Kapitel I. Prisereglar.
§ 1
Når eit skip er god prise skal prisedomstolen døma at det er forbrote til staten.Eit skip som er handelsskip og som høyrer heime i fiendestat er god prise kva fart det so gjeng i.Eit skip som er handelsskip og som høyrer heime i nøytral stat er ikkje god prise utan det- har brote eller freista bryta blokade som er kunngjort av Noreg eller av stat som er i krig på same sida som Noreg,
- fører krigskontrabande, jfr. § 2, likevel so at domstolen kan lata vera prisedøma skipet soframt umstendi i saki er for det.
§ 2
Krigskontrabande er:- Våpn, ammunisjon, krigsfly, stridsvogner og anna som etter sitt slag vert nytta til hjelpemiddel i krig eller til å laga slikt hjelpemiddel av, og som er på veg til fiendeland eller til umkverve som fienden har hersett,
- slike forsyningar og hjelpemiddel av alle slag som det er tanken at fiendekrigsmakt skal nytta,
- ting elles som vert rekna for krigskontrabande etter millomfolkeleg skikk og bruk.
§ 3
Når last umbord på skip er god prise skal prisedomstolen døma at ho er forbroti til staten.Last umbord på skip er god prise soframt ho er fiendeeige, likevel so at fiendelast på nøytralt skip ikkje kan prisedømast utan det er i samsvar med millomfolkeleg skikk og bruk.Last som er nøytral eige er god prise soframt skipet har brote eller freista bryta slik blokade som er nemnt i § 1 a eller er krigskontrabande. § 4
Departementet som har med det å gjera, avgjer um offiserar og mannskap på skipet som tok prisa, skal få part i den vinning som fell på staten. Kapitel II. Rettargangsreglar o.a.
§ 5
Når ei prise er teki, skal dei militære styremaktene som har med det, utan drygjing få sak reist for prisedomstol. § 7
Prisesak skal reisast på den staden prisa er ført inn til, eller der skipet eller godset som saki gjeld, er på den tid sak vert reist. Kapitel III. Yvergangs- og innføringsreglar.
§ 15
Denne lovi tek til å gjelda straks.