Villsau er eitt av fleire namn som blir brukte på den gamle norske sauerasen Gammalnorsk sau. Sauen er liten, lett, sprek og robust og er godt tilpassa harde kår og naturforholda på kysten. Hovudføda til sauen om vinteren er lyng, elles et han mellom anna gras, einer, tang og tare.
Gammalnorsk sau er truleg siste rest av den opphavlege norske/europeiske landrasen. Fossile sauebein som er funne i Skipshelleren i Vaksdal kommune i Hordaland, kan daterast heilt tilbake til om lag 2550 år f.Kr. og har særtrekk som minner svært om bein frå sau av rasen Gammalnorsk sau. Heller ikkje storleiken eller forma på denne sauen skil seg særleg frå desse funna. Gammalnorsk sau har mange trekk frå dei ville eller lite foredla sauerasane. Til dømes har pelsen mjuk botnull med grovare dekkhår utanpå, halen er kort, alle vêrane har horn, og sauen er relativt liten.
Gammalnorsk sau var heilt fram til slutten av 1800-talet den dominerande rasen i Noreg. Det vart da avla fram tyngre sauer som produserte meir ull og kjøtt. Desse nye sauerasane tok mange stader over for Gammalnorsk sau. Sjølv om folk på ein del av øyane langs vestlandskysten heldt fram med slikt sauehald, var sauen nær ved å døy ut fleire gonger. Det er berre i Austevoll i Hordaland at den opphavlege stammen av Gammalnorsk sau har overlevd heilt fram til vår tid. Men det måtte redningsaksjonar til både i byrjinga av 1950-talet og i byrjinga av 1980-talet for at sauen skulle overleve. All sau av rasen Gammalnorsk sau i Noreg i dag stammar frå Austevoll.
Driftsforma, utegangardrift, er basert på tradisjonar frå vikingtida. Klimaet og vegetasjonen på store delar av norskekysten er slik at det er mogleg å halde ved lag den naturlege driftsforma og beitegrunnlaget. Sauen overvintrar no som da med lynghei som hovudføde, i tillegg til gras og einer, og dessutan tang og tare frå sjøen. Kystlynghei er ein særmerkt landskapstype langs den ytre kyststripa på norskekysten. Det er som vinterbeite kystlyngheia eignar seg best, ettersom lyngen er vintergrøn og har brukbar næringsverdi om vinteren. Ei opprett og robust vekstform gjer at han stikk opp av snøen og er tilgjengeleg for dyra. Klimaet på kysten er oseanisk, med milde vintrar og vanlegvis lite snø, og den snøen som kjem, ligg sjeldan lenger enn eit par veker i strekk. Gammalnorsk sau kan, som eit av få husdyr, grave seg ned og nyttiggjere seg mat under snøen.