Om førehandsvarsling og melding om fjellstyrevedtak.
§ 1
Førehandsvarsling etter § 16 i forvaltningslova og melding om vedtak etter § 27 i forvaltningslova, skal fjellstyret i regelen gjera skriftleg, i brev, eller om fjellstyret finn det mest høveleg, ved forsvarleg offentleg kunngjering.I særlege høve kan fjellstyret gje varsel eller melding munnleg. § 2
Førehandsvarsling frå eit fjellstyre skal gje parten(ane) ein frist på minst ei veke til å gje fråsegn i saka. § 3
Forskriftene gjeld frå og med 1. august 1983. Frå same tid held forskrifter gjevne 6. april 1976 opp å gjelde.