Kapittel 1. Formål og verkeområde
§ 1Formål
Formålet med forskrifta er å bidra til at medisinske obduksjonar og bruk av lik som er avgjevne til bruk i undervisning og forsking, blir utført på ein verdig måte og med respekt for den døde og dei pårørande til avdøde. § 2Verkeområde
Forskrifta gjeld for:- medisinske obduksjonar, jf. obduksjonslova § 3 bokstavane a og b og
- bruk av lik som er avgjevne til undervisning og forsking i anatomi og andre medisinske fag.
Kapittel 2. Obduksjon
§ 3Opplysingar som skal gå fram av krav om obduksjon
Legen som set fram kravet om medisinsk obduksjon etter obduksjonslova § 5, skal saman med kravet opplyse om- dei næraste pårørande er informerte om at
- det er ønskeleg med obduksjon,
- utteke materiale kan bli brukt til undervisning og forsking,
- dei har rett til å nekte obduksjon,
- dei har rett til å nekte bruk av uttatt materiale til undervisning og forsking.
- dei pårørande har opplyst om dei kjenner til forhold som gir grunn til å tru at avdøde ville ha motsett seg obduksjon eller uttak av biologisk materiale til bruk i undervisning eller forsking.
§ 4Behandling av liket og biologisk materiale frå den døde
Utsjånaden til den døde skal, så godt det lar seg gjere, gjenopprettast etter obduksjonen.Utteke biologisk materiale skal behandlast etisk og fagleg forsvarleg og med respekt for den materialet stammar frå og dei pårørande. Kapittel 3. Avgjeving av lik til bruk i undervisning og forsking
§ 5Kven som kan få utlevert lik til bruk i undervisning og forsking
Til bruk i undervisning og forsking i anatomi og andre medisinske fag, kan universiteta i Oslo, Bergen, Tromsø og Trondheim krevje å få utlevert lik som er avgjevne etter obduksjonslova § 9. § 6Avskjedsseremoni og andre ønske frå avdøde
Liket kan ikkje overførast til universitetet før avskjedsseremoni i tråd med ønska til avdøde og dei pårørande er gjennomført.Universitetet skal undersøke om den avdøde ga uttrykk for andre særskilte ønske saman med samtykket etter obduksjonslova § 9. § 7Oversikt over utleverte lik
Universitetet som har fått utlevert liket, skal sørgje for at liket, og delar av det, blir gitt nummer eller merke slik at det lett kan identifiserast.Universitetet skal føre oversikt over:- lik dei har fått utlevert til bruk i undervisning og forsking,
- korleis det utleverte liket er brukt i undervisning og forsking og
- når liket er overført til gravferd.
Kapittel 4. Sluttføresegner
§ 9Endringar i andre forskrifter
§ 10Iverksetjing
Forskrifta trer i kraft 1. januar 2016.