Eple har vore dyrka i Hardanger sidan rundt år 1300, og det har etter den tid vore ein viktig del av produksjonen på gardane i området. Utvalet av sortar har heile tida vore i utvikling.
Kunnskapen om epledyrking kom til Hardanger med engelske munkar, som først kom til Lysekloster i 1146, og sidan til Hardanger og garden Opedal i Ullensvang, truleg før år 1300. Dei engelske munkane hadde stor interesse for hagebruk, bl.a. epledyrking og poding. I gamle skiftebrev frå midten av 1300-talet og utover blir ofte epplagard/apalgard nemnd. Dette kan tyde på at det i Hardanger blei dyrka eple for sal så tidleg som i siste halvdel av 1300-talet.
Munkane vart drivne bort frå Opedal under reformasjonen i 1536-37. Saman med munkane forsvann også kunsten å pode, og i perioden etter dette vart det berre dyrka små rotekte eple. Først i andre halvdel av 1700-talet og utover på 1800-talet tok epledyrkinga seg opp igjen, da prestar og andre «skolelærde menn» innførte nye eplesortar og lærte bøndene å pode.
Den lange tradisjonen Hardanger har som fruktdyrkingsområde, viser seg i ei rekkje forhold, bl.a. at det så tidleg som på slutten av 1800-talet fanst mange planteskolar i Hardanger, at dei i 1899 fikk den første heradsgartnaren, som bl.a. gav råd om epledyrking nokre veker om våren og hausten, og at dei i perioden 1900–1950 vann mange prisar på fruktutstillingar i Oslo. Men det verkelege oppsvinget for epledyrking i Hardanger kom i 1930-åra, med etablering av to fagskolar som skapte stor interesse og entusiasme for fruktdyrkingsfaget.
Klima og jordsmonn i Hardanger er godt eigna for epledyrking og gir eple med spesielle eigenskapar. Kalde vintrar sikrar rik blomstring kvart år. Kjølig klima og mykje lys i vekstsesongen gir eple med frisk og syrleg smak på grunn av høgt innhald av smakskarakteristiske fruktsyrer, bl.a. spesielt mykje C-vitamin, samtidig som det varme og solrike klimaet om sommaren gir søt smak på epla. Dei kjøligare nettene om hausten gir også auka syre- og sukkermengd rett før haustinga, i tillegg til at dei gir epla den tiltalande raude fargen. Ein god balanse mellom syre- og sukkerinnhald kjenneteiknar eple dyrka i Hardanger.