Kapittel 1. Innleiande føresegner
§ 1-1Formålet med lova
Lova skal leggje til rette for ei sakshandsaming som er tilpassa at statsføretak berre kan eigast av staten. Lova skal bidra til at statsføretak kan vareta samfunnsoppdraget sitt eller verksemda si på ein effektiv måte. § 1-2Verkeområdet til lova
Lova gjeld for føretak som staten eig aleine, og som Kongen har bestemt at lova skal gjelde for, jf. § 2-1. § 1-3Partsstilling
Eit statsføretak har sjølv rettar og forpliktingar, er part i avtalar med private og offentlege styresmakter og har partsstilling overfor domstolane og styresmaktene. § 1-4Kva ansvar staten har for forpliktingane til føretaket
(1) Staten heftar ikkje overfor kreditorane for forpliktingane til føretaket.(2) Staten pliktar ikkje å gjere innskot i føretaket, eventuelt konkursbuet til føretaket, utover det som følger av stiftingsdokumentet eller vedtak om å forhøgje innskotskapitalen. § 1-5Konsern
(1) Eit morføretak utgjer saman med eitt eller fleire dotterselskap eit konsern.(2) Eit statsføretak er eit morføretak om det på grunn av avtale eller som eigar av aksjar eller selskapspartar har bestemmande innverknad over eit selskap. Eit statsføretak skal alltid reknast for å ha bestemmande innverknad over eit selskap når føretaket- eig så mange aksjar eller partar i eit selskap at dei representerer fleirtalet av røystene i selskapet, eller
- har rett til å velje eller avsetje eit fleirtal av medlemene i styret til selskapet.
(3) Eit selskap som står i eit forhold som nemnt i andre ledd til eit morføretak, er å rekne som eit dotterselskap.(4) Ved berekninga av røysterettar og rettar til å velje eller avsetje styremedlemer skal rettar som morføretaket og dotterselskapa har, reknast med. Det same gjeld rettar som nokon som handlar i sitt eige namn har, men som gjer det for morføretaket eller eit dotterselskap si rekning. § 1-6Forholdet til anna lovgiving
§ 1-7Om lova kan fråvikast
Føresegnene i lova kan ikkje fråvikast i vedtektene med mindre det motsette er særskilt fastsett i lova. § 1-8Utarbeiding og forvaltning av dokumentasjon
(1) Dokumentasjon som statsføretakslova krev at ein utarbeider, skal utarbeidast og forvaltast slik at informasjon ikkje går tapt og dokumentasjonen er tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid. Dokumentasjonen skal vere i ei form som kan lesast og bli forstått, og vere tilgjengeleg frå Noreg.(2) Krav i denne lova om at meldingar m.m. skal vere skriftlege, står ikkje i vegen for å bruke digitale løysingar.(3) Departementet kan i forskrift gi nærare føresegner om oppbevaringstid for bestemte dokumenttypar, kva som er rekna som forsvarleg måte for utarbeiding og oppbevaring av dokument, og tryggingsnivået for signatur. Kapittel 2. Stifting av statsføretak
§ 2-1Vedtak om oppretting av statsføretaket
Kongen i statsråd gjer vedtak om oppretting av statsføretak og fastset kva departement som skal representere staten som eigar av føretaket. Vedtaket skal uttrykkjeleg namngi føretaket som eit statsføretak som lova her skal gjelde for, jf. § 1-2. § 2-2Stiftingsdokument
(1) Når det er gjort vedtak om å opprette statsføretaket, jf. § 2-1, skal departementet opprette eit datert og signert stiftingsdokument som inneheld ei tilvising til vedtaket, og som dessutan i det minste oppgir kva departementet har vedteke om- vedtektene til føretaket
- styret til føretaket, irekna kven som skal vere styreleiar
- revisor for føretaket
- eventuelt innskot i anna enn pengar, jf. § 2-4.
(2) Statsføretaket er rekna som stifta når stiftingsdokumentet er oppretta og signert. Kapittel 3. Kapitalen til føretaket. Utdelingar frå føretaket
§ 3-1Krav om forsvarleg eigenkapital og likviditet
Føretaket skal til kvar tid ha ein eigenkapital og ein likviditet som er forsvarleg ut frå risikoen ved og omfanget av verksemda i føretaket. § 3-2Handleplikt ved tap av eigenkapital m.m.
(1) Reknar ein med at eigenkapitalen er lågare enn forsvarleg ut frå risikoen ved og omfanget av verksemda i statsføretaket, skal styret straks handsame saka og varsle departementet. Departementet skal innan rimeleg tid etter at det har motteke varselet, kalle inn til føretaksmøte. Styret skal gi føretaksmøtet ei utgreiing om den økonomiske stillinga til føretaket. Dersom statsføretaket ikkje har ein forsvarleg eigenkapital i samsvar med § 3-1, skal styret i føretaksmøtet foreslå tiltak for å rette på dette.(2) Om styret ikkje finn grunnlag for å foreslå tiltak som nemnde i første ledd fjerde punktum, eller om slike tiltak ikkje lèt seg gjennomføre, skal styret foreslå å løyse opp føretaket. § 3-3Forhøging av innskotskapitalen ved nyinnbetaling
(1) Etter at statsføretaket er registrert i Føretaksregisteret, kan føretaksmøtet vedta å auke innskotet frå staten ved innbetaling av ny kapital.(2) Styret kan foreslå forhøging av innskotskapitalen ved nyinnbetaling. Styret skal grunngi eit slikt framlegg og gi ei kort utgreiing om forhold som ein må leggje vekt på når innskotet frå staten skal forhøgjast. Dersom føretaksmøtet ikkje skal handsame årsrekneskapen samtidig, skal utgreiinga også omfatte hendingar som har inntreft etter siste balansedag, og som er av vesentleg betydning for statsføretaket.(3) Det skal gå fram av møteprotokollen kor mykje innskotet skal forhøgjast med. Er innskotet frå staten andre formuesverdiar enn pengar, skal protokollen oppgi kva staten skal skyte inn, og verdien av innskotet. Innskotet kan ikkje overførast til eit høgare beløp enn det blir anteke å kunne oppførast med i balansen til føretaket. Styret skal sørgje for å utarbeide ei forklaring for verdsetjinga, som minst opplyser om dei prinsippa ein har følgt ved vurderinga av dei verdiane føretaket skal overta. Tidspunktet for verdsetjinga kan tidlegast vere fire veker før vedtaket til føretaksmøtet. Ei stadfesting frå revisor om at innskotet ikkje er verdsett høgare enn det tredje punktum tillet, skal følge som vedlegg til protokollen. Kapittel 4. Føretaksmøtet
§ 4-1Myndet til føretaksmøtet
Gjennom føretaksmøtet utøver departementet det øvste myndet i føretaket. Departementet kan ikkje utøve eigarmyndet i føretaket på annan måte enn i føretaksmøtet. § 4-2Retten og plikta leiinga har til å delta i føretaksmøtet
(1) Styreleiar og dagleg leiar skal delta i føretaksmøtet. Ved gyldig forfall skal det peikast ut ein vara i staden. Andre styremedlemer kan delta i føretaksmøtet.(2) Styremedlemer og dagleg leiar har rett til å uttale seg i føretaksmøtet. § 4-3Ordinært føretaksmøte
(1) Innan seks månader etter utgangen av kvart rekneskapsår skal det haldast ordinært føretaksmøte.(2) På det ordinære føretaksmøtet skal følgande saker handsamast og vedtakast:- godkjenning av årsrekneskapen og eventuell årsmelding, inklusive utdeling av utbyte
- andre saker som etter lova eller vedtektene høyrer under føretaksmøtet.
(3) Årsrekneskapen, årsmeldinga og revisjonsmeldinga skal leggjast ved innkallinga til det ordinære føretaksmøtet. Kapittel 5. Styre og dagleg leiar
I. Krav om styre og dagleg leiar. Val av styre, tenestetid m.m.
§ 5-1Samansetjinga av styret m.m.
(1) Føretaket skal ha eit styre med minst tre medlemer. I føretak der dei tilsette har styrerepresentasjon, jf. § 5-3, skal styret ha minst fem medlemer.(2) Berre myndige personar kan vere styremedlemer. Dagleg leiar kan ikkje vere medlem av styret.(3) Føretaksmøtet vel styremedlemene, som også avgjer om det skal veljast varamedlemer. Første punktum gjeld ikkje styremedlemer som dei tilsette skal velje etter § 5-3.(4) Føretaksmøtet vel styreleiar.(5) Reglane i aksjeloven § 20-6 om representasjon av begge kjønn i styret gjeld tilsvarande. § 5-2Dagleg leiar
Føretaket skal ha ein dagleg leiar som styret tilset. Styret fastset løna til dagleg leiar og andre tilsetjingsvilkår. Vedtak om å seie opp eller gi avskil til dagleg leiar blir gjort av styret. Kapittel 6. Revisjon
I. Revisjon
§ 6-1Føretaksrevisjon
(1) Eit statsføretak er revisjonspliktig etter revisorloven.(2) Eit statsføretak skal ha minst éin statsautorisert revisor.(3) Føretaksmøtet vel revisor og godkjenner også godtgjersla til revisor.(4) I statsføretak som har plikt til å utarbeide berekraftsrapportering etter regnskapsloven § 2-3, skal revisor også attestere berekraftsrapporteringa. Føretaksmøtet kan i staden velje ein annan revisor eller ein uavhengig tilbydar av attestasjonstenester til å attestere berekraftsrapporteringa dersom det er tillate etter revisorloven § 1-3.(5) Styret skal kvart år ha eit møte med revisor utan at dagleg leiar eller andre frå den daglege leiinga deltek. Aksjeloven § 7-5 a gjeld tilsvarande. § 6-2Opphøyr av oppdraget til revisor. Nyval av revisor
Kapittel 7. Føretaksendringar m.m.
§ 7-1Fusjon (samanslåing) med anna statsføretak
(1) Kongen i statsråd kan gjere vedtak om at eit statsføretak (det overtakande føretaket) skal overta eigedelane, rettane og forpliktingane til eit anna statsføretak (det overdragande føretaket) som heilskap.(2) Når det er gjort vedtak etter første ledd, skal styra i føretaka som skal slåast saman, utarbeide ein felles fusjonsplan. Fusjonen blir vedteken ved at føretaksmøta i føretaka godkjenner fusjonsplanen. Føresegnene i aksjeloven §§ 13-6, 13-9, 13-11 og 13-13 til 13-17 gjeld tilsvarande så langt dei passar. § 7-2Fisjon (deling) av statsføretak
(1) Kongen i statsråd kan gjere vedtak om at eit statsføretak (det overdragande føretaket) skal- fordele eigedelane, rettane og forpliktingane sine på føretaket sjølv og eitt eller fleire overtakande statsføretak, eller
- fordele eigedelane, rettane og forpliktingane sine på to eller fleire overtakande statsføretak.
(2) Styret i det overdragande føretaket skal utarbeide ein fisjonsplan. Aksjeloven §§ 13-6, 13-9, 13-11 og 14-4 første ledd nr. 1 gjeld tilsvarande så langt føresegnene passar. Ved fisjon ved overføring til eksisterande føretak skal styra i dei føretaka som deltek, utarbeide ein felles fisjonsplan.(3) I det overdragande føretaket blir fisjonen vedteken ved at føretaksmøtet godkjenner fisjonsplanen. Ved fisjon ved overføring til eksisterande føretak er det føretaksmøtet i det eller dei overtakande føretaka som gjer vedtaket om fisjon.(4) Aksjeloven §§ 14-7 til 14-11 gjeld tilsvarande så langt føresegnene passar. Kapittel 8. Oppløysing og avvikling
§ 8-1Vedtak om oppløysing
Vedtak om å løyse opp føretaket blir gjort av Kongen i statsråd. § 8-2Vedtak om val av avviklingsstyre og avviklingsmåte
(1) Når Kongen i statsråd har vedteke å løyse opp føretaket, skal departementet innan to veker kalle inn til og halde føretaksmøte der det blir valt eit avviklingsstyre og gitt nærare reglar om avviklingsmåten.(2) Når avviklingsstyret er valt, trer det ordinære styret og dagleg leiar ut av funksjon. § 8-3Melding til Føretaksregisteret
Vedtak om å løyse opp føretaket skal straks meldast til Føretaksregisteret. Kapittel 9. Erstatnings- og straffansvar m.m.
§ 9-1Erstatningsansvar
(1) Statsføretaket, staten eller andre kan krevje at dagleg leiar eller styremedlemer erstattar skade som dei i den nemnde eigenskapen har valda vedkomande med forsett eller aktlaust.(2) Statsføretaket, staten eller andre kan også krevje erstatning av den som med forsett eller aktlaust har medverka til skadevalding som nemnd i første ledd. Det kan krevjast erstatning av medverkaren sjølv om skadevaldaren ikkje kan haldast ansvarleg fordi vedkommande ikkje har handla med forsett eller vist aktløyse.(3) Aksjeloven §§ 17-2, 17-3, 17-5 og 17-6 gjeld tilsvarande så langt føresegnene passar. Aksjeloven §§ 17-3 og 17-5 gjeld tilsvarande for myndet til å krevje offentleg påtale og reise privat straffesak så langt føresegnene passar. Aksjeloven § 17-5 gjeld tilsvarande for krav frå føretaket på tilbakeføring etter § 3-7 og krav på ulovlege gåveytingar etter § 5-27 tredje ledd. § 9-2Straffansvar
(1) Om medlemer av styret, dagleg leiar eller revisor med forsett eller aktlaust bryt ei føresegn som er gitt i eller i medhald av lova her, blir dei straffa med bøter eller, under skjerpande forhold, med fengsel i inntil eitt år.(2) Om medlemer av styret, dagleg leiar eller revisor viser grov uforstand når dei utfører vervet sitt for føretaket, blir dei straffa med bøter eller, under skjerpande forhold, med fengsel i inntil eitt år.(3) Foreldingsfristen for å reise straffesak etter første og andre ledd er fem år. Kapittel 10. Ikraftsetjing, overgangsføresegner og endringar i andre lover
§ 10-2Overgangsføresegner
(1) Eit statsføretak som er oppretta før lova tek til å gjelde, blir rekna som statsføretak og følger reglane i lova her.(2) Forskrifter som er gitt i medhald av lov 30. august 1991 nr. 71 om statsforetak, gjeld også etter at lova her har teke til å gjelde.(3) Departementet kan gi nærare overgangsføresegner i forskrift.