Kapittel 1. Formål, verkeområde, definisjonar og ansvar
§ 1Formål
Formålet med lova er å sikre best mogeleg tilgang på organ, celler og vev til behandling av andre menneske, respekt for vilja og integriteten til donor og at omsynet til dei pårørande blir varetatt. Formålet med lova er også å førebygge og kjempe mot handel med menneskeorgan.Endra med lov 16 juni 2017 nr. 54 (ikr. 1 juli 2017 iflg. res. 16 juni 2017 nr. 761). § 2Verkeområde
Lova gjeld for alle ledd i prosessen med donasjon og transplantasjon av levande humane organ, celler og vev til eit anna menneske. Lova gjeld også for organ som er tatt ut i strid med reglane i §§ 5, 6, 7, 10, 12, 13, 16 eller 20 og tilknytte handlingar. Lova gjeld ikkje for celler og vev som blir brukt i samband med forplanting (germinale celler og vev), blod, blodkomponentar, blodprodukt og humane organ, celler og vev som berre blir brukt i forsking.Kongen kan gi forskrift om at lova og forskrifter med heimel i lova heilt eller delvis skal gjelde for Svalbard og Jan Mayen og kan fastsette særlege reglar under omsyn til forholda på staden.Endra med lov 16 juni 2017 nr. 54 (ikr. 1 juli 2017 iflg. res. 16 juni 2017 nr. 761). § 3Definisjonar
I denne lova meines med:- uttak: prosess der humane organ, celler eller vev blir tatt ut av donor og gjort tilgjengelege for transplantasjon
- donor: person som gir organ, celler eller vev til bruk i behandlinga av eit anna menneske, uavhengig av om avgjevinga skjer mens personen er i live eller etter at personen er død
- fornybart vev: humane celler og vev som blir gjendanna etter donasjon med unntak av del av lever eller anna organ
- pårørande og næraste pårørande: pårørande og næraste pårørande etter pasient- og brukerrettighetsloven § 1-3 bokstav b.
§ 4Ansvaret for donasjons- og transplantasjonsverksemdene
Dei regionale helseføretaka skal sørge for at alle potensielle donorar kan vurderast og gjevast mogelegheit for donasjon innan helseregionen, og for at krava i lova og forskriftene etter lova her blir oppfylte.Departementet kan gi forskrift om krav til verksemder som gjennomfører uttak eller transport av organ, celler og vev og transplantasjonar, mellom anna om godkjenning og rapporteringsplikt for verksemdene. Departementet kan gi forskrift om registrering og anna behandling av helseopplysingar og andre personopplysingar som er nødvendige for å gjennomføre uttak eller transport av organ, celler og vev og transplantasjonar. Kapittel 2. Donasjon frå levande donor
§ 5Uttak frå levande donor
Uttak av organ, celler og vev kan berre finne stad dersom inngrepet ikkje fører til ein nærliggande fare for den fysiske eller psykiske helsa til donoren.Uttak av organ, celler og vev frå personar mellom 12 og 18 år kan berre finne stad når det ligg føre særlege grunnar. I vurderinga av om det ligg føre særlege grunnar skal det mellom anna leggjast vekt på om:- transplantasjon er nødvendig for å redde livet til mottakaren,
- det finst nokon annan aktuell donor,
- donoren har sterk tilknyting til mottakar,
- uttaket inneber eit stort inngrep,
- uttaket berre gjeld fornybart vev, jf. § 3 bokstav c, og om
- donoren er moden nok til å skjønne kva inngrepet inneber.
Uttak frå barn under 12 år og vaksne som ikkje har avgjerdskompetanse etter pasient- og brukerrettighetsloven § 4-3 andre ledd, kan berre finne stad dersom:- uttaket gjeld fornybart vev, jf. § 3 bokstav c,
- donasjonen er nødvendig for å redde livet til mottakaren,
- det ikkje finst ein donor med avgjerdskompetanse som deler mange nok av dei viktigaste vevstypane (er vevsforlikeleg), og
- mottakaren er søsken, barn eller forelder, eller i særlege tilfelle på annan måte i nær familie med donoren.
Uttak kan aldri gjennomførast i strid med viljen til ein donor som ikkje har avgjerdskompetanse.Endra ved lov 20 juni 2025 nr. 67 (i kraft 1 juni 2026 iflg. res. 20 juni 2025 nr. 1109). Kapittel 3. Donasjon frå død donor
§ 10Stadfesting av døden
Uttak, jf. § 3 bokstav a, frå ein død donor kan ikkje skje før døden er stadfesta av lege.Legar som stadfestar døden, skal ikkje vere involvert i uttaket av organ, celler eller vev eller i transplantasjonsinngrepet.Dersom døden blir stadfesta ved irreversibelt opphøyr av hjernefunksjonane, må diagnosen bekreftast av to legar. Den eine av legane skal vere relevant spesialist.Departementet kan gi forskrift om stadfesting av døden. § 11Vurdering av om ein pasient kan vere aktuell som donor
Når døden er konstatert, eller når det er svært sannsynleg at døden vil inntreffe innan kort tid og vidare livreddande behandling er formålslaus, skal det vurderast om pasienten kan vere aktuell som donor. § 12Behandling med sikte på donasjon
Når livreddande behandling er formålslaus, og det er svært sannsynleg at pasienten vil døy innan kort tid, kan legen som er ansvarleg for behandlinga av pasienten, ta avgjerd om at det skal gjevast behandling med sikte på donasjon. Behandling etter første punktum kan ikkje gjevast dersom ein av dei næraste pårørande, jf. § 3 bokstav d, nektar.Den behandlande legen skal, i samråd med næraste pårørande til pasienten, ta avgjerd om kor lenge det skal gjevast behandling med sikte på donasjon. Behandlinga må uansett avsluttast når det er avklart at vilkåra for donasjon ikkje er til stades.Departementet kan gi forskrift om behandling med sikte på donasjon. Kapittel 4. Fellesreglar
§ 16Tildeling av organ, celler og vev
Tildeling av organ, celler og vev til transplantasjon skal byggje på medisinske kriterium. Ved donasjon frå levande donor kan det i tillegg leggjast vekt på at mottakar er donors nærståande. § 17Anonymitet mellom partane i donasjonsprosessen
Donor og dei pårørande til donor og mottakar av organ, celler eller vev som ikkje kjenner kvarandre frå før, skal ikkje gjerast kjent med identiteten til kvarandre.Departementet kan gi forskrift om korleis anonymiteten skal varetakast. § 18Kompensasjon for utgifter og tapte inntekter i samband med donasjon
Alle utgifter og tap av inntekter som ein levande donor eller næraste pårørande til ein død donor pådrar seg som følje av donasjonen, skal kompenserast av det regionale helseføretaket. Dette gjeld likevel ikkje dersom utgiftene blir dekt etter anna regelverk. Kapittel 5. Sluttføresegner
§ 24Endringar i andre lover
§ 25Iverksetjing
Lova gjeld frå den tida Kongen fastset. Kongen kan setje i verk dei einskilde føresegnene til ulik tid.