eller meir må gjere greie for eigen motivasjon og forventing til studiet, samt ein eigenvurdering av kvifor søkjar meiner å kunne gjennomføre studiet.
(2) Søkjarar kan ikkje bli vurdert for realkompetanse dersom studiet har krav om eit bestemt minimumstal på skulepoeng, slik som til dømes grunnskulelærar- og faglærarutdanningane. Kapittel 4. Rangering
§ 4-1Poengutrekning og rangering av søkjarar til grunnutdanningar
(1) Ved opptak til grunnutdanningar vert søkjarar poengutrekna og rangerte etter føresegner gitt i kapittel 7 i forskrift om opptak til høgare utdanning, unntak frå dette i lokale opptak skal ha heimel i studieplanen.(2) Realkompetansesøkjarar vert rangerte i forhold til andre søkjarar på grunnlag av ei heilskapleg skjønnsmessig vurdering. Omfanget og relevansen av praksis, utdanning og motivasjon vert vektlagd. § 4-2Generelle føresegner om rangering av søkjarar til studium i lokale opptak
(1) Grunnlaget for rangeringa er den dokumentasjonen som kvalifiserer søkjaren for eit studium, jf. kapittel 2 i denne forskrifta. Søkjarane vert rangerte innbyrdes i kvotar på grunnlag av konkurransepoeng.(2) Ved lik poengsum gjeld følgjande:- Ved lik poengsum i ei kvote skal eldre søkjarar rangerast framfor yngre, om ikkje anna er oppgitt i studieplanen.
- Styret kan fastsetje i studieplanen at det kjønnet som er underrepresentert i ei kvote skal prioriterast.
(3) Dersom ein søkjar har fleire gyldige opptaksgrunnlag etter kapittel 2, vert grunnlaget som gir best resultat for søkjaren valt.(4) Dersom det er ledige studieplassar på eit studium etter opptak, kan ledige studieplassar tilbydast kvalifiserte søkjarar. Søkjarane blir rangert etter tidspunkt søknaden vert motteken. Kapittel 5. Opptaksrammer og kvotar
§ 5-1Opptaksrammer og kvotar
(1) Styret sjølv fastset årleg tal studieplassar som gir ei opptaksramme for dei enkelte studieprogramma, jf. universitets- og høyskoleloven § 8-3.(2) Styret, eller den eininga styret nemner opp, gjennomfører opptak av studentar.(3) Styret kan i studieplanen eller emneplanen fastsetje kvotar for søkjarar med ulike søkjargrunnlag.(4) Opptak til studia skjer på grunnlag av rangering innanfor kvotar. Kvote er eit bestemt tal eller ein bestemt del av studieplassane som vert fordelt blant søkjarar som tilfredsstiller nærmare bestemte krav. Eit krav i ein kvote kan vere eit bestemt kjønn, tilsetjingsforhold, geografi, faglege forhold, nasjonale og internasjonale avtalar eller institusjonstilknyting.(5) Styret kan i studieplanen fastsetje kvotar med krav til bestemt søkjargrunnlag hos søkjaren. Kapittel 6. Opptak og tilbod på vilkår
§ 6-1Tilbod om opptak før opptaksgrunnlaget er oppfylt
(1) Søkjar som ikkje oppfyller heile opptaksgrunnlaget på søknadstidspunktet, kan få tilbod om opptak på vilkår dersom søkjaren oppfyller opptaksgrunnlaget innan 1. juli for opptak til haustsemesteret og 1. desember for opptak til vårsemesteret. Høgskulen kan gjere unntak frå fristen i tilbodsbrevet.(2) Søkjaren må i søknaden dokumentere at opptaksgrunnlaget skal bli dekka innan gitt frist.(3) Søkjarar som ikkje oppfyller dei gitte vilkåra for opptak innan fristen, tapar studieplassen.(4) Søkjarar frå utanfor EU/EØS får ikkje tilbod på vilkår i det internasjonale opptaket. § 6-2Opptak på visse vilkår
(1) I særlege tilfelle kan søkjar som manglar eitt emne på inntil 20 studiepoeng eller to eller fleire emne på inntil 15 studiepoeng for å dekka opptaksgrunnlaget til ei utdanning, få opptak til studiet på visse vilkår og starte på utdanninga. Vilkåret for slikt opptak er at studenten oppfyller opptaksgrunnlaget på utdanninga innan frist gitt i tilbodsbrevet.(2) Døme på særlege tilfelle kan vere når søkjar ikkje har hatt moglegheit til å gå opp til eksamen grunna sjukdom, ulukker eller dødsfall i nær familie. Andre særlege tilfelle kan òg gi grunnlag for opptak på vilkår. Særlege tilfelle må dokumenterast ved attest frå lege, anna helsepersonell, politi, høgskulen eller tilsvarande.(3) Opptak på visse vilkår vert berre gitt når søkjaren dekker faglege minstekrav og eventuelle krav til fordjuping, jf. kapittel 2 og studieplanen. I tillegg må søkjaren dokumentere tilstrekkelege kunnskapar i norsk og engelsk, jf. § 2-1. Opptak på vilkår gir ikkje dispensasjon frå forkunnskapskrav som er fastsett i eit emne.(4) Opptak på vilkår vert ikkje gitt til utdanningar der yrkeserfaring er ein del av opptaksgrunnlaget.(5) Studentar som ikkje oppfyller dei gitte vilkåra for opptak innan fristen, taper studieplassen. Kapittel 7. Felles føresegner om administrative forhold
§ 7-1Reservert studieplass
(1) Tildelt studieplass kan reserverast til neste gong det er opptak til studiet dersom det ligg føre dokumenterte, tungtvegande grunnar. Slike grunnar kan vere førstegongsteneste, fødsel, adopsjon eller langvarig sjukdom / opphald på sjukehus.(2) Det vert normalt ikkje innvilga reservert plass for meir enn eitt år der studiet har oppstart årleg. Det vert gjort unntak for søkjar som vert innkalla til militærteneste. I slike tilfelle kan søkjaren få innvilga inntil to år i særskilde tilfelle.(3) Søknad om reservering av studieplass må leggast fram innan tre veker etter at ein har motteke tilbod om studieplass.(4) Reservasjon av studieplass er ikkje mogleg når ein har fått opptak via ledige studieplassar.(5) Rektor kan i særlege tilfelle tilby reservasjon av studieplassar til søkjarar når dette er grunngitt i kapasitet, organisering eller særskilte tilhøve som ikkje er knytt til enkeltpersonar. § 7-2Oppmøte og registrering ved studiestart
(1) Ved opptak er det er obligatorisk å gjennomføre oppmøteregistrering ved studiestart, med mindre anna er oppgitt. Registreringa kan vere fysisk eller digital. Ein tapar studieretten om ein ikkje har fullført oppmøteregistrering innan gitt frist.(2) Søkjar som ikkje kan møte til studiestart må sende skriftleg melding til opptakskontoret og få fråværet godkjent. Opptak kan godkjenne fråværet i forkant av studiestart og registrering dersom det ligg føre gode grunnar. Kapittel 8. Rettleiing og iverksetjing
§ 8-1Rettleiing til forskrifta
Styret eller det organet styret nemner opp, kan vedta ei rettleiing til denne forskrifta til hjelp for sakshandsamarar og studentar.