§ 1Virkeområde
Forskrifta her gjeld saker som vert rekna som barnebortføringssaker etter lov 6. juni 2014 nr. 19 om stans i utbetalinga av offentlege ytingar og barnebidrag når ein av foreldra har bortført eit barn til utlandet (lova) § 2 og § 13. § 2Meldingar om barnebortføring
Når det er skjedd ei barnebortføring som er omfatta av lova § 2, jf. § 13, skal det sendast melding til Husbanken og NAV Forvaltning Troms. Sistnemnde skal straks sende meldinga til den kommunale delen av arbeids- og velferdsforvaltninga.Meldinga skal opplyse om- namnet, adressa og fødselsnummeret til barnet og foreldra
- kven som har bortført barnet
- når bortføringa skjedde
- kor det er truleg at barnet og bortføraren oppheld seg.
NAV Forvaltning Troms skal også ha ei meir omfattande melding med sikte på avgjerd etter lova § 7. Denne meldinga skal i tillegg til opplysningane nemnde i andre leddet, omfatte alle opplysningane etter lova § 8. § 3Rask vurdering av vilkåra for offentlege ytingar
Arbeids- og velferdsforvaltninga og Husbanken skal vurdere å stanse ytingar i medhald av lova § 5 utan ugrunna opphald når dei får melding om at det har skjedd ei barnebortføring. § 4Avgjerd om å halde tilbake offentlege ytingar og barnebidrag
Offentlege ytingar kan også haldast tilbake også når barnet eller bortføraren har krav på utbetaling av ytingane i utlandet etter reglane i EØS-avtala eller ei trygdeavtale med eit anna land.Barnebidrag kan haldast tilbake, anten bidraget er fastsett eller avtalt etter reglane i barnelova eller er sendt Noreg til innkrevjing etter ein internasjonal konvensjon eller avtale.Avgjerd etter lova § 7 kan gå ut på at berre ein del av utbetalingane i saka vert halden tilbake. § 5Verknaden av avgjerd om å halde tilbake offentlege ytingar og barnebidrag
Ei avgjerd etter lova § 7 om å halde tilbake offentlege ytingar eller barnebidrag får verknad både for framtidige periodar og for periodar før avgjerd er treft. § 6Sperra konto
NAV Forvaltning Troms skal opprette slik konto som omhandla i lova § 11 i namnet til den som har rett til den offentlege ytinga eller barnebidraget. § 7Ikraftsetjing
Forskrifta tek til å gjelde frå 1. juli 2015.