Første delen. Renter og tilbakebetaling
Kapittel 1. Innleiande føresegner
§ 1-1Verkeområde
Forskrifta gjeld tilbakebetaling av utdanningslån som er gitt etter utdanningsstøtteloven og forskrift om tildeling av utdanningsstøtte.Forskrifta gir reglar om- renter og tilbakebetaling
- betalingsutsetjing og sletting av renter
- sletting av gjeld
- misleghalden gjeld som er permanent overført til Statens innkrevjingssentral
- tap av rettar.
§ 1-2Personleg gjeld og sletting av gjeld når låntakaren døyr
Utdanningsgjelda er personleg gjeld og kan ikkje bli overdratt til andre.Døyr låntakaren, blir gjelda sletta. § 1-3Opplysningsplikta til låntakaren
Låntakaren pliktar å gi rette og fullstendige opplysningar og skal melde frå dersom noko av det som er nemnt i søknaden, endrar seg.Låntakaren skal så snart som råd etter flytting melde adresseendring til Lånekassen eller til folkeregisteret. Låntakarar som er busette i utlandet, må melde adresseendring direkte til Lånekassen. Kapittel 2. Renter
§ 2-1Kva tid det blir lagt renter til utdanningslånet
Utdanningslånet er rentefritt under utdanninga. Det blir lagt til renter frå første dag etter at låntakaren ikkje lenger får lån eller stipend etter forskrifta om utdanningsstøtte.Når låntakaren får lån eller stipend til deltidsutdanning, blir det lagt renter til gjeld frå tidlegare utdanning.Stipendbeløp som blir omgjort til lån etter behovsprøving etter forskrifta om utdanningsstøtte, får tillagt renter frå datoen for omgjeringa. Renter blir likevel ikkje lagde til før lånet blir sett renteberande etter § 2-1 første ledd. § 2-2Flytande og fast rente
Lån i Lånekassen har flytande rente så sant låntakaren ikkje inngår avtale om å binde renta.Annankvar månad tilbyr Lånekassen fast rente for periodar på tre, fem eller ti år. § 2-3Renter ved forseinka betaling
Det blir rekna renter etter forsinkelsesrenteloven av det forfalne beløpet frå dagen etter betalingsfristen, og av heile lånet frå den datoen lånet er oppsagt på grunn av misleghald. Kapittel 3. Nedbetaling og terminbeløp
§ 3-1Nedbetalingstid og terminbeløp
Den lengste nedbetalingstida er 20 år frå lånet blir gjort renteberande siste gong. Når ein låntakar får utsett betalinga for ein periode, blir nedbetalingstida til vanleg gjord tilsvarande lengre. Den lengste nedbetalingstida er 30 år.Utdanningslånet skal betalast etter annuitetsprinsippet. Terminbeløpa blir fastsette på grunnlag av 20 års nedbetalingstid for lån over 267 000 kr. I særlege tilfelle kan Lånekassen fastsetje terminbeløpa på ein annan måte.Lånet skal vere nedbetalt innan låntakaren fyller 70 år. For låntakarar over 50 år blir terminbeløpa auka slik at nedbetalingstida blir maksimalt 20 år.Terminbeløpet blir justert når rentesatsen blir endra. § 3-2Betalingsplan
Lånekassen sender ut ein betalingsplan når lånet er gjort renteberande etter § 2-1.Ein låntakar som har fått betalingsplan og deretter har fått lån eller stipend til ny utdanning, får ny betalingsplan for den samla gjelda. Kapittel 4. Rekning og gebyr
§ 4-1Betaling av rekning
Utdanningsgjelda skal nedbetalast månadleg.Låntakaren får den første rekninga om lag sju månader etter at lånet er gjort renteberande, sjå § 2-1.Ein låntakar som får lån eller stipend til deltidsutdanning og allereie har ein betalingsplan for lån, skal betale etter denne planen. Når låntakaren ikkje lenger får lån eller stipend, får han eller ho ny betalingsplan for heile gjelda. Låntakaren får ikkje nokon betalingspause som nemnd i andre leddet.Terminbeløpet skal betalast sjølv om låntakaren ikkje har fått rekninga. § 4-2Gebyr ved rekning på papir og ved purring
Det blir lagt til eit gebyr på 18 kr for låntakarar som får rekning på papir. Låntakarar som ikkje kan bruke elektronisk varsling på grunn av dokumentert synshemming, slepp dette gebyret.Ved den første purringa blir det lagt til eit gebyr på 280 kr.Ved den andre purringa blir eit gebyr på 490 kr lagt til det første gebyret. Den andre purringa er eit varsel om oppseiing av heile gjelda. Kapittel 5. Misleghald av betalingsplikta
§ 5-1Følgjer av å ikkje betale etter den andre purringa
Dersom låntakaren ikkje betaler innan fristen i den andre purringa, gjer Lånekassen vedtak om oppseiing av lånet, slik at heile gjelda forfell til betaling. Statens innkrevjingssentral tek over innkrevjinga.Det blir rekna renter etter forsinkelsesrenteloven av hovudstolen og kapitaliserte renter frå oppseiingsdatoen.Oppseiinga blir oppheva dersom låntakaren betaler eller får betalingsutsetjing for dei forfalne ubetalte terminbeløpa. Når oppseiinga blir oppheva, trekkjer Lånekassen saka tilbake frå Statens innkrevjingssentral, og låntakaren får igjen rekningar frå Lånekassen. § 5-2Avtale om betaling av misleghalden gjeld
Dersom låntakaren ikkje betaler heile det ubetalte terminbeløpet, kan Statens innkrevjingssentral og låntakaren inngå betalingsavtale for det forfalne beløpet. § 5-3Tvangsinnkrevjing
Krav om tilbakebetaling av utdanningsgjeld er tvangsgrunnlag for utlegg. Ved vesentleg misleghald kan Statens innkrevjingssentral som særnamsmann gjennomføre utleggsforretning for heile gjelda etter reglane i tvangsfullbyrdingsloven. Statens innkrevjingssentral kan også sende kravet om utlegg til namsmannen på staden.Dersom dei forfalne terminbeløpa blir betalte, kan innkrevjinga bli stansa. Kapittel 6. Gjeldsordning og gjeld som er uråd å drive inn
§ 6-1Utanrettsleg gjeldsordning ved økonomiske vanskar
Låntakarar med økonomiske vanskar kan søkje om utanrettsleg gjeldsordning. Søknaden skal rettast til Statens innkrevjingssentral. Søknaden skal innehalde dokumenterte opplysningar om inntekta, formuen, gjelda og levekostnadene til låntakaren, og det skal stå kor mange barn han eller ho har. Søknaden skal innehalde tilsvarande opplysningar om ektefellen eller sambuaren i tillegg til anna som kan ha noko å seie for saka. § 6-2Gjeldsordning etter gjeldsordningsloven
Låntakarar med økonomiske vanskar kan søkje om gjeldsordning etter gjeldsordningsloven. Søknaden skal rettast til Statens innkrevjingssentral. § 6-3Lån eller stipend i periodar med gjeldsforhandling og gjeldsordning
I gjeldsforhandlingsperioden og i gjeldsordningsperioden kan låntakaren som hovudregel ikkje få nytt lån eller stipend, med mindre dette er avtalt i ordninga. Misleghald kan føre til avslag på søknad om nytt lån eller stipend. Andre delen. Betalingsutsetjing og sletting av renter
Kapittel 7. Betalingsutsetjing
§ 7-1Utsetjing med betalinga av terminbeløpet
Utsetjing med betalinga av eit terminbeløp fører til at nedbetalingstida blir éin månad lengre. Låntakaren kan få utsett betalinga av terminbeløpa opp til 36 gonger for kvart låneforhold, slik at nedbetalingstida blir opp til tre år lengre. Eit låneforhold varer til lånet er innfridd.Betalingsutsetjing kan likevel ikkje gå ut over rammene for nedbetalingstid i kapittel 3. § 7-1aUtsetjing med betalinga av terminbeløpa under utbrotet av covid-19
Under utbrotet av covid-19 har låntakar i 2021 rett til utsetjing med betalinga av terminbeløp ut over grensa på tre år i § 7-1 første ledd.Betalingsutsetjing kan likevel ikkje gå ut over rammene for nedbetalingstid i kapittel 3.Tilføyd ved forskrift 25 feb 2021 nr. 558, endra ved forskrift 23 juni 2021 nr. 2174. Tredje delen. Sletting av gjeld
Kapittel 9. Sletting av gjeld for låntakarar i Finnmark og utvalde kommunar i andre fylke
§ 9-1Vilkår for å få sletta gjeld
Låntakarar kan få sletta delar av utdanningsgjelda dersom dei har vore busette og yrkesaktive i Finnmark eller i ein av kommunane Lyngen, Storfjord, Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa, Kvænangen eller Karlsøy i Nord-Troms i ein oppteningsperiode på tolv månader. I særlege tilfelle kan ordninga òg omfatte låntakarar som i ei kort tid har hatt arbeid ein annan stad.Utan omsyn til bustad omfattar ordninga òg låntakarar som i tolv månader i strekk har vore yrkesaktive legar i desse kommunane:- Troms og Finnmark: Gratangen og Ibestad
- Nordland: Rødøy, Nesna, Bø, Øksnes, Evenes, Vega, Flakstad, Moskenes og Andøy
- Trøndelag: Leka, Røyrvik, Høylandet og Lierne
- Møre og Romsdal: Aure.
Ordninga gjeld òg låntakarar som har vore yrkesaktive legar i dei tidlegare kommunane Torsken og Berg i Troms, Tysfjord i Nordland og Fosnes i Trøndelag. Fjerde delen. Gjeld som er permanent overført til Statens innkrevjingssentral
Kapittel 14. Gjeld som er permanent overført til Statens innkrevjingssentral og gjeldsordningar
§ 14-1Betalingsvilkår
Krav om tilbakebetaling av utdanningsgjeld som er permanent overført til Statens innkrevjingssentral, får lagt til renter etter forsinkelsesrenteloven.Ei innbetaling dekkjer, i denne rekkefølgja: inkassokostnader, gebyr, renter og lån. § 14-2Myndigheitsutøvinga til Statens innkrevjingssentral
Statens innkrevjingssentral er kreditor for utdanningsgjeld som er permanent overført frå Lånekassen.Krav om tilbakebetaling av utdanningsgjeld er tvangsgrunnlag for utlegg. Som særnamsmann kan Statens innkrevjingssentral halde utleggsforretning for heile gjelda etter reglane i tvangsfullbyrdingsloven. Statens innkrevjingssentral kan òg sende krav om utlegg til namsmannen på staden. Femte delen. Sluttføresegner
Kapittel 15. Tap av rettar
§ 15-1Følgjer av brot på opplysningsplikta
Dersom ein låntakar med vilje eller aktlaust har brote opplysningsplikta og såleis har fått eller prøvd å få utbetalt eller godskrive lån eller stipend som han eller ho ikkje har rett til, kan låntakaren misse retten til sletting av renter, betalingsutsetjing og sletting av gjeld. Lånekassen kan krevje beløpet tilbakebetalt og rekne renter frå det tidspunktet låntakaren fekk tildelt lån eller stipend. Heile gjelda kan seiast opp og krevjast inn.Dersom ein låntakar med vilje eller aktlaust har brote opplysningsplikta og såleis har fått sletta renter eller gjeld som han eller ho ikkje har rett til, kan låntakaren misse retten til betalingsutsetjing og sletting av renter og gjeld.I vurderinga av misleghaldet skal hovudvekta leggjast på kor lenge misleghaldet har vart, og kor mykje urettkommen lån eller stipend eller sletting av renter eller gjeld låntakaren har fått. § 15-2Følgjer av misleghald av betalingsplikta
Misleghald av betalingsplikta kan føre til avslag på søknad om lån eller stipend til ny utdanning etter forskrift om tildeling av utdanningsstøtte, og avslag på søknad om betalingsutsetjing, sletting av renter og gjeld.