Kapittel I. Formål, verkeområde og definisjonar
§ 1Formål
Formålet med lova er å medverke til at kosmetikk, kroppspleieprodukt og andre produkt som er omfatta av lova er helsemessig sikre for menneske og dyr.Lova skal òg fremje forbrukarinteresser, ærlegdom, dyrevelferd, etikk, miljø, mattryggleik og kvalitet. § 2Sakleg verkeområde
Lova omfattar alle forhold i samband med utvikling, produksjon, import, tilarbeiding, distribusjon, eksport og omsetning av- kosmetikk og kroppspleieprodukt, som er alle stoff eller blandingar av stoff som er bestemte til å kome i kontakt med kroppsoverflata til menneske, tennene eller slimhinnene i munn- eller nasehola for berre eller i hovudsak å reinse eller parfymere desse delane av kroppen, endre utsjånaden deira, påverke kroppslukter, verne dei eller halde dei i god stand
- kosmetikk og kroppspleieprodukt for dyr, som er alle stoff eller blandingar av stoff som er bestemte til å kome i kontakt med kroppsoverflata til dyr, tennene eller slimhinnene i munn- eller nasehola for berre eller i hovudsak å reinse eller parfymere desse delane av kroppen, endre utsjånaden deira, påverke kroppslukter, verne dei eller halde dei i god stand
- lækjemiddelnære kroppspleieprodukt, som er alle stoff eller blandingar av stoff som er bestemte til å kome i kontakt med kroppsoverflata til menneske eller dyr, tennene eller slimhinnene i munn- eller nasehola for berre eller i hovudsak å førebyggje, lindre eller behandle helseplager som ikkje kjem av sjukdom
- tatoveringsprodukt, som er alle stoff eller blandingar av stoff som er bestemte til å bli førte inn i huda til menneske eller dyr for å oppnå permanente eller langvarige mønster, teikningar, strekar, felt eller fargar på huda, medrekna tatoveringsvæske og permanent sminke
- injeksjonsprodukt, som er alle stoff eller blandingar av stoff som er bestemte til å bli førte inn i huda til menneske eller dyr for å endre utsjånaden til huda på andre måtar enn dei som er nemnde i bokstav d.
Lova omfattar også alle forhold i samband med produksjon av materiale og gjenstandar som er bestemte til å kome i kontakt med eller kan ha innverknad på produkta, jf. § 4 bokstav a.Lova omfattar ikkje stoff, blandingar av stoff eller utstyr som kjem inn under lov om legemidler mv. eller lov om medisinsk utstyr. Lova omfattar ikkje næringsmiddel som kjem inn under lov om matproduksjon og mattrygghet mv.Endra med lov 7 mai 2020 nr. 37 (ikr. 26 mai 2021, iflg. res. 7 mai 2021 nr. 1454). § 3Stadleg verkeområde
Lova gjeld for norsk land- og sjøterritorium, norske luft- og sjøfartøy og innretningar på norsk kontinentalsokkel.Kongen kan gi forskrifter om bruken av lova på Svalbard, på Jan Mayen, i bilanda, i norsk økonomisk sone og på utanlandsregistrerte skip i rute på norske hamner. Kongen kan fastsetje særlege reglar med omsyn til forholda på staden. § 4Definisjonar
I denne lova forstår ein med- produkt: kosmetikk og kroppspleieprodukt, kosmetikk og kroppspleieprodukt for dyr, lækjemiddelnære kroppspleieprodukt, tatoveringsprodukt og injeksjonsprodukt
- verksemd: privat eller offentlege føretak eller privatpersonar som utfører ein aktivitet som er nemnd i § 2 første ledd, bortsett frå aktivitet med privat og ikkje-kommersielt formål
- omsetning: innehav med sikte på sal, frambod for sal, distribusjon, sjølve salet og alle andre former for overdraging, med eller utan vederlag.
Kapittel II. Forbod og påbod
§ 5Forbod mot produkt som ikkje er helsemessig sikre
Det er forbode å utvikle, produsere, importere, tilarbeide, distribuere, eksportere og omsetje produkt som ved normal bruk eller bruk som det er rimeleg å tenkje seg, ikkje er helsemessig sikre for menneske eller dyr.Departementet kan gi nærmare forskrifter om når produkt skal reknast som ikkje helsemessig sikre for menneske eller dyr. § 6Godkjenningsplikt
Departementet kan gi forskrifter om godkjenningsplikt og meldeplikt for bestemte typar produkt. § 7Merking, presentasjon og reklame
Merking og presentasjon av, reklame for og anna marknadsføring av produkt skal vere korrekt, gi mottakaren tilstrekkeleg informasjon og ikkje vere eigna til å villeie.Departementet kan gi nærmare forskrifter om plikta etter første ledd, til dømes forskrifter om helsepåstandar og frivillige ordningar for merking.Departementet kan gi forskrifter om plikt til å dokumentere dei påstandane som er brukte i marknadsføringa av eit produkt, og om krav til denne typen dokumentasjon. Kapittel III. Avsluttande føresegner
§ 16Tilsyn og vedtak
Tilsynsorganet fører tilsyn og kan gjere nødvendige vedtak om å forby utvikling, produksjon, import, tilarbeiding, distribusjon, eksport og omsetning av produkt, og om beslaglegging, destruksjon og stenging av verksemda.Tilsynsorganet kan påleggje den som er ansvarleg for verksemda, å dekkje faktiske kostnader i samband med beslaglegging, destruksjon og stenging av verksemda.Dersom pålegga ikkje blir følgde, dersom det er ukjent kven som er ansvarleg, eller dersom det er nødvendig å få gjennomført tiltak raskt, kan tilsynet sjølv gjennomføre tiltak som er nemnde i første ledd. Tiltak kan gjennomførast på kostnad av den ansvarlege. Skuldige beløp er tvangsgrunnlag for utlegg.Tilsynsorganet kan, dersom viktige samfunnsinteresser tilseier det, eller av omsyn til dei internasjonale pliktene Noreg har, fastsetje, endre eller oppheve tidsavgrensa forskrifter utan føregåande høyring og kunngjere forskrifter på særskild måte.Offentlege styresmakter pliktar på førespurnad frå tilsynet å gi nødvendige opplysningar utan hinder av teieplikta. Politi, tollverk, kystvakt og kommunar skal på førespurnad yte hjelp til tilsynet.Departementet bestemmer kva for eit forvaltningsorgan som skal vere tilsynsorgan etter lova. § 16 aAnsvaret til tilsynsorganet ved mistanke om at produkt ikkje er helsemessig sikre
Ved mistanke om at kosmetikk, kroppspleieprodukt og andre produkt omfatta av lova ikkje er helsemessig sikre for menneske eller dyr, skal tilsynsorganet medverke til å førebyggje eller avgrense omfanget av helseskade.Ved mistanke om at det kan oppstå fare for helsa til menneske eller dyr som følgje av produkt omfatta av lova, skal tilsynsorganet på eige initiativ gi relevant informasjon til allmenta.Tilføyd ved lov 2 feb 2024 nr. 8 (i kraft 1 juli 2024 iflg. res. 2 feb 2024 nr. 152).