§ 5 første ledd bokstav a)Eksempel:| A produserer sjølv | 10.000 m3 |
| A importerer sjølv | 5.000 m3 |
| A kjøper av annan lagringspliktig | 25.000 m3 |
| Sum | 40.000 m3 |
Av dette er A lagringspliktig for | 15.000 m3 |
§ 5 første ledd bokstav b)§ 5 første ledd bokstav d)§ 5 andre ledd:Eksempel:| A produserer sjølv | 10.000 m3 |
| A importerer sjølv | 10.000 m3 |
| A kjøper av annan lagringspliktig | 30.000 m3 |
Sum | 50.000 m3 |
§ 5 tredje ledd:Eksempel: Dette vil dreie seg om små volum og bør derfor ikkje medreknast, på same måten som produsentar og importørar som framstiller eller importerer volum under 10.000 m3 er unnatekne frå lagringsplikta, jf. § 2. Med skip i utanriksfart er meint skip som seglar mellom norsk hamn der bunkring skjer og utanlandsk hamn.
Her er A i utgangspunktet lagringspliktig for 20.000 m3 .
Av dette samla volumet vert 10.000 m3 selt til forsvarsstyresmaktene. Då kan A gjere frådrag i dei lagringspliktige voluma for 2/5 x 10.000 m3 = 4.000 m3 .
A er lagringspliktig for 16.000 m3 .
Dersom A kan dokumentere at alt av dei voluma som er selde til forsvarsstyresmakta kom frå dei importerte voluma, kan han gjere fullt ut frådrag for desse voluma. A er lagringspliktig for 10.000 m3 .
Denne føresegna gir lagringspliktig produsent eller importør høve til å trekkje frå volum som er selde på ein slik måte at dei i utgangspunktet ikkje gir frådragsrett ved utrekning av lagerplikt, dersom desse voluma er selde vidare på ein slik måte at dei gir frådragsrett. Kjøparen opplyser seljaren om kor mykje av det samla volumet som ikkje vil vere lagringspliktig etter føresegna her, men kan ikkje opplyse om kven voluma skal seljast vidare til. Dokumentasjon for vidaresal eller forbruk som her nemnt skal sendast til Olje- og energidepartementet. Det er kjøparen som er pliktig til å sende inn denne informasjonen.
A er produsent og sel 20.000 m3 til B. Av desse voluma sel B 10.000 m3 til skip i utanriksfart. Desse voluma hadde B kunna trekkje frå, dersom B var lagringspliktig.
B opplyser A om at 10.000 m3 ikkje vil utløyse lagringsplikt. A vil då kunne trekkje frå desse voluma ved utrekninga av si lagringsplikt. B sender dokumentasjon for vidaresalet til skip i utanriksfart til Olje- og energidepartementet.
Det følgjer antitetisk av føresegna at volum medgått til sal til eller forbruk i petroleumsverksemd på norsk sokkel ikkje gir rett til frådrag ved utrekninga av lagringspliktige produkt.