Kva lova gjeld.
§ 1
Denne lova gjeld særrettar over framand fast eigedom til einskilde slag bruk eller anna utnyttingsrådvelde eller til å forby einskilde slag verksemd, bruk eller tilstand. Lova gjeld ikkje pakting, tufteleige eller annan allmenn bruksrett.Når anna ikkje er sagt, vik føresegnene for det som fylgjer av avtale eller særlege rettshøve. Allmenne rådvaldsreglar.
§ 2
Korkje rettshavaren eller eigaren må bruka rådveldet sitt over eigedomen såleis at det urimeleg eller uturvande er til skade eller ulempe for den andre.I avgjerda om noko er urimeleg skal det leggjast vekt på kva som er føremålet med retten, kva som er i samsvar med tida og tilhøva, og kva som høver til å fremje naturmangfaldet på staden.Endra med lov 19 juni 2009 nr. 100 (ikr. 1 juli 2009 iflg. res. 19 juni 2009 nr. 704). § 3
Gjeld det ei utnytting som tilkjem både eigaren og rettshavaren, har ingen av dei nokon førerett framfor den andre.Kan ikkje båe stettast fullt ut, lyt dei minka på bruken etter måten like mykje. § 4
Rett som skal tryggja ein særskild bu- og byggjeskipnad på eit område, ligg til kvar eigedom på området og gjeld i den mon det kan vera til noko nytte for eigedomen. Omskiping og avskiping.
§ 5
Er ingen avgjerande grunn i mot det, kan kvar av partane krevja å få bruken flytt eller nærare fastlagd, eller rettshøvet omskipa på annan måte, når han ber kostnaden sjølv, og den nye skipnaden er minst like god for motparten som den tidlegare.Er det klårt at omskipinga vert til vinning for båe partar, kan kostnaden delast med ein høveleg sum på kvar.Utan at partane er samde, kan omskiping etter denne paragrafen ikkje gå så langt at retten vert av eit anna slag enn før. § 6
Er det mykje om å gjera for ein part, og vinninga på hans side vert monaleg større enn tapet på hi, kan han få omskiping, jamvel om den nye skipnaden ikkje vert likså god for motparten som den tidlegare.I slike høve skal den som krev omskipinga, svara mellomlag i jord, rettar eller pengar. Mellomlaget må ikkje setjast så lågt at omskipinga vert til skade for motparten.Endra med lov 21 juni 2013 nr. 100 (ikr. 1 jan 2016 iflg. res. 21 juni 2013 nr. 736). § 7
Rett som klårt er til meir skade enn gagn, kan eigaren få avskipa såframt mishøvet ikkje kan rettast med omskiping etter §§ 5 eller 6.I slike høve skal eigaren svara vederlag i jord, rettar eller pengar. Vederlaget må ikkje setjast lågare enn det retten er verd for rettshavaren.Endra med lov 21 juni 2013 nr. 100 (ikr. 1 jan 2016 iflg. res. 21 juni 2013 nr. 736) som endra med lov 11 des 2015 nr. 100. Avhending og forkjøp.
Endra med lov 9 des 1994 nr. 64 (ikr. 1 juli 1995).§ 9
Ein rettshavar kan avhenda heile eller noko av retten sin til kven han vil, når det ikkje fører til annan auke i tyngsla enn det elles var høve til.Rett som ligg til fast eigedom, må ikkje avhendast utan saman med eigedomen eller ein høveleg del av han. Rett som ikkje har tilknyting til næringsdrift på eigedomen eller ikkje er bunden til bruken av denne på andre måtar, kan likevel avhendast særskilt dersom retten er uturvande eller ulagleg til utnytting saman med eigedomen.Rett som skal stetta ein reint personleg tiltrong hjå rettshavaren, må ikkje avhendast. § 10
Når ein rett går over til ny rettshavar, har eigaren forkjøpsrett. Føresegnene i lov om løysingsrettar §§ 2, 8, 10 fyrste til tredje stykket, 11, 12 fyrste og andre stykket og 13 til 22 gjeld tilsvarande så langt dei høver.Fyrste ledd gjeld ikkje når rett som høyrer til ein fast eigedom eller eit føretak, går over saman med eigedomen eller føretaket.Endra med lov 9 des 1994 nr. 64 (ikr. 1 juli 1995). Særskilt om bruksrettar i skog.
§ 11
Rett til å svi lyng, gras eller anna må ikkje heftast på skog. Det same gjeld rett til å taka bork, never, lauv, ris eller bar av tre som ikkje skal hoggast innan 1 år. § 12
Rett til å taka trevyrke til hushald eller gardsbruk må ikkje heftast på skog for lengre tid enn 25 år eller manns og kones levetid.Rett til å taka anna skogsvyrke, eller eigedomsrett til skogstre på framand grunn, kan ikkje avtalast for lengre tid enn 3 år frametter. Avtala kan likevel gå ut på at tre som er utblinka når den nemnde fristen endar, kan avverkast i dei næraste 2 åra.Endra med lover 28 feb 1986 nr. 8, 9 des 1994 nr. 64 (ikr. 1 juli 1995). § 13
Når skogeigaren krev det, lyt den som har rett til trevyrke til hushald eller gardsbruk, taka det etter utvising. Det kan krevjast at utvisinga skal gå for seg til visse, føreåt fastsette tider som høver for båe partar. Har rettshavaren bede om utvising, men skogeigaren let vera å gjeva utvising innan rimeleg tid eller – om så er – til fastsett tid, kan rettshavaren taka det naudsynlege trevyrke på forsvarleg vis utan utvising.Rettshavaren har ikkje krav på å få utvist eller rett til utan utvising å taka ungskog eller særleg verdfulle tre, når anna tenleg vyrke kan takast utan altfor mykje meirarbeid med hogst og henting.Er det utviste ikkje teke or skogen innan 2 år etter utvisinga kan skogeigaren rå over det sjølv.For vyrke som ikkje er nytta forsvarleg, har skogeigaren rett til å gjera frådrag ved neste utvising til same føremålet, eller krav på vederlag rekna etter det verdet som vyrket på rot hadde for han. Rådvaldsmisbruk.
§ 17
Om ein part varig og trass i åtvaringar brukar rådveldet sitt over eigedomen i strid med §§ 2 eller 3, kan motparten krevja dom anten på avskiping av retten mot vederlag ein gong for alle eller på at retten skal setjast ut or kraft for ei viss tid mot eingongsvederlag eller ei avgift for året.For misbruken kan den skyldige dømast til å svara ei høveleg skadebot, endå om pengeskade ikkje er valda. Avgjerd om omskiping, avskiping eller utvising
Ikraftsetjing.
§ 20
Denne lova gjeld frå den tid Kongen fastset.Frå same tid vert etternemnde lover og lovføresegner sette ut or kraft eller brigda såleis: – – –.