Engelske munkar har fått æra for å ha teke med seg kunnskapen om fruktproduksjon til Hardanger rundt år 1300. Når det gjeld pressing av eple til eplejuice, kan det dokumenterast ein tradisjon i Hardanger tilbake til slutten av 1700-talet. I 1818 skreiv prost Niels Hertzberg om hardangerbonden Knut Jåstad (f. 1744) at «han lærte sine Sambygdinger at gjøre sig nytte av de vilde Skovæplers saft. Han gjorde sig hertil presser med sterke Jernskruer og solgte Saften i Bergen». Truleg var også kunnskapen om korleis ein lagar sider av eplejuice, allereie kjend i distriktet.
Frå om lag 1890 til utpå 1920-talet hadde siderproduksjonen si stordomstid i Hardanger. Det var fleire fabrikkar i Hardanger med stor produksjon og sal av eplesider, mellom anna på Alsåker, Aga, Lutro og Stana. Dei fleste fabrikkane avvikla drifta då det i 1921 vart innført nye, strenge lover for alkoholomsetjing. Fram til liberaliseringa av alkoholproduksjonen og omsetjinga på 1990-talet har tradisjonen og kunnskapen om siderproduksjon overlevd som ein kjellarproduksjon til eige bruk i kvardag og fest.
Sider frå Hardanger er kjenneteikna ved ein lett syrleg og aromatisk eplesmak. Dette kan forklarast med samansetjinga av epleråstoffet, dei spesielle kvalitetane som kjenneteiknar eple dyrka i Hardanger, og den lange tradisjonen og kunnskapen om produksjon av sider i Hardanger. Sider frå Hardanger vil ha ein naturleg variasjon i smak og aroma frå produsent til produsent, avhengig av kva for eplesortar som blir brukte, og blandingsforholdet mellom dei ulike sortane.
Eple dyrka i Hardanger har ein frisk og syrleg smak. Dette kjem av dei spesielle vekstvilkåra som klimaet og naturen i Hardanger gir. På grunn av plasseringa ved 60° N er klimaet i Hardanger kjølig og rikt på lys i vekstsesongen. Eit slikt kjølig klima gir eple med høgt innhald av smakskarakteristiske fruktsyrer (0,5-1,0 %) og spesielt mykje C-vitamin. Samstundes sikrar varme og solrike sommardagar at det blir utvikla nok sukker i epla (11-13 %). Også dei kjølige nettene om hausten er med på å gi auka syre- og sukkerinnhald rett før haustinga. Den gode balansen mellom syre- og sukkerinnhald kjenneteiknar eple dyrka i Hardanger.