Kapittel 1. Generelle bestemmingar
§ 1-1Virkeområde
Forskrifta gjeld ved alle studium og eksamenar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Bestemmingar gitt i lovverk er overordna denne forskrifta.Forskrifta gjeld studentar som har opptak til og er deltakarar på eittårige studium. § 1-2Studentens undersøkings- og opplysingsplikt
- Alle studentar plikter å sette seg inn i dei til einkvar tid gjeldande lovar, forskrifter og reglar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og dei spesifikke bestemmingane som gjeld det studiet studenten er tatt opp ved.
- Manglende kjennskap til ovannevnte kjelder kan ikkje påberopast som eit befriende forhold.
§ 1-3Definisjonar
StudentPerson som er tatt opp til studium ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og som har ein bindande og ikkje avslutta kontrakt ved eit emne eller studieprogram.StudierettRettigheiter knytt til det å vere tatt opp som student og ha ein gjeldande studiekontrakt. Studierett inneber rett til deltaking i all organisert undervising, rettleiing med vidare ved det studiet studenten er tatt opp til.StudieprogramEit studium med eit definert innhald bestemt av en studieplan, som fører fram til avsluttande eksamenar eller en grad.StudieplanEi overordna beskriving av oppbygging og gjennomføring av eit årsstudium. Beskrivinga skal innehalde bestemmingar vedrørande omfang, studiepoeng, mål, læringsutbytte, fagleg innhald og vurderingsordning.EmneDen minste studiepoengivande eininga som kan inngå i eit årsstudium.EmnebeskrivingSkal innehalde bestemmingar om omfang, krav til forkunnskap, faginnhald, læringsutbytte, undervisings- og arbeidsformer, læremiddel og pensum, vurderingsformer og eventuelle arbeidskrav.StudiepoengMål på studieomfang, der 60 studiepoeng tilsvarar eitt års fulltidsstudium.PensumLitteratur eller t.d. nettstader, filmar, forestillinger, førelesingar eller liknande som studentane nytter i læringssituasjonen.ArbeidskravKrav som må vere godkjent for å gå opp til eksamen. Arbeidskrav kan bestå av obligatoriske innleveringar, munnlege framlegg, undervising, praksis og liknande som ikkje utgjer ein del av eksamen. Arbeidskrav vert vurdert som godkjent/ikkje-godkjent.EksamenEin eksamen er ein avsluttande oppgåve innan eit emne eller eit avgrensa delemne. Resultatet av arbeidet (vurderingsgrunnlaget) vert sensurert, og resultatet av sensuren skal inngå på vitnemål eller karakterutskrift.Ordinær eksamenOrdinær eksamen er første gang ein student går opp til eksamen i eit emne eller deler av emne.Utsett eksamenUtsett eksamen er den vurderinga som vert arrangert for studentar som har hatt dokumentert gyldig fråvær ved ordinær eksamen.Ny eksamen/kontinuasjonseksamenNy eksamen/kontinuasjonseksamen er den vurderinga som vert arrangert for studentar som ikkje har bestått eller ikkje har møtt/levert ordinær eksamen og for studentar som ønsker å forbedre det samlede vurderingsresultatet for et emne.Ekstraordinær eksamenEkstraordinær eksamen er den vurderinga som vert arrangert i emner som er tatt ut av emneporteføljen.VurderingsformFormen ein eksamen eller ein deleksamen har.DeleksamenEin av flere vurderingar i eit emne som kvar gir ei sjølvstendig vurdering som skal inngå i berekninga av endeleg karakter i emnet. Vekta av kvar deleksamen skal vere angitt i emnebeskrivinga.GradUtdanning av bestemt omfang og samansetning, og som gir rett til å bruke ein bestemt tittel. Tittelen vert dokumentert i eit vitnemål. Kapittel 2. Generelle faglege bestemmingar
§ 2-1Studieplan
- Det skal fastsettast studieplan for alle årsstudium som tilbys ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og som gir studiepoeng.
- Styret vedtek studieplan for nye studium ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.
- Studieutvalet vedtek større endringar i studieplanar.
§ 2-2Endringar i studieplan
Endringar i studieplan skal normalt ikkje tre i kraft før nytt studieår. Mindre endringar i pensum kan gjerast undervegs i studiet. § 2-3Utdanningsplan
- Studentar som tas opp til studium av 60 studiepoengs omfang skal ha utdanningsplan. Utdanningsplanen skal innehalde bestemmingar om høgskulens ansvar og forpliktingar overfor studenten, og studentens forpliktingar overfor høgskulen og medstudentar.
- Utdanningsplanen skal vere sett opp slik at studenten skal kunne gjennomføre planlagt studium på normert tid. Utdanningsplanen er vanlegvis lik normert studieprogresjon for den aktuelle studieplanen.
- Utdanningsplanen kan endrast etter avtale mellom Skrivekunstakademiet i Hordaland og studenten.
Kapittel 3. Opptak og rangering
§ 3-1Generelle opptakskrav grunnutdanning
- For opptak til årsstudium i skapande skriving ved Skrivekunstakademiet i Hordaland krevst ordinært generell studiekompetanse i henhald til krav fastsett i forskrift 6. januar 2017 nr. 13 om opptak til høgre utdanning.
- For opptak til fordjupningsstudium i skapande skriving ved Skrivekunstakademiet i Hordaland krevst det at søkjar:
- Har fullført studiets grunndel eller kan dokumentere tilsvarande kompetanse
- Oppfyller øvrige opptakskrav fastsett i studieplanen.
§ 3-2Språkkrav
Søkjarar frå land utanfor Norden som vert tatt opp til norskspråklege studieprogram, må dokumentere kunnskaper i norsk og engelsk i henhald til § 2-2 i forskrift om opptak til høgre utdanning. Kapittel 4. Studierett, permisjon og oppseiing
§ 4-1Studierett
- Den som har akseptert tilbod om studieplass etter vilkår i studiekontrakten, har studierett i henhald til normert studietid for det aktuelle studiet han eller ho er tatt opp til.
- Dersom studenten er forsinka i studia, kan studiekontrakten forlengast etter søknad.
§ 4-2Oppseiing av studieplass
- Oppseiing av studieplass vert gjort i henhald til dei fristane som framgår av studiekontrakten. Oppseiing bør skje skriftleg.
- Ved oppseiing innan gitt frist vil studenten bli registrert som slutta og vere fri for vidare forpliktingar dersom ikkje annet går fram av kontrakten.
§ 4-3Heving av kontrakt/tap av studierett
Kapittel 5. Eksamen
§ 5-1Eksamensformer og tidspunkt for eksamen
- Eksamen vert gjennomført i henhald til dei eksamens-/vurderingsformene som er fastsett i emnebeskrivinga for det enkelte emnet.
- Gjennomføringsplan for eksamen vert fastsett og kunngjort av høgskulen i eigne eksamensplanar og vert gjort tilgjengeleg for studentane. Alle kandidatar er sjølve ansvarlege for å halde seg orientert om tid og stad for eksamen.
- Utsett eksamen vert gjennomført for studentar som hadde gyldig fråvær under eksamen. Ny eksamen/kontinuasjonseksamen vert gjennomført for studentar som ikkje har bestått eksamen. Nærare bestemmingar om mogleg tidspunkt for gjennomføring av ny eksamen/kontinuasjonseksamen, vil framgå av utfyllande reglar til eksamen/eksamensplan.
- Det vert normalt ikkje gjennomført ny eksamen i delar av emner, kun som avsluttande prøve i heile emnet. Unntak frå denne bestemminga framgår av utfyllande bestemmingar til eksamen.
- Første gong ny eksamen vert gjennomført etter ordinær eksamen, gjeld same pensum som ved ordinær eksamen. Det er studentanes eige ansvar å undersøkje kva for vurderingsgrunnlag som gjeld ved oppmelding til ny eksamen i eit emne.
- Det kan verte gjennomført inntil to ekstraordinære eksamenar når eit emne utgår. Siste ekstraordinære eksamen vert arrangert innan to år etter utgangen av studieåret då emnet vart undervist siste gong. Dagleg leiar kan gjere vedtak om ekstraordinær eksamen i spesielle tilfelle.
Kapittel 6. Godskriving og faglig godkjenning
§ 6-1Godskriving og faglig godkjenning
- Studentar kan, i henhald til reglane i UH-lovens § 3-5, søke om innpassing av/fritak for emner, fag, eksamenar eller arbeidskrav ut frå
- beståtte emner og eksamenar frå annen akkreditert utdanning
- tidligere ikkje-akkreditert utdanning og erfaring (realkompetanse).
- Opptaksutvalet avgjer søknadar om godskriving eller fagleg godkjenning etter UH-lovens § 3-5.
- Innpassa utdanning og fritak for enkeltemner skal fremgå av karakterutskrift og vitnemålsgrunnlag i tråd med gjeldende mal.
Kapittel 7. Grader og vitnemål
§ 7-1Tildeling av gradar
Skrivekunstakademiet i Hordaland har ikkje høve til å tildele grader, kun godkjenne årsstudium. § 7-2Vitnemål og karakterutskrift
- Vitnemål vert skrive ut når alle eksamenar i eit årsstudium er fullført og bestått. Samtidig vert Diploma Supplement utskrive.
- Mindre emner eller ikkje fullførte studium vert dokumentert ved karakterutskrift.
- Vitnemål vert utskrive berre éin gong. Ved tap av vitnemål, kan det utskrivast duplikat.
Kapittel 8. Utfyllande bestemmingar og ikrafttreding
§ 8-1Utfyllande bestemmingar
- Dagleg leiar eller den han/ho gir myndigheit kan gi utfyllande bestemmingar og instruksar til denne forskrifta. Slike bestemmingar kan ikkje tilsidesette bestemmingar i forskrifta.
- I saker der vedtaksmyndigheit ikkje spesifikt er tillagt anna organ, vert avgjerer truffe i henhald til dette reglementet av dagleg leiar eller den han/ho gjev myndigheit.
- Dispensasjon frå denne forskrifta kan berre gis av styret sjølv.
§ 8-2Ikrafttreding
Forskrifta vert gjort gjeldande frå 14. mars 2017.