Kapittel 1. Innleiande føresegner
§ 1Formålet med lova
Denne lova har til formål å fremme ei berekraftig forvaltning av skogressursane i landet med sikte på aktiv lokal og nasjonal verdiskaping, og å sikre det biologiske mangfaldet, omsyn til landskapet, friluftslivet og kulturverdiane i skogen. § 2Virkefeltet for lova
Denne lova gjeld for all skog og skogmark. Med skogmark forstår ein i denne lova grunn som er skogproduserande, eller som etter ei samla vurdering er best eigna for skogproduksjon, og som ikkje er nytta til andre formål.Lova gjeld sjølv om eit område er verna etter naturmangfoldloven kapittel V eller eldre vernevedtak som nemnt i naturmangfoldloven § 77, eller i plan etter plan- og bygningslova er lagt ut til andre formål enn landbruk, så sant ikkje anna følgjer av verne- eller planvedtaket eller av forskrifter knytt til vedtaket.Lova kan ikkje nyttast i strid med dei rettane reindriftssamane har til trevirke og brensel.Endra ved lov 28 mars 2014 nr. 9 (ikr. 1 juni 2014 iflg. res. 28 mars 2014 nr. 371). § 3Skogbruksstyresmakt
Departementet er øvste skogbruksstyresmakt. Departementet kan gi forskrift om at avgjerder i bestemte saker skal tildelast kommunen eller fylkeskommunen.Dersom saka krev samordning over kommunegrenser, eller viktige nasjonale omsyn tilseier det, kan oppgåver som i eller i medhald av lova er lagt til kommunen behandlast av departementet eller anna skogbruksstyresmakt.Statsforvaltaren er skogbruksstyresmakt for skog som kommunen eller fylkeskommunen eig.Endra ved lover 19 juni 2009 nr. 98 (ikr. 1 jan 2010 iflg. res. 26 juni 2009 nr. 848), 7 mai 2021 nr. 34 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 7 mai 2021 nr. 1416), 6 des 2024 nr. 74 (i kraft 1 jan 2025 iflg. res. 6 des 2024 nr. 2938). § 4Skogeigaren sitt forvaltaransvar
Skogeigaren skal sjå til at alle tiltak i skogen blir gjennomførte i samsvar med lov og forskrift. Skogeigaren skal ha oversikt over miljøverdiane i eigen skog og ta omsyn til dei ved gjennomføring av alle tiltak i skogen. Slike omsyn kan føre til at nokre tiltak i skogen ikkje kan gjennomførast. Innafor desse rammene står skogeigaren fritt til å forvalte skogen ut frå eigne mål.Skogeigaren skal sjå til at dei som gjer arbeid i skogen rettar seg etter lova og forskriftene.Departementet kan gi nærare forskrifter om omsyn skogeigaren skal ta i høve til miljøet. Kapittel 2. Skogbrukstiltak
§ 5Skogregistrering og skogbruksplan
Skogbruksplanlegginga omfattar skogregistreringar som gir oversikt over skog- og miljøressursane på eigedommen og ein plan for forvaltninga av desse.Skogregistreringar kan gjennomførast i eit område jamvel om ikkje alle skogeigarane har tinga skogbruksplan. Alle skogeigarar skal ha melding om at registreringa blir gjort. Oversikter over miljøverdiane som kjem fram gjennom skogbruksplanlegginga skal vere offentleg tilgjengelege, jf. lov 9. mai 2003 nr. 31 om rett til miljøinformasjon og deltakelse i offentlige beslutningsprosesser av betydning for miljøet.Kommunen kan gi skogeigaren pålegg om gjennomføring av skogregistreringar og utarbeiding av ressursoversikt eller skogbruksplan. Departementet kan gi forskrift om skogregistrering og skogbruksplanlegging med mellom anna krav til innhaldet i planen og reglar om korleis data som blir samla inn skal forvaltast. § 6Forynging og stell av skog
Skogeigaren skal sørgje for tilfredsstillande forynging etter hogst, og sjå til at det er samanheng mellom hogstform og metode for forynging. Nødvendige tiltak for å leggje til rette for forynging skal setjast i gang innan 3 år etter at hogsten er skjedd.Fristen for forynging kan utsettes til 5 år der det ut frå klimatiske og lokale forhold er forsvarleg.Dersom skogeigaren ikkje rettar seg etter dette, avgjer kommunen om skogeigaren skal påleggjast å setje i verk tiltak for å sikre at arealet blir forynga. Tiltaket må setjast i verk innan ein frist som maksimalt kan vere på 2 år. Blir ikkje tiltaka utførte innan fristen, skal kommunen sørgje for at tiltaka blir utførte for skogeigaren si rekning. Kommunen sine kostnader i denne samanhengen kan krevjast dekt frå middel som er avsett i skogfondet. Kostnadene er tvangsgrunnlag for utlegg.Dersom kommunen finn det nødvendig for å hindre store negative effektar på miljøverdiane, under dette ureining av viktige vassførekomstar, kan kommunen nekte skogeigarar å plante i skoglause område, å skifte treslag, å grøfte, gjødsle eller bruke plantevernmiddel. Kommunen kan også setje vilkår i slike høve.Departementet kan fastsetje nærare forskrifter om forynging og stell av skog, under dette krav til tilfredsstillande forynging, skifte av treslag, bruk av utanlandske treslag, grøfting i skog, gjødsling av skog, bruk av plantevernmiddel i skog og frø- og planteforsyninga i skogbruket. Kapittel 3. Vernskog og område av særleg miljøverdi
§ 12Vernskog
Statsforvaltaren kan gi forskrift om at skog skal vere vernskog når skogen tener som vern for annan skog eller gir vern mot naturskadar. Det same gjeld område opp mot fjellet eller ut mot havet der skogen er sårbar og kan bli øydelagt ved feil skogbehandling.Forskrifta skal leggje fast grensene for vernskogen og gi reglar for forvaltninga av skogen. Det kan også fastsetjast reglar om meldeplikt.Kommunen skal sørgje for at eigarar av vernskog blir gjort kjent med vernskogvedtaket og dei reglane som blir fastsette, og skal kunngjere vedtaket i dei aviser kommunen elles nyttar til kunngjeringar.Endra ved lover 19 juni 2009 nr. 98 (ikr. 1 jan 2010 iflg. res. 26 juni 2009 nr. 848), 7 mai 2021 nr. 34 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 7 mai 2021 nr. 1416). § 13Skogområde av særleg miljøverdi
Departementet kan ved forskrift leggje strengare restriksjonar på skogbehandlinga i skogområde av særleg miljøverdi knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv eller kulturminne enn det lova elles gir heimel for når skogbehandlinga kan føre til vesentleg skade eller ulempe for desse verdiane. Kapittel 4. Skogfond m.m.
§ 14Innbetaling til skogfond
Skogfond er ei tvungen fondsavsetjing som skal gi skogeigaren eit betre grunnlag for å finansiere tiltak med sikte på ei berekraftig forvaltning av skogressursane.Skogeigaren skal setje av middel til skogfondet ved sal, oreigning eller anna overdraging av hogd eller framdrive virke eller av tre på rot, ved skogeigaren sin bruk av virke for vidare sal eller anna overdraging. Plikta gjeld ikkje skogeigaren sin bruk av virke til eige behov i samband med jord- og skogbruksverksemd på eigedommen.Statsforvaltaren kan frita ein skogeigar frå plikta til å innbetale til skogfond etter første ledd dersom det er urimeleg å krevje slik innbetaling, og skogeigaren kan vise til at det blir utført investeringsarbeid i skogen som minst svarar til den innbetalinga som er pliktig.Inneståande skogfondsmiddel følgjer eigedommen ved overdraging til ny eigar, og inneståande middel kan ikkje skiljast frå eigedommen ved pantsetjing, tvangsfullføring eller på annan måte.Departementet kan gi forskrifter om ordninga med skogfond, og fastset kor stor fondsavsetjinga skal vere. Avsetjinga skal ikkje vere lågare enn 2 prosent av bruttoverdien av virket.Ved manglande innbetaling til skogfondet er krav frå kommunen tvangsgrunnlag for utlegg.Endra ved lov 7 mai 2021 nr. 34 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 7 mai 2021 nr. 1416). Kapittel 5. Avsluttande føresegner
§ 18Konkurranseavgrensande verksemd
Departementet kan fastsetje i forskrift at skogeigarane og organisasjonane deira skal ha rett til å samarbeide om produksjon og omsetjing av landbruksprodukt. § 19Tilskot
Departementet kan fastsetje forskrifter om fordeling av og vilkår for utbetaling av tilskot til nærings- og miljøtiltak i skog etter slike rammer som Stortinget gir. Forskriftene kan innehalde reglar om å krevje tilskot tilbake dersom vilkåra for tilskot ikkje er oppfylte.Departementet kan i forskrift etter første ledd delegere mynde til kommunen eller fylkeskommunen i saker som gjeld tilskot.Endra ved lov 6 des 2024 nr. 74 (i kraft 1 jan 2025 iflg. res. 6 des 2024 nr. 2938). § 20Tilsyn, kontroll og rapportering
Kommunen skal føre tilsyn med at føresegnene i lova blir haldne, og kontrollere at vedtak med heimel i lova blir gjennomførte. Departementet kan gi forskrift om kommunane sin rapportering og resultatkontroll.Ved tilsyn har skogbruksstyresmakta rett til tilkomst til skog og utmark, også ved bruk av motorkjøretøy.Ved utarbeiding av oversikter over skog- og virkesutviklinga, har skogbruksstyresmakta rett til innsyn i sertifiseringsrapportar og liknande oversikter som blir utarbeidd av skogeigarorganisasjonane eller av organ knytt til desse.