§ 1Bruksområde for vedtaket
§ 2Skatt på formue
Skatt på formue blir utrekna etter desse satsane:- Personleg skattepliktig og dødsbu:
Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten og kommunane (maksimumssats). - Selskap og samanslutningar som nemnde i skattelova § 2-36 andre ledd, og som ikkje er fritekne etter skattelova kap. 2:
Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten.
§ 3Skatt på inntekt
Skatt på inntekt blir utrekna etter desse satsane:- Inntekt som blir skattlagd ved lønnstrekk etter svalbardskattelova § 3-1:
- Låg sats: 8 pst.
- Høg sats: 22 pst.
- 22 pst. av den delen av selskapsoverskot som er høgare enn 15 mill. kroner, og som overstig summen av
- 10 gonger kostnadene til lønn som blir skattlagd ved lønnstrekk
- 0,20 gonger skattemessig verdi av anlegg, fast eigedom og annan realkapital som er på Svalbard ved utgangen av inntektsåret
- Anna inntekt: 16 pst.
Personlege skattytarar skal ha eit frådrag i alminneleg inntekt som er omfatta av bokstav c, på 20 000 kroner. § 4Avrundingsreglar
Ved utrekning av skatt skal formue og inntekt rundast nedover til nærmaste heile krone. § 5Normalrentesatsen for rimeleg lån i arbeidsforhold
§ 7Inntekt etter svalbardskattelova § 6-3