Ansvarlig departement: Barne- og familiedepartementet
Laster lovteksten …
§ 1
Tilskotsgjeld kan etter søknad frå den tilskotspliktige ettergjevast helt eller delvis dersom den tilskotspliktige si framtidige evne til å betale gjelda er varig sterkt sett ned.
§ 2
Full ettergjeving av tilskotsgjeld etter § 1 kan gjevast, dersom den tilskotspliktige si varige årlege bruttoinntekt er lågare enn 75 ganger forskotsbeløpet på søknadstidspunktet. Det skal takast omsyn til tilskotspliktige si formue før gjelda vert sett ned etter reglane i første punktum.
§ 3
Tilskotsfuten tek avgjerd om ettergjeving etter søknad frå tilskotspliktige. Tilskotsfuten kan ettergje både offentleg og privat gjeld. Tilskotsfuten skal vise varsemd ved ettergjeving av privat gjeld. Partane skal høyrast før tilskotsfuten ettergjev privat gjeld. Tilskotsfuten sitt vedtak kan klagast inn for næraste overordna organ eller det organ som Arbeids- og velferdsdirektoratet bestemmer.Endra ved forskrift 31 mai 2006 nr. 617 (i kraft 1 juli 2006).
§ 4
Foreldra kan ikkje ettergje det barnet har til gode. Etter fylte 18 år kan barnet sjølv ettergje sitt tilgodehavande utan omsyn til forskrifta her.
§ 5
Forskrifta her tek til å gjelde 15. november 1992.
Endringshistorikk
2 endringer siden 2001
Endr. i forskrift om ettergjeving
Kunngjort:
16. juni 2006
Kunngjøringsnummer:
2006-0475
Ikrafttredelse:
2006-07-01
Ansvarlig departement:
Barne- og likestillingsdepartementet
Endr. i forskrift om ettergjeving
Kunngjort:
26. mars 2004
Kunngjøringsnummer:
2004-0547
Ikrafttredelse:
2004-04-01
Ansvarlig departement:
Barne- og familiedepartementet
Kilde: Norsk Lovtidend via Lovdata (api.lovdata.no)