Del 1. Renter og tilbakebetaling
Kapittel 1. Innleiande føresegner
§ 1Verkeområde
Forskrifta gjeld tilbakebetaling av utdanningslån som er gitt etter utdanningsstøttelova og forskrift om utdanningsstøtte.Forskrifta gir reglar om- renter og tilbakebetaling
- betalingsutsetjing og sletting av renter
- sletting av gjeld
- misleghalden gjeld som er permanent overført til Innkrevjingsmyndigheita
- tap av rettar.
Endra ved forskrift 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026). § 2Personleg gjeld og sletting av gjeld når låntakaren døyr
Utdanningsgjelda er personleg gjeld og kan ikkje bli overdratt til andre.Døyr låntakaren, blir gjelda sletta. § 3Opplysningsplikta til låntakaren
Låntakaren pliktar å gi rette og fullstendige opplysningar og skal melde frå dersom noko av det som er nemnt i søknaden, endrar seg.Låntakaren skal så snart som råd etter flytting melde adresseendring til Lånekassen eller til Folkeregisteret i Norge. Låntakarar som er busette i utlandet, skal melde adresseendring direkte til Lånekassen. Kapittel 2. Renter
§ 4Kva tid det blir lagt renter til utdanningslånet
Utdanningslånet er rentefritt under utdanninga. Det blir lagt til renter frå første dag etter at låntakaren ikkje lenger får lån eller stipend etter forskrifta om utdanningsstøtte.Når låntakaren får lån eller stipend til deltidsutdanning, blir det lagt renter til gjeld frå tidlegare utdanning.Stipendbeløp som blir omgjort til lån etter behovsprøving etter forskrifta om utdanningsstøtte, får tillagt renter frå datoen for omgjeringa. Renter blir likevel ikkje lagde til før lånet blir sett renteberande etter første ledd. § 5Flytande og fast rente
Lån i Lånekassen har flytande rente så sant låntakaren ikkje inngår avtale om å binde renta.Annankvar månad tilbyr Lånekassen fast rente for periodar på 3, 5 eller 10 år. § 6Renter ved forseinka betaling
Det blir rekna renter etter forseinkingsrentelova av det forfalne beløpet frå dagen etter betalingsfristen, og av heile lånet frå den datoen lånet er oppsagt på grunn av misleghald. Kapittel 3. Nedbetaling og terminbeløp
§ 15Nedbetalingstid og terminbeløp
Den lengste nedbetalingstida er 20 år frå lånet blir gjort renteberande siste gong. Når ein låntakar får utsett betalinga for ein periode, blir nedbetalingstida til vanleg gjord tilsvarande lengre. Den lengste nedbetalingstida er 30 år.Utdanningslånet skal betalast etter annuitetsprinsippet. Terminbeløpa blir fastsette på grunnlag av 20 års nedbetalingstid for lån over 318 000 kr. I særlege tilfelle kan Lånekassen fastsetje terminbeløpa på ein annan måte.Lånet skal vere nedbetalt innan låntakaren fyller 70 år. For låntakarar over 50 år blir terminbeløpa auka slik at nedbetalingstida blir maksimalt 20 år.Terminbeløpet blir justert når rentesatsen blir endra.Endra ved forskrifter 19 des 2023 nr. 2177 (i kraft 1 jan 2024), 19 des 2024 nr. 3321 (i kraft 1 jan 2025), 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026). § 16Betalingsplan
Lånekassen sender ut ein betalingsplan når lånet er gjort renteberande etter § 4.Ein låntakar som har fått betalingsplan og deretter har fått lån eller stipend til ny utdanning, får ny betalingsplan for den samla gjelda. Kapittel 4. Rekning og gebyr
§ 18Betaling av rekning
Utdanningsgjelda skal nedbetalast månadleg.Låntakaren får den første rekninga om lag 7 månader etter at lånet er gjort renteberande, sjå § 4.Ein låntakar som får lån eller stipend til deltidsutdanning og allereie har ein betalingsplan for lån, skal betale etter denne planen. Når låntakaren ikkje lenger får lån eller stipend, får låntakaren ny betalingsplan for heile gjelda. Låntakaren får ikkje nokon betalingspause som nemnd i andre leddet.Terminbeløpet skal betalast sjølv om låntakaren ikkje har fått rekninga. § 19Gebyr ved rekning på papir og ved purring
Det blir lagt til eit gebyr på 18 kr for låntakarar som får rekning på papir. Låntakarar som ikkje kan bruke elektronisk varsling på grunn av dokumentert synshemming, slepp dette gebyret.Ved den første purringa blir det lagt til eit gebyr på 280 kr.Ved den andre purringa blir eit gebyr på 490 kr lagt til det første gebyret. Den andre purringa er eit varsel om oppseiing av heile gjelda. Kapittel 5. Misleghald av betalingsplikta
§ 21Følgjer av å ikkje betale etter den andre purringa
Dersom låntakaren ikkje betaler innan fristen i den andre purringa, gjer Lånekassen vedtak om oppseiing av lånet, slik at heile gjelda forfell til betaling. Innkrevjingsmyndigheita tek over innkrevjinga.Det blir rekna renter etter forseinkingsrentelova av hovudstolen og kapitaliserte renter frå oppseiingsdatoen.Oppseiinga blir oppheva dersom låntakaren betaler eller får betalingsutsetjing for det forfalne beløpet. Når oppseiinga blir oppheva, trekkjer Lånekassen saka tilbake frå Innkrevjingsmyndigheita, og låntakaren får igjen rekningar frå Lånekassen. Forseinkingsrentene vil inngå i den ordinære nedbetalinga av gjelda i Lånekassen.Endra ved forskrifter 19 des 2024 nr. 3321 (i kraft 1 jan 2025), 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026). § 22Avtale om betaling av misleghalden gjeld
Dersom låntakaren ikkje betaler heile det ubetalte terminbeløpet, kan Innkrevjingsmyndigheita og låntakaren inngå betalingsavtale for det forfalne beløpet.Endra ved forskrift 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026). Kapittel 6. Lån og stipend i periodar med gjeldsforhandling og gjeldsordning
Overskrifta endra ved forskrift 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).§ 29Gjeldsordning etter gjeldsordningslova
Låntakarar med økonomiske vanskar kan søkje om gjeldsordning etter gjeldsordningslova. Søknaden skal rettast til Innkrevjingsmyndigheita.Endra ved forskrift 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026). § 30Lån eller stipend i periodar med gjeldsforhandling og gjeldsordning
I gjeldsforhandlingsperioden og i gjeldsordningsperioden kan låntakaren som hovudregel ikkje få nytt lån eller stipend, med mindre dette er avtalt i ordninga. Misleghald kan føre til avslag på søknad om nytt lån eller stipend. Del 2. Betalingsutsetjing og sletting av renter
Kapittel 7. Betalingsutsetjing
§ 33Utsetjing med betalinga av terminbeløpet
Utsetjing med betalinga av eit terminbeløp fører til at nedbetalingstida blir 1 månad lengre. Låntakaren kan få utsett betalinga av terminbeløpa opp til 36 gonger for kvart låneforhold, slik at nedbetalingstida blir opp til 3 år lengre. Eit låneforhold varer til lånet er innfridd.Betalingsutsetjing kan likevel ikkje gå ut over rammene for nedbetalingstid i kapittel 3. § 34Utsetjing med betalinga av terminbeløpa ved sletting av renter
Ein låntakar som oppfyller krava til sletting av renter, har rett til utsetjing med betalinga av terminbeløpa i den same perioden.Dersom det er sannsynleg at låntakaren vil få innvilga ein søknad om sletting av renter for ein periode, kan det bli gitt betalingsutsetjing for denne perioden. Dette gjeld sjølv om formues- og inntektsskatten for perioden ikkje er fastsett.Betalingsutsetjing kan likevel ikkje gå ut over rammene for nedbetalingstid i kapittel 3. Del 3. Sletting av gjeld
Kapittel 9. Sletting av gjeld for låntakarar i utvalde kommunar
Overskrifta endra ved forskrift 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).§ 43Sletting av gjeld for låntakarar i Finnmark og Nord-Troms
Låntakarar kan frå 1. januar 2026 få sletta inntil 60 000 kr per år av utdanningsgjelda ved avslutta utdanning dersom dei har vore busette og yrkesaktive i innsatssona i Finnmark og Nord-Troms i ein oppteningsperiode på 12 månader. Berre gjeld som er knytt til utdanning som er teken kan slettast. Gjeld som er urettmessig motteken skal ikkje slettast, jf. § 76 første ledd.Innsatssona tyder her Finnmark og kommunane Lyngen, Storfjord, Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa, Kvænangen og Karlsøy i Nord-Troms.Endra ved forskrift 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026). § 44Vilkår for å få sletta gjeld som yrkesaktiv lege i utvalde kommunar
Låntakarar kan få sletta delar av utdanningsgjelda dersom dei har hatt arbeid som lege i ein oppteningsperiode på 12 månader i desse kommunane:- Troms: Gratangen og Ibestad
- Nordland: Rødøy, Nesna, Bø, Øksnes, Evenes, Vega, Flakstad, Moskenes og Andøy
- Trøndelag: Leka, Røyrvik, Høylandet og Lierne
- Møre og Romsdal: Aure.
Ordninga gjeld òg låntakarar som har hatt arbeid som lege i dei tidlegare kommunane Torsken og Berg i Troms, Tysfjord i Nordland og Fosnes i Trøndelag.Frå 1. januar 2025 kan ikkje låntakarar begynne å tene opp rett til gjeldssletting etter føresegna.Endra ved forskrifter 19 des 2023 nr. 2177 (i kraft 1 jan 2024), 19 des 2024 nr. 3321 (i kraft 1 jan 2025), 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026). Del 4. Gjeld som er permanent overført til Innkrevjingsmyndigheita
Overskrifta endra ved forskrift 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).Kapittel 14. Gjeld som er permanent overført til Innkrevjingsmyndigheita
Overskrifta endra ved forskrift 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).§ 70Betalingsvilkår
Krav om tilbakebetaling av utdanningsgjeld som er permanent overført til Innkrevjingsmyndigheita, får lagt til renter etter forseinkingsrentelova.Ei innbetaling dekkjer, i denne rekkefølgja: inkassokostnader, gebyr, renter og lån.Endra ved forskrift 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026). § 71Myndigheitsutøvinga til Innkrevjingsmyndigheita
Innkrevjingsmyndigheita er kreditor for utdanningsgjeld som er permanent overført frå Lånekassen.Krav om tilbakebetaling av utdanningsgjeld er tvangsgrunnlag for utlegg. Innkrevjingsmyndigheita krev inn gjelda etter innkrevjingslova. Del 5 Sluttføresegner
Kapittel 15. Tap av rettar
§ 76Følgjer av brot på opplysningsplikta
Dersom ein låntakar med vilje eller aktlaust har brote opplysningsplikta og såleis har fått eller prøvd å få utbetalt eller godskrive lån eller stipend som låntakaren ikkje har rett til, kan låntakaren misse retten til sletting av renter, betalingsutsetjing og sletting av gjeld. Lånekassen kan krevje beløpet tilbakebetalt og rekne renter frå det tidspunktet låntakaren fekk tildelt lån eller stipend. Heile gjelda kan seiast opp og krevjast inn.Dersom ein låntakar med vilje eller aktlaust har brote opplysningsplikta og såleis har fått sletta renter eller gjeld som låntakaren ikkje har rett til, kan låntakaren misse retten til betalingsutsetjing og sletting av renter og gjeld.I vurderinga av misleghaldet skal hovudvekta leggjast på kor lenge misleghaldet har vart, og kor mykje urettkommen lån eller stipend eller sletting av renter eller gjeld låntakaren har fått. § 77Følgjer av misleghald av betalingsplikta
Misleghald av betalingsplikta kan føre til avslag på søknad om lån eller stipend til ny utdanning etter forskrift om utdanningsstøtte, og avslag på søknad om betalingsutsetjing, sletting av renter og gjeld.