Kapittel 1. Generelle føresegner
§ 1-1Forholdet til anna lovverk
Er føresegner i denne forskrifta i strid med lov, forskrift eller nasjonale styringsdokument, gjeld desse framfor denne forskrifta. Kapittel 2. Opptak
§ 2-1Generelt om opptak
Høgskulen på Vestlandet gjer lokalt opptak av studentar til eittårig fagskoleutdanning i yrkesdykking jf. forskrift om opptak til Høgskulen på Vestlandet § 2 til § 5. § 2-2Innpassing og fritak
(1) Jf. § 1-1 i forskrift om fagskoleutdanning kan studentar som kan dokumentere å ha bestått likeverdig eller tilsvarande emne ved same eller ein annan institusjon, søkje om innpassing av delar av tidlegare utdanning. Læringsutbytteomtalen eller studieplan vert nytta for å vurdere om studenten har rett på innpassing av eit emne.(2) Dersom studenten kan dokumentere å ha bestått anna type utdanning eller har fått realkompetanse for delar av fagskoleutdanninga, kan studenten søkje om å fritak frå eitt eller fleire emne. Fritak skal byggje på ei fagleg vurdering. Fritak på bakgrunn av realkompetanse må baserast på ei fagleg vurdering av om søkjarens bakgrunn, frå arbeidsliv, frivillig sektor, utdanning og/eller anna, dvs. formell, ikkje-formell og uformell kompetanse, samla kan gje grunnlag for fritak for del av fagskoleutdanninga.(3) For å få skrive ut vitnemål må minst 30 av fagskolepoenga som skal inngå i berekningsgrunnlaget, vere avlagt ved Høgskulen på Vestlandet, jf. § 1-2 i forskrift om fagskoleutdanning.(4) Søknad om innpassing eller fritak leverast til Dykkarutdanninga ved daglig leiar. Søknaden må innehalde dokumentasjon av omfang og innhald i emnet/kompetansen som studenten ønskjer å søkje innpassing eller fritak for; nærare bestemt:- Vitnemål/karakterutskrift/realkompetansevurdering
- Oversikt over kva delemne som inngår i emnet
- Oversikt over læringsutbytteomtalen av emnet eller studieplan.
(5) Om ein student får godkjent søknad om fritak av eit emne, skal dette kome fram på vitnemålet med referanse til bestått emne ved same eller ein annan institusjon. Vitnemålet er berre gyldig saman med dokumentasjonen som det vert referert til. Ved innpassing av eitt eller fleire emne er det siste utdanningsinstitusjon som skriv ut vitnemål jf. § 2-2 tredje ledd. § 2-3Annullering av vedtak om innpassing og fritak
(1) Styret ved klagenemnda kan annullere vedtak om innpassing eller fritak av eitt eller fleire emne, dersom ein student har fått innpassing eller fritak ved hjelp av falskt vitnemål eller anna form for utilbørleg oppførsel jf. lov om fagskoleutdanning § 9.(2) Høve til annullering vert ikkje forelda. Studenten kan klage på vedtak om annullering til Nasjonal klagenemnd for fagskoleutdanning jf. kap. 6. i denne forskrifta. Kapittel 3. Vurdering og eksamen
§ 3-1Vurdering
(1) Vurdering omfattar all formell prøving, det vil seie både vurdering undervegs og sluttvurdering. Vurderingsforma i eit emne går fram av emneplanen.(2) Styret skal sørge for at studentane sine kunnskapar, ferdigheiter og generelle kompetanse blir prøvd og vurdert på ein upartisk og fagleg trygg måte.(3) Eksamen er prøving med påfølgjande sensur, der resultatet anten vil stå på vitnemålet/karakterutskrifta eller skal reknast inn i ein samlekarakter som skal stå på vitnemålet/karakterutskrifta. § 3-2Arbeidskrav
(1) Arbeidskrav er all form for prøving som er sett som vilkår for å ha rett til å gå opp til eksamen, men der resultatet ikkje går inn i ein endeleg karakter. Eksempel er innleveringsarbeid, prøve, obligatorisk frammøte eller andre krav som av fagleg-pedagogiske grunnar er lagde inn i eit emne.(2) Arbeidskrav i undervisning og praksis skal gå fram av emneplan.(3) Arbeidskrav vert vurdert som godkjent/ikkje godkjent.(4) Dersom ikkje emneplanen presiserer noko anna, er godkjent arbeidskrav gyldig utan tidsavgrensing.(5) Faglærar fastset frist for når arbeidskravet skal vere avslutta/innlevert. Så langt det lar seg gjere, skal fristen vere slik at studenten har høve til å gjennomføre eit nytt forsøk før liste over godkjente arbeidskrav skal liggje føre. Dersom arbeidskravet inneber frammøte i undervisning, praksis og liknande, som ikkje kan gjerast om att, har faglærar eit særlig ansvar for å klargjere dette for studentane. Faglærar har ansvar for å informere studentar som ikkje får godkjent arbeidskrav.(6) Det er krav om obligatorisk frammøte til undervisninga i kvart emne. Den konkrete fråværegrensa er gitt i emneplanen. Kapittel 4. Tryggleiksreglar og disiplinære sanksjonar
§ 4-1Forbod mot rusmidlar
(1) Det er forbode å nytte alkohol eller andre rus- eller bedøvande midlar på skulen sitt område eller i undervisningstida. Studentane har ikkje lov til å dykke, arbeide eller møte på dykkepost i nokon form for rusa tilstand. Studenten pliktar å møte rusfri til all undervisning, og forbodet gjeld i eit tidsrom på åtte timar før undervisninga startar.(2) Ved mistanke om at ein student er påverka av rusmidlar, kan studenten bli pålagd å undersøkjast av skulen sin dykkarlege. Viss ein student ikkje godtek skulen si vurdering av eigen tilstand, må studenten sjølv sørge for å få tatt blodprøve. Alkoholinnhaldet i blodet skal ikkje i noko høve overstiga 0,2 ‰ (promille). Nektar studenten å gje blodprøve kan det resultere i tap av studierett. Sjå kap. 6. om klage og klagehandsaming for korleis gå fram for å klage på tap av studierett. § 4-2Dykking utanom skulen sitt program
Kapitel 5. Fusk og annullering av eksamen
§ 5-1Fusk og forsøk på fusk
(1) Som fusk eller forsøk på fusk ved eksamen eller ved vilkår for å gå opp til eksamen reknar ein mellom anna:- Å ha ulovlege hjelpemiddel tilgjengelege under eksamen
- Å presentere andre sitt arbeid som sitt eige (plagiat)
- Å ha skaffa seg tilgjenge til eksamen ved å ha fuska ved prøve og liknande som er vilkår for å gå opp til eksamen, eller ved på urett grunnlag fått godkjenning for deltaking ved obligatorisk undervisning eller andre obligatoriske aktivitetar
- Ureglementert samarbeid mellom eksamenskandidatar eller grupper
- Andre avvik frå eventuelle særskilde eksamensreglar.
(2) Om det under eksamenar eller prøver med tilsyn oppstår situasjonar som gjer at ein student kan mistenkast for fusk, skal studenten straks gjerast merksam på at forholda vil bli rapportert for vidare handsaming.(3) Fusk eller forsøk på fusk kan resultere i utestenging frå utdanningen, jf. § 4-4 (2). Kapittel 6. Klage og klagehandsaming
§ 6-1Klageinstans
(1) Ved klage på karakterfastsetjing vert det gjeve ny sensur eller ny vurdering. Les om grunngjeving for karakter under § 3-8, klage på mappeevaluering/emnevurdering under § 5-3 og eksamen under § 5-4.(2) Ved klage på bortvising, utestenging eller annullering av eksamen er det Nasjonal klagenemnd for fagskoleutdanning som er klageinstans. Ved alle andre klager er det klagenemnda som er ansvarleg for klagehandsaming.(3) Klager som vert handsama av klagenemnda, er som følgjer:- formelle feil ved eksamen (t.d. feil ved oppgåveteksten, eksamensavvikling eller ved gjennomføring av sensur)
- eksamen under særskilde vilkår
- fritak eller innpassing av emne
- tap av rettar
- opptak.
Kapittel 7. Avsluttande føresegner
§ 7-1Ikraftsetjing og oppheving
- Denne forskrifta trer i kraft frå 1. juli 2017.
- Samtidig vert Studentreglement gjeldande frå 20. august 2016 oppheva.