Kapittel 1. Virkefeltet til forskrifta. Definisjonar
§ 1-1Virkefelt
Forskrifta utfyller og gjennomfører føresegnene i kassasystemlova. § 1-2Definisjonar
I denne forskrifta tyder- kassaskuff: oppbevaringsplass for betalingsmiddel som blir registrert i eit kassasystem,
- kassapunkt: ei eining innan eit kassasystem som kan avslutte eit kontantsal ved å beordre utskrift av ei salskvittering.
- opning av kassaskuff (nullinnslag): integrert kassaskuff opnast utan at det har skjedd nokon registrering av kontantsal eller tilbakebetaling,
- salskvittering: utskrift frå kassasystem som viser gjennomført kontantsalstransaksjon,
- returkvittering: utskrift frå kassasystem som viser at den salskvitteringa som er skrive ut tidlegare inneheld feilaktige opplysningar eller opplysningar om tilbakebetaling for prisjusterte eller returnerte varer eller tenester,
- kopikvittering: kopi av salskvittering,
- foreløpig kvittering: utskrift frå kassasystem som viser foreløpig registrert sal,
- utleveringskvittering: stadfesting av kredittsal,
- treningskvittering: utskrift frå kassasystemet for treningsformål som viser same slags opplysningar som ei salskvittering,
- kvittering frå betalingsterminal: utskrift frå betalingsterminal som viser bruk av betalingskort,
- kontinuerleg bruk: all bruk av kassasystemet, blant anna registrering av sal mv. og utskrift av kvitteringar som nemnt i bokstavane d til h, endring av priser, korreksjonar, opningar av kassaskuff (nullinnslag), utskrift av rapportar og liknande, samt endringar av programvare og førebels tilkopling av ekstern programvare,
- elektronisk journal: dokumentasjon av den kontinuerlege bruken av kassasystemet i elektronisk form,
- Z-rapport: samanstilling av dagens registreringar i kassasystemet,
- X-rapport: samanstilling av registreringar i kassasystemet sidan førre Z-rapport,
- grand total retur: akkumulert verdi av returar og andre postar som har redusert kontantsalet,
- grand total sal: akkumulert kontantsal, utan frådrag av grand total retur,
- grand total netto: grand total sal redusert for grand total retur,
- STEB-kvittering: kopikvittering som skal leggjast i forsegla pose (Security Tamper Evident Bag) ved kjøp av taxfree-varer i lufthavner,
- Integrert betalingsløysing: løysing kor informasjon om salet, beløp mv. sendast frå kassasystemet til betalingsløysinga, betalinga blir registrert automatisk i kassasystemet og betalingsmiddelet er anna enn setlar og myntar.
Endra ved forskrifter 6 juli 2016 nr. 901, 4 juli 2018 nr. 1128, 21 sep 2018 nr. 1349, 4 juli 2018 nr. 1128 (i kraft 1 jan 2019). § 1-3Tilpassing av kassasystem
Med tilpassing av kassasystem, jf. kassasystemlova § 2 bokstav e) meinast tilpassingar som påverkar kassasystemet sine funksjonar eller oppbygging. Kapittel 2. Krav til kassasystem og systemskildring
§ 2-1Systemskildring
(1) Av systemskildringa som nemnt i kassasystemlova § 3 andre ledd skal det gå fram korleis kassasystemet kan kontrollerast. Dersom kassasystemet oppbevarer dokumentasjon av bokførte opplysningar, og det er nødvendig for å kunne kontrollere bokførte opplysningar på ein enkel måte, skal systemskildringa også dokumentere kontrollsporet, blant anna korleis systemgenererte poster kan etterprøvast.(2) Dersom eit kassasystem vert endra ved at det blir tilført nye funksjonar eller det blir gjort endringar som påverkar oppbygginga av systemet, skal det enten utarbeidast eit tillegg til systemskildringa over dei endringane som er gjort eller ei heilt ny systemskildring. Dokumentasjonen skal følgje med kassasystemet. § 2-2Kassaskuff
Kassasystemet skal ha integrert kassaskuff på kvart kassapunkt. Dette gjeld likevel ikkje dersom kassasystemet har funksjonar for å registrere kontantsal mv. på den enkelte operatør og utskrift av salskvittering ikkje blir beordra frå faste kassapunkt. Kravet gjeld heller ikkje ved kassapunkt kor det ikkje er mogeleg å betale med setlar og myntar.Endra ved forskrifter 6 juli 2016 nr. 901, 4 juli 2018 nr. 1128. Kapittel 3. Produktfråsegn og utbetring av manglar mv .
§ 3-1Produktfråsegn
(1) Produktfråsegn som nemnt i kassasystemlova § 5 skal leverast elektronisk.(2) Det skal ikkje leverast meir enn ei produktfråsegn for same versjon av kassasystemet. Dersom ein utanlandsk produsent ikkje sjølv leverer produktfråsegn, skal alle importørar av kassasystemet levere kvar si produktfråsegn med unik versjonsidentifikasjon.Endra ved forskrifter 4 juli 2018 nr. 1128, 3 feb 2026 nr. 129. § 3-2Tilbaketrekkjing av kassasystemet frå marknaden mv.
(1) Dersom leverandøren trekkjer kassasystemet frå marknaden eller skattekontoret gjev leverandøren pålegg om å trekkje kassasystemet frå marknaden, jf. kassasystemlova § 6, må leverandøren utan ugrunna opphald melde frå om det til sine kundar.(2) Eit pålegg frå skattekontoret om å utbetre manglar eller trekkje kassasystemet frå marknaden, jf. kassasystemlova § 6 andre ledd, skal innehalde ein frist for å gjennomføre pålegget. Kapittel 4. Iverksetjing
§ 4-1Iverksetjing
Forskrifta tek til å gjelde 1. januar 2017.