Kapittel 1. Verkeområde og definisjonar
§ 1Formål
Denne forskrifta har til formål å førebyggje at sportsdykking fører til helseskade for dykkar eller meddykkar. § 2Verkeområde
Forskrifta omfattar:- Sportsdykkarutstyr som ikkje er personleg verneutstyr.
- Opplæring av sportsdykkarar.
Forskrifta rettar seg mot produsentar, importørar, distributørar, detaljistar og andre som har med omsetning eller bruk av sportsdykkarutstyr å gjere.Forskrifta gjeld også for den som er ansvarleg for eller utfører arbeid i verksemd som tilbyr eller driv sportsdykkaropplæring. § 3Definisjonar
Med sportsdykking er meint fritidsaktivitet under vatn med sjølvforsynande pusteutstyr.Med kandidat er meint person som er under opplæring i sportsdykking.Med opplæringsperiode er meint det tidsrommet ein er kandidat.Med kurs er meint eit systematisk og planlagt opplegg for utdanninga som kandidaten skal gjennomgå.Med grunnkurs er meint eit systematisk og planlagt opplegg for den utdanninga som er nødvendig for at kandidaten skal kunne ta til med sportsdykking.Med sportsdykkar er meint person som minst har fullført grunnkurs i sportsdykking.Med sportsdykkarutstyr er meint utstyr som blir bore, halde eller brukt ved sportsdykking.Med flytekontroll er meint kontroll over den situasjonen som har oppstått når dykkaren oppheld seg i overflata og ønskjer positiv oppdrift.Med oppdriftskontroll er meint kontroll over den situasjonen som eksisterer når dykkaren er under vatn og ønskjer å vere i likevekt på ulike djup.Med reservegassystem er meint ei reserveluftmengd som blir aktivert ved ei særskild handling.Med varslingssystem er meint 1) ei aktiv, positiv varsling når luftforrådet når ei viss grense, eller 2) ein indikator (til vanleg manometer) som viser kor mykje luft som er att når ein når låge nivå.Med botntid er meint tida frå ein forlet overflata til oppstiginga tek til.Med produsent er meint den som fysisk framstiller dykkarutstyr.Med importør er meint den som overfor tollverket er legitimert til å råde over sportsdykkarutstyret.Med distributør er meint den som syter for fordeling mellom produsent, importør og detaljist.Med detaljist er meint den som sel eller formidlar sportsdykkarutstyr til forbrukar.Med hevdvunnen norm er meint rettleiing, standard m.v. som innanfor eit fagområde har vunne internasjonal og/eller nasjonal hevd. Kapittel 2. Krav til sportsdykkarutstyr
§ 4Sportsdykkarutstyr
Sportsdykkarutstyr skal vere konstruert og utforma slik at det ikkje fører til fare for helseskade for dykkar eller meddykkar. Dette kravet vil normalt vere oppfylt når utstyret er i samsvar med hevdvunne normer. Dersom utstyret ikkje samsvarar med hevdvunne normer, må det kunne dokumenterast at bruk av utstyret ikkje fører til fare for helseskade.Dersom noko utstyr har risikoaspekt som ikkje er inkluderte i hevdvunne normer, skal desse vurderast særskilt.Ein skal unngå å kombinere delar av hevdvunne normer, med mindre det kan dokumenterast at bruk av slikt utstyr ikkje fører til fare for helseskade. Kapittel 3. Krav til opplæring
§ 5Dugleik og opplæring
Opplæringa skal vere slik at kandidaten blir sett i stand til å utføre sportsdykking utan fare for helseskade på seg sjølv eller meddykkar.Den aktiviteten som går føre seg i opplæringsperioden, skal ikkje føre til fare for helseskade for kandidaten eller medkandidatar.Når opplæringa er gjennomført, skal den som er ansvarleg for verksemda, forvisse seg om at kvar kandidat har nådd eit dugleiksnivå som gjer at vedkommande er istand til å dykke etter intensjonen med opplæringa.Den ansvarlege for verksemda har eit særleg ansvar for å sjå til at kandidatane på ein trygg måte meistrar stressituasjonar som ein må rekne med kan oppstå. § 6Undervisningsstad
Undervisningsstadene skal høve til formålet og ikkje føre til fare for helseskade for kandidatane. Den som er ansvarleg for verksemda, skal ha eit system for å dokumentere at undervisningsstadene høver til formålet. § 7Personell
Det personellet som blir nytta i opplæringa, skal ha nødvendige kvalifikasjonar, slik at undervisninga ikkje fører til fare for helseskade for kandidatane. Den som er ansvarleg for verksemda, skal ha system for å dokumentere at personellet har nødvendige kvalifikasjonar. Kapittel 4. Tilsyn, klage, straff m.v.