Kapittel 1. Alminnelege føresegner
§ 1Verkeområde
Loven gjeld overlevering av personar mellom Noreg og medlemsstatar i Den europeiske unionen og mellom Noreg og andre nordiske statar for straffbare forhold på grunnlag av ein arrestordre. Personar som er ettersøkte gjennom ein arrestordre, og som oppheld seg i Noreg, skal pågripast og overleverast til staten som har ferda ut arrestordren etter føresegnene i denne loven.For å få pågripe og overlevert personar til Noreg for strafforfølging eller straffullbyrding her, kan det ferdast ut ein arrestordre etter reglane i loven her. § 2Folkeretten si tyding for bruken av loven
Loven gjeld med dei avgrensingane som er godkjende i folkeretten eller som følgjer av avtale med framand stat. § 3Forholdet til straffeprosessloven
Dersom ikkje anna er bestemt i loven, gjeld straffeprosessloven sine reglar så langt dei høver. § 4Definisjonar
I loven tyder desse omgrepa:- arrestordre: avgjerd fatta av kompetent myndigheit i ein medlemsstat i Den europeiske unionen, Island eller Noreg om at ein annan av dei nemnde statane skal pågripe og overlevere ein ettersøkt person for strafforfølging eller fullbyrding av fridomsstraff eller ein annan fridomsrøvande reaksjon. I kapittel 1, 6, 7 og 8 brukt som fellesnemning på nordisk-europeiske og nordiske arrestordrar.
- nordisk-europeisk arrestordre: arrestordre ferda ut i samsvar med avtale 28. juni 2006 mellom Den europeiske unionen og republikken Island og Kongeriket Noreg om overleveringsprosedyre mellom medlemsstatane i Den europeiske unionen og Island og Noreg. Som nordisk-europeisk arrestordre skal også reknast arrestordre ferda ut i samsvar med Det europeiske råds rammeavgjerd 13. juni 2002 om den europeiske arrestordre og prosedyrane for overlevering mellom medlemsstatane (europeisk arrestordre).
- nordisk arrestordre: arrestordre ferda ut i samsvar med konvensjon om overlevering for straffbare forhold mellom dei nordiske landa 15. desember 2005. Ein arrestordre som nemnd i bokstav b som er ferda ut av eit nordisk land, skal også reknast som ein nordisk arrestordre ved bruk av loven her.
- utlevering: utlevering av personar for straffbare forhold etter utleveringsloven eller tilsvarande reglar i framand stat.
§ 5Krav til utforminga av ein arrestordre
Ein arrestordre skal førast i skjema som oppgitt i forskrift til loven, og skal innehalde- namn, adresse, telefon- og faksnummer og e-postadresse til den myndigheita som har ferda ut arrestordren
- personalia og statsborgarskapen til den ettersøkte
- opplysning om rettskraftig dom, pågripingsvedtak eller ei anna avgjerd med same rettskraft som ligg til grunn for arrestordren
- ei utgreiing av karakteren på lovbrotet med ei påpeiking av straffebod som venteleg råkar handlinga
- ei utgreiing av omstende omkring lovbrotet, under dette tidspunkt, stad og omfang av deltakinga til den ettersøkte
- den pådømde straffa eller den strafferamma som er fastsett for lovbrotet i den staten som har ferda ut arrestordren
- så vidt mogleg andre følgjer av lovbrotet.
Har arrestordren vesentlege manglar, utgjer han ikkje ein arrestordre, og påtalemakta kan, etter først å ha gitt den utferdande myndigheita ein rimeleg frist for retting, avslå han. Kapittel 2. Vilkår for overlevering frå Noreg på grunnlag av ein nordisk-europeisk arrestordre
§ 6Krav til straffetrusselen eller pådømd straff
Overlevering av personar til ein medlemsstat i Den europeiske unionen på grunnlag av ein nordisk-europeisk arrestordre skjer etter reglane i loven her for- straffeforfølging for forhold som kan medføre fridomsstraff eller ein annan fridomsrøvande reaksjon i 1 år eller meir i den staten som har ferda ut arrestordren
- fullbyrding av pådømd fridomsstraff eller annan fridomsrøvande reaksjon på minst fire månader.
Overlevering for fleire straffbare forhold kan skje sjølv om vilkåra i første ledd berre er oppfylte for eitt av forholda, under føresetnad om at dei andre forholda er straffbare etter norsk lov. § 7Dobbel strafflegging
Overlevering på grunnlag av ein nordisk-europeisk arrestordre kan berre skje når handlinga som ligg til grunn for arrestordren, eller ei tilsvarande handling, er straffbar også etter norsk lov.Dette gjeld likevel ikkje dersom arrestordren gjeld handlingar utførte av ein person som har medverka til at ei gruppe personar som opptrer med eit felles mål, utfører- terrorhandling eller terrorrelatert handling som nemnd i artikkel 1 og 2 i Europeisk konvensjon om nedkjemping av terrorisme og artikkel 1, 2, 3 og 4 i EUs rammevedtak 13. juni 2002 om nedkjemping av terrorisme
- ulovleg handel med narkotiske og psykotrope stoff
- drap
- grov kroppsskade
- kidnapping, ulovleg fridomsrøving eller gisseltaking
- valdtekt,
under føresetnad om at handling som nemnd i bokstav a til f kan medføre fridomsstraff eller ein annan fridomsrøvande reaksjon i 1 år eller meir i den staten som har ferda ut arrestordren. Handlingane må vere utførte med formål om å fremme gruppa sine mål og med kunnskap om at deltakinga vil bidra til gjennomføring av lovbrot som ligg innanfor gruppa sine kriminelle formål.
Vilkåret om dobbel strafflegging i første ledd gjeld heller ikkje dersom forholdet i den utferdande staten vert rekna som ei av dei handlingane som er nemnde i forskrift til loven, og i den utferdande staten kan straffast med fengsel eller annan fridomsrøvande reaksjon i minst tre år, om ikkje den utferdande staten sjølv stiller krav om dobbel strafflegging for overlevering til Noreg for straffeforfølging eller fullbyrding av pådømd straff for tilsvarande forhold. Departementet gir forskrift om kva for handlingar kravet til dobbel strafflegging ikkje skal gjelde for på vilkår som nemnde i første punktum i leddet her. Kapittel 3. Handsaminga av nordisk-europeiske arrestordrar
§ 13Pågriping, fengsling og annan bruk av tvangsmiddel
Den som er ettersøkt i høve til ein nordisk-europeisk arrestordre, skal pågripast snarast råd om ikkje det er klart at overlevering må avslåast. Er den ettersøkte under 18 år, skal pågriping berre gjennomførast dersom det er særleg påkravd. Straffeprosessloven § 170 a gjeld tilsvarande.Ved pågripinga skal den ettersøkte straks informerast om arrestordren. Den ettersøkte skal også informerast om høvet til å samtykkje i overlevering. Det skal oppnemnast forsvarar.Vil påtalemakta halde på den pågripne for å gjennomføre overleveringa, skal han framstillast for tingretten med krav om fengsling. Straffeprosessloven § 183 gjeld tilsvarande. Retten skal treffe avgjerd om fengsling om vilkåra for pågriping er oppfylte, jf. første ledd, med mindre det ikkje er grunn til å frykte for at den pågripne vil unndra seg eller hindre overlevering, eller formålet med fengsling kan oppnåast ved tiltak etter straffeprosessloven § 188. Retten skal ved vurderinga av om den skal treffe avgjerd om fengsling leggje opplysningane i arrestordren til grunn, om dei ikkje openbert er urette.Treff retten avgjerd om fengsling, skal det setjast ein tidsfrist på inntil 4 veker. Han kan lengjast med inntil 4 veker av gongen. Er den pågripne under 18 år, skal tidsfristen likevel ikkje overstige 2 veker eller lengjast med meir enn 2 veker av gongen. Samla fengslingstid kan ikkje overstige 12 veker, om det ikkje ligg føre særlege grunnar. Fjerde punktum gjeld likevel ikkje dersom det ligg føre eit konkurrerande krav om utlevering, jf. § 29 andre ledd, eller dersom den som vert kravd overlevert, tidlegare er overlevert eller utlevert.Andre straffeprosessuelle tvangsmiddel kan nyttast i same utstrekning som i saker om tilsvarande lovbrot her i riket. Tredje ledd fjerde punktum i paragrafen her gjeld tilsvarande.Endra med lov 24 mai 2013 nr. 18. Kapittel 4. Vilkår for overlevering på grunnlag av ein nordisk arrestordre
§ 17Krav til straffetrusselen eller pådømd straff
Overlevering av personar til ein annan nordisk stat på grunnlag av ein nordisk arrestordre skjer etter reglane i loven her for- strafforfølging for forhold som kan medføre fridomsstraff eller ein annan fridomsrøvande reaksjon i den staten som har ferda ut arrestordren
- fullbyrding av pådømd fridomsstraff som nemnd i bokstav a.
Gjeld arrestordren fleire straffbare forhold, skal han etterkomast og setjast i verk sjølv om vilkåra i første ledd berre er oppfylte for eitt av forholda. § 18Obligatoriske avslagsgrunnar
Ein nordisk arrestordre skal avslåast for forhold som det ligg føre ein avslagsgrunn for som nemnd i § 8 første ledd bokstav a til j og andre ledd. § 19Forhold som kan gi grunnlag for avslag
Kapittel 5. Handsaminga av nordiske arrestordrar
§ 20Pågriping, fengsling og annan bruk av tvangsmiddel
Den som er ettersøkt i høve til ein nordisk arrestordre, skal pågripast snarast råd om det ikkje er klart at overlevering må avslåast. Pågriping kan også skje etter reglane i straffeprosessloven kapittel 14 når politi eller påtalemakt i ein annan nordisk stat ber om det før personen er ettersøkt som nemnt i første punktum, i same utstrekning som i saker om tilsvarande lovbrot her i landet. Er den ettersøkte under 18 år, skal pågriping berre skje dersom det er særleg påkravd. Straffeprosessloven § 170 a gjeld tilsvarande.Ved pågripinga skal den ettersøkte straks informerast om arrestordren. Den ettersøkte skal også informerast om retten til å samtykkje i overlevering og kva for rettsfølgjer eit slikt samtykke har. Det skal oppnemnast forsvarar.Vil påtalemakta halde på den pågripne for å gjennomføre overleveringa, skal vedkomande framstillast for tingretten med krav om fengsling. Straffeprosessloven § 183 gjeld tilsvarande. Retten skal treffe avgjerd om fengsling om vilkåra for pågriping er oppfylte, jf. første ledd, med mindre det ikkje er grunn til å frykte for at den pågripne vil unndra seg eller hindre overlevering, eller formålet med fengsling kan oppnåast ved tiltak etter straffeprosessloven § 188. Retten skal ved vurderinga av om den skal treffe avgjerd om fengsling leggje opplysningane i arrestordren til grunn, om dei ikkje openbert er urette.Framstilling for tingretten med krav om fengsling skjer likevel ikkje dersom den ettersøkte er over 18 år og samtykkjer i overlevering, dersom ikkje den ettersøkte krev retten si prøving av vilkåra for fengsling etter tredje ledd tredje punktum eller dersom overlevering venteleg ikkje kan skje innan ei veke frå pågripinga. Fristen for framstilling vert i så fall rekna frå kravet om retten si prøving er framsett eller frå samtykket til overlevering er trekt tilbake, eller frå det tidspunkt det er klart at overlevering ikkje vil skje innan fristen nemnd i første punktum.Treff retten avgjerd om fengsling, skal det setjast ein tidsfrist som ikkje må overstige 4 veker, men 2 veker dersom den pågripne er under 18 år. Han kan lengjast med inntil 2 veker av gongen. Samla fengslingstid kan ikkje overstige 6 veker, om det ikkje ligg føre særlege grunnar. Fristane som nemnde gjeld ikkje dersom det ligg føre eit konkurrerande krav om utlevering, jf. § 29 andre ledd, eller den som vert kravd overlevert, tidlegare er overlevert frå ein stat utanfor Norden eller utlevert.Andre straffeprosessuelle tvangsmiddel kan nyttast i same utstrekning som i saker om tilsvarande lovbrot her i riket. Tredje ledd fjerde punktum gjeld tilsvarande.Endra med lover 24 mai 2013 nr. 18, 21 juni 2019 nr. 51 (ikr. 1 jan 2020 iflg. res. 22 nov 2019 nr. 1549). Kapittel 6. Fellesreglar for nordisk-europeiske og nordiske arrestordrar
§ 25Oversending og mottak av arrestordrar for overlevering frå Noreg
Arrestordren vert send gjennom Schengen informasjonssystem eller anna system for etterlysing av personar mistenkte for straffbare lovbrot, eller han vert send Kripos. Er opphaldsstaden til den ettersøkte kjend, kan arrestordren sendast direkte til politimeisteren på staden der den ettersøkte oppheld seg.Ved feilsending skal den som mottek arrestordren, straks sende han vidare til kompetent påtalemakt og varsle den som har ferda ut arrestordren.Ei etterlysing registrert i Schengen informasjonssystem eller i eit anna system for etterlysing av personar og som gjeld overlevering innanfor loven sitt verkeområde, jf. § 1, skal sidestillast med ein arrestordre inntil arrestordren vert motteken sjølv om etterlysinga ikkje inneheld alle opplysningane nemnde i § 5 første ledd. § 26Språk
Ein arrestordre ferda ut til Noreg skal vere skriven på norsk, svensk, dansk eller engelsk eller ha vedlagt ei omsetjing til eit av dei nemnde språka. § 27Immunitet og privilegium
Dersom den ettersøkte har immunitet eller eit privilegium med omsyn til rettsforfølging eller fullbyrding i Noreg som kan opphevast av norsk myndigheit, skal påtalemakta straks oppmode rett myndigheit om å oppheve immuniteten eller privilegiet. Dersom oppheving av immuniteten eller privilegiet byggjer på vedtak gjort av myndigheiter i ein framand stat eller av organ i ein internasjonal organisasjon, skal påtalemakta straks varsle utferdande stat om at arrestordren ikkje kan etterkomast før immuniteten eller privilegiet er oppheva.Departementet kan gi nærmare føresegner om saksbehandlinga i tilfelle som nemnde i første ledd første punktum, under dette om kva for norsk myndigheit som avgjer spørsmål om oppheving av immunitet eller privilegium. Kapittel 7. Overlevering til Noreg
§ 32Utferding av ein nordisk-europeisk arrestordre
Påtalemakta kan ferde ut ein arrestordre til ein medlemsstat i Den europeiske unionen til strafforfølging dersom det ligg føre ei avgjerd om pågriping treft av retten for ei handling som kan medføre fengsel i minst 1 år. Påtalemakta kan ferde ut ein arrestordre til straffullbyrding dersom det ligg føre rettskraftig dom på fengsel eller anna fridomstap på minst fire månader.Er det fare ved opphald, kan skriftleg pågripingsavgjerd treft av påtalemakta tre i staden for avgjerd av retten for utferding av arrestordrar som nemnde i første ledd første punktum. Påtalemakta si avgjerd skal snarast mogleg leggjast fram for retten til godkjenning.Arrestordren kan omfatte også forhold som ikkje oppfyller krava i første ledd, dersom eitt av forholda oppfyller vilkåra. I så fall er det for utferding av ein arrestordre til strafforfølging tilstrekkeleg at det ligg føre pågripingsavgjerd treft av retten for eitt av forholda.Arrestordren vert utforma i samsvar med § 5 første ledd. Dersom handlinga kan straffast med fengsel i minst 3 år og kan sjåast på som handling nemnd i forskrift til § 7 tredje ledd, skal det opplysast om dette. Det same gjeld dersom arrestordren gjeld medverknad til felles kriminell verksemd som nemnd i § 7 andre ledd.Arrestordren skal vere skriven på eller vere omsett til det språket eller eitt av dei språka som vert nytta av den iverksetjande staten, eller til eit anna språk den iverksetjande staten har godteke. § 33Utferding av ein nordisk arrestordre
Kapittel 8. Andre føresegner i samband med overlevering
§ 39Beslag og overlevering av ting
Påtalemakta skal beslagleggje og overlevere ting som venteleg har tyding som bevis i den saka arrestordren gjeld, eller som er utbytte av dette straffbare forholdet. Det same gjeld andre ting og utbytte som kan inndragast etter straffeloven §§ 67 til 73, dersom den staten som har ferda ut arrestordren, krev det, og det ville vore høve til inndraging etter lovgivinga i den staten som har ferda ut arrestordren.Plikta i første ledd gjeld sjølv om den ettersøkte er død eller forsvunnen.Påtalemakta kan halde tilbake eller mellombels overlevere ting som nemnde i første ledd når dei venteleg har tyding som bevis i pågåande strafforfølging her i riket.Overleveringa får inga tyding for eksisterande rettar i tinga. Det kan stillast vilkår for overleveringa dersom det er nødvendig for å verne slike rettar.Endra med lov 19 juni 2015 nr. 65 (ikr. 1 okt 2015). § 40Mellombels overføring
Dersom det ligg føre ein arrestordre om pågriping og overlevering av ein ettersøkt person til strafforfølging, kan påtalemakta etter krav samtykkje i mellombels overføring av den ettersøkte for avhør i den staten som har ferda ut arrestordren.Samtykke skal ikkje givast dersom det er klart at arrestordren vil bli avslått eller dersom det vert rekna som nødvendig at den ettersøkte oppheld seg her i riket av omsyn til ei straffesak eller behandlinga av arrestordren. Ved vurderinga av om samtykke skal givast skal det takast omsyn til om overføringa vil lengje fridomstapet til den ettersøkte. Den ettersøkte skal få høve til å uttale seg før avgjerda vert teken.Påtalemakta fastset tida for overføringa og stiller dei vilkåra som ho finn er nødvendige. Kapittel 9. Avsluttande føresegner
§ 42Iverksetjing m.m.
Loven trer i kraft frå det tidspunktet Kongen fastset. Kongen kan bestemme at loven skal tre i kraft mellom enkelte av dei nordiske statane, eller for berre nordiske eller nordisk-europeiske arrestordrar. Frå det tidspunkt loven trer i kraft for nordiske arrestordrar, vert lov 3. mars 1961 nr. 1 om utlevering av lovbrytarar til Danmark, Finland, Island og Sverige og lov 19. september 2008 nr. 77 om nordisk arrestordre oppheva.Loven gjeld for arrestordrar mottekne etter at loven har tredd i kraft. Utleveringskrav mottekne før loven har tredd i kraft, vert behandla etter lov 3. mars 1961 nr. 1 om utlevering av lovbrytarar til Danmark, Finland, Island og Sverige eller etter lov 13. juni 1975 nr. 39 om utlevering av lovbrytarar m.v.