Kapittel 1. Allmenne føresegner
§ 1Kva lova gjeld
Denne lova gir reglar om forvalting av eigedelane til ein person som er forsvunnen. Lova gir òg reglar om korleis ein skal gå fram for å avgjere om ein person skal reknast for å vere død, verknaden av ei slik avgjerd og reglar om attendeføring av personen sine eigedelar dersom personen seinare kjem til rette. § 2Jurisdiksjon og lovval
Ei sak etter lova her om at ein person skal reknast for å vere død, kan reisast i Noreg dersom den forsvunne personen hadde vanleg bustad her da han eller ho forsvann.Om den forsvunne ikkje hadde vanleg bustad i Noreg, kan det likevel reisast sak her om han eller ho har late etter seg formue i riket, men da berre med verknad for denne formuen. Det same gjeld om saka av andre grunnar er knytt til Noreg på ein slik måte at det er rimeleg at ho blir reist her, og det blir godtgjort at det ikkje er eller vil bli reist sak i ein annan stat der det er meir føremålstenleg å avgjere saka.Saker om forsvunne personar som høyrer under norsk avgjerdsmakt, skal avgjerast etter norsk lov. § 3Verneting
Ei sak om at ein person skal reknast for å vere død, skal reisast ved tingretten i den rettskrinsen der den forsvunne hadde sitt allmenne verneting.Saker som blir reist i Noreg etter § 2 andre ledd første punktum fordi den forsvunne har formue i Noreg, skal reisast i Oslo rettskrins. Eig den forsvunne fast eigedom i Noreg, skal saka likevel reisast ved tingretten i den rettskrinsen der den faste eigedomen ligg.Saker som blir reiste i Noreg etter § 2 andre ledd andre punktum, skal reisast i Oslo rettskrins. Kapittel 2. Forvalting av buet til ein forsvunnen person o.a.
§ 4Melding om forsvinning
Om ein person som hadde vanleg bustad i Noreg, er forsvunnen, skal ektemaken, sambuaren, slektningane eller offentleg myndigheit melde frå til tingretten der den forsvunne hadde sitt allmenne verneting. Andre som kjenner til forsvinninga, kan òg gi slik melding. § 5Oppnemning av verje
Om ikkje retten straks gir orskurd etter § 8, skal retten melde frå til statsforvaltaren om forsvinninga.Statsforvaltaren oppnemner ei verje om dette trengst for å tryggje interessene til den forsvunne. Dersom den forsvunne har ektemake eller sambuar eller ein fullmektig til å ta seg av interessene sine, bør statsforvaltaren gjere vedtak om at ektemaken, sambuaren eller fullmektigen skal tryggje interessene til den forsvunne om dei er eigna til det.Statsforvaltaren fastset om verja skal ha betalt for oppdraget, og kor mykje. Denne betalinga og utlegg i samband med oppdraget som verje skal dekkjast av eigedelane til den forsvunne personen.Reglane i lov om vergemål gjeld tilsvarande så langt dei høver.Endra ved lov 7 mai 2021 nr. 34 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 7 mai 2021 nr. 1416). Kapittel 3. Orskurd om død
§ 8Dødsorskurd når det ikkje er grunn til å tvile på at personen er død
Om ein person er forsvunnen under slike omstende at det ikkje er grunn til å tvile på at personen er død, kan tingretten straks treffe avgjerd om at personen skal reknast for å vere død.Krav om avgjerd etter første ledd kan setjast fram av ektemaken, sambuaren, arvingen eller andre som kan vise til at dei verkeleg treng ei slik avgjerd. Kravet skal setjast fram skriftleg.Retten treff avgjerda etter første ledd ved orskurd. Reglane i tvisteloven gjeld så langt dei høver.Reglane i første til tredje ledd gjeld òg når ein person har døydd i utlandet, og det ikkje kan skaffast dokumentasjon på dødsfallet som norske styresmakter godtek for å registrere dødsfallet i Folkeregisteret. Reglane elles i denne lova gjeld tilsvarande for slike saker så langt dei høver.Endra med lov 15 juni 2018 nr. 37 (ikr. 1 juli 2018 iflg. res. 15 juni 2018 nr. 887). § 9Dødsorskurd i andre høve
Om ein person er forsvunnen under slike omstende at personen høgst sannsynleg er død, kan det reisast sak om at den forsvunne skal reknast for å vere død, når det har gått eitt år etter det siste tidspunktet da ein visste at personen var i live.Det kan likevel straks reisast sak som nemnd i første ledd, dersom personen forsvann i samband med ein naturkatastrofe, ei anna stor ulukke, stridshandling eller ei anna ytre hending som skapte stor livsfare, og det av den grunn er høgst sannsynleg at personen er død.I andre tilfelle enn dei som er nemnde i første og andre ledd, kan sak om at ein person skal reknast for å vere død, reisast når det har gått fem år etter det siste tidspunktet da ein visste at personen var i live.Retten treff avgjerda ved orskurd. Reglane i tvisteloven gjeld så langt dei høver. Orskurden skal gå ut på at personen skal reknast for å vere død, eller at kravet ikkje blir tatt til følgje. Kapittel 4. Verknaden av ein orskurd om død
§ 15Handsaming av buet og skifte
Når ein orskurd etter § 8 eller § 9 er blitt endeleg, skal buet til den forsvunne handsamast som om den forsvunne var død på dagen som er rekna som dødsdagen etter § 13. Fristane i arveloven tredje del gjeld i desse tilfella frå det tidspunktet det tidlegast var mogeleg å få buet skifta.Er nettoformuen til den forsvunne mindre enn fire gonger grunnbeløpet i folketrygda, kan ektemaken eller arvingane krevje at buet skal handsamast som om den forsvunne var død utan dødsorskurd så snart fristen etter § 9 første ledd er gått ut. Tingretten fastset i så fall dødsdagen etter reglane i § 13.Endra med lov 14 juni 2019 nr. 21 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 28 feb 2020 nr. 200) som endra med lov 18 des 2020 nr. 149. § 16Skifte etter fem år
Er det gått fem år sidan det siste tidspunktet da ein visste at den forsvunne var i live, utan at eigedelane som er til forvalting etter § 6, er skifta, skal den som forvaltar eigedelane, gi melding til tingretten. Tingretten skal handsame eigedelane som om den forsvunne var død. Buet skal delast mellom dei som er arvingar etter den forsvunne når femårsfristen går ut. Arvingane skal varslast ved innkalling etter reglane i arvelova § 101 tredje ledd første punktum. Om ingen melder seg som arving, gjeld arvelova § 76 tilsvarande.Endra med lov 14 juni 2019 nr. 21 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 28 feb 2020 nr. 200) som endra med lov 18 des 2020 nr. 149. Kapittel 5. Attendeføring fordi den forsvunne har kome til rette o.a.
§ 18Frist for attendeføring
Den forsvunne kan innan 20 år frå dagen som er rekna som dødsdagen etter § 13, krevje eigedelane sine att frå dei som arva han eller henne. Om forsvinninga var frivillig, er fristen 10 år.Dei rette arvingane kan innan 10 år frå dagen som er rekna som dødsdagen etter § 13, krevje arv utlevert om det blir godtgjort at den forsvunne døydde på eit anna tidspunkt enn det som var lagt til grunn ved delinga av buet. § 19Kva som skal førast attende
Ingen arving har plikt til å gi att meir enn han eller ho har mottatt. Er den mottatte arven avhenda eller forbrukt, er arvingen ansvarleg for verdien på det tidspunktet tingen blei avhenda eller forbrukt, men ikkje for meir enn verdien av ein like god ting av same slag på tidspunktet da kravet blir sett fram. Kravet skal setjast ned eller falle bort når det er urimeleg på grunn av levekåra eller stoda elles at arvingen skal svare fullt ut for eigedelar som han eller ho ikkje lenger har. Er arven gått tapt utan at arvingen er skuld i tapet, er arvingen friteken for plikta til attendeføring.Inntekt som er tent opp av formuen før kravet om attendeføring er sett fram, treng arvingen ikkje å gi attende.Er ein eigedel avhenda, skal den som har tatt over eigedelen, levere eigedelen attende etter reglane i første og andre ledd dersom han eller ho ikkje var i god tru på tidspunktet for ervervet.Arvelova § 70 første ledd gjeld tilsvarande.Endra med lov 14 juni 2019 nr. 21 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 28 feb 2020 nr. 200) som endra med lov 18 des 2020 nr. 149. Kapittel 6. Sluttføresegner
§ 23Når lova gjeld frå. Overgangsføresegner
Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.Lova gjeld for avgjerder som blir trefte etter iverksetjinga av lova jamvel om forsvinninga skjedde før. Ei etablert ordning for forvalting av eigedelane til den forsvunne skal førast vidare etter den nye lova, om ikkje statsforvaltaren fastset noko anna. Reglane om attendeføring av eigedelar etter kapittel 5 i lova her gjeld om den forsvunne kjem att etter iverksetjinga av lova.Kongen kan fastsetje overgangsføresegner.Endra ved lov 7 mai 2021 nr. 34 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 7 mai 2021 nr. 1416). § 24Endringar i andre lover
Frå den tida lova trer i kraft blir det gjort følgjande endringar i andre lover: – – –