Kapittel I. Innleiande føresegner
§ 1Føremål
Forskrifta skal medverke til at havbeitenæringa blir lønsam og konkurransekraftig innanfor rammene av ei berekraftig utvikling, medverke til verdiskaping på kysten og sikre god helse hjå akvatiske dyr. § 3Definisjonar
I denne forskrifta meiner ein med:- Akvakultur: Produksjon av akvatiske organismar. Produksjon omfattar eit kvart tiltak for å påverke vekta, storleiken, talet, eigenskapane eller kvaliteten til akvatiske organismar.
- Auka dødstal: Dødstal som er signifikant høgare enn det ein vurderer som normalt for havbeitelokaliteten under rådande forhold. Kva ein vurderer som auka dødstal avgjeras i samarbeid mellom oppdrettar og Mattilsynet.
- Havbeite: Akvakultur av krepsdyr, blautdyr og pigghuder i form av botnkultur utan at dyra vert haldne i fangenskap.
- Hausting: Systematisk gjenfangst av eit utsett havbeitedyr. Fjerning av dyr i samband med prøveuttak, kontroll, røkting o.a. er ikkje å sjå på som hausting.
- Lokalitet: Eit geografisk avgrensa område nærare fastsett i løyvet, der innehavar av løyvet har eksklusiv rett til utsett og gjenfangst av den utsette arten.
Endra ved forskrift 17 juni 2008 nr. 827 (i kraft 1 aug 2008). Kapittel II. Tildeling
§ 4Tildelingsmynde
Fylkeskommunen kan etter søknad tildele løyve til havbeite og særskilt løyve til fôring og andre tiltak.Endra ved forskrift 18 des 2009 nr. 1707 (i kraft 1 jan 2010). § 5Særlege avgrensingar ved tildeling
Kapittel III. Etablering og drift
§ 14Allmenne krav til etablering og drift
Havbeiteverksemda skal etablerast og drivast i samsvar med dei krava som går fram av løyvet, gjeldande regelverk og elles på ein slik måte at verksemda er teknisk, helsemessig, dyrevernmessig og miljømessig forsvarleg. § 15Kompetanse
Alle som deltek i aktivitetar som er omfatta av denne forskrifta skal ha dei naudsynte faglege kvalifikasjonar for slik aktivitet. § 16Driftsplan
Innehavar av løyve skal syte for at det vert utarbeidd driftsplan for havbeiteverksemda.Kvart år innan 1. oktober skal innehavar av løyve levere inn driftsplan til Fiskeridirektoratet. Planen skal gjere greie for drifta dei to neste kalenderåra.Driftsplanen for det fyrste året skal godkjennast av Fiskeridirektoratet etter samråd med Mattilsynet.Av planen må minimum gå fram:- opphav til dyr og kor mange dyr som skal setjast ut, tidspunkt for utsett, kva for ein lokalitet eller lokalitetar eller delar av lokalitet det skal setjast ut på,
- eventuelle nye delområde av den godkjende lokaliteten som skal takast i bruk det neste året,
- planlagt tidspunkt, metodar og omfang av gjenfangst av havbeitedyr,
- planlagde tiltak i samband med sjukdomsutbrot, til dømes brakklegging av lokaliteten,
- planlagt bruk av eventuelle anlegg og innretningar, og eventuelt vedlikehald av desse,
- planlagde tiltak i samband med predatorkontroll, og
- eventuelle planar om fôring og andre tiltak etter særskilt søknad jf. § 10.
Fiskeridirektoratet kan etter søknad godkjenne vesentlege endringar i planen.Endra ved forskrifter 17 juni 2008 nr. 827 (i kraft 1 aug 2008), 28 feb 2023 nr. 270. Kapittel IV. Bruk og utnytting av lokalitet
§ 30Gjenfangst
Innehavar av løyve til havbeite har einerett til gjenfangst av den utsette arten i lokaliteten. Gjenfangsten skal skje på ein slik måte at den er minst mogeleg til skade for ville bestandar. Bruk av botnskrape og botntrål er forbode.Innehavar av løyve til havbeite har ikkje einerett til gjenfangst i lokaliteten før havbeitedyr er sett ut.Det kan fastsetjast nærare reglar i løyvet om gjenfangst av den utsette arten og fangst av predatorar i lokaliteten uavhengig av anna fiskerilovgjeving. § 31Anna bruk og utnytting
Aktivitetar i lokaliteten som kan skade dyra eller hindre gjenfangsten av den utsette arten er ikkje tillate.Fylgjande aktivitetar er i alle høve forbodne i lokaliteten dersom dei ikkje er ein del av havbeiteverksemda: garn, landnot, ringnot, ruse, teine og skjellskrape.Fiskeridirektoratet kan ved vedtak dispensere frå forboda i andre ledd dersom desse aktivitetane i einskilde tilfelle likevel ikkje kan skade dyra eller hindre gjenfangsten av den utsette arten. Kapittel V. Tilbaketrekking og avvikling
§ 32Oppryddingsplikt
Den som driv havbeiteverksemd pliktar så langt det er råd å gjenopprette miljøtilstanden i området ved avslutting av verksemda, medrekna å fange inn att dei utsette havbeitedyra. Anlegg og innretningar må fjernast ved avslutting av verksemda. Fiskeridirektoratet kan setje nærare frist for oppryddinga. § 33Tilbaketrekking og endring
Kapittel VI. Avsluttande føresegner
§ 34Straff og andre reaksjonar ved brot på forskrifta
§ 35Gebyr
For handsaming av søknad etter § 10 skal det ikkje betalast gebyr.For handsaming av andre søknader etter denne forskrifta skal søkjar betale eit gebyr, jf. forskrift 21. desember 2001 nr. 1597 om innkrevning av gebyrer i forbindelse med akvakultur. Manglande innbetaling av gebyr medfører at søknaden ikkje vert handsama.