Kapitel I. Kva lova gjeld. Definisjon.
§ 1(kva lova gjeld).
Denne lova gjeld skadebot for skade som motorvogner gjer på folk eller eige og likeins trygding mot slik skade. § 2(skade som ikkje går inn under lova)
Ein skade går ikkje inn under lova i tilfelle då skaden- kjem av at motorvogna vert nytta til anna enn køyredoning, eller
- er gjord medan vogna er forsvarleg fråsegsett utanfor gate, veg eller annan stad der ålmenta kan ferdast, eller
- er gjord medan vogna er med i organisert trenings- eller konkurransekøyring på lukka bane eller anna avsperra område, og det er teikna forsikring i samsvar med reglane som gjeld for slik køyring, eller
- er atomskade som går inn under lov om atomenergivirksomhet, kapittel III om erstatning og forsikring.
Endra med lover 12 mai 1972 nr. 28, 26 mai 2020 nr. 46 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 26 mai 2020 nr. 1054). § 3(kva det er meint med motorvogn).
Med motorvogn er i denne lova meint køyretøy som vert drive med motor og er laga eller esla til å køyrast på bakken, såleis og trådbuss (trolleybuss), men ikkje køyretøy som går på skjener.Eit luftfartøy eller luftputefartøy er ikkje motorvogn, og det er heller ikkje køyretøy som er så laga at det einast kan styrast av folk til fots.Tilhengjar og anna vedheng til ei motorvogn vert rekna for ein part av vogna når dei vert køyrde i samband med vogna eller er fest til henne i anna høve. Gjer eller får ein tilhengjar skade i andre tilfelle, vert han halden for serskild motorvogn såframt han er registrert etter vegtrafikklova eller skal vera registrert eller ha eigne kjennemerke.Kongen kan fastsetja at inkje eller berre sumt av lova skal gjelda for serskilt nemnde motorvogner når han meiner at vognene sjølve eller bruken av dei, er til serleg liten fare i vegferdsla. Reglane i § 8 om samanstøyt og anna gjeld likevel skade som råker slik vogn eller folk eller gods i henne.Endra med lov 25 mai 1973 nr. 26. Kapitel II. Skadebot som trafikktrygdaren skal svara.
§ 4(grunnlaget for skadebot).
Gjer ei motorvogn skade, har skadelidaren krav på skadebot hjå det trygdelaget som vogna er trygda i etter kapitel IV, endå om ingen er skuld i skaden. Oppreising for ikkje økonomisk skade fell likevel berre inn under trygdelaget sitt ansvar når skadevaldaren fyller vilkåra for ansvar etter lov 13. juni 1969 nr. 26 om skadeserstatning § 3-5.Endra med lov 5 juni 2009 nr. 34 (ikr. 1 juli 2009 iflg. res. 5 juni 2009 nr. 597). § 5(skade som ikkje kan krevjast bøtt)
Ein kan ikkje krevja skadebot etter lova her for skade på motorvogna sjølv med tilhøyrsle, og heller ikkje for skade på gods som vert ført med vogna, frårekna gangklede og andre vanlege eigne bruksting som folk har på seg eller med seg på køyreturen som ferdagods, og som vert skadde i samband med at folk eller ei vogn får skade.Ein kan heller ikkje krevja skadebot etter lova her for skade som nokon får på eiget sitt medan han køyrer motorvogna eller tilhengjaren eller anna vedheng til dei, frårekna gangklede og andre vanlege eigne bruksting som folk har på seg eller med seg på køyreturen som ferdagods, og som vert skadde i samband med at folk eller ei vogn får skade.Endra med lover 25 mai 1973 nr. 26, 21 juni 1985 nr. 81, 27 nov 1992 nr. 113 (ikr. 1 jan 1994), 26 mai 2020 nr. 46 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 26 mai 2020 nr. 1054). Kapitel III. Eige ansvar. Attsøkjingsrett.
§ 11(ansvar for eigar, brukar, m.m.).
Når den som eig eller brukar ei motorvogn eller er med i vogna, har ansvar etter vanlege skadebotreglar for skade som går inn under lova her, kan retten minka kravet etter regelen om lemping i lov 13 juni 1969 nr. 26 om skadeserstatning § 5-2.Reglane i § 8 om korleis ansvaret for skade etter samanstøyt og anna skal bytast, gjeld dei som er nemnde i fyrste leden òg, når ein slik har ansvaret for skaden.Trafikktrygdaren (eller den som er ansvarleg etter § 16) skal bera all skadebot i samsvar med reglane i kapitel II så langt han ikkje kan søkja utlegget att hjå den ansvarlege.Endra ved lover 25 mai 1973 nr. 26, 21 juni 1985 nr. 81. § 12(attsøkjingsrett for trygdaren)
Den summen som ein trygdar lyt reide ut for ei trygda motorvogn etter lova her, kan han krevje att hjå den som eig eller bruker vogna eller var med i henne og som- gjorde skaden med vilje eller i grov aktløyse, eller
- hadde teke rådvelde over vogna med brotsverk eller medverka til at vogna vart brukt endå han visste at ho var fråvend rette innehavaren med brotsverk, eller
- sjølv hadde valda at han var påverka av alkohol eller andre rusande eller døyvande råder medan han køyrde vogna og gjorde skade, eller medverka til at vogna vart brukt endå han visste eller måtte vita at vognføraren var påverka. Dette kravet fell bort i den mon ein må leggja til grunn at skaden ville ha skjedd jamvel om vognføraren ikkje hadde vore påverka som nemnd. Regelen i § 7 fjerde leden bokstav b tredje punktumet gjeld tilsvarande.
Ingen kan trygde seg mot attsøkjingskrav etter paragrafen her. Avtale om det gjeld ikkje.Ein trygdar kan ikkje seia frå seg attsøkjingsrett som han har etter paragrafen her. Atterhald om slik attsøkjingsrett i større omfang enn det er sagt her i lova, gjeld ikkje utan det er samhøveleg med reglane i trygdeavtalelova. Atterhald om slik attsøkjingsrett av de ein ansvarleg har gjort skaden i aktløyse, gjeld berre i dei tilfelle aktløysa er grov. Retten kan minka attsøkjingskravet etter regelen om lemping i lov 13 juni 1969 nr. 26 om skadeserstatning § 5-2.Endra med lover 21 juni 1985 nr. 81, 27 nov 1992 nr. 113 (ikr. 1 jan 1994), 22 sep 2000 nr. 79 (ikr. 1 jan 2001 iflg. res. 22 sep 2000 nr. 959), 15 juni 2001 nr. 61 (ikr. 16 juni 2001 iflg. res. 15 juni 2001 nr. 691). Kapitel IV. Trafikktrygding.
§ 15(motorvogner skal vera trygda)
Motorvogn som er registrert eller skulle vore registrert eller ha kjennemerke etter vegtrafikklova, skal eigaren trafikktrygda for all skade som går inn under kapitel II. Anna motorvogn skal eigaren trafikktrygda om han let vogna verta brukt, faren med eller fråsegsett på slik vis at det kan koma opp skadebotkrav etter denne lova.Endra med lov 26 mai 2020 nr. 46 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 26 mai 2020 nr. 1054). § 16(kven som ikkje treng om å trygda seg).
Motorvogn som høyrer den norske staten til, treng ikkje vera trygda etter denne lova.Når departementet samtykkjer, treng heller ikkje motorvogn som høyrer ein framand stat eller ein mellomfolkeleg samskipnad til, vera trygda etter denne lova.I serhøve kan departementet jamvel samtykkja i at ein kommune eller ein kommunal institusjon let vera å trygda sine motorvogner etter denne lova, anten sume slag motorvogner eller alle slag.Når ei motorvogn er utrygda etter denne paragrafen, og vogna gjer skade, har staten, eller den kommunen eller den kommunale institusjonen det gjeld, same ansvaret som ein trygdar har etter lovleg trygding og, om inkje anna er avtala, same rett som ein trygdar, til å søkja sine utlegg att hjå andre ansvarlege. Kapitel V. Straffer. Administrative sanksjonar. Kva tid lova tek til å gjelda og om brigde i andre lover.