Lov om tekniske kontrollorgan som har til oppgåve å gjennomføre samsvarsvurderingar
Ansvarlig departement: Nærings- og fiskeridepartementet
Laster lovteksten …
§ 1
Denne lova gjeld utpeiking av og verksemda til tekniske kontrollorgan som driv samsvarsvurderingar etter reglar som er gitt til gjennomføring av EØS-avtalen, og reglar gitt av land Noreg har inngått avtale med om gjensidig godkjenning av samsvarsvurderingar.Med samsvarsvurdering meiner ein avgjerd av om eit produkt oppfyller dei tekniske krava o.a. som er stilt i regelverket som nemnt i fyrste leddet.Med tekniske kontrollorgan meiner ein føretak, offentlege organ o.a. som gjennom utpeiking som nemnt i § 2 har rett til å drive samsvarsvurdering av produkt som andre har utvikla.Endra med lov 2 mai 1997 nr. 25.
§ 2
Departementet kan etter søknad peike ut eit organ som teknisk kontrollorgan dersom organet kan dokumentere at det oppfyller dei krava som er stilt på det aktuelle området i regelverket som nemnt i § 1.Departementet kan setje vilkår for utpeikinga.
§ 3
Departementet kan påleggje tekniske kontrollorgan å utarbeide rapportar om arbeidet sitt til departementet, og få fram annan dokumentasjon som departementet finn naudsynt for å kontrollere verksemda.
§ 4
Dersom eit teknisk kontrollorgan ikkje lenger oppfyller krava som er nemnde i § 2, eller på annan måte opptrer i strid med regelverket, kan departementet gje pålegg om retting innan ein nærmare fastsett frist eller trekkje tilbake utpeikinga.
§ 5
Forvaltningslova kapittel II til VI gjeld for samsvarsvurderingar som tekniske kontrollorgan gjer. Organa kan likevel ta vanleg betaling for samsvarsvurderingane.
§ 6
Ei samsvarsvurdering som er gitt av eit teknisk kontrollorgan som er peika ut av ein annan EØS-stat, eller som er utpeika i samsvar med ein avtale om gjensidig godkjenning av samsvarsvurderingar, har same rettsverknad som ei samsvarsvurdering frå eit teknisk kontrollorgan her i landet.Endra med lov 2 mai 1997 nr. 25.
§ 7
Departementet kan ved forskrift gi nærmare reglar til gjennomføring og utfylling av denne lova.
§ 8
Kongen fastset kva tid lova skal ta til å gjelda.1